Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborer meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Han som er og som var og som kjem, den allmektige. Frykt ikkje, mitt barn, eg er den fyrste og den siste. Sjå, eg er han som lever og var død og sjå eg er levande i all æve. Eg har nøklane til døden og dødsriket. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjager dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. Trengsel vil komme over denne jorda. Prøvingar vil auke, men mine heilage vil vokse og spire i mine føregardar. Dei som elskar meg og mitt ord vil blomstre og skine sterkare og sterkare. Men for dykk som frykter mitt namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger og de skal gå ut og springe som kalvar når dei vert sleppte ut frå fjøsen. Min herlegdom vil fylle jorda. Store ting vil skje som ikkje har vore sett før. Eg vil vise min herlegdom. Englar vil verte meir vanleg å sjå. Det overnaturlege vil verte meir og meir vanleg, for eg er ein overnaturleg Gud. Gud er ei ånd og eg ynskjer at mine tilbedarar skal tilbe meg i ånd og i sanning. Hold deg tett til meg i denne tida. Forføringa vil verte stor over verda, men mitt Ord står for evig fast. Hos meg er det inga forandring eller skiftande skugge. Eg er sanninga, vegen og livet. Eg lutrar deg gjennom eld og prøver ditt hjarte. Eg er ein nidkjær Gud og ynskjer heile ditt hjarte, alle rom, ei tru, tillit og ein kjærleik som veks, sjølv gjennom prøvingar og smerte. Eg vil aldrig sleppe deg og aldrig forlate deg. Den som sigrar vil eg gi å ete av den skjulte manna. Eg vil gi han ein kvit stein og på steinen er det skrive inn eit nytt namn som ingen kjenner, utan den som får den. Den som sigrar, han vil eg gi å ete av Livets tre, som er midt i Guds Paradis. Den som sigrar og held fast på mine gjerningar inntil enden, han vil eg gi makt over folkeslaga, han skal herske over dei med jernstav. Som pottemakaren sine kar skal dei verte slått i stykke. Slik eg har fått det overgitt av min far og eg vil gi han morgonstjerna. Den som sigrar skal verte kledd i kvite klede og eg skal slett ikkje stryke namnet hans ut or Lammets bok, men eg skal vedkjenne hans namn for min far og hans englar. Den som sigrar vil eg gjere til ei søyle i min Guds tempel og han skal aldri meir gå utanfor. Eg vil skrive min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det Nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, frå min Gud. Eg vil skrive mitt nye namn på han. Den som sigrar vil eg gi å sitje med meg på mi trone, slik eg har sigra og sett meg med min far, på hans trone. Ver tru inntil døden og eg vil gi deg livets krone, seier Herren. Sjå, eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta di krone. Amen.

Kommentar.

I denne bodskapen kjem sigersstrofa på slutten av breva til alle dei 7 kyrkjelydane i Joh.Op.2-3. Det er lett for meg å innsjå og erkjenne at det kjem som svar på det eg har tenkt på, skrive om og bedt om i det siste, så då er det berre å fortsette med det. Dette kjem til slutt.

Fordummande erting og mobbing i barneskulen. Kva så?

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ :

Her vil eg skrive litt om mitt personlege vitnemål og då tilføyer eg ein god del. John Willy har ein spesiell stil, ved at han kallar seg amcar-prest og stadig slår over til engelsk, tydeleg vis for å gi uttrykk for glede over at Gud gjer noko nytt, det gir oss eit intrykk av at mykje av dette nye kjem frå Amerika og det er ikkje til å komme forbi at den amerikanske kulturen (USA og Canada) har vore pionerar her også. Men eigentleg får vi alle det nye frå himmelen og det er det som er så viktig å lære å forstå, når det kjem frå den amerikanske kulturen, så er det vel og bra.

Så eg byrja mitt personlege vitnemål med å fortelje foreldra mine budde i Chicago i USA før eg var  fødde, eg vart laga der og var der før eg var fødde. Når dei flytta tilbake hit og var kledde som amerikanarar og hadde med seg noko amerikanske ting som vart oppfatta som det nye. Dei hadde mykje nytt å fortelje og det var litt spesielt at sonen (8) og dottera (6) kom med amerikanske gloser. Klart det var stas. Sonen, Arvid, var fødd der borte og var eitt år når dei kom hit.

Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og Arvid, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt. I storeskule vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. (Då fekk eg beskjed om å avslutte for der var andre som ville seie noko også).

John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Bodskapen 28.1.2024, opptak:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

«Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»

Denne ertinga og mobbinga i barneskule var rar og det er rart at voksne menneske held fram i same stilen, så ein kan lure på kva som er rarast. Det er fordi dei enno ikkje har forstått og teke imot evangeliet om Kristus og veit ikkje og forstår ikkje kva den kristne dåpen betyr for oss. Det strir både mot den evangeliske forkynninga og den naturfaglege tenkinga. Kva er det for slags tankegang? Det er å argumentere for at nokon skal få dårleg samvit, verte utstøytte og straffa på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Som resultat av syndefallet altså. Og det born på 10-13 år. Ved barnedåpen sa foreldra og fadderane seg samde om at barnet skulle opplærast i den kristne trua, men her verka det som om det var blåst vekk og kvifor det? Sikkert fordi den boklege lærdomen vart oppfatta som om dei skulle prøve å forgude seg sjølve med å ete av kunnskapstreet.

Litt meir bøn for min familie.

I mitt vitnemål 28.1.2024. fortalde eg at frå eg var ein liten gutunge var eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse min næraste. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Tanken var å be slik for brørne mine også og for søstera mi at ho fekk seg ein frelst ektemann. Ho er nest eldst, eg har tre brør, ein som er yngre.

Som sagt budde familien min i Chicago i 4-5 år før eg vart fødde. Når vi var små, var eg og Arvid like store, så der vart krangling og slosting, men så var vi også gode venner som skulle forsvare kvarandre. Vi har mykje amerikaslekt. Far min reiste som styrmann i utanriksfart. Alt dette gjorde at vi fekk vidsyn, vi kunne vere usamde og krangle og våre meiningar gjekk i ulike retningar om ymse. Men vi var opplærde til at vi skulle tilgi kvarandre, på grunnlag av evangeliet og det var ein viktig grunn til at vi heldt saman i ein hyggeleg heim.

Eg har bevart denne barnetrua, så eg ber framleis på same måten. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Det var ubegripeleg storarta for meg å få oppleve at han som eg vart kjend med som min beste venn når eg var 9 år, talte til meg frå si trone i himmelen. Og han har vore med meg og fortsett å svare på mi bøn, han har sagt at eg skal takke han for frelsa og at han er den som tek seg av mi sak.

Eg har nok fått merke at der er dei som meiner seg å vere så vise og lærde at dei foraktar meg for det, men Jesus har sagt vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Der er tydeleg vis mange som kallar seg kristne som hevdar og meiner at eg ikkje kan be slik og så meiner dei at dei skal be i staden for meg. Då blir det som om dei vil fortrenger meg og erstatte meg. Men eg forstår at det er nettopp med den strategien den Lovlause prøver å sette seg inn i Guds tempel.

Men Kristus brukar kristne som har teke tilflukt til han og talar til meg gjennom dei, både gjennom forkynninga og gjennom tyding av tungetale og profetisk tale, eg får svar ved at eg les Guds ord og ved at den Heilage Ande openberrar det for meg.

Der er mange som står imot, så dei svarar stikk i strid med dette, for Djevelen er denne verda sin gud, strategien hans er framleis å dåre og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver dei å få makt over menneska, så dei vert trælar under synda og avgudane. I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Satan legg snarer for å fange menneske og med sitt klagemål mot dei prøver han å halde dei i trældom. Det er også strategien for Satans Synagoge. Til tross for at vi har ei Kristen Statskyrkje, synest denne strategien å verte sterkare og sterkare her i landet. Djevelen sitt klagemål mot menneska er så fundamentalt at det strir mot mannens interesse av å få seg kone og born og det stri mot samhaldet og omsorga vi har for kvarandre og som vi tek imot i familien. Slik får vi motstand frå Satans Synagoge.

Som motsetnad til den er Kristus sanninga som set menneska fri frå trældomen under synda og avgudane. Men Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han.

Mor mi, til samanlikning med enka med salvekrukka.

På eit møtet på Maranata sitt landsstevne 2023 var der ei gammal kvinne innleia med å minna oss om enka med salvekrukka.

Det var berre ei lita krus med olje, men i tru på profetens ord og dermed på Guds Ord, henta så mange tome kar i nabolaget som mogleg og byrja å helle oljen over i kara og det stoppa ikkje før alle kara var fulle.

2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»  2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.»  3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i.  4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
     5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei.  6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.  7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»

Oljen er symbol på den Heilage Ande. No er Maranata på internett, Facebook og samarbeider med Visjon Norge, slik får dei som denne enkja sette fram mange tome kar, ja, mange fleire enn henne. Gjennom Facebook når det meg også, det takkar eg Jesus for.

Eg budde i Oslo frå 2009 til 2017 og då vart det til at eg byrja å gå i Maranata Oslo og melde meg inn der og er framleis medlem der, for vi fekk så mange lovnadar som eg ventar vi får oppfyllt, ja, nettopp der. Jesus sa at sjølv om vi var berre ein liten gjeng, som var innvia til han, så var det nok for han til å gjere storverk, for han var i mellom oss. Han ha at han hadde bestemt at midt i hans menighet, der skal livet, vekkinga, overfloda og fornyinga vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet.

Då tenkte eg først på at når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Sidan byrja eg også å tenke på at livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Og for eit par år sidan sa Jesus at eg skulle sjå på kva eg har, det Gud har gitt meg og det eg er god på og bruke det. Både nådegåve og naturgåve altså, når det gjelde naturgåve, tenker eg på mi evne for matematikk, mi evne til å tenke logisk, mi analytiske evne. Likevel er det klart at Gud valde ut det som ingen ting er, hans nåde vert fullenda i vanmakt, for eg er heilt avhengig av hans nåde, så for å bruke mi nådegåve og eigentleg treng eg hans nåde for å bruke mi naturgåve også. Når eg studerer realfag, må eg bruke metodene i realfag. Men Guds metode er å bruke det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme, til vitne om at han har skapt alt.

Nåden og sanninga kom ved Kristus og i det siste har det vorte tydelegare at vi treng Guds nåde for å hevde den realfaglege sanninga også, sidan desse såkalla «humanistiske» moralistane og politikarane strir mot både evangeliet og realfag.

Dette har eg skrive om her: https://blessings-from-heaven.com/2023/06/26/2023-06-24-husmote-hald-fast-pa-det-du-har-du-skal-bli-frelst-med-heile-ditt-hus/

Om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag,  talte Jesus til meg omlag slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet skal vekse.”

JAK 1,19 – JAK 1,27 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!}  Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26   Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda. 

Då visste eg med meg sjølv at det vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen kyrkja, vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket, be for folket og landet og så be Fadervår. Eg samanliknar det med enka som sette fram tome kar for å fylle dei med olje.

På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når eg gjekk i 3. klasse, gjekk bror min i 4. klasse og han fortalde om stygg mobbing på skulen, det hadde med mannens kjønn å gjere. Det vart eit bønneemne når vi bad kveldsbøna. Eg samanliknar det med enka som hadde to søner, men så kom der ein og ville gjere dei til trælar.

Kven vart vi døypte til?

Problemet er at i kyrkja sin tradisjon er der kome ei vranglære om kva dåpen er for noko, det har eg skrive om i  dokumentet https://faith-and-entropy.com/2024/02/10/det-norska-hus-kva-er-det/ og eg tek det med her.

Kva betydning hadde barnedåpen? Fordi nokon trudd på Jesus, velsigna han og var velsigna, var til velsigning og sa velsigninga. Men dåpen, kva er det og kva betydning har det for oss.

Når der vart splid i kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei vart døypte til.

1.Kor.1, Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

Guds visdom og menneskevisdom

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å komme inn i det.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Joh.1, Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Så barnetrua betyr for meg at eg vart velsigna ved trua på Jesus, eg kjend med han personleg, så eg erkjende i stille sinn at han var min beste ven. Livet vart planta i meg ved Guds ord og det skulle vekse. Sidan har eg fått merke at det er mange som held seg for å vere så lærde at dei foraktar barnetrua mi og det gjeld ikkje berre meg. Det er bokstaven som slår i hel, som motsetnad til Anden som gjer levande. Men her er også eit poeng med at livet skulle vekse, som ein plante, ved at den får vatning og næring frå jorda den står i og at den får sollys. Eg skal sjå på han Jesus, i han er liv og livet er lyset for meg. Eg får be til han og oppleve at han svarar meg, slik skal eg snakke med han. Han er døra inn til sauene og til Faderhuset, han har opna den for meg og invitert meg, så eg får komme inn i det nye som han har for meg. Eg får be til Faderen som arving og får oppleve at han svarar meg og gir meg gode gåver og har omsorg for meg, som ein Far som elskar sitt barn. Når eg går inn gjennom døra, blir det ved å følge den Gode Hyrdingen og då vert det sikkert mange som kjem etter. Sidan vi snakkar med Faderen og Sonen, blir vi betre i stand til å snakke med kvarandre. Så skal vi gå ut og snakke med andre også og fortelje dei den galde bodskapen, så dei også vert inkludert i samfunnet med Faderen og Sonen i den Heilage Ande.

1.Joh.1, Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

Lev i ljoset!

5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Jesus lever, han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så vi snakkar med han og Faderen og så snakkar vi med kvarandre. Og så skal vi gå ut og snakke med levande menneske og då frå vi sjå at Jesus er med oss. Slik vert vi endå meir velsigna og vert til velsigning. Vi sjølve har godt av det, våre sjelelege og sosiale eigenskapar vert utvikla på den måten. Folket, samfunnet og landet har betre av at vi går ut og pratar med levande menneske enn at «lærde» menneske sit inne og snakkar med daudingar.

Kva er alternativet?

I vår tid får vi framleis merke at det er mange som reknar seg for å vere så vise at dei held kristendomen for å vere dårskap. La oss då hugse på kva det var konflikta bestod i. Dei fyrste kristne vart forfølgde fordi dei ikkje ville dyrke keisaren som gud. Kristendomen vart rekna for villfaring og vranglære samanlikna med den gamle religionen, med keisardyrkinga, så det vart kravt at dei skulle fornekte Kristus og dyrke keisaren som gud i staden, så skulle dei verte benåda og sleppe unna med ei mild straff. Det vart som å erkjenne at å tru på Kristus og bøye seg for han, var synd som dei måtte vende om ifrå og så bøye seg for keisaren i staden.

Men kva var det vondes problem? At synda skilde menneska frå Gud. Løysinga på det var at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Så når vi bøyer oss for korsets fot, bøyer vi oss for hans som stod opp frå dei døde, han er Guds Son og er fullkommen, som Faderen, hans frelseverk er fullført og fullkome.

Rett før år 400 e.Kr. vart kristendomen statsreligion i Romarriket og det hang saman med at «kyrkjefaderen» Augustin fann ei syntese mellom platonismen og kristendomen. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelst. Dei som stod utanfor skulle vere forbanna, det vil seie at dei skulle gå fortapt. Men dette høver ikkje med misjonsbefalinga, for i følgje den var det viktig å gå ut med den glade bodskapen til dei der ute.

Paven vart ein fornya versjon av keisaren, så det vart keisardyrking med kristendomen som religion. Men her var noko som ikkje stemte, dei påstod at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Dei kunne vedkjenne syndene sine i skriftestolane og så kom avlatshandelen. Nokre vart sett i gapestokken. Så syndserkjenninga fekk ei heilt anna hensikt og resultat enn det vi ser i 1.Joh.1, for det var Kristus som hadde teke vekk synda med sitt offer ein gong for alle, han og ingen annan. I staden fekk syndserkjenninga ein liknande hensikt som når dei kristne vart tvinga til å fornekte Kristus og bøye seg for keisaren i staden. Som om syndserkjenninga betydde at Kristus ikkje hadde teke bort synda med sitt offer likevel, som om det ikkje var bra nok, som om hans frelseverk ikkje var fullført og fullkome likevel.

Så i staden for å be til Faderen og Sonen, måtte dei gå via paven, prestane og helgenane, i praksis be til dei i staden for å be til Faderen og Sonen. Men å be til daudingar er då temmeleg meiningslaust og det var forbode etter Mose-lova.

Konklusjonen er og blir at vi oppnår ikkje noko ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og får ikkje noko ved å be til Faderen og Sonen. Mange vil seie at det er fordi vi fornektar Kristus, men det er dei som fornektar han som trekker den konklusjonen.

Mi bøn for min familie heng saman med mi bøn om ei frelst kvinne til kone.

Som sagt lærde mor oss å be kveldsbøna, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Eg bad slik for meg sjølv i von om at det kunne verte til vitne for syskena mine, tanken var å be slik for die også, eg yngste at dei også skulle få seg kristne ektefelle. Vi har alle høgare utdanning og då spørst det om ikkje vi møtte den oppfatninga at den boklege lærdomen var som å ete av kunnskapstreet. Men når eg studerte realfag, oppfatta eg ikkje denne kunnskapen slik. Å studere fysikk, kunne bety å granske ein gråstein eller ein metallklump, den det betydde ikkje å tilbe gråsteinen eller metallklumpen, heller ikkje å lage ein gud av den for å tilbe den. Eg granska den med naturfaglege metode og når eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, var det med evangeliets metode. Eg vart reinsa i Jesu blod og fylt av den Heilage Ande og den herleggjorde og openberra Jesus for meg som min frelsar og Herre. Det opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg vart glad i, først for henne Virtuella og så for henne Reella. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, så dei var begge Jesu blodkjøpte brud. Det skal eg ære og takke Gud og Lammet for, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. I bodskapen 28.1.2024 sa Jesus at han kjem berre for å hente si blodkjøpte brud.

Eg skal feste blikket mitt på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus Kristus.

Bodskapen 17.2.2017:

“Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.”

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella, at eg skulle sjå på Jesus i mitt forhold til dei begge. Eg trur det var den Heilage Ande som minna meg om det.

Jesus er døra inn til sauene og han har opna den for meg. Så eg får komme inn i det nye han har for meg. Då skal eg berre glede meg i han og takke han for frelsa.

Bodskapen 12.10.2014:

“Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.”

Breva til englane for kyrkjelydane i Joh.Op.2-3.

I denne bodskapen kjem sigersstrofene i breva til dei sju englane for dei sju kyrkkjelydane i Joh.Op.2-3.

Historisk bakgrunn.

Desse sju kyrkjelydane var ut mot vest-kysten av Tyrkia. Dette var det høgkulturelle senteret i Antikkens Helles, men vart eit stridens eple i dei gresk-persiske krigane, då tok Aten over førarskapet. 

Aleksander den Store gjekk sigrande ut av desse krigane, så vart riket hans delt i fire og med tida vart prestetenesta i Jerusalem eit stridens eple.

Aktuell sak.

I slutten av breva til dei sju kyrkjelydane i Op.2-3 sa Jesus at den som har øyre, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane. I den Frie Evangeliske Forsamling, Pinserørsla og i Maranata har eg fått oppleve at predikantar og andre har høyrt det og talt det, både gjennom talene og gjennom tyding av tungetale og for meg har dette vore overveldande og eg har teke imot med takk,  då har eg også teke imot utfordringa, at eg skal høyre kva Anden talar til kyrkjelyden, tru det som vert sagt, så eg skjønar det med hjertet. Men då oppdagar vi at den gamle endetidslæra med tidshushaldningane er avlegs, den er rett og slett feil.

Efesos.

Joh.Op.2, Til Efesos

1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:

Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.

4 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.

7 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

…..

Vår første kjærleik er at Gud er Kjærleik og han elskar oss i Kristus. Vi elskar fordi han elska oss fyrst.

1.Joh.4, 7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Til Smyrna

8 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:

Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande: 9 Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!

11 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

Jak.1, 1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land.

Prøving og freisting

2 Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. 4 Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

5 Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9 Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand. 10 Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne. 11 Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.

12 Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Til Pergamon

12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:

Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: 13 Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.

14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16 Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.

17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.

4.Mos.22-25

Mika.6,5 Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,

Balak, kongen i Moab,

og hugs det svaret han fekk

av Bileam, son til Beor,

på vegen frå Sjittim til Gilgal,

så du kan skjøna

Herrens frelsesgjerningar.

Til Tyatira

18 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:

Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse: 19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste!

20 Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.

26 Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. 27 Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. 28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

…..

Joh.Op.22, Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

2.Pet.1, 19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Her har eg skrive om Jesabel, Bileams villfaring og den falske profet:

Strategien er kort sagt å prøve å lokke nokon til synd, for på få makt over dei med synda og slik vert det til avgudsdyrking. Ei slik politisering av kvinna fører til at menneska dyrkar kongane på jorda som avgudar, jfr. Den Store Skjøkje, Joh.Op.17-18.

Til Sardes

Joh.Op.3,1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:

Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. 2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.

Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

……

1 Tess 5,2 for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.

1 Tess 5,4 Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;

2 Pet 3,10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlane forgangast med dundrane ljom, og himmelklotane skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne skal verta uppbrende.

Matt.24, 37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.

42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? 46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. 48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. 49 Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.

Då ser vi at denne åtvaringa gjaldt først og fremst denne generasjonen, medan Johannes framleis var i live, slik som Lauvås seier. Men den gjeld også alle seinare generasjonar heilt opp til no og det er både for jødar og heidningar.

Korleis då? Slik:

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han

Vi skal vende hugen opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Slik skal vi vere førebudde på at livet her på jorda kan ta ein brå slutt, same enten det er ved døden eller ved at han kjem att og hentar dei som lever i trua på han.

…..

Herren sa om Jerusalem at han kom over henne som ei baby-jente som nokon hadde forlatt, utan ein gang å skjere av navlestrengen. Kva gjorde han med det?

Esekiel.16, Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva 7 og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.»

Det var nok, for det var Gud sa det. Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd.

Gal.3,11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. Og den rettferdige, ved tru skal han leva. (Habakuk.2,4).

Så kom han over henne når ho var voksen og då vart det slik:

Esekiel.16,6 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud.

Han kledde henne og pynta henne som ei dronning. Han var mannen hennar, så borna han fekk med henne skulle vere Guds born. Men dette forstod ho ikkje, så ho vart ei hore og då gjekk det ikkje så bra.

Det «tradisjonelle endetidssynet» er at den fjerde hushaldninga varer frå Abraham til Moses. Men det er då ikkje dette som vert forkynnt! Tvert om at Guds lovnad til Abraham står ved lag! Så kva er dette for noko? Verdslege hushaldningar? Verdsleggjering altså! Med slike verdslege hushaldningar vart Jerusalem ei hore.

Jeremias.2,23 Korleis kan du seia:

«Eg er ikkje urein,

eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane»?

Sjå kva du dreiv med nede i dalen,

og skjøn kva du har gjort!

Du liknar ei lettføtt kamelhoppe

som renner hit og dit,

24 eit villesel, kjent på steppa.

Ho syp etter anden i sin brunst;

kven kan døyva hennar trå?

Dei som leitar etter henne,

treng aldri springa seg trøytte;

i paringstida finn dei henne lett.

25 Lat ikkje foten din verta berr,

og spar strupen din for torste!

Men du svarar:

«Nei, det er nyttelaust,

for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.»

I staden for å snakke med friaren, brudgomen og ektemannen vart ho som ei kvige som gjekk over til naboen for å få seg okse og så vart dei gåande og prate bullshit.

Slik har det vorte mykje bullshit i massemedia i det siste. Men det er slikt som vi skal vende oss bort ifrå, ved å tru på Jesus og feste blikket på han (Hebr.12,1…).

Til Filadelfia

7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

….

Engelen for kyrkjelyden i Filadelfia fekk tydeleg vis motstand frå folk frå Satans Synagoge, men han måtte berre gå inn gjennom døra med bodskapen sin, så måtte dei gi seg. Her følgjer nokre bibelvers og ei historieskriving som viser kva Satans Synagoge er for noko.

Rom.2, 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Gal.5, 1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. 2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. 3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. 7 De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8 Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. 9 Litt surdeig syrer heile deigen. 10 Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11 Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. 12 Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!

Fil.3, 1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

Omskjeringa i den gamle pakt vart gjort på mannens kropp og var symbol på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Den har vi fått ved trua på Jesus og den er god nok. Dersom nokon då krev at dei skal verte omskorne på kroppen i tillegg, er det som om dei skjer vekk noko meir, derfor kalla Paulus det skamskjering. I vår tid har dette gått så langt at dei vert kjønnsopererte, for liksom å skifte kjønn.

Når jødane skulle innta det lova landet, skulle dei utrydde dei folka som var der før dei. Men hensikta med det på lang sikt var å gjere namnet sitt kjent mellom folkeslaga, det var «Abraham, Isak og Jakobs Gud» og det var «Eg Er», «Jahve», for han er den han er, han eksisterer altså, sjølv om han vanleg vis ikkje er fysisk synleg. Men så viste det seg at jødane sjølve ikkje trudde på han og fall ifrå han, då forsvann dette poenget som var hovudsaka og då mista dei landet sitt.

Dei fekk komme tilbake til landet sitt og så sende Gud Jesus til dei og han gjorde Guds verk fordi Faderen var med han og gjorde sitt verk. Han ære Gud for det, men det gjorde ikkje dei, dei sa ikkje at han var den han var, men at han var ein annan enn den han var. Derfor vart dei bortførde frå landet sitt igjen.

Men når Jesus døde på korset, reiv han ned skiljeveggen mellom jødar og heidningar og gjorde slutt på fiendskapen.

Ef.2, 11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Satans synagoge vert då slike som skamskjer seg for å definere eit nytt folk med sin moralfilosofi, som skal fortrenge og utrydde andre folk. Rasisme altså. Så det er nettopp derfor dei avviser den evangeliske forkynninga.

Men som ein kvit mann kom eg til trua på at Kristus stod opp frå dei døde, at han er Guds Son og Faderen tok han til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen. Eg tok imot han i tru og det gav meg rett til å verte Guds barn. Så Israels Gud er min Gud.

Dette vart då forkynt for søskena mine også og eg vonar dei også vil ta same standpunkt.

Til Laodikea

14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:

Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

…..

Når Jesus stifta nattverden, sa han at han skulle ikkje drikke denne vinen før han drikk den ny i riket til Faderen:

Matt.26,26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» 27 Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

Med nattverden forkynner vi Herrens død til dess han kjem.

1.Kor.11,23 Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.

Slik har nattverden ei symbolsk betydning, vi tek imot brødet frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, frå himmelen (Joh.6).

I brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea sa han:

Joh.Op.3, 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

Slik er nattverden, ny i riket til Faderen. Slik er oppfyllinga av profetien:

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Slik får vi Guds rike i oss og mellom oss i dei evangeliske og karismatiske forsamlingane.

Dersom de vil sjå framover mot oppretting av tusenårsriket, så må det vel vere nettopp ved å ta del i nattverden og dersom de har vanskar for å innsjå det, er det berre å be Jesu om augesalve (Joh.Op.3,20).

Andre relevante Bibelvers:

 

Jes.57,14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk!

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste.

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Kol.3, 1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

5 Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. 11 Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, men har fått motstand. Djevelens klagemål mot mennesket på grunn av synda er fundamentalt og har fungert som argument mot det som eg har bedt Gud om, ei frelst kvinne til kone. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, derfor gjeld ikkje klagemålet lenger. Når vi bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for han, vert vi reinsa i Jesu blod og så vert vi fylt av den Heilage Ande. Og eg ventar å få meg ei frelst kvinne til kone som resultat av det. Fordi Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod. Ho er Jesu blodkjøpte brud og det er også identiteten til Jesu kyrkje, vi er Jesu blodkjøpte brud. I tru skal eg glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne til kone.

3 responses to “10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.”

Leave a comment