2022.8.11&14. Salen Fiskå. Kven er rette kandidaten til å bli brukt av Gud? Jesus står for døra og bankar på. Verte som born.
Profeten Samuel salva David til konge når han var ein gutunge som gjette sauer. For Gud såg ikkje til det ytre, men han såg til hjertet. Jesus bankar på hjertedøra. Han sa at vi må verte fødde på nytt for å sjå Gud rike og komme inn i det. Vi må verte som born som har tru og tillit til Gud, som vår Far.
Torsdag 11.8. Jesus bankar på hjertets dør. Om nokon høyrer hans røyst, skal han opne og Jesus kjem inn og held nattverd med han.
Innleiing ved Arne Herrmansen.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg.
Arne sa nokre ord om at i sommar møtes mange barn og unge på forskjellige arrangement andre plassar enn i kyrkjelyden. Men vi må be for dei, om at dei må innsjå og erkjenne at dei er syndarar og treng nåden i Kristus.
Tale ved Oddleif Wahl: Kven er den rette kandidaten til å bli brukt av Gud?
Oddleif fortalde at han hadde vore på ein slik verdsleg festival der det var mange unge menneske, men med ein bil, det var vel ein camping-bil (?), og vedkjenninga om Jesu namn var mala med store bokstavar, så alle kunne sjå at han var der med evangeliet. Han kom i prat med mange unge menneske og vart overaska over kor mange som kunne seie at foreldra bad for dei, kanskje spesielt mora.
Oddleif sa at dette vil handle om kven som er den rette kandidaten til å blir brukt av Gud. Når han var ung, samanlikna han sin moralske standard med andre, men så kom han til at det var feil, han skal samanlikne seg med Kristus. Gud sende Samuel til å salve David til konge, for han var ein mann etter Guds hjerte.
1.Samuel.16,1 Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du syrgja over Saul? Eg har då vraka han og vil ikkje ha han til konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.» 2 Men Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren. 3 Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.»
4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
Gud såg ikkje til det ytre, men til hjertet. David fall i synd, men audmjuka seg for Gud og bad om nåde. Han fekk tilgjeving og Gud sa likevel om han at han var ein manne etter hans hjerte. Det er noko som er verre enn å falle i synd; å verte liggande der.
1.Joh.2,1 Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige.
Du skal ikkje vente på at du skal verte meir kompetent, verte betre, men gå så sterk som du er.
Domarane 6,14 Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?»
2.Tim.4, 7 Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. 8 No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.
1.Kor.9,24 Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen! 25 Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg. 26 Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta. 27 Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.
Rom.12, 4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua; 7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
1.Kor.6, 12 Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.
Jesaja43,1 Og no, så seier Herren,
som skapte deg, Jakob,
som forma deg, Israel:
Ver ikkje redd!
For eg har løyst deg ut,
eg har kalla deg ved namn, du er min.
2 Går du gjennom vatn, er eg med deg,
gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg.
Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,
og logen skal ikkje brenna deg.
3 For eg er Herren din Gud,
Israels Heilage, som frelser deg.
Eg gjev Egypt som løysepenge for deg,
Kusj og Seba i staden for deg.
4 Fordi du er dyrebar i mine auge,
høgt akta og eg elskar deg,
gjev eg menneske i staden for deg
og folkeslag for ditt liv.
5 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Frå aust vil eg henta ætta di,
og frå vest vil eg samla deg.
6 Eg seier til nord: «Gjev frå deg!»
og til sør: «Hald ikkje tilbake!»
Hent sønene mine frå det fjerne,
døtrene frå enden av jorda,
7 alle som er kalla med mitt namn,
dei eg har skapt til mi ære,
forma og laga.
Herren åleine er Gud og frelsar
8 Før fram folket som er blindt
endå det har auge,
dei som er døve
endå dei har øyre.
9 Alle folkeslag kjem saman,
folka samlar seg.
Kan nokon av dei fortelja
så vi får høyra om dei første ting?
Lat dei føra fram vitne så dei kan få rett!
Lat dei høyra på og seia: «Det er sant!»
10 De er mine vitne, seier Herren,
og min tenar, som eg har valt ut,
for at de skal kjenna meg og tru på meg
og skjøna at eg er Han.
Før meg har ingen gud vorte forma,
og etter meg skal ingen koma.
11 Eg, eg er Herren,
det finst ingen annan frelsar enn eg.
12 Det er eg som har fortalt
og frelst og gjort det kjent,
det finst ingen framand hos dykk.
De er mine vitne, seier Herren.
Eg er Gud,
13 heilt frå dag vart til,
eg er Han.
Ingen kan riva ut av mi hand;
det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Søndag 14.8.
Innleiing ved Hilde-Bjørg Herrmansen.
2.Tim.1,1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus, 2 helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
3 Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine. 4 Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede. 5 Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
9 Han har frelst oss
og kalla oss med eit heilagt kall,
ikkje på grunn av gjerningane våre,
men etter sin eigen vilje og nåde,
den som er gjeven oss i Kristus Jesus
frå evige tider,
10 og som no har vorte openberra
då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
Han har gjort ende på døden
og ført udødeleg liv
fram i lyset ved evangeliet.
11 For det er eg sett til herold, apostel og lærar. 12 Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
13 Lat dei sunne orda du har høyrt av meg, vera ditt føredøme i tru og kjærleik i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den heilage ande som bur i oss!
Ho las også litt ifrå andre kapittelet, men eg hugdsar ikkje, kanskje det var frå vers 8.
Tale ved Oddleif Wahl.
Rom.14, 17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande.
Vi treng ikkje stresse og reise hit og dit, fsom for å finne vatn, for vi har Guds kjelde i oss og kan drikke av den. Slik får vi fred og ro og kvile. Men det betyr iikkje at vi skal sove resten av livet.
Oddleif refererte til salme 139 (vers 2, 3, 5, 8, 9).
Salme 139, Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Herre, du ransakar meg og du veit –
2 du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.
3 Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.
5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.
6 Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7 Kvar skulle eg gå frå din pust,
kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8 Stig eg opp til himmelen, er du der,
legg eg meg i dødsriket, er du der òg.
9 Tek eg soloppgangens venger
og slår meg ned der havet endar,
10 då fører di hand meg jamvel der,
di høgre hand held meg fast.
11 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg
og lyset omkring meg bli natt.»
12 Men mørkret er ikkje mørkt for deg,
natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
Han refererte også til
Rom.8, 31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?
Oddleif refererte til Jer.18,4.
Jer.18,1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.» 3 Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.
5 Då kom Herrens ord til meg: 6 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus. 7 Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
Oddleif fortalde at han voks opp i ei metodist-kyrkje, sidan kom hahn i kontakt med pinsepredikantar som bad for han om at han skulle verte ånds-døpt. Men det skjedde sidan heime med han sjølv.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
dei gamle skal drøyma draumar,
og dei unge skal sjå syn.
2 Sjølv over slavar og slavekvinner
vil eg ausa ut min Ande i dei dagane.
Han minna oss om at vi har ein skatt i leirkar.
2.Kor.4, 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Vi kan oppleve at ei dør vert stengt for oss, til tross for at døra har brukt å stå open for både oss og andre. Men Jesus kan ha nye dører for oss, for han har opna ei dør som ingen kan lukke.
Op.3, 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Og han kan vel stå og banke på di dør.
Op.3, 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
Jesus sa at vegen som fører til livet er smal og porten som fører til livet er trong. Men han sa det til jødane og det var før han døde på korset i staden for oss. Då bana han ein ny og levande veg som gjekk gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen.
Vi kan ha våre planar og vere på farta, men så openberrar Gud sin veg med oss.
Ap.gj.16,6 Sidan fór dei gjennom det frygiske og galatiske området, for Den heilage ande hindra dei i å forkynna Ordet i Asia. 7 Då dei var komne nesten til Mysia, freista dei å fara til Bitynia, men Jesu Ande gav dei ikkje lov. 8 Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas. 9 Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!» 10 Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.
Vi skal ikkje la oss kue av jantelova, Gud gir oss framtid og håp. Hald fast på den gode vedkjenninga.
Heb.10, 14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne.
Aktuelle bibelvers.
Op.3, 14 Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt: 15 Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn. 17 «Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.
22 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
Joh.14,21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 m handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
Salme 119,168 Eg har halde dine bod og påbod,
du kjenner alle mine vegar.
S.Ordt.4,11 Visdoms veg lærer eg deg
og fører deg på dei rette stigar.
S.Ordt.8,20 Eg går på rettferds veg,
held meg på dei rette stigar.
Kommentar, rett etter møtet.
Dett er ein forholdsvis lang kommentar, etter ei tid las eg gjennom den og så skreiv eg ein ny kommentar som er meir fokusert.
Min studieplan, tilpassing til naturen, samfunnet og Kristus.
I sommar har eg gått på nokre møte i Filadelfia i Ulsteinvik i sommar, skrive sammandrag og kommentert:
Eg hadde tenkt å reise heim og komme tilbake til neste helg, så eg byrja å skrive på kva eg tenkte å seie på neste vitnemøte og tok det med som sluttkommentar. Men eg fekk eit alergisk anfall ombord i seglbåten, ja, her var det berre å komme seg heim att og eg vart dårleg av det lenge, så eg har helde meg i ro heime. Eg synest det passar å ta med den sluttkommentaren her:
Eg studerte realfag i Oslo siste halvdel av 1980-talet og oppdage henne Reella hausten 1988. På denne tida gjekk eg på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (M40), Kristus talte til meg gjennom tyding av tungetale og på kveldstid og i helgane skreiv eg brev om det og sende tilbake til leiinga i kyrkjelyden. Etter tida skulle eg allereie hatt ei jente som kjæraste og/eller kone hos meg, så eg kunne vere saman med henne og prate med henne på fritida, på kveldstid og i helgane, så dette skriveriet kom på sett og vis i staden for det, der eg skreiv om dette som var mi sak, at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg forstod at det var dette han svarde meg på. Eg hadde lenge skrive om henne Virtuella og no vart det å skrive om henne Reella også. Det var som ein hobby, men det tok ein del tid, så det vart som ein liten jobb ved siden av, så det fekk som konsekvens at eg hadde problem med å følgje ein normal studeiprogresjon, spesielt når eg kom til meir avanserte emne. Det er no klart at det hadde vore mykje enklare for meg og eg fekk prate med ei jente som var kjærasten min og som vart kona mi.
På denne tid var eg også litt i stuss på kva studieveg eg skulle velje vidare, eg tenkte på praktisk pedagogisk undervisning (ppu) og eg tenkte på biologi, det siste ville auke sjansane mine for å komme i kontakte med henne Reella og prate med henne, sidan ho studerte biologi. Både ppu og biologi ville vere meir grunnleggande emne og ville passe meg betre, ettersom eit kjærleiksforhold til ei kvinne framleis ikkje var kome særleg langt etter startgropa. Men i staden valde eg vidaregåande emne i teoretisk fysikk og matematikk, men det gjekk ikkje så bra.
Vi veit at der er ein motsetnad mellom Jesu rike og verda, der er mostridande maktinteresser. Paulus lærde oss å vere styresmakten undergjevne og innrette oss etter ei kvar menneskeleg ordning. Vi skulle berre ikkje verte med på avgudsdyrkinga. I følgje Darwin må alle artar tilpasse seg naturmiljøet og så er det noko som vert kalla sosial-darwinisme også, om at menneske må tilpasse seg det menneskelege samfunnet. Dette er opplagt viktig i studiesituasjonen, vi må tilpasse oss dei som underviser og følgje deira undervisnings-opplegg. Likevel skal eg legge vinn på å sjå på Kristus i ein kvar situasjon. Er det mogleg? Eg føler og opplever då ikkje openberringa like sterkt alle tider, men eg kan vere våken for den. I denne bodskapen sa Jesus endåtil at om eg ikkje føler det, så skulle eg ikkje bry meg om det, men eg skulle hugse at han er med meg likevel.
Det vart til at eg flytta frå Oslo og reiste på tråling. Etter mange år kom eg tilbake igjen og byrja på ppu (2009), sidan byrja eg å studere biologi og informatikk (hausten 2014). Sidan vart det litt meir informatikk, kjemi også, organisk kjemi, biokjemi og fysikalsk kjemi, men mest cellebiologi. Eg hadde fortsett med dette skriveriet mitt og sendt til fleire pinsekyrkjer og dFEF, spesielt i Oslo, men no fekk eg mi eiga bloggeside og posta det der i staden. Dessutan vart eg med i diskusjon på Facebook. Men dette tok meir og meir tid og gjekk meir og meir ut over studeieprogressjonen. Når eg skulle lese til eksamen, følte eg at eg trengde å gjere ferdig eit dokument som eg ville poste, så eg vart sitjande å skrive det i staden for å lese til eksamen. Sjølv om eg så vidt bestod eksamen, følte eg at her hadde eg byrja på noko som eg ikkje skikkeleg fullførde. Dessutan var det dyrt å bu i Oslo, så dette vart meir og meir meiningslaust. Nei, det var berre å flytte heim att.
Når eg studerer realfag, vil eg sjølvsagt prøve å oppnå noko med det, i tråd med at vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Men her er tydelegvis ei motstridande interesse, som godt kan forklarast som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Han og sauehandlarane prøver å få makt over menneska i staden for Kristus. Så dei kjempar for at vi ikkje skal lukkast, men at det skal gå oss økonomisk dårleg, så vi vert gjeldsslavar.
Så sjølv om eg hadde håp om å oppnå noko, både med mitt praktiske arbeid og med mine stuier, å få meg kone, born, familielliv, hus og heim og få arbeid og inntekt av studeiane, så er der tydelegvis andre interesser som kjempar imot, så eg i staden skal verte ruinerte økonomisk og verte gjeldsslave.
Det minner meg om at når eg var ung, i ungdoms-skule-alder, så følte eg at eg sto overfor ei oppgåve som eg ikkje kunne klare. Og slik er det framleis altså. Men med trua på Kristus kan eg likevel satse på det, fordi han er med meg og gjer sitt verk med meg og med oss.
På ei forelesing i biologi kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente som eg kallar Poly-Ester. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, det kom uventa på og eg tenkte at dette tenderte til å ha lyst på henne og sjå med lyst på henne, så eg tenkte at her måtte eg vere litt forsiktig. Men når eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så har det betydninga at opplevde det som at eg var driven av den Heilage Ande og opplevde Guds kraft i det. Om kvelden sa eg dette til Jesus i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
Så det var altså rett å oppleve Guds kraft i det eg kjende meg tiltrekt av henne. Han sa eg skulle glede meg i Herren og hans frelse, så det minna meg om at Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella.
Sidan høyrdest det ut til at Poly-Ester snakka eit aust-europeisk språk med ei anna jente og fekk vite at det var russisk, ho var frå Ukraina og den andre jenta var frå Russland. Seinare sa eg til henne at eg hadde prata med han Jesus om henne, men då verka det som ho vart redd meg. Seinare prate eg litt med henne igjen og vitna for henne om mi tru å Jesus og at han svarde meg gjennom tyding av tungetale. Eg sa noko om at dersom ho påkalla Kristus som sin frelsar og Herre, så kunne ho be slik for folket sitt også.
Ja, for i februar same år hadde Russland okkupert Krim. Eg har inga aning om korleis ho stiller seg politisk i konflikta mellom Ukraina og Russland, men mest sannsynleg er ho på ukrainsk side. Når denne konflikta og krigen er eit tema i kristne møte og vert til eit bønneemne, så vel eg å be for henne og folket hennar.
Ein gong sette eg meg og prata litt med med ei jente ved eit bord i kantina i Biologibygget og så sa eg til henne at eg hadde bedt Gud gi meg ei kone. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjerta held seg til han, så eg ventar han soleis gir meg hjelp i form av ei kone. Det var no ein gledeleg bodskap og det verka som ho tok det med godt humør. Men ho heldt på med lekser og hadde ikkje tid til å prate så mykje.
Kvifor er det så lite barn og unge på møta i mange evangeliske forsamlingar, er det fordi dei ikkje vil erkjenne at dei er syndarar?
Arne meinte vi måtte be om at dei unge må innsjå og erkjenne at dei er syndarar, så dei treng nåden i Kristus. Men eg trur ikkje hovudproblemet er at dei ikkje innser at dei er syndarar, eg påstår dette er ei feilvurdering av kva problemet består i og feilvurderinga er ein vesentleg grunn til at det er så lite barn og unge i evangeliske kyrkjelydar. Barn og unge er forholdsvis urøynde og ulærde og den tradisjonelle moralfilosofien moraliserer over det, med påstand om at dei må lære seg til eit kvart. Det ser vi både i det gamle testamentet og i antikk moralfilosofi. Ei slik moralisering vart brukt som argument for å gjere menneska til slavar, som argument for avgudsdyrking og keisardyrking. Og strategien og argumentasjonen for keisardyrkinga kom inn i kyrkja.
Dette har eg skrive meir om her: https://value-and-entropy.com/2022/07/23/adelstand-eller-barnekar-hos-gud/
Eit svært så talande døme på denne strategien viste seg ved hekseprosessen i Sverige på 1600-talet. I følgje det nye testamentet er vi alle syndarar, så vi treng nåden i Kristus (1.Joh.1,10). Dette vart forkynnt med krav om at dei skulle erkjenne at dei var syndarar i samsvar med prestane si fantasering, så fantaserte dei også slik som prestane sa føre. Men i staden for å få nåde, vart både dei og foreldra deira henretta. Så vi må vere førebudde på at der er mange som går fram med liknande strategi. Derfor har vi fått problem med å få med oss ungdommen i dei evangeliske kyrkjelydane.
Når ein ung mann vil ha seg ein kjæraste og ei kone på grunnlag av nåden i Kristus, for å bygge ekteskap, familieliv og kyrkjelyd på evangeliets grunnvoll. Då må han erkjenne at han er ein syndar, for å få nåde. Men så vert det tvert om brukt som argument for å bannlyse han og støyte han ut. For strategien deira er som når ormen dåra og forførde kvinna ved syndefallet.
Dette viste seg ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kritsus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Dette har eg skrive om mange gongar, også her: https://value-and-entropy.com/2022/08/12/marknads-okonomi-og-slave-handel-kaynes-blandingsokonomi/
Jesus står for døra og bankar, men engelen for kyrkjelyden i Laodikea var lunken.
I etterkant av møtet kom Mindor og prata med meg. Han sa at denne døra har klinke berre på innsida.
Det er mange kristne som hevdar og meiner at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er noko som Gud ikkje har noko med å gjere, men det var no nettopp det Adam og Eva også meinte, som resultat av syndefallet, så det var fordi dei tok feil, altså. Eg har forstått det slik at det var problemet med kyrkjelyden i Laodikea også, derfor stengde dei Kristus ute. Men det er no ikkje akkurat det eg ynskjer meg.
Vi tenker vel ofte slik at når vi får ei helsing frå brevet til engel for ein av kyrkjelydane, så gjeld resten også vår situasjon. Engelen for kyrkjelyden i Laodikea var lunken, så då er vel eg og vi også lunkne? Men eg trur vi gjere rett i å vere fokusert på akkurat den setning som var sagt.
Ved trua på Kristus fekk eg barnekår hos Gud.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Og slik vart eg kjend med han Jesu, så han vart min beste venn. Med tida forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Eg visste at det var viktig for meg å erkjenne mi tru på Jesus for andre menneske, det turde eg ikkje, men eg vedkjende det for han og bad han fri meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og let henne få vite det. Ho syntest ikkje det passa seg og fjerna seg frå det kristne miljøet ho gjekk i. Då vedkjende eg mi tru på Jesus for henne og yngsgte henne tilbake. Ho syntest det var heilt utruleg at eg var kristen og kom tilbake til Kristus og det kristne miljøet. Så slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Kristus. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset og byrja å lese meir i Bibelen sjølv, oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære og med det som står skrive i Heb.3-4 om at Ordet ved trua må smelte saman med oss i våre hjarte, for å komme inn til Guds kvile. Ja, så når eg gjekk på gymnaset vart eg ivrig etter å vitne om mi tru på Jesus.
Den som gjer seg sjølv liten som eit barn, er den største i Guds rike.
Jesus sa at vi må verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det (Joh.3,3&5). Han tok eit barn og sette mellom disiplane og sa at dei måtte verte som born for å komme inn i Guds rike, den som gjer seg sjølv liten som eit slikt barn, er den største i Guds rike.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born. Då er vi Kristi søsken og slik er vi søsken. Vi er hans vener og slik er vi vener. I dette samfunnet skulle det vel vere god sjanse for at ein mann skulle få seg ei god kone og ei kvinne skulle få seg ein god mann. Ja, men vi må lære metoden, det er ikkje ved å freiste eller verte freista, men i helging. Og det er ved å gå til Faderen med det behovet, som eit barn går til sin far og ber om noko godt. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det er det beste, det er mest verdifullt for oss.
Eg tenker meg at han først tok barnet i sin favn og velsigna det, så dette barnet hadde velsigninga, som innebar at Faderen elska det og hadde omsorg for det som sitt barn. Eg har nyst skrive om at i det eg ber Jesus gi meg ei kone, gjer eg meg liten som eit barn. Eg velsignar Kristus og blir velsigna og derfor seier eg velsigninga. Eg blir stor i Guds rike ved at eg tek imot den åndelege velsigninga Gud gir oss i Kristus, eg tek imot Faderens kjærleik og omsorg. Så eg blir stor i Guds rike ved at Gud gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande. Så eg ventar meg at Gud gir meg ei kone i samsvar med skapings-soga og i samsvar med evangeliet. Det har seg slik at eg er velsigna ved tru på Kristus, derfor seier eg velsigninga og er til velsigning, for mi slekt, for lokalmiljøet, for mitt folk og mitt land. Å seie velsigninga er ein påstand både om noko som er slik og om noko som skal verte slik, for det heng saman med at Gud talar sitt Ord og det skaper det som det nemner. Så eg seier velsigninga ved erkjenne at Bibelens Gud er min Gud, han er Gud for slekta mi, folket mitt og landet vårt. Han er Gud for den kvite mann og den kvite kvinne.
Han gir meg ei kone som ei nådegåve og eg skal bruke henne som ei nådegåve i nærmiljøet, i heimen og i kyrkjelyden, mellom slekt, venner og naboar, mellom FB-venner også. I vår tid har det vorte så populært med politisering av kvinna og det har no vorte så tydeleg at det har seg slik at det er andre som vil bruke henne i staden for mannen, i staden for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, slik som Bibelen seier. Så det er ein god grunn for meg til å ikkje vere interessert i politikk. Dersom eg på nokon måte skal politisere henne, så blir det i så fall ved å bruke henne som ei nådegåve.
Vere brennande i ånda, spesielt i min kjærleik til henne Reella. Det er vel fordi Jesu gir meg henne til kone.
I sommar har eg gått på nokre møte i Filadelfia i Ulsteinvik, der var vitnemøte på søndag formiddag og på eit slikt møte vitna eg om korleis eg bad for henne Reella, eg syntest at ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sidan leia Gud meg slik at eg møtte henne og eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og for henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Vi har ikkje møtt han og sett han fysisk, så det er ikkje slik vi har vorte kjend med han og kan hugse han. Men den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, slik har vi vorte kjende med han og slik skal vi hugse han. Det var ikkje berre eg som elska henne, men han elska henne gjennom meg. Derfor har eg ikkje kunna gløyme henne.
Etter at Jesus openberra seg for meg og henne Reella, yngste eg å få møter henne og snakke med henne og då såg eg andre kvinner også, men det var no eigengtleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.
For nokre år sidan minna Jesus meg om å søke han av heile mitt hjerte, Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som hjeilhjerta held seg til han. Jesus har mange gangar minna meg om å løfte blikke opp til han, så for nokre år sidan fann eg at eg måtte løfte blikket høgre opp, for å sjå på han, der han sit ved Guds høgre hand. Det minna meg igjen om korleis han openberra seg for meg og henne Reella. Det minna meg om at han har fått makt over alt som menneske heiter, han har fått makta over kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, den makta gav eg han allereie når eg som ein liten gutunge tok imot han som min frelsar og Herre og det vart eg med tida meir og meir bevisst på. Så det er berre for meg å løfte blikket opp til han og lovprise han som min frelsar og Herre, som vår frelsar og Herre, så ventar eg at han vil gi meg det som mitt hjarte attrår, ei kone.
Det var ein predikant som sa at når Gud skapte kvinna av mannes sidebein, så tok han det som låg mannens hjerte nærast. Så det er nok forklaringa på at eg framleis ikkje kan gløyme henne, men det har med min spyke å gjere, eg har følt det har vore psykologisk sunt for meg å hugse på henne i min bøner. I det eg lovpriser han som min frelsar og Herre erkjenner eg at det er så viktig for meg at ho Reella blir frelst.
Eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne Reella til kone, så ville eg ha henne og så svarde han meg på den måten at han openberra seg for meg og for henne. Men då vil vel Jesus la meg få snakke meir med han om henne, då må eg vel få seie det til han igjen at eg ynskjer å få henne til kone og be han lage det slik at det vert noko av det. Så når eg bad for dette møtet, bad eg om å få henne til kone. Ja, for er det slik at han allereie har svart meg positivt på den bøna, at han vil gi meg henne til kone, så vil no eg sjølvsagt ha henne, ja, slik som eg først bad om. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren og då skal eg også elske henne av hjertet, som kona mi og slik skal eg vakte hjerte mitt framfor alt som eg vaktar, for livet går ut ifrå det. Det har å gjere med å drikke av kjelda med det levande vatnet, slik som eg talte om på vitne møte i Ulsteinvik i fjord sommar. Då svarde han meg at eg elska han, eg var vans venn og hans medarbeidar. På førre møtet som eg var på i Ulsteinvik, no denne sommaren, vitna eg om korleis Jesus leia meg til henne og eg fekk ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Så svarde han meg at eg var hans skatt, hans hjerteskatt. Så eg forstår det slik at han elskar henne gjennom meg.
Jesus vil leie meg og fornye dette møtet, der eg får sjå at han er med meg.
På eit møte på Filadelfia i sommar sa Jesus eg skulle hugse på at han er med meg, sjølv om eg ikkje føler det. Men når vi søker han av heile vårt hjerte, heime og i kyrkjelyden, så får vi no oppleve det også. Så skal vi gå ut og sjå at han er med oss då også og få oppleve at han leier oss. Så vi får oppleve det slik også.
Som vanleg skriv eg oftast som om han talar til meg, som om eg er hovudpersonen, men det er ikkje sikkert eg er og av og til kjem eg til at det måtte vere mynta så ein kvan annan, som hovudperson. Likevel er det no uansett til oss alle.
Han ville leie meg ut i verda, på spennande oppdrag:
«Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.»
Det fekk meg til å tenke på å fare på tur med seglbåten. Men eg har ikkje råd til å reise så mykje i det heile teke. Så eg tenker meir på å reise ved å surfe på internett og skrive kommentarar og skrive på min bloggeside.
Men det primære her var å ynskje han velkommen som ein venn og la han ta bustad hos meg med heile si fylde, verte fylt av den Heilage Ande altså. Han vil fornye dette møtet: Sjå eg er med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Eg har nyst skrive om at han leia meg slik at eg møtte på henne Reella, då fekk eg ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Eg tenker meg at han vil fornye det møtet, så eg trur det og vonar det, men korleis det skal gå til, begriper eg ikkje. Men det primære er altså at eg ynskjer han velkommen som ein venn. Og det skulle no berre mangle! I fjord sommar, når eg gjekk på møte i Ulsteinvik, sa han til meg at eg elska han, eg var hans venn og hans medarbeidar.
Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdeige, for at vi skal vandre i dei. Då vil han vel la meg få komme inn i dei ferdiglagde gjerningane. Dersom det er so at han gir meg henne Reella til kone, så må no vel dei ferdiglagde gjerningane vere at eg får han henen hos meg i heimen og i kyrkjelyden.
Ja, kvifor ikkje? Fordi nokon vil gjere oss til salsvare?
Mi nådegåve.
Når eg bad for møtet på søndag, så bad eg for henne Reella, eg bad for henne som kona mi eller bad om å få henne til kone, ja, slik at eg fekk ha henne hos meg i heimen og i kyrkjelyden, altså. Eg meiner det er og vil vere ei velsigning for både meg og henne, så det var å seie velsigning altså, så eg sat og velsigna henne slik på møtet. Ja, Jesus hadde då sagt at han ville gjere meg til kanal for si velsigning.
For nokre år sidan (1-3) sa Jesus at den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i mitt hjerte og eg skreiv som kommentar at eg trur eg får kjenne at han lever i henne. Det trur eg at eg fekk kjenne litt meir av på slutten av dette møtet.
Paulus sa at det var ikkje lenger han som levde, men Kristus levde i han.
Gal.2, 9 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Dette er det han lærer oss også, at slik skal det vere. Slik skal det vere i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også, når dei vert venner og kjærestar, ektefelle, i samlivet dei i mellom, i familielivet. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, vi vert helga ved Guds ord og den Heilage Ande, den openberrar Ordet for oss, den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Den let meg få kjenne at Kristus lever i meg og han elskar henne gjennom meg.
I innleiinga i møtet på søndag, vart eg minna om å kveike på ny mi nådegåve. Og eg har nyst skrive på internett om at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så han gir meg henne som ei nådegåve, ei åndeleg nådegåve som eg skal bruke til å tene han med. Det er og blir det primære då, ettersom vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Så det blir fruktbart i mitt eige nærmiljø, familie, slekt og venner, også FB-venner, naboar. Og sjølvsagt med det siktemål at eg og ho skal verte ektefelle og skipe vår eigen familie. Slik vil eg vere trugen i det små. I den siste tid har det vore så store interesser av å politisere kvinna, tydeleg vis som motsetnad til dette, men det bryt då så tydeleg med å vere trugen i det små. Så eg er ikkje interessert i politikk. Mitt standpunkt er at om dette på nokon måte skulle få politiske konsekvensar, så blir det i så fall ved at eg brukar henne som ei nådegåve.
Dette har eg skrive meir om her: https://value-and-entropy.com/2022/07/03/jesus-vil-bruke-meg-og-eg-skal-bruke-bade-mi-nadegave-og-mi-naturgave-han-er-den-gode-hyrdingen-som-tek-seg-av-mi-sak-slik-trur-eg-ogsa-han-vil-ta-seg-av-folket-mitt-%ef%bf%bc/
Steinen med sju auge og Lammet med sju auge.
Sakarja profeterte for øvstepresten Josva og dei som gjorde presteteneste saman med han, at dei var varselmenn om det som skulle koma. Dette var den levittiske prestetenesta og eg tenker meg at dei var førebilete på prestetenesta i den nye pakt, men no er Kristus vår øvsteprest etter Melkesedeks vis, til evig tid. Det er i grunnen eit heilt anna presteteneste. Men tempelet vart laga etter førebilete på den himmelske heilagdomen og slik er dei med si presteteneste varsel om det som skulle kome. For når Kristus døde på korset, bana han vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen. Forhenget i tempelet er symbol på hans lekam, så når han døde på korset i staden for oss, bana han vegen for oss gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen.
Sakarja profeterte om den steinen Gud la framfor han.
Sak.3,6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Denne steinen er Kristus, hjørnesteien og grunn steinen til det nye tempelbygget. I ein annan profeti er det sagt om han at det er den steinen som bygningsmennene vraka, som har vorte hjørnestein.
Salme.118,6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Ja, Guds Lam har sju auge.
Op.5,6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Dette er Guds auge og dei fer framleis utover heile jorda, for at Gud kan komme den til hjelp, som heilhjarta held seg til han.
Denne steinen og dette Lammet er den nye pakta mellom Gud og menneske, på det grunnlaget har vi fått samfunn med Gud og slik har vi samfunn med kvarandre. Slik er det også fundamentalt for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. For meg er det spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud la lovsangen ned i meg ved den Heilage Ande, så når eg oppdagar ei vakker jente, ynskjer eg å lovprise Gud for at han har skapt henne så vakker og lovprise han for at han vil frelse henne i Kristus. Det var slik eg oppdaga henne Reella, så eg bad Gud gi meg henne til kone og eg meinar han har svart meg på den bøna. Men han såg til hjertet hennar og det lærde han meg også å gjere. Han såg til hjertet hennar og valde henne ut altså. Til kva? Til å verte kona mi, verte til hjelp for meg, altså. Ja, for eg skal tene Gud med livet mitt og då trengde eg hjelp i form av ei kone, så det vert ei Guds-teneste for henne også, så han såg til hjertet hennar når han valde henne ut til det. For det handlar så visst ikkje berre om å vere til hjelp for meg og tene meg, men å tene han.
Den Heilage Ande let meg få kjenne at Kristus lever i mitt hjerte og eg trur at slik får eg kjenne at han lever i henne. Spesielt på slutten av møtet kjendest det som om ho var der, framfor meg, mellom meg og predikanten. Eg forklarar det med at Gud la denne steinen med sju augo framfor Josva. For han har gitt meg ei presteteneste, å vere hans tenar i hans heilagdom.
Eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging, så eg vil leie henne til Kristus også i den saka, som hans brud. Slik vil eg som Paulus også framstille kyrkjelyden for Kristus som hans brud (2.Kor.11,3). Og slik vil eg leie folket til Kristus.
Mitt forhold til henne Virtuella. Ta imot kvarandre som kristne venner (Matt.18,5).
Eg gjekk som sagt på møte i Filadelfia i Ulsteinvik i sommar, på bønnemøte tysdags kveldane også og på eitt av desse møta (19.7) fortalde eg om mitt forhold til henne Virtuella. Maranata hadde hatt landsstevne på Seljord og eg fekk sjå noko av møta på internett, der kom bodskap gjennom tyding av tungetale som eg oppfatta som at det var til henne, at Herren framleis kalla henne inn i samfunnet med seg.
Eg var kjend med henne gjennom det kristne skulelaget og NKUF når vi gjekk på gymnaset. Eg vart glad i henne og besøkte henen på hybelen i Volda og då opplevde eg sterkt at Jesus var midt i mellom oss. Eg tenkte på korleis eg skulle få sagt det, for å fri til henne på ein fin måte. Vi var kristne venner og eg tenkte som so at å fri til henne betydde å tilby henne det beste vennskapet eit menneske kan tilby eit anna menneske, sjølvsagt under føresetnad av at vi framleis er kristne venner, så same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, vona eg at ho uansett ville komme til å verte ein nærare venn for meg. Ja, det er vel nokså sjølvsagt at det først vert eit nærare og sterkare vennskap, der vi vert betre kjende med kvarandre. Når vi gir uttrykk for kjærleik og vennskap med det vi seier og det vi gjer, så har vi vel håp om at andre vil svare med kjærleik og vennskap, og det burde vel ikkje vere så rart at det er spesielt viktig for ein mann, når han vil prøve å vinne seg ei kone. Men han skal gjere det i helging altså.
I bodskapen 12.10.2014 sa Jesus at eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Ei kone altså. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande, av Guds salving og kraft at eg kan vinne siger, men i Herren har eg meir enn siger, for sjå, han som er i meg er større enn han som er i verda. Dette tyder på at diskusjonen endar opp som påstand mot påstand, så då spørst det kven som er sterkast. Så då er det berre å halde fast på vedkjenninga og bruke den. Det som no frelser oss, dåpen, i den forstand at det er eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. I nokre oversettingar vert det kalla vedkjenning. Det er i alle fall viktig for oss å vedkjenne Jesu namn, tru at han lever og er med oss og vedkjenne det.
I bodskapen 12.10.2022 sa Jesus også noko om at det er mange som er svake og som heng etter, men vi som er sterke må gå ut og hjelpe dei vidare på vegen. Ho Virtuella er tydeleg vis mellom dei som har vorte liggande etter, men eg vonar nokon kan gå ut og hjelpe henne vidare på vegen.
Rett etter gymnaset reiste eg på tråling. Når eg kom på land igjen, bad eg Jesus om å få komme inn i eit slikt kriasteleg fellesskap som eg var i på gymnaset og då bad eg spesielt om å få møte igjen henne Virtuella. Og eg fekk bønnesvar, slik at eg møtte henne igjen i Bergen. Jesus lever og er med oss og han er sentral i eit slikt kristeleg fellesskap. Ved å tru på han og vende oss til han, kjem vi inn i eit personleg forhold til den levande Gud, vi vert kjende med han og det er det evige livet (Joh.17,3). Han er vår felles venn og derfor blir vi venner. Han er vår personlege venn og derfor blir vi personlege venner.
Ja, Kriustus døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam, han er hovudet for lekamen og brukar oss som lemer på sin lekam, slik at dei også tener kvarandre. Då må vi vel kunne møtast og ta imot kvarandre som kristne vener? Vi skal gå ut i verda med evangeliet og vonar då å verte mottekne og at bodskapen vår vert motteken. Men då verkar det svært så rart om ikkje kristne skal kunne ta imot kvarandre og ta imot den bodskapen vi har å bringe til kyrkjelyden.
Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så vi opplever velsigninga og derfor seier vi velsigninga.
Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Dei som velsigna han skulle velsignast, men dei som forbanna han skulle forbannast. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus. Vi velsignar han og vert velsigna, derfor vert vi til velsigning og derfor seier vi velsigninga.
Jesus sa vi skal tru på han, elske han og halde fast på hans ord og elske kvarandre. Då vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil komme og ta bustad hos oss. Dette opplevde eg sterkast når eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre, som ein liten gutunge og så når eg vart forelska i ei jente, Gud openberra si frelse for meg og for henne i Kristus, så han openberra henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for, og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det opplevde eg klart og sterkt både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og det gjorde meg glad. Derfor vil eg også takke Gud og Lammet for det, seie det til dei og vitne for andre også om den frelsa Gud har openberra for oss i Kristus. Så det ligg meg på hjertet. Dette er å seie velsigninga og det er å forstå både som ei vedkjenning om noko som er slik og som skal verte slik, fordi Gud skaper oss ved sitt Ord, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.
Jesus sa han ville gjer meg til ein kanal for si velsigning og så sa han at eg skulle søke han av heile mitt hjerte. Han sa eg skal sjå på han i alle livets tilskikkingar og forhold. Så eg tenker meg at eg skal søke han og sjå på han både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella og opne meg for Guds velsigning til dei begge.
Kommentar 18.10.2022.
Oddleif og ein hjelpar hadde møte på Sion Åheim søndag 16.10, dei skal vere her ein månad og halde møte. No har eg lese gjennom kommentaren min til møta på Salen og finn at eg vil skrive ein meir fokusert kommentar. Eg skreiv korleis eg bad for møtet og at eg bad spesielt for henne Reella. Men det kan vere at eg prøver å fokusere på henne for så å gløyme henne Virtuella. Men det går då ikkje. Eg skal då feste blikket på Jesus og då må eg med mi bønn til han hugse på dei begge.
Bodskapane 11.8.2022.
Her er dei bodskapane som kom, først tyding av tungetale:
Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.
Så profetisk bodskap:
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Høyre og sjå.
Breva til englane for kyrkjelydane i Johannes Openberring vert avslutta med at den som har øyre, han høyre kva Anden talar til kykjelydane. Inn i brevet vert det av og til tale om å sjå, i brevet til kyrkjelyden i Laodikea, skulle engelen sjå at Jesus stod for døra og banka på. Men her er auge og øyre lemer på Jesu lekam, å høyre og å sjå er nådegaver og tenester, korleis er det mogleg? Ja, denne engelen trengde augesalve så han kunne sjå skikkeleg.
Johannes Openberring.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
At Kristus stod utanfor og banka på samanliknar eg med Adam og Eva som gøymde seg for Gud med dårleg samvit etter syndefallet. Eg reknar med at det måltidet det er tale om her er nattverden, det var også skrive i 1938-oversettinga. Englen meinte han var rik, men eigentleg var han fattig. Men dette måltidet vil gi han det han treng, så han vert rik.
Nattverden og dåpen. Omsorga og lovsangen.
Nattverden er til minne om Jesus, han er brødet som kom ned frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Så det minner oss om korleis den Heilage Ande har openberra han for oss, minna oss om Guds Ord og openberra det for oss.
Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Den omsorga har han for oss i nattverden. Sentralt i den omsorga er ekteskapet, så eg trur Jesus gir meg ei kone i nattverden, i måltidet med han.
Nattverden er til minne om Jesus, så den minner meg om korleis Gud openberra si frelse for meg og henne Reella og for meg og henne Virtuella. I dette møtet minna det meg spesielt om korleis Gud openberra si frelse for meg og henne Virtuella, som om hans plan var å gi meg henne til kone. Slik gjekk det ikkje, det er no avgjort for lenge sidan, då verkar det paradoksalt å verte minna om det no.
Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale der Jesus sa til meg: «Den lovsangen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Det fekk meg til å tenke på henne Virtuella, eg vart litt kjend med henne når vi gjekk på gymnaset, ho spelte gitar og sang lovsangar til Jesus og prisa han som sin frelsar og Herre. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som om ho var i Faderens hand og han la henne framfor meg eller i djupet av meg. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, født av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han elska henne og hadde omsorg for henne og eg vart så glad i henne.
Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Eit vesentleg poeng med det var erkjenninga av at denne kjærleiken var frå Gud og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så det var ikkje noko vi skulle ha dårleg samvit for, så vi skulle gøyme oss for Gud slik som Adam og Eva etter syndefallet. Eg hadde nemmeleg forstått at slik var motstanden mot den kristne vekkinga, spesielt den karismatiske vekkinga, det var å føre klagemål mot dei, med krav om at dei skal gå og gøyme seg vekk med dårleg samvit. Og det endåtil før det har vorte ekteskap, så tidleg som mogeleg så dei ikkje får høve til å snakke om det ein gong, så det kjem ikkje på tale og derfor vert det heller ikkje noko av. Jesus er livet, men denne moralenfilosofien er fiendtleg til han, derfor er den fiendtleg til det biologiske livet også.
Etter gymnaset reiste eg ein tur på tråling og når eg kom på land att bad eg om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte henne igjen. Så eg for til Bergen for å studere realfag og då møtte eg henne igjen på Studentsenteret ein av første dagane. Det var eit møte der eg fekk oppleve at Jesus var med meg. Det vart eg minna om i denne bodskapen, når Jesus sa han lova å fornye dette møtet, sjå, eg er med deg alle dagar inntil verda sin ende.
Verte som born.
Jesus sa til jødane at dei måtte verte fødde på nytt av vatn og Ande for å sjå Guds rike og komme inn i det. Dei må vende om og verte som barn. Det verkar som eit paradoks at voksne menneske skal verte som born, men Jesus syntest det var rart at Nikodemus ikkje visste dette, han var då ein lærar i Israel. Eg trur dei aller fleste som er opplærde i den kristne trua vil oppleve dette som ei konflikt når dei veks opp, men poenget er å tru på Jesus og stole på han, tru på Faderen og stole på at han elskar oss og tek omsorg for oss som sine born.
Dette har eg skrive om i det vide og breide i generelle ordelag, når det gjeld meg sjølv kan eg godt gjenta noko av det. Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg voks opp vart det då viktig for meg å halde fram med å tru på han og stole på at han ville gi meg det, som eit barn som kjem til sin far og ber om kjærleik og omsorg og gode gåver.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Freie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Han sa til meg at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var bere for meg å takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak. Soleis var eg lenge overtyda om at han ville gi meg henne Virtuella til kone, sjølv om eg møtte motstande. Sjølv om det ikkje gjekk slik, så var eg overtyda om at det var då i alle fall noko han hadde kalla henne til, ho levde i barnekåret hos Gud og han ville ho skulle halde fram med det. Det var det eg også yngste og ville.
Vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Soleis hadde eg ei prioritetsordning, fyrst og fremst at menneske skal verte frelst, dernest at eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone. Med den prioritetsrdninga var eg klartenkte og slik kan eg framleis tenke og det gjer eg rett i. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.
Rom.5,5 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Så sant eg som eit Guds barn kunne stole på at Gud ville gi meg ei frelst kvinne til kone, så skulle ikkje denne kjærleiken gjere meg til skamme i den saka, men her må eg igjen hugse på korleis eg formulerte mi takkebøn: Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Og den kjærleiken er framleis rett, sjølv om ho ikkje ville vite av noko frieri frå meg.
Motstand frå Antikrist, ei uhyrleg antitese. Men han som er i oss er større enn han som er i verda.
I det vi blir som barn, tek vi imot det som Faderen gir oss, så vi vert fyllte av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft. Då vert det klart at vi har motstand frå den vond, frå Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen, så den kjærleiken Faderen har til sine born ikkje skal bere frukt, så hans born ikkje skal få den omsorga som han vil gi dei. Men når det blir klart, så blir det også klart at han som er i oss er større enn han som er i verda. Kristus har sigra over den vonde og ved trua på Kristus skal vi sigre saman med han. Amen.
Kristendomen vart gjort til statsreligion i Romarriket og då kom den lærde overklassa inn i kyrkja og dei striddest i universaliestriden. Trua på Gud og hans ord, evangeliet og Guds rike er universalie. Om nokon vert frelst, så er det partikularia, men i den forstand at det som er født av Anden er ånd.
Vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Det er ei prioritetsordning, første prioritet er at menneske vert frelst og fødde på nytt. Så får dei oppleve at Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born, så det kjem som andre prioritet. Ekteskapet slik det var skapt av Gud er inkludert i dette. Så ein mann kan tru og håpe at Gud vil gi han ei frelst kvinne til kone og ei kvinne kan tru og håpe at Gud vil gi han ein frelst mann til ektemann. Då kjem det altså som andre prioritet, men i dette tilfelle som resultat av det som er av første prioritet. Likevel kan der vere mange ekteskap der berre den eine av dei trur på Jesus, berre den eine er frelst.
Dersom ein frelst mann ventar seg at han skal få seg ei frelst kvinne som kone, så kan begge kallast partikularia, men då må vi hugse på at det som er født av Anden er ånd. Men så kan det vere at nokon med bakgrunn i universaliestriden tenker på partikularia som berre den konkrete tingen, som motsetnad til universalia og dermed som motsetnad til Anden. Slik seier dei imot og står Anden imot. Dei seier mannen imot ved å formulere ei antitese, at ho ikkje skal verte kona hans og helelr ikkje verte frelst, ho vert forførd slik som ved syndefallet og så brukar dei henen til å lokke mannen med også. Deira krav er at heller ikkje han skal verte frelst. Det heng saman med at ein annan mann vil ha henne i staden. Om det var så at mannen ville ha seg ei kone, så skulle han ikkje få leve i barnekåret hos Gud lengre.
Det vil seie at om ein mann vil ha seg ei kone, så skal han krevje at ho ikkje skal verte freslt og ikkje få leve i barnekåret hos Gud lengre. I staden skal ho gå fortapt. Og om ei kvinne vil ha seg ein ektemann, så skal ho krevje at han ikkje skal få leve i barnekåret hos Gud lengre. I staden skal han gå fortapt. Dette karakteriserer eg som uhyrleg. Korleis kan ein mann krevje at ei kvinne skal gå fortapt om ho blir kona hans eller krevje at ho skal gå fortapt om ho ikkje blir kona hans? Men er det kanskje ikkje det som ligg i moralfilosofane si motsegn mot evangeliet, slik som det endåtil viste seg i kyrkja?
Derfor er det så viktig for meg å gjere klart at logikken i denne prioriteringsordninga mi er haldbar. Ved trua på Jesus kjem vi inn i eit personleg forhold til Faderen og Sonen, så vi får oppleve at Jesus er vår frelsar og Herre, han er med oss og han er vår venn. Vi får komme til Faderen som hans born og oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. At ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein ektemann er ei viktig sak for oss og derfor er det så fiktig for oss å få komme til Faderen og Sonen med det behovet.
I kyrkja er dette kontroversielt med ein lang tradisjon, det har eg skrive meir om her:
Sjå på Jesus i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og bruke det han har gitt meg. Rettferd ved tru.
Eg skal sjå på Jesus i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og bruke det han har gitt meg, eg skal lovsynge han med den lovsangen han la ned i meg ved den Heilage Ande. Guds kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Og det er den framleis og eg skal framleis glede meg over det og lovprise Herren for den. Slik har eg hugsa på henne i mitt hjerte i det siste og eg trur det har å gjere med at eg skal søke Herren av heile mitt hjerte. Jau, det stemmer, eg kan ikkje gløyme verken henne eller henne Reella. Dette har også å gjere med at eg skal bruke det Jesus har gitt meg, eg skal kveike den nådegåva han har gitt meg og tene han med den.
I møtet på Sion 16.10 tenkte eg på henne Reella igjen. Når eg oppdaga henne syntest eg ho var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Og den Heilage Ande dreiv meg slik at eg møtte på henne og då fekke eg ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg for meg og for henne. Eg sa i mitt stille sinn: «Der er ho» og eg opplevde det som at Herren sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».
Ho var så vakker at det syntest som ein uoppnåeleg illusjon at eg kunne få henne til kone, det verka ikkje særleg realistisk nei. Men det som gjer skilnaden er at vi er rettferdige for Gud ved trua på Jesus og får oppleve at han er med oss. Så det handlar også om at både eg og ho er rettferdige ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og at Jesus er rettferdig både mot meg og mot henne. Ja, han er då den rettferdige frå Gud og han fekk retten ved at han gjekk til Faderen.
Jesus har kalla Sions dotter ut i friodomen, ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren hennar brudgom.
Bodskapane som kom i dFEF i M40 12.2.2011 gir ei god oversikt.
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
….
(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).
…..
Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.
Eg tek også med bodskapen som kom i Maranata 18.12.2011:
Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.
2 responses to “2022.8.11&14. Salen Fiskå. Kven er rette kandidaten til å bli brukt av Gud? Jesus står for døra og bankar på. Verte som born.”
[…] Eg skreiv ein lang kommentar til dette møtet; https://blessings-from-heaven.com/2022/08/19/2022-8-1114-salen-fiska-kven-er-rette-kandidaten-til-a-… […]
[…] […]