2022.10.23. Salen Fiskå. Jesus gir meg augesalve, så eg kan bedømme det åndelege med hans auge.

Tale ved Oddleif Wahl.

Oddleif ville helde ei tredelt tale, det kunne godt ha vore tre taler, men her får vi alle delane, så vi ser likskapen mellom dei.

Del 1.

4.Mod.11,16 Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg! 17 Så vil eg koma ned og tala med deg der. Eg vil ta av den Anden som er over deg, og gje til dei. Dei skal hjelpa deg å bera den børa som dette folket er, så du ikkje treng bera henne åleine. 18 Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. De har då jamra dykk for Herren og sagt: «Å, gjev vi hadde kjøt å eta! Vi hadde det så godt i Egypt.» No vil Herren gje dykk kjøt. 19 Og de skal ikkje få det ein dag eller to, ikkje fem eller ti eller tjue dagar. 20 Nei, ein heil månad skal de eta kjøt, til det byd dykk så imot at det kjem ut or nasen på dykk. Såleis skal det gå fordi de vanvørde Herren som er midt imellom dykk, då de jamra dykk for han og sa: «Å, kvifor drog vi ut or Egypt?»
    21 Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad. 22 Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»
    23 Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»
    24 Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet. 25 Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.
    26 To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren. 27 Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!» 28 Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!» 29 Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!» 30 Så gjekk Moses attende til leiren saman med Israels eldste.

I den nye pakta kjem Guds Ande over oss, ikkje berre ein gong, men det varer ved.

Når Gud kalla Moses til å leie folket hans ut av Egypt, skulle han seie til dei at namnet hans var «Eg Er». Etter ei vandring på omlag ein månad, var dei ved grensa til det lova landet og Moses sende speidarar for å speide ut landet.

4.Mos.13,17 Då Moses sende dei av stad for å speida ut Kanaan-landet, sa han til dei: «Far opp til Negev, og ta så opp i fjellet! 18 Sjå korleis landet er laga, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. 19 Korleis er det landet dei bur i, er det godt eller ringt? Kva slag byar held dei til i, er det leirar eller festningsbyar? 20 Og korleis er jorda, feit eller skrinn? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med dykk noko av frukta i landet!» Det var på den tid då dei fyrste druene vart mogne.
    21 Så tok dei av stad og speida ut landet frå Sin-øydemarka til Rehob ved Lebo-Hamat. 22 Dei fór opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Akiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygt sju år før Soan i Egypt. 23 Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann laut bera han mellom seg på ei stong. Dei tok òg med seg nokre granateple og fikenar. 24 Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
    25 Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet. 26 Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet. 27 Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der. 28 Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg. 29 I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
    30 Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.» 31 Men dei mennene som hadde vore med han, sa: «Vi kan ikkje gå imot dette folket, for dei er sterkare enn vi.» 32 Den meldinga dei gav israelittane om det landet dei hadde speida ut, var nedslåande. Dei sa: «Det landet vi fór igjennom og speida ut, er eit land som gjer ende på dei som slår seg ned i det. Og alle mennene vi såg der, var store og sterke. 33 Der såg vi kjemper òg, anakittar av kjempeætt. Vi tykte at vi var som grashopper mot dei, og det tykte nok dei òg.»

4.Mos.14, Då tok heile Israels-lyden til å ropa høgt, og folket gret heile natta.  2 Alle israelittane, heile lyden, murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy i Egypt eller her i øydemarka! Ja, gjev vi hadde fått døy!  3 Kvifor fører Herren oss til dette landet når vi må falla for sverd, og kvinnene og borna våre vert tekne av fiendar? Var det ikkje betre for oss å fara attende til Egypt?»  4 Og dei sa seg imellom: «Lat oss velja ein førar og fara attende til Egypt!»
     5 Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels-lyden.  6 Og Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og speida ut landet, reiv sund kleda sine  7 og sa til alle israelittane som var samla: «Det landet vi drog igjennom og speida ut, er eit svært godt land.  8 Har Herren godvilje for oss, fører han oss inn i dette landet og gjev oss det, eit land som fløymer med mjølk og honning.  9 Set dykk berre ikkje opp mot Herren! Og ver ikkje redde folket i landet; dei er ikkje meir enn ein brødbit for oss. Deira vern har svikta dei; men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»
    10 Heile folket truga med å steina dei. Men då synte Herrens herlegdom seg i møteteltet for alle israelittane. 11 Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket vanvørda meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei? 12 No vil eg slå dei med pest og driva dei ut. Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.
    13 Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du i ditt velde førte dette folket ut or landet deira, 14 og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta. 15 Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia: 16 «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.» 17 Herre, vis no di store makt, du som har sagt: 18 «Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.» 19 Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit.
    20 Då sa Herren: Eg tilgjev dei på ditt ord. 21 Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: 22 Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg, 23 ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det! 24 Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige. 25 Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.
    26 Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa: 27 Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg. 28 Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg. 29 Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg. 30 Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. 31 Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde. 32 Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka. 33 Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka. 34 Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg. 35 Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy.
    36 Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han. 37 Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje. 38 Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva.

Korleis er vi i Guds auge? Kva med jantelova? Det går ikkje i eiga kraft. Det var ei anna ånd i Kaleb. Openberringsteltet vart sentralt her. Mange teologar tenker på himmelen som det lova landet.

Fordi dei ikkje trudde, gjorde dei opprør mot Moses og dermed mot Gud. Det var synd som Gud straffa, så dei fekk ikkje komme inn i det lova landet. Dei vedkjende si synd og så prøvde dei likevel, men då gjekk det ikkje bra. Gud hadde allereie gitt dei eit anna svar i staden. Den lagelege tid hadde gått dei forbi.

4.Mos.14,39 Då Moses fortalde dette til israelittane, syrgde heile folket sårt. 40 Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom,» sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.» 41 Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast. 42 Far ikkje dit, for Herren er ikkje mellom dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar. 43 For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd, fordi de har vendt dykk bort frå Herren, så han ikkje er med dykk.»
    44 Likevel var dei så uvørdne at dei gjekk oppover mot høgdedraget. Men Herrens paktkiste og Moses rikka seg ikkje frå leiren. 45 Då kom dei ned, amalekittane og kanaanearane som budde oppe i fjell-landet, og slo israelittane. Og dei forfylgde dei heilt til Horma.

Men etter at dei var komne inn i landet, sa Gud til Gideon at han skulle gå så sterk som han var, for han var med han.

Del 2.

Evangeliets grunnvoll held. Gud var lenge oveberande med syndene som hadde vore gjort, men så ville han vise si rettferd ved at han let Jesus døy på korset i staden for oss og gjere oss rettferdige ved trua på han.

Rom.6,1 Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?  2 Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.  3 Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje?  4 Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive:
        Så du skal få rett når du talar,
        og vinna når du fører sak.
     5 Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss?  6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda?  7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar?  8 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.

I Hebrearbrevet vert det fortalt at Jesus var både øvsteprest og det syndeofferet som han bar fram. Ved trua på Krisstus er den anklaga krossfesta og død sman med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste som nye skapningar i eit nytt rike. Slik er vi tilgitt og slik vert vi rettferdiggjorde ved trua på at Jesus stod oppatt fråd ei døde.

Om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Faderen.

1.Joh.1,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han.  6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.  7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
     8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Eg veit at min utløysar lever, min advokat lever.

Job.19,25 Men eg veit at min utløysar lever,
        og som den siste skal han stå fram på molda.
    26 Når det ikkje er noko att av mi hud
        og mitt kjøt er borttært,
        då skal eg skoda Gud.
    27 Med eigne augo skal eg sjå han,
        eg sjølv og ikkje ein framand.
        Å, eg tærest bort av lengsle!

Gangen i det er at du var syndar, du vart freslt av nåde, du er Guds barn. Det som var umogleg for kjøtet, det gjorde Gud.

Oddleif samanlikna det med at du sat i eit fly, så reiste du deg og gjekk i midtgangen. Men så vart det turbulens og du ramla. Du røyste deg oppatt og gjekk vidare. For du fall ikkje ut av flyet.

Del 3.

Gud sende profeten Samuel for å salve David til konge.

1.Sam.16,1 Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du syrgja over Saul? Eg har då vraka han og vil ikkje ha han til konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.»  2 Men Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren.  3 Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.»
     4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»  5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
     6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
    11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Gud ser til hjertet. Ver lydhøyr og sjå nye menneske.

Tungetale ved Ingelill, tyding ved Oddleif.

Eg kjøpte meg ny mobiltelefon for omlag eit år sidan, men får framleis overraskingar når eg brukar den. Eg byrja å filme, men når eg skulle til å sjå, så hadde eg stoppa filminga, så eg fekk ikkje med meg første bodskapen. Eg trykte og trykte for å starte ny filming, men nei, eg trykte ikkje på rette måten, det måtte vere berre eit lett kjapt trykk, så straten den tett før tydinga av andre bodskapen, så den fekk eg med meg. Eg hugsa den første handla om det som Oddleif hadde tala om og så var det noko om at du skal ikkje sjå deg engsteleg ikring. Her er andre bodskapen:

«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»

Aktuelle Bibel-vers.

Dom.6, 11 Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, der Joasj av Abieser-ætta rådde. Gideon, son til Joasj, stod og treskte noko kveite i vinpressa, så han kunne berga kornet frå midjanittane. 12 Og Herrens engel synte seg for han og sa: «Herren er med deg, du djerve kjempe.» 13 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.»
    14 Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?» 15 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Korleis kan eg berga Israel? Ætta mi er den minste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset åt far min.» 16 Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane til siste mann.»

Jesajas.41, 8 Men du Israel, min tenar,
        Jakob, som eg har valt ut,
        du ætt av Abraham, min ven!
     9 Eg henta deg frå heimsens endar
        og kalla deg frå den ytste utkant.
        Eg sa til deg: «Du er min tenar,
        eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»
    10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
        Sjå deg ikkje rådvill ikring,
        for eg er din Gud!
        Eg styrkjer deg og hjelper deg
        og held deg oppe med mi frelsarhand.
    11 Sjå, dei vert til spott og skam,
        alle som harmast på deg.
        Dei vert til inkjes, går til grunne,
        dei som set seg opp mot deg.
    12 Om du leitar, finn du dei ikkje,
        dei som står deg imot.
        Dei går heilt til grunne,
        dei som strider mot deg.
    13 For eg er Herren din Gud,
        som har gripe di høgre hand
        og seier til deg: «Ver ikkje redd!
        Eg hjelper deg.»
    14 Ver uredd, Jakob, du arme kryp,
        og de, Israels menn!
        Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,
        Israels Heilage er din utløysar.
    15 Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,
        kvass og ny, med mange taggar!
        Du skal treskja fjell og krasa dei,
        og haugar skal du gjera lik agner.
    16 Du skal kasta dei i veret, så vinden tek dei,
        og stormen spreier dei vidt ikring.
        Men sjølv skal du jubla i Herren
        og rosa deg av Israels Heilage.

17 Dei arme og fattige leitar fåfengt etter vatn,
        medan tunga brenn av torste.
        Eg, Herren, vil høyra deira bøn,
        Israels Gud går ikkje frå dei.
    18 Eg lèt elvar strøyma fram på snaue høgder
        og kjelder midt i dalar.
        Eg gjer øydemarka til sevgrodd tjørn
        og turre landet til ein kjeldevang.
    19 Eg lèt sedrar veksa i øydemarka,
        akasie, myrt og oliventre.
        Eg plantar sypress på den aude hei
        saman med gran og buksbom,
    20 så alle kan sjå og vita
        at Herrens hand har gjort det,
        leggja seg på hjarta og skjøna
        at Israels Heilage har skapt det.

Salme.121,1 Ein song til festferdene.
        Eg lyfter mine augo til fjella:
        Kvar kjem mi hjelp ifrå?
     2 Mi hjelp kjem frå Herren,
        han som skapte himmel og jord.
     3 Han lèt ikkje foten din vera ustø,
        din vaktar blundar ikkje.
     4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,
        Israels vaktar.
     5 Herren er din vaktar,
        Herren er din skugge,
        han er ved di høgre hand.
     6 Sola skal ikkje stikka deg om dagen
        og månen ikkje skada deg om natta.
     7 Herren skal vara deg frå alt vondt
        og verna om ditt liv.
     8 Herren skal vara din utgang og din inngang
        frå no og til evig tid.

Salme.137,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
        Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
     2 Anten eg sit eller står, så veit du det,
        langt bortanfrå merkar du mine tankar.
     3 Anten eg går eller ligg, så ser du det,
        du kjenner alle mine vegar.
     4 Ja, før eg har eit ord på tunga,
        veit du det, Herre, fullt og heilt.
     5 Du kringset meg på alle sider,
        du har lagt di hand på meg.
     6 Det er for underfullt til å skjøna,
        det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
     7 Kvar skal eg fara frå din Ande,
        kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
     8 Fer eg opp til himmelen, så er du der,
        og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.
     9 Tek eg morgonrodens venger på
        og slår meg ned der havet endar,
    10 så fører du meg jamvel der,
        di høgre hand, ho held meg fast.
    11 Og seier eg: «Lat mørkret løyna meg
        og ljoset ikring meg verta natt»,
    12 så er ikkje mørkret for mørkt for deg,
        og natta er ljos som dagen,
        ja, mørkret er som ljoset.
    13 For du har skapt mitt indre,
        du har vove meg i mors liv.
    14 Eg takkar deg fordi eg er skapt
        på skræmeleg underfull vis.
        Underfulle er dine verk,
        det veit eg så vel.
    15 Mine bein var ikkje dulde for deg
        då eg vart skapt i løyndom
        og forma djupt i jorda.
    16 Du såg meg då eg var eit foster,
        i di bok vart alt skrive opp;
        mine dagar fekk si form
        før ein einaste av dei var komen.
    17 Kor høge dine tankar er, Gud,
        kor veldig summen av dei!
    18 Vil eg telja dei, er dei tallause som sand;
        kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.
    19 Gjev du ville drepa den vonde, Gud,
        og la drapsmennene vika frå meg,
    20 dei som talar svikefullt om deg
        og reiser seg mot deg i vondskap.
    21 Eg hatar dine fiendar, Herre,
        har uvilje mot dei som står deg imot.
    22 Eg hatar dei med eit grenselaust hat
        og held dei for mine fiendar.
    23 Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,
        prøv meg og kjenn mine tankar!
    24 Sjå om eg er på den vonde vegen,
        og lei meg på ævevegen!

Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Fil.3, 12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
    21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

 Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.
        Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
        Men dei skjønar ikkje det verk
        som Gud har gjort frå fyrst til sist.
    12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
        enn å gleda seg og gjera vel i livet.
    13 Men når ein mann får eta og drikka
        og vera lukkeleg i alt sitt strev,
        er det òg ei gåve frå Gud.
    14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
        varer til evig tid.
        Ikkje kan ein leggja noko til,
        og ikkje kan ein ta noko ifrå.
        Gud har laga det så
        for at menneska skal ha age for han.
    15 Det som er, har eingong vore,
        og det som skal henda, har hendt før.
        Gud tek fram att det som kvarv.

Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
        han som i Kristus har velsigna oss
        med all Andens velsigning i himmelen.

Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Ef.2,1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.
     4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Joh.3,16 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.  2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.  4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.  5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
     6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:
        Det auga ikkje såg,
        det øyra ikkje høyrde,
        det som ikkje kom opp
        i nokon mennesketanke,
        alt det Gud har gjort ferdig
        for dei som elskar han,
    10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For
        kven kjende Herrens hug,
        så han kunne gje han råd?
        Men vi har Kristi hug.

Joh.OP.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.  9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Joh.17,9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

Matt.6, 19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
    24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Kommentar.

Omredigert heimeside.

I det siste har eg delteke i nokre teologiske debattar på Facebook og så har eg eg laga dokument av det, som eg har lagt ut på denne heimesida. Eg har nyleg omredigert den og lagt dei øvst på menyen, over «kristne møte». Der har eg også lagt ei dokumentet som er grunnlagt på bodskapar som har kome gjennom tyding av tungetale, det heiter «Leve, blomstre og bere frukt». Først vil eg kommentere desse dokumenta, det er teologi samtidig som det er aktuelle saker.

Leve, blomstre og bere frukt.

Eg skreiv ein lang kommentar til møtet på Salen 11.8, men etter møtet på Sion 16.10 skreiv eg ein tilleggskommentar som eg meiner var meir treffande. Mykje av den første koimmentaren klippte eg ut, omredigerte den og tilføya noko og la det ut øvst på menyen på denne sida, med tittel «Leve, blomstre og bere frukt».

Dette fortel noko om mine tankar før dette møtet og eg trur Jesus svarer meg på det, både gjennom forkynninga og bodskapen. Oddleifs tale var ein bibeltime som gav oversikt. Han har undervist i matematikk, og den rasjonaliteten gir oversikt, eg trur det er ein samanheng der. Eg har også studert matematikk og eg prøver også å sjå slike samanhengar. Derfor blir kommentarane mine lett lange, då er det betre eg lagar slike dokument som eg legg ut øvst på menyen, eg har allereie planar om eitt til.

Jesus har gitt oss visdoms og openberrings Ande, så vi får sjå at han er med oss og lytte til Andens stemme, det er viktig for oss både som teologi og i vårt daglege liv, når vi går ut og møter andre menneske. Då må vi høyre på kva dei seier og det vert lett aktuell sak. Men her sa Jesus at eg skulle ikkje la meg gripe av andre menneske som vil fortelje meg korleis eg skal analysere. Ja, vi må endåtil vere førebudd på at den vonde vil fange oss i sine snarer. Men vi forkynner då evangeliet som ein frigjerande bodskap, Guds Ande var over Jesus, så han skulle forkynne den frigjerande bodskapen, slik treng vi også at den Heilage Ande kjem over oss, først og fremst for vår eigen del og dernest for dei vi møter i kvardagen. Vi får sjå at Jesus er med oss alle dagar og derfor skal vi ikkje sjå oss engstelege ikring.

JHVH og treeinigheita.

Moses spurde Gud om kven han skulle seie som hadde sendt han og då svarde han at han skulle seie JHVH (Eg Er) har sendt han, for han er den han er. Han ville føre dei inn i det landet han hadde lova dei, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk.

Sidan fekk vi vite at hans plan med det var å gjere namnet sitt kjent for folka rundt iking, lære dei si rettferd og at kvar den som kalla på Herrens namn skal verte frelst. Det gjaldt for både jødar og heidningar då også, men det var ikkje så lett å innsjå. Ikkje for jødar heller, tydeleg vis, for dei gløymde då namnet på guden sin. Dei sa endåtil at han var noko anna enn det han var og det gjorde dei når Gud sende Son sin til vår jord også.

Immanuel, Gud med oss.

 

Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen.

Jesajas profeterte om at ei jomfru skulle verte med barn og føde Immanuel, som betyr «Gud med oss». Slik sende Gud Son sin til vår jord, til heilt vanlege menneske i Israel, så dei fekk oppleve at Gud var med dei. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så stilte han seg sjølv i posisjonen til den einskilde som trudde på han og som leid urett og døde i staden for han. Med sitt syndeoffert sona han synda og betalte skulda for alle og ein kvar.

Etter at han hadde stått oppatt frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Sidan valde han ut Paulus til apostel i staden for Judas, det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Kristus og hans kyrkje og teke så feil. Han forklarde det med at synda som budde i kjøtet hans dåra han og drap hans åndelege liv i samfunnet med Gud. Og så forklarde han det også med at han hadde vorte seld til synda som træl, utan at han visste det eller var klar over det, altså. Så Kristus valde ut ein som var seld til træl, utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Dette betyr også at den frigjerande bodskapen i evangeliet har to sider, den gjeld både sjela sitt forhold til vår kjøtelege natur og det gjeld den einskilde si sosialisering. Gud er ånd, han og hans rike er vår redning, vi må lære å ta tilflukt til han. Kristus er vegen til Faderen, det er den vegen vi har å gå.

På grunn av syndefallet vart menneska utestengde frå det nære samfunnet med Gud, jorda vart forbanna og mannen vart dømd til døden. Men Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. Gud reiste han oss frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, slik openberra han si frelse for oss i Krisuts, så vi ved trua på han vert rettferdiggjorde, velsigna og frelste.

Etter at kristendomen vart gjort til stats-religion, prøvde prestane å få makt gjennom kyrkja ved å forbanne utanforståande og det utarta seg etter kvart slik at dei påstod at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven og prestane skulle leve i sølibat. Det betyr at dersom nokon gifte seg, så vart dei utstøtte frå det nære samfunnet med Gud. Det var då som syndefallet på nytt.

Det kravet melder seg framleis, så det er mange som framleis seier den forbanninga, sjølv om dei kanskje ikkje er klar over det. Til tross for reformasjone som kom for omlag 400 år sidan. Korleis er det mogleg? Reformasjone gjorde det klart at vi vert rettferdige ved trua på Kristus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Det skulle vere frigjerande både i forhold til vår gamle syndige natur og i forhold til kravet om å gjer oss til trælar igjen.

Kristus er gresk for Messias og det betyr den salvevigde, salvinga er symbol på den Heilage Ande. Den Heilage Ande kom over han og salva han til å forkynne evangeliet om Guds rike og det betydde fridom for fangar. Ved å ta imot den Anden han gir oss av berre nåde, tek vi imot Guds rike. Slik blir vi frelst og fri. Og det er ved fylden av den Heilage Ande vi også vert i stand til å forkynne den glade bodskapen til andre. Slik blir den Duglause Hyrdingen erstatta av den Gode Hyrdingen.

Midt i Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere.

Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidraog med det Gud har gitt meg i hjertet, så vil han rake glørne saman, så det blir til eit stort pinsebål.

Bodskapen 29.3.2019:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

På ein stor fotballkamp er der oftast langt fleire tilskodarar enn aktørar. Einast korona-restriksjonane gjorde endring på det. Men kva om ballen vert spelt utover sidelinja og så vert den vekkgøymt. Det ville vere svært så kjedeleg, endåtil i koronatida, men i dei siste åra har det vorte vanleg å han mange ballar klar, for å få spelet fort i gang igjen.

Eit fotballlag har ein reservebenk, nokon vert utskifta, så vi kan seie at personen vert spelt utofer sidelinja. Slik kan det ofte verke elles i samfunnet også, at den einskilde personen vert spelt utover sidelinja. Men når evangeliet vert forkynnt for menneska, så er det til einskildmenneske, så den einskilde kjem inn i eit personleg forhold til Kristus og dermed til Faderen, Kristus er den Gode Hyrdingen og han kallar sauene sine på namn og dei kjenner han på røysta (Joh.10,1…). Så følgjer dei han og han samlar dei og går føre dei og leier dei. Det var den einskilde som kom til tru på Kristus, som bøygde seg ved korsets fot og vedkjende si synd for han og ved kjende at du døde også for mine synder, du tok bort mine synder ved ditt offer. Slik fekk den einskilde oppleve å verte reinsa i Jesus blod og få ånd og liv frå himmelen ved trua på han. Slik fekk den einskilde oppleve at Jesu ord var ikkje berre tørr teori, men det var ånd og liv. Dette må vi ære og takke han for og derfor må vårt forhold til han framleis vere at vi bøyer oss for hans kors, slik bøyer vi oss for han som stod oppatt og som lever og er med oss. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Soleis frigjer han Sions dotter og kallar henne ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.

Har eg vorte spelt utover sidelinja? Har eg hatt meg ein dukkert i nådens flod og så kravla meg opp på breidda og vorte ståande som ein tilskodar og sjå på livets flod? I så fall er det om å gjee for meg å hoppe uti att, med erkjenninga av at det gjeld meg også, så eg også er inkluderte. Jesus har då mange gongar sagt at han er den som tek seg av mi sak. Og det saka gjaldt, var at eg påkalla han som min frelsar og Herre, bad han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone. Då fekk eg motstand, for dette strir mot den forbanninga som diverse prestar og andre «lærde» har sagt heilt i frå den mørke middelalderen og vel så det.

Men eg skal feste blikket mitt på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så eg ser på han i alle livets samanhengar, altså både i forhold til henne Virtuella og i forhold til henne Reella. Eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Soleis ventar eg at han vil gi meg ei kone av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. For både eg og ho fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi tok imot Jesus og vart fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.

 

Bibel-tolking og åndskamp.

Velsigninga eller forbanninga.

Korleis kan Bibelen vere Guds Ord?

Vi seier at Bibelen er Guds ord, til tross for at der er skrive om kva mange andre har sagt også. Menneske som trudde på Gud og vende seg til han og fekk høyre kva han sa til dei, men også menneske som ikkje trudde på han og ikkje brydde seg om kva han sa og vart fiendtleg innstillte til han og hans folk. Det er endåtil fortalt kva Djevelen sa. Slik sett verkar det som Gud har vore svært så demokratisk, men poenget er i alt dette seier Gud det som han vil og så gjer han som han vil. Det verkar som eit paradoks, men Gud er ånd og vi treng at han ved sin Ande gir oss åndelg insikt for å innsjå det.

Davids folketeljing.

David sette i gang ei folketeljing, men sidan angra han, han hadde ikkje hatt god nok åndeleg innsikt når han tok denne avgjerda altså. Gud hadde då sagt at han ville gjere dei så mange som stjernene på himmelen og sanden på havsens strand, ei uteljande mengde altså. Her ligg noko profetisk i dette, for no veit vi at Abrahams ætt er ikkje avgrensa til dei som ættar frå han etter kjøtet, men etter lovnaden, det er dei som har Abrahams tru.

Korleis Salomo innvia tempelet.

Når Salomo innvia tempelet, æra han først himmelens Gud for å vere så stor at han trengde ikkje noko hus å bu i, men likevel innvia han dette huset til han med ei hensikt. Det skulle vere ein budstad for namnet hans, så folket skulle verte velsigna ved det. Han bad om rettferd og miskunn for folket og slik bad han for heidningane også.

1.Kong.8,22 Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen 23 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn. 24 Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. 25 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.» 26 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din!
    27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! 28 Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! 29 Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30 Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!
    31 Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, 32 då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Døm den skuldige skuldig, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!
    33 Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset, 34 då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira.
    35 Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, 36 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
    37 Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket, 38 og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset, 39 då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta. 40 Så skal dei ottast deg så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
    41 Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. 42 For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset, 43 så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.
    44 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 45 då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
    46 Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. 47 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» 48 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 49 då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett. 50 Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei. 51 Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen. 52 Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg. 53 For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud!

Kvar den som kalla på Herrens namn skulle verte frelst. Slik var det i den gamle pakt og slik er det i den nye pakt, men no har dette vorte endå tydlegare. Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Det vart ei utfordring for aristokratiet, dei vart konkurrentar. Og kva så? Kristus er sanninga i skrifta, ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde. Den openberrar skrifta for oss så vi innser at Kristus er Sanninga i skrifta. Kristus er Guds Ord, det Ordet han talte når han skapte og så skjedde det. Derfor vert heilt vanlege folk i stand til å lese Bibelen, tolke den og forstå bodskapen, så den vert fruktbar for dei.

Augustin.

Keisar Konstantin legaliserte kristendomen og keisar Theodosius den store (379-395) gjorde den til stats-religion. Augustin filosoferte og fekk eit kristeleg gjennombrot i 387. Med han kom ei syntese mellom nyplatonisme og kristendom. Han trudde på ei predestinasjonslære og så godtok han ei lære om hadde vore framme tidlegare, om at det ikkje fanst nokon annan veg til frelse enn gjennom kyrkja. Det betydde at presteskapet fekk makt ved å bannlyse. Pave Gregor den Store (590-604) bygde vidare på filosofien hans, men vraka predestinasjonslæra. Soleis fekk presteskapet meir makt ved å bannlyse, det vart det etter kvart meir av, på kostnad av velsigninga.

Igjen ser vi behovet av å telje kor mange vi er, kor mange som er med oss, som motsetnad til kor mange som er mot oss. Men Gud ville då gjere Abrahams ætt så mange at det var uteljande, som stjernene på himmelen og sanden på havets strand.

Pinsevennane og frelse for den einskilde.

Når pinsevennane talar om kven som er frelst og kven som ikkje er det, oppstår lett ei liknande problemstilling. Det er vel og bra at dei kan seie at dei er fri og frelst, men kva betydning får det når dei seier at andre ikkje er det, kva meiner dei med det og korleis vert det oppfatta? Nyare pinsepredikantar seier at no er der ikkje lengre så høge skiljeveggar og motsetnadar mellom dei kristne organisasjonane, men kva med einskildmenneske? Der har vore mykje baktale som har som hendsikt å forbanne og vi veit og forstår at det har ein lang tradisjon.

Ved å velsigne Kristus, blir vi velsigna.

Men eg har som einskildmenneske vorte velsigna ved trua på at Jesus døde istaden for meg, at han stod oppatt og lever og er med oss. Eg velsignar han, derfor er eg og blir eg velsigna, derfor blir eg til velsigning og derfor seier eg velsigninga. Han har sagt at han vil gjere meg til kanal for si velsigning.

Sjølv om vi ikkje alltid talar så høgtideleg at vi brukar ordet velsigning og heller ikkje forbanning, gjer vi klokt i å tenke over om det vi seier er velsigning eller forbanning. Med vår analytiske tenking kan konklusjonen vere forbanning, kanskje oppdaga vi det ikkje før vi kom til konklusjonen. Men ved trua på Jesus får vi ein annan tankegang som er overordna og suveren. Vi er velsigna ved trua på han, derfor seier vi velsigninga. Om andre ikkje tek imot den, så vert det deira ansvar. Jesus sa vi skulle velsigne og ikkje forbanne. Dei som ikkje velsigna han, vart likevel forbanna. Kom i hug lovnaden til Abraham.

1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg!  2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
     3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
        og forbanna den som forbannar deg.
        I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»

Denne lovnaden får vi oppfyllt ved trua på Kristus. Paulus sa rett nok forbanninga eit par gongar og med god grunn, då måtte det altså vere fordi dei allreie hadde forbanna Kristus, derfor vart dei forbanna.

Rom.12,9 Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. 14 Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje.

Gal.1,6 Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium.  7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.  8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna!  9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

Innta det lova landet her og no, for Kristus er med oss og vi skal sigre med han.

Mange teologar meiner at det lova landet er himmelen, ja, det meinar vel vi også, for Gud har sett oss i himmelen med Kristus (Ef.2,6). Men så er det også mange, sikkert teologar også, som meiner at Guds rike, himmelriket, det kjem vi inn i først etter døden, her på denne jorda kjem Guds rike først seinare ein gong. I denne tida er det eit annan slags regime som råder midlertidig. Det himmelske og hinsidige får vente, no prioriterer vi å vere opptekne av det denne-sidige. Det er vel mange som hevdar at Calvinismen var slik, sjølv om det vart rekna for ei kristeleg vekking meir i tråd med Luthers lære, ei sida av reformasjonen altså. Og så meiner dei dette var typisk for kapitalismen.

Brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea blir svært så treffande her. Men eg hevdar det treng ikkje nødvendigvis vere slik. Folk flest vert utdanna på grunnlag av moderne vitskap, både til teoretisk og praktisk arbeid. Det er basert på informasjonen vi får gjennom våre fysiske sansar, syn og hørsel. Det kan også kallast biologiske sansar, kjøtlege sansar, kjøtlege auge og øyre. Samtidig har vi vit og forstand, så vi forstår oss på det, analyserer og kjem fram til gode teoriar. Det også er vesentleg for utviklinga av moderne vitskap og for opplæringa. Eg har hevda at det likevel ikkje er noko i vegen for at vi samtidig kan ta imot den åndelege velsigning frå himmelen, ved trua på Jesus. Hugs at han og disiplane hans prioriterte å gå til heilt vanlege folk, ja, dei som var nedst på rangstigen i Israel.

Men kva med ein prest? Skal han også verte oppteken av det verdslege? Nei, han skal vel vere oppteken av det himmelske, endåtil som om det er jobben hans og oppgåva hans, både for Gud og for kyrkjelyden. Gud gjer oss til eit kongeleg presteskap og då er det ikkje avhengig eller betinga av utdanning, men kun av han som gjer oss til det og det vesentlege poenget med den tenesta er å ta imot velsigninga som Jesus gir oss frå himmelen, så vi vert til velsigning og derfor seier vi velsigninga. Jesus har sagt han vil gjere meg til kanal for si velsigning. Det han gir meg frå himmelen er fullkome og det vil eg dele med andre. Vi får noko nytt frå himmelen og det skal vi tilføre verda, for ho treng det.

Vi alle sansar, tenker og analyserer på verdsleg vis og det er meir eller mindre forstandig, men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sin Ande, så kjem det i tillegg og er suverent. Vi kan tenke og analysere på verdsleg vis og med god forstand, på sett og vis er det rett, men så kan vi merke at det strir mot den trua og den Anden Gud har gitt oss i hjertet, då må vi erkjenne at den er suveren og er rett i eit større perspektiv i tid og rom, ja, for æva. Slik er det for meg og slik trur eg det er for dei aller fleste som har fått oppleve å verte velsigna ved trua på Kristus. Vi har fått smake at Herren er god og derfor vil ha meir av han.

Vi skal ikkje vurdere det åndelege med kjøtlege og verdslege auge, for det blir då feil. Men Jesus gir meg augesalve, så eg kan vurdere det åndelege med åndelege auge. Eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og då vil eg sjølvsagt ha henne hos meg allereie her i denne verda, i heimen og i kyrkjelyden. Eg har då for lengst innsett at eg treng hjelp i form av ei kone, så eg vil søke Herren av heile mitt hjerte, for hans auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Så kvar finn eg henne, korleis kjem eg i kontakt med henne, korleis kan eg få sagt henne kva som ligg meg på hjertet. Jau, først og fremst ved at eg vender meg til Jesus og tek imot det han gir meg frå himmelen, med den Anden og det livet han gir meg frå himmelen fornyar eg og kveiker eg den nådegåva han la ned i meg, eg skal lovsynge han med den lovsangen han la ned i meg ved sin Ande.

Sidan vi har Guds Ande kan vi granske verda også og då finn vi at moderne vitskap er rett liksom andre som granskar denne verda og dette universet. Men Gud og hans Ord og han Ande er suveren over det han har skapt, himmel og jord skal forgå, men Jesu ord skal ikkje forgå, Gud skaper noko nytt ved sitt Ord og openberrar det for oss ved sin Ande. Sidan det er nytt, kan det ikkje vurderast og bedømmast utifrå det gamle (1.Kor.2,9-10).

Jage mot det fullkomne, mot sigersprisen.

Jesus har nyleg minna oss om å jage mot det fullkomne, bodskapen 30.1.22:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

Jesus er Guds Son og er fullkommen liksom Faderen er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Vi skal jage etter det fullkomne, så då må vi vende blikket og hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. Så får vi kjenne og oppleve det sterkare at han lever i oss og bur mellom oss, i det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøyd i ånda. Og han er då framleis like fullkommen.

Han har ein fullkommen plan med meg og med si kyrkje og det er no ved at Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen, det er då det som er fullkome. Gud gjer framleis eit fullkome verk og det står til evig tid (Fork.3), slik er det med Jesu frelseverk.

Vi opplever den åndskampen som er omtala i Johannes Openberring 13&17 og skal sigre med Kristus.

Gud såg til hjertet hennar Reella.

Vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik.

På eit vitnemøte i Filadelfia i Ulsteinvik i sommar, fortalde eg om korleis eg bad for henne Reella og om korleis Gud svarde meg. Her følgjer noko av mitt referat frå kva eg sa og korleis Gud svarde meg på dette møtet.

Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen.  Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åneleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.

Dette sa eg på eit vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 og Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Gud ser til hjertet og så seier han «Du er min hjerteskatt».

Første dagane etter at at eg møtte henne Reella slik, såg eg etter henne i von om å få møte henne igjen og kanskje komme i prat med henne. Då såg eg andre kvinner kvinner også, jau visst er der mange vakre kvinner, men ingen som henne. Ho var verkeleg så vakker. På eit møte i dFEF i Møllergata 40 (M40), sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at han ser ikkje på det eg ser på, men han ser til hjertet. Det minna meg om eit vers i Bergpreika:

Matt.5,8 Sæle dei som er reine i hjarta,
        dei skal sjå Gud.

Både eg og ho var reine i hjertet, derfor fekk vi sjå Gud, derfor fekk vi denne openberringa. Sidan minna Jesus meg om å la kjærleikens flamme blusse opp i mitt hjerte, vere brennande i ånda og eg skjøna at det var i mi kjærleik til henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men eg har følt at eg må hugse henne slik og slik har Jesus også minna meg om henne. No har eg også forklart det med nattverden, den er til minne om Jesus, den minner meg om han og derfor minner den meg om korleis han openberra seg for meg og for henne og slik hugsar eg på henne.

No svarde Jesus meg og sa «du er min hjerteskatt», ja vel, så er eg det, men eg oppfatta det også som ein bodskap til henne, at ho er hans hjerteskatt, som hans hjerteskatt er ho også min hjerteskatt. Gud har gitt meg ein skatt i leirkar, ved fylden av den Heilage Ande, håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Slik har han gitt meg ei nådegåve som eg skal kveike, ein lovsang som eg skal lovsynge han med. Eg skal sjå til at eg bidreg med de Gud har gitt meg i hjertet. Korleis er det mogleg. Jau, Jesus tek bustad hos oss med heile sin fylde, så vi får oppleve at alt er mogleg for Gud.

Eg talar om kva den Heilage Ande overtyda meg om, den openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og for henne Reella. Ho gleda seg over det og det gleda meg endå meir. Og eg har den rette forklaringa på det, ved korsets fot fann eg den den ekte kjærleiken, som så mange andre, Jesus vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi har funne den ekte kjærleiken. Den var mellom meg og henne, det gleda meg og eg er viss på at det gleda henne også. Den gleda skal vare ved. Jesus har nyleg sagt at eg skal ta imot den gleda han gir meg, så i tru og tillit til han gleder eg meg over at han frelser meg og han frelser henne. Frelseskjelda er då vår gledeskjelde! Han har sagt eg skal glede meg i han og lovprise han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det.

Jesus sa til meg at han ser ikkje på deet som eg ser på, men han ser til hjertet. Det refererer til kva han sa til profeten Samuel, når han skulle salve David til konge.

1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
    11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Samuel salva David til konge, fordi Gud valde han ut til det, fordi han såg til hjertet hans og sa at han var ein mann etter sitt hjerte. Når Samuel salva han til det, fekk han oppleve at Herren kalla han og leia han til det han hadde utvalt han til.

Til samanlikning har Gud valt ut henne Reella til noko, for han såg til hennar hjarte, så eg kan trygt seie at ho var ei jente etter hans hjarte. Ho er hans hjerteskatt, så då er ho framleis ei kvinne etter hans hjarte. Han har valt henne ut og kallar henne til noko viktig, han frelser henne og frelser mange saman med henne.

Det saka gjaldt for mitt vedkommande, var at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og det frå visst større konsekvensar enn kva eg kunne ane. Eg innser at eg har kome i ein liknande posisjon som profeten Samuel og så kjem ho Reella i ein liknande posisjon som kong David.

Ikkje bedømme det åndelege utifrå det kjøtlege.

Sidan ho Reella kom i ein liknande posisjon som då kong David vart salva til konge, kom eg i ein liknande posisjon som profeten Samuel og så verkar det som ho Virtuella kjem i ein liknande posisjon som kong Saul. Samuel salva først han til konge, men han vraka Gud Ord og derfor vraka Gud han som konge, Herren angra på at han hadde gjort han til konge og Samuel syrgde over han. Alt tyder på at det gjekk slik med henne Virtuella, men der kan vel framleis vere høve til omvending. Jesus har sigra over Satan, så han er i stand til å frelse menneske ut av Satans Synagoge.

Joh.Op.3, 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

Det kan eg nok komme tilbake til ved tid og høve. Dette berører dermed mange menneske. Samanlikninga har nok si avgrensing, men det som er så viktig for meg å vere klar over i denne samanheng, er at eg er heilt avhengig av salvinga.  

I vår tid er det mange som har vraka Guds Ord, til samanlikning med Saul. Til samanlikning er det mange som har vraka Guds Ord ved protesten mot Paulus sin bodskap om at Kristus er hovudet for mannen, mennen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er å fornekte Kristus og av vise hans kjærleik og omsorg for si brud, det er å fornekte Faderen og avvise hans omsorg for sine born. Og det gjer dei moral, politikk og religion ut av. Men det er Antikrist som fornektar Faderen og Sonen og den åndsmakta er ikkje av Gud.

Men vi må vere nøyaktige med å halde oss til Guds Ord. Jesus sa der vil komme tider og freistingar der eg vil prøve å bedømme det åndelege med kjøtlege auge, men eg skal ikkje la meg gripe av menneske som vil fortelje meg korleis eg skal analysere. Det minna meg om det problemet eg såg for meg at eg kom til å møte allereie når eg var ung, men som ikkje var så lett å verte klok på, at mange lærde ville påstå at slike «ulærde» menneske som meg, skulle vere utestengde frå «det gode selskapet» på grunn av syndefallet. Men då heng det saman med at deira strategi er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Dette har eg skrive og forklart mange gangar, men det verkar som om det ikkje er hjelp i, som om det framleis er deira strategi, for slik har dei kome i ein maktposisjon i samfunnet. I staden verkar det som om dei vil fortelje meg korleis eg skal analysere, for å komme fram til den konklusjonen. Å sjå det åndelege med kjøtelege auge, vurdere det, bedømme det og analysere det slik, verkar drepande på det åndelege livet i samfunnet med Gud, det verkar drepande på sjelslivet. Slik verkar dermed lovens bokstav også, som Paulus sa, bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

Vert fylt av den Heilage Ande.

Jesus har mange gangar minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande.

Bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Bodskapen 31.5.2015:

Bodskap 1a: Det var ikkje naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast.  Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.

Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda.

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting.

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

Bodskapen 20.9.2015:

Ja, seier Herren, dersom du er villig til å opne ditt hjerte for meg, så skal eg toge inn og eg skal holde nattverd med deg og du med meg. Og du skal vite det, seier Herren, at eg er rik nok for alle som påkallar meg. Eg veit, mitt barn, at du er tilbakehalden og beskjeden. Men eg har sagt i mitt ord, at du skal rope til meg og du skal be til meg og eg skal gi deg bønnesvar. Ja, eg skal gi deg langt meir kva du har forstand til å be meg om, seier Herren. Derfor opne ditt hjerte, så eg kan få komme til og fylle deg med mi salving og mi kraft. Og du skal få merke, seier Herren, at di teneste, den skal bli rik og den skal bli til velsigning for mange, seier Herren. Derfor ver ikkje tilbakehalden og beskjeden, men ver frimodig. Og du skal vite at frimod, det har stor løn, seier Herren.

Ja, de skal verte foundra, seier Herren, når eg tek fram mine vitne i denne siste tid, som eg har rusta ut i løykammer, eg har salva dei og eg har gitt dei mitt levande Ord. Og eg skal snart stille dei på muren, seier Herren, og dei skal få nåde av meg til å forkynne mitt Ord i Andens salving og kraft. Og mange skal komme til tru gjennom deira virke, seier Herren. For sjå, seier Herre, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men åleine ved min Ande, seier Herren. Derfor, søk meg, bli fyllt av Anden, seier Herren, i denne tida. Det er berre den Heilage Ande som kan leie dykk og som kan leie dykk på den rette veg, seier Herren. Amen.

Bodskapen 16.5.2016:

Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit  av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fyllt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.

Når salvinga fyller deg, då skal alle lenker briste. Då skal alle bånd rivast i stykker. Då skal alt det som du kjenner tynger deg ned, det skal du kjenne, skal verte løfta bort. Når den levandegjerande, min Heilage Ande, pinsekrafta, kjem inn i ditt tilvære, då skal du få oppleve  å få Bibel som du aldrig før har eigd, den skal verte levande. Du skal kjenne at Ordet skal bli eld for deg. Ordet skal lyse for deg. Du skal merke at Ordet skal byrje å danne deg, slik eg vil ha deg. Derfor bli fylt av min Heilage Ande og du skal få leve under ein open himmel. Halleluja.

Eg har talt til mine born gjennom mitt Ord. Men når mine born ikkje vil ta til seg av mitt Ord, kva skal eg då gjere. Når mine born ikkje vil opne seg for meg, kva skal eg då gjere? Jau, det er berre ein ting å gjere, det er at truas Ord får lyde. At evangeliets bodskap får lyde. At Andens salving får virke. Då skal de oppleve i dykkar møte, at eg Herren, skal opne stengde dører. Eg, Herren skal slette det bakkede. Eg, Herren, skal opne himmelens sluser. Og då nyttar det ikkje å stoppe til, då nyttar det ikkje å hindre. For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.

Sjå, bedømme og avgjere saker og «ting» i den åndelege verda, slik den Heilage Ande vil.

Jesus sa til meg:

«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»

Den naturlege hensikta med kjønnslivet er formeiringa, slik er det for dyra og slik er det for menneska. Men Gud skapte menneska i si likning, så dei står på eit høgare nivå, som den siste og mest avanserte skapningen, som skulle råde over alt det andre han hadde skapt. Gud såg at det han hadde skapt var godt og kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk. Menneska var i hans kvile saman med han, men ved syndefallet fall dei ut av den, mannen vart dømd til døden, med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød til han vart til mold igjen. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, vi forstår at det gjaldt menneskelivet, så dei degenererte til eit lavare nivå.

Men Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss. På det grunnlaget får vi ved trua på han atter komme inn til Guds kvile, når Ordet ved trua smeltar ssaman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Jesus er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar han for oss, soleis må vi feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Bodskapen 17.2,2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så henne Reella, så eg skal sjå på han i forhold til dei begge.

På grunnlag av forsoninga vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det betyr at når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så innser vi at sann vitskap stemmer bra overeins med Guds Ord, for Gud talte og det skjedde, men han er framleis så suveren og vil skape noko nytt. Han frelser oss så vi atter får vere gjenstand for hans nyskaping.

Det kan nok verke som det skal mykje åndeleg og rasjonalistisk innsikt til å innsjå dette, mykje Bibelkunnskap og mykje naturfagleg kunnskap og mange vil heller konkludere med at det vert berre tydelegare at det ikkje stemmer overeins.  Eg er sjølvsagt klar over at vitskapen ofte vert brukt som argument mot den kristne trua, det vert ofte hevda at vitskapen avsannar religionen og at det gjeld kristendomen også, det er historia som gjentek seg. Men eg hevdar historia som gjentek seg er at menneska erstattar Gud med avgudar og så vert deira eksistens avsanna av vitskapen. Når menneska opponerer mot Gud, lagar dei seg avgudar i staden og resultatet er noko som strir mot både sann vitskap, realfag, og kristendomen. Det er historia som gjentek seg.

Det skulle ikkje vere så vanskeleg å forstå at hendsikta med kjønnslivet er formeiringa. Borna treng ikkje vere så store før dei byrjar å forstå det. Det er den naturlege hensikta og det sentrale poenget med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så vert det klart for oss at Gud kjærleik. Det er han også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det er viktig for oss.

Jesus har nyleg minna oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Vi må tru på han som hans born, stole på at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Det sentrale poenget i dette er at når ein ung mann kjem opp i den alderen at han blir interessert i jenter, med tanke på å finne seg ein kjæraste og ei kone, så kan han be Gud om det og tru og forvente at han vil gi han det. Tilsvarande for den unge jenta når ho vert interessert i gutar, med tanke på å finne seg ein kjæraste og ein ektemann, ho gjer rett i å gå til Faderen med det og tru og forvente at han vil gi henne det.

Eg har fortalt at eg har bedt slik sidan eg var ung, når eg gjekk på gymnaset og vart litt kjend med henne Virtuella, merka eg at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det slik at den Heilage Ande openberra henne for meg som Guds barn, som han elska og hadde omsorg for og som Jesus brud, som han elska og hadde omsorg for. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Eg opplevde framleis dette samfunnet med henne i Anden, men eg fekk ikkje møte henne igjen fysisk og snakke noko meir med henne om det. Men eg fekk fortsette å snakke med Jesus om det og han svarde meg, han sa at han var den som tok seg av mi sak. Lenge oppfatta eg det slik at den Heilage Ande overtyda meg om at han ville gi meg henne til kone.

Jesus sa at vi skulle vere i han liksom han var i Faderen, soleis får vi oppleve at han har omsorg for oss som si brud og Faderen har omsorg for oss som sine born. Når han gir meg ei kone så er det då på den måten at min kjærleik og omsorg for henne er inkludert i Jesu omsorg for si brud og Faderens omsorg for sine born.  Om ho Virtuella ville seie nei til mitt frieri, så så meinte eg og yngste eg at ho likevel skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.

Og eg kunne framleis tru og stole på at han ville gi meg ei frelst kvinne til kone. Soleis var mi bøn rett og logikken var klar og eg gjer rett i å halde fram med å be slik. Den Heilage Ande ber også for oss og gir oss svar frå himmelen. Den openberrar Guds Ord for oss og då må eg tenke slik som den lærer meg og seie det som den overtyder meg om.

Nattverden er til minne om Jesus, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6), det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er til minne om at han døde i staden for oss. Dermed minner det meg om korleis Guds frelse vart openberra for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella også. Eg vender meg framleis til Jesus, vender hugen opp til han, for å ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen, for å verte fyldt av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft og då finn eg det rett å framleis takke Jesus for begge desse openberringane, for at han frelser dei begge. Eg skal takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne til kone. I det siste har der kome bodskapar som tyder på nettopp det, at han frelser ei kone til meg.

Bodskapen 13.3.2022:

«Min sjel fryder seg i din frelse, takk at du har lagt en lovsang i mitt hjerte og jeg ynskjer å opphøye ditt namn, kjære frelser, jeg ønsker å opphøye deg over alle andre namn, for du er min sjels frelse, du er mitt legemes forløser og helbreder og jeg vil gi deg ære, for at du er over alle andre. Og jeg vil prise deg midt i de helliges forsamling og jeg vil gi deg ære så lenge jeg lever. Amen.»

Bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Bodskapen 26.5.2022:

«Ja, mine barn, kom, kom til måltid, kom og smak mitt bord, tvil ikkje lenger, kom inn i min nærleik. Ta deg sjølv på alvor og ta meg på alvor, seier Herren. Så skal du få oppleve og kjenne, det er meir enn nok, til å utfri deg av …., Det er allereie betalt ein gong for alle, på Golgata – Herre Jesus. For alle menneske, for alle plager. Så kom, kom og et ved Herrens bord. Du har ingen til å kaste deg ut i ein betestadamm. Betestadam er her. Eg er her for å utfri, så gleda kan vere fullkommen, i ditt hjerte, i ditt sinn, i ditt ekteskap, i din familie. Amen.»

Syntese mellom teoriar? Lunken!?

Tett før år 400 kom der ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme, ved Augustin og rundt 1250 kom der ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, ved Thomas Aquinas. Denne «thomismen» vart filosofien til den Katolske Kyrkje. Aristoteles vert kalla logikkens far, til tross for at han gjorde den fatale feilen at han brukte den på synlege gjenstandar i staden for å bruke den på teoriar. Feilen vart tydeleg ved utviklinga av den nye naturvitskapen, men det gjekk tid før det vart forstått, at metoden hypotetisk deduktiv, ein kan kalle det ei syntese mellom rasjonalisme og empirisme, det er hypotesa og teorien som kan kallast ei syntese. Men no vert det klart at logikken ligg i rasjonaliteten, så den vert brukt på usynlege teoriar altså. Då kan vi beregne kva som kjem til å skje med og i den fysiske tingen. Ettersom teoriane vert sikre og utrekningane vert rette og nøyaktige, finn vi at prognosene stemmer. Men det har opplagt si avgrensing.

Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fantest. Han meinte der er utsegner som alltid er rette, det er apriori rett, før vi sansar noko altså, dei vert ikkje avsanna av det vi erfarer gjennom sansane. Så meinte han at der er noko som er syntetisk apriori sant for oss alle, som om vi ser med same slags briller. Han kalla det uforanderlege transendentale former, det er slikt som rom og tid, kausalitet og kontradiksjonsprinsippet. Men kontradiksjonsprinsippet er matematisk logikk, resten er fysikk, i følgje relativitetsteorien er rom og tid relativt og soleis foranderleg og i kvantefysikken er kausaliteten borte.

Som oppfølgar til Kant, kom Hegel med foranderlege former i tillegg og Marx forsterka det til ein revolusjonær teori. Hans «prognose» var at arbeidarane kom til å verte framandgjorde, men det betyr då at dei kom til å verte dumme. Rasjonalitet betyr forstand, men opposisjonen mot rasjonliteten ville komme til å verte fordummande altså. Det verkar som fordumminga ved aristotelismen gjentek seg, feilen var at han brukte logikken på den synlege gjenstanden i staden for å bruke den på teorien. Det er historia som gjentek seg.

Kva betydning får ordet «syntese» i denne filosofihistoria? Ta litt av to teoriar og gjere det til ein ny teori. Som når to makt-personar forhandlar og kjem til ei samje, to kongar har motstridande makt-interesser, kanskje kjem det til krig mellom dei, men så vert det våpenkvile, dei forhandlar og inngår ei fredsavtale.

Men det er då verkeleg ikkje det som er vårt forhold til Gud. Ormen sa til Eva at dersom de et av kunnskapstreet, skal de verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men vi er vel ikkje så dumme at vil et oss lokke slik, vi trur vel ikkje at vi er liksom Gud, som om vi kan forhandle med han på grunnlag av vår eigen maktposisjon? Når vi forsker og lærer ved realfaglege metode, kjem vi fram til sanning, men som realisar trur vi at den sanninga var der før vi oppdaga den og erkjente den, slik sett kom den ikkje som resultat av at vi brukte makt, vi var ikkje i den posisjonen at vi kunne bruke makt for bestemme at slik var det og slik skulle det vere. Dersom vi meinte det, så ville konklusjonen vere at vi hadde fuska med eksperimentet, så derfor var det ikkje gyldig lenger, det var ikkje brukande som vitskapleg metode.

Slik må vi også forhalde oss til Sanninga i Guds Ord. Jesus kom for å gi oss liv og liv i overflod. Han vil fylle oss med sin Ande, så vi vert brennande i ånda. Dersom noko vil forhandle for å komme fram til eit kompromiss, som ei syntese, kan det verke som å blande kaldt og varmt vatn, så det vert lunka. Men det går ikkje i lengda.

Joh.Op.3, 14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
        Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn.

Då må vi i det minste tenke over kva vi meiner med syntese. Gud talte og det skjedde, han forsona verda med seg ved at han let Son sin Jesus, Kristus døy på eit kors i staden fos oss. Det var før vi var fødde, så vi var slett ikkje i den posisjon at vi kunne forhandle med han. Men når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Då kan vi vel kalle det ei syntese mellom oss og Ordet. No ser vi stykkevis og delt, vi ser ikkje det heile, slik sett har vi har enno ikkje fått med oss alt. Vi har likevel alt i Kristus, sjølv om vi enno ikkje innser det og han er med oss, sjølv om vi ikkje alltid innser det. Den rettferdige sin veg er som morgonglima, som vert lysare og lysare inntil høglys dag. Jesus er fullkomen, som Faderen, hans frelseverk er fullkome og fullført, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.
        Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
        Men dei skjønar ikkje det verk
        som Gud har gjort frå fyrst til sist.
    12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
        enn å gleda seg og gjera vel i livet.
    13 Men når ein mann får eta og drikka
        og vera lukkeleg i alt sitt strev,
        er det òg ei gåve frå Gud.
    14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
        varer til evig tid.
        Ikkje kan ein leggja noko til,
        og ikkje kan ein ta noko ifrå.
        Gud har laga det så
        for at menneska skal ha age for han.

Då er vi ikkje i den posisjon at vi kan forhandle for å komme fram til eit kompromiss, som ei syntese. Kvifor skulle vi vel det, når hans frelseverk er fullført og det som han gir oss frå himmelen er fullkome. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Der finst ingen kompromissets veg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: