Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2025.07.07. Måndag, kl 19;30. Maranata Landsstemne 2025. Tale ved Håkon Martinsen. Jesus har ikkje gløymt Noreg. Han har blese sin Ande over bygder og byar, han er den same og vil framleis gjere det.

Innleiing ved Ragnar Johannsen.

Rom.8,22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret.  24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser?  25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.  26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon las ifrå

Apgj.1,6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.  8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12 Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.

Kol.1,3 Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.  4 For vi har høyrt om dykkar tru på Kristus Jesus og om den kjærleik de har til alle dei heilage, 5 ein kjærleik som kjem frå vona. Det de vonar på, ligg ferdig for dykk i himmelen. Men alt no har de fått høyra om det gjennom sanningsordet, evangeliet,  6 som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut, og det har det gjort hjå dykk òg heilt frå den dagen de fekk høyra det og læra Guds sanne nåde å kjenna. 7 Det var dette de fekk læra av Epafras, den kjære medarbeidaren vår, som er ein trufast Kristi tenar i vår stad.  8 Han har òg fortalt oss om den kjærleiken Anden har gjeve dykk.

9 Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev.  10 Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud.  11 De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige.  12 Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset.  13 For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike.  14 Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.

Skaping og forsoning ved Kristus

15 Han er bilete av den usynlege Gud,

den fyrstefødde som står over alt det skapte. 

16 For i han vart alt skapt,

i himmelen og på jorda,

det synlege og det usynlege,

dei som tronar og dei som styrer,

både makter og herredøme –

alt er skapt ved han og til han. 

17 Han er før alle ting,

og alle ting står ved lag ved han, 

18 han er hovudet for lekamen, som er kyrkja.

Han er opphavet,

den fyrstefødde av dei døde,

så han i eitt og alt skal vera den fremste. 

19 For det var Guds vilje

at heile hans fullnad skulle bu i han, 

20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg,

det som er i himmelen og det som er på jorda,

då han skapte fred ved hans blod, på krossen. 

21 De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar.  22 Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg,  23 så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

Liding og teneste for kyrkjelydane

24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja.  25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,  26 den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage.  27 Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom!  28 Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.  29 For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.

Ikkje vere avhengig av at andre legg hendene på deg og ber for deg, men legg hendene på deg sjølv og be for deg sjølv.

S.Ordt.8,23 I opphavet vart eg forma,

i fyrstninga, før jorda vart til.

24 Før havdjupet var der, vart eg fødd,

før kjeldene fyltest med vatn.

25 Før fjella vart sette på plass,

før alle haugar vart eg fødd, 

26 før Herren hadde skapt jord og marker

og den fyrste mold på jorda.

27 Eg var der då han reiste himmelen

og spente kvelven over djupet,

28 då han samla skyene der oppe

og lét kjeldene i havdjupet strøyma sterkt.

29 Då han sette grense for havet,

så vatnet stansa der han baud,

og han la grunnvoll under jorda, 

30 då var eg bygningsmann hjå han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans åsyn.

31 Eg leika på heile hans vide jord

og hadde min hugnad i menneskeborna.

32 Så høyr no på meg, mine born!

Sæle er dei som fylgjer mine vegar.

33 Høyr på mi formaning,

og slå ikkje vrak på den!

Så vert de vise.

34 Sæl er den som høyrer på meg,

som dagleg vaker ved mine dører

og held vakt ved mine portar.

35 For den som finn meg, finn livet

og får nåde hjå Herren. 

36 Men den som ikkje finn meg, skader seg sjølv;

alle som hatar meg, elskar døden.

….

Jesus sa at hos han var det større visdom enn hos Salomo og Paulus sa at Jesus er vidomen Gud har gitt oss og hen lever i oss. Han refererte til

Matt.12,42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.

1.Kor.1,30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,

Håkon minna om Hans Nilesen Hauge.

Guds rike skal gå fram, gjennom deg. 

Så las han frå 

Ap.gj.17,16 Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17 I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka. 18 Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.  19 Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?  20 Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.» 21 For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22 Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa:

Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23 For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk. 24 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,  25 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.  26 Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.  27 Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.  28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»  29 Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.  30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.  31 For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.

1.Tim.1,5Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.

6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  

Står overfor forventningar om korleis du skal vere, men det held ikkje. Tendens til forventningar frå ei super-elite. Men øvstepresten var salva og det var for heile kroppen. Mot naturen er du innpoda i oljetreet.

Jesus vil openberre seg for deg. Han vil utgyte sin Ande over bygder og byar i Noreg. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«Jeg vil openberre meg for deg i denne kveldsstund, åpne ditt hjerte vidt opp, så skal jeg, Herren, jeg skal gjøre noe helt nytt i deg. Du skal ikke lenger se hverken til høyre eller venstre, men du skal se opp og så skal du feste ditt blikk på meg, jeg som jeg troens opphavsmann og fullender, så vil jeg, Herren; jeg vil sannelig gjøre et guddommelig verk i deg. Du skal bli forvandlet og du skal kjenne meg og kraften i min oppstandelse. For korsets død har gjort sitt verk over ditt liv. Derfor lever du ikke lenger selv, men det liv du nå lever heretter, det lever du i troen på meg. Og jeg, Herren, skal fullføre verket. 

For det er ikke ved makt eller kraft, men det er med min egen ånd. Derfor var det det gagn for dere at jeg for opp til min Far, for nå har jeg sendt talsmannen, den Hellige Ånd.  Han tar av mitt og forkynner dere, jeg vil nå reise opp mitt eget legeme i denne nasjonen, enda en gang så skal jeg blåse med min munns ånde over bygder og byer og jeg, Herren, skal reise opp menn og kvinner, fylt av den den hellige Ånd og visdom og åpenbarings ånd til kunnskap og meg. Du skal ikke lenger ha gudstjeneste uten å kjenne meg, men jeg skal sannelig åpenbare meg for mitt folk i denne tid. Så søk meg lær meg å kjenne så skal vi kjenne kraften i fra det høye over ditt liv.

Ja, for jeg Herren er alle steds nærværende, jeg går aldri forbi noen som roper mitt navn i tårer og i anger, i nød, så vil jeg Herren stoppe opp og da vil jeg spørre deg; hva vil du jeg skal gjøre for deg og du vil kunne komme til meg og legger ned alle dine byrder, alle ting som er tungt å bære, legg det ned for meg og jeg, Herren, skal gi deg hvile. Og hvilen i meg er starten og begynnelsen på et nytt liv i meg. For kraften fullendes i skrøpelighet, derfor gled deg når du er svak, for da skal du være sterk og når du ingen krefter har, så skal du få stor styrke.

Ja, for må ikke tro at jeg har glemt Norge, jeg har ikke glemt Norge, jeg har blåst over bygder og byer i fordums tider, men jeg, Herren, er den samme i går og i dag, ja, til evig tid. Derfor vil jeg enda en gang, jeg skal åpenbare meg, men det skjer ikke ved det flotte og det store, men det som ingenting er, det har jeg utvalgt meg, for å gjøre det som er noe til skamme. Jeg går ikke utenom mitt ord, men jeg, Herren, er ordet og jeg skal fullbyrde mitt ord og du skal se at jeg, Herren, jeg er Gud.

For derfor kan du komme, derfor kan du komme, fordi jeg har åpnet opp døren for deg, derfor kan du stige frem for nådens trone, frimodig, for jeg har utgytt mitt blod for deg. Derfor, på blodets grunn, så kan du komme inn til meg og jeg, Herren, skal møte deg og du skal kjenne kraften i fra det høye, det skal komme over deg og forvandle hele ditt liv, du vil aldri bli den samme igjen.»

Relevante bibelvers.

S.Ord.8, Eg, visdomen, har klokskap til granne,

eg har kunnskap og gjev gode råd.

13 Age for Herren er å hata det vonde.

Eg hatar hovmod og storlæte,

stygg åtferd og svikefull tale. 

14 Eg gjev råd og hjelp som fører til framgang,

eg har vit og styrke. 

15 Ved meg kan kongar råda

og fyrstar fastsetja kva som er rett.

16 Ved meg kan stormenn styra

og alle hovdingar døma rettferdig.

17 Eg elskar dei som elskar meg,

og dei som leitar etter meg, finn meg.

18 Hjå meg er rikdom og ære,

gamalt arvegods og rettkomen vinning.

19 Mi frukt er betre enn det finaste gull,

mi vinning betre enn utvalt sølv.

20 Eg går på rettferds veg,

held meg midt på dei rette stigar.

21 Så gjev eg rikdom til dei som elskar meg,

og fyller deira forrådsrom.

Opphavet til visdom

22 Herren skapte meg fyrst av alt,

eg var hans fyrste verk i fordoms tid.

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine.  16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Kommentar.

Eg sat heime i stova og så oppdaga eg at eg fekk sjå møtet på youtube og der fann eg det seinare også, bra.

Svar på mi bøn. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be slik for folket og be for landet også og så be Fadervår. Når eg var ni år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Då merka eg at Jesus var meg nær og eg vart kjend med han som min beste ven, det var som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Jau, livet var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse.

Eg skulle søke Herren min Gud av heile mitt hjarte. Korleis kunne eg kombinere det med å studere realfag? Ved å løfte blikket opp til Kristus og sjå på han, feste blikket på han. Eigentleg gjeld dette for oss alle, same kva det er vi driv med. Det har med å tru på Jesus, kjenne han og så få oppleve at han openberrar seg for oss. Det er alt ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss.

Jesus har blåst over bygder og byar i Noreg, han er den same og vil framleis gjere det.

Joh.20,20 Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»  20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.  21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»  22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

2.Tess.2, 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

Eg tenker meg at den som held att er fyrst og fremst Paulus sjølv og bodskapen hans. Meir generelt dei som held seg til læra hans. Det er den som er salva til teneste, slik som dei to tempelkvitna i Sak.3-4 og Joh.Op.11.

Eg tenker meg at slik står den Lovlause imot oss og bodskapen vår, men Jesus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. Han pustar på oss og på andre også, vi puster inn og pustar ut og talar Guds Ord slik som den Heilage Ande openberrar det for oss og minner oss som.

Jesus har gitt meg ei stor oppgåve, ved at han brukar meg som lem på sin lekam, ved sin Ande.

Jesus har i lang tid svart meg gjennom profetiske bodskap som Elin Therese Slotten (ETS)har lagt ut på youtube, eg skulle søke Gud i einsemda, til samanlikning med Elia som for ut i øydemarka og bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Det var fordi Israels-folket hadde vendt seg bort ifrå Herren. Til samanlikning er det tale om tre og eit halvt år i Joh.Op.11 også. 

Døyparen Johannes, alias Elia, forkynte at Jesus er Messias, han er den som døyper oss med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Det er min bodskap også og så har eg bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone. Då tenkte eg meg at eg skulle få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5, at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, så det var han som elska henne som si brud og det gjorde han gjennom meg. 

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  

Jesus har sagt at eg skal be han om større ting, eg har ei stor og viktig oppgåve i hans rike. Då har eg berre med å bøye meg for han og ta imot det han gir meg og ta imot den oppgåva han gir meg også. Det er ved at eg gjer meg liten at eg blir stor i hans rike (Matt.18,4).

Brurmøyane.

Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, både heime med oss sjølve og i den kristen kyrkjelyden. Då er vi som dei ti brurmøyane som stiller opp med lys på lampane for å vente på brudgomen. Eg tenker meg at slik er det med vårt opp møte i den kristen kyrkjelyden eller i dei kristne kyrkjelydane. Vi får høyre ropet om at brudgomen kjem og dei som då har med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane etterfyller lampane og går han i møte med lys på lampane, dei møter han og vert med han inn til bryllaupet. Dette har også å gjere med at Jesus er vegen til Faderen, vi går den vegen og kjem heim til Faderhuset. Der vert det fest for sønene og der vert det bryllaupsfest også. Dette er sant i alle generasjonar, sjølv om Jesu gjenkomst let vente på seg. Det einaste det kom an på var om brurmøyane hadde teke med seg nok olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Så vi seier som Paulus, at hans nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det er det som også gjer at vi får komme heim til Faderhuset.

Slik er det også når eg kjem heim til meg sjølv etter møtet. For eg løfter blikket opp til Jesus og ser på han og min heim er der opp hos han og Faderen, så det er som om eg er på fest heime i Faderhuset. Eg får sjå at Kristus har bruda og er med på bryllaupsfesten. Han har også bruda som han gir meg til kone, så det er og blir han som elskar henne som si brud gjennom meg. Deg tenker meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så ho fysisk blir med heim til meg og der vert det fest for familien mi også, med frelsesglede, fest for å få komme heim til Faderhuset og vere med på å feire Lammets bryllaup. 

Vekse opp til han som er hovudet for lekamen, så vi vert den modne mann og kyrkjelyden vert den modne brud.

Eg sat og tenkte på to bodskapar som kom gjennom tyding av tungetale, ved Finn-Arne Lauvås, den om at vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen, så vi vert den modne mann og hans brud vert ei moden brud. At Jesus vinn skapnad i oss, slik at dei andre ser han i oss, sjølv om han ikkje er fysisk synleg for verda. Det er Jesu signal for endetidsfolket. Og så var det den om at den Heilage Ande et opp alt kjøt. Ja, oppbygginga av det nye tempelet, som er Jesu brud, skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4) og denne utlegninga av det var svart god, det er den Heilage Ande som sjølv openberrar det for oss. Desse to bodskapane trur eg er svært så viktige. Dette har eg skrive om her:

Eit nytt folk som spirer, veks og blomstrar i Guds føregardar og som ber dei fruktene som høyrer Guds rike til.

Der er teologar og andre «lærde» som meinar dei er så vituge og lærde med endetidssynet sitt, som dei kallar hushaldninglæra, at dei held Finn-Arne for å vere ulærd, dum og vranglærande med sitt endetidssyn, som han kallar preterisme og då held dei sikkert meg for å vere det også, for eg har ikkje teologisk utdanning i det heile. Eg satsar heilt på at den Heilage Ande openberrar Ordet for meg også gjennom telene, profetisk tale og tyding av tungetale og at han styrker meg med si kraft.

Eg har nyst skrive om 

Dan.9,24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva.

At den evige rettferda kom først når Jesus døde på korset, som eit soneoffer for våre synder, han stod oppatt frå dei døde og vart teken opp til himmelen og steig fram for Faderen, fekk den herlegdomen som han hadde frå før og sende disiplane sine den Heilage Ande, så dei vart salva av han. Dei sytti vekene svarar tydeleg vis til dei sytti åra Jeremias tala om, men det er ikkje lett å skjøne kva dei sytti år er, annan enn at Jerusalem vart lagt i grus i år sytti. Slik tok heidningane si nedtrakking av føregarden slutt (Dan.8 & Joh.Op.11,1-3). Men då var der allereie kome eit nytt folk som skulle bere dei frukten som høyrer Guds rike til og som skal spire og blomstre i Guds føregardar. Dette har eg skrive om her:

Like vel er der framleis ei konflikt mellom å spire og blomstre i Herrens føregardar og dei som kjem for å trekk ned, det kan forståast som at bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Jesus har sett fram for meg ei open dør, som ingen kan lukke, så då er det berre for meg å gå inn og eg tenker meg det er som å stige opp i himmelen, slik som dei to tempelvitna i Joh.Op.11.

Guds rike og tusenårsriket.

Finn-Arne Lauvås skreiv på si facebook-side at preteristane meinar fredsriket allereie er kome. De finn det på FB-sida han 5.7.2025. Eg siterer:

FREDSRIKET – ALLEREDE KOMMET?

Siden Russlands invasjon av Ukraina har uroen eskalert også i Midtøsten. Hvordan oppfatter kristne tiden vi lever i? Preterister hevder at “fredsriket” allerede er opprettet. Mens andre ryster på hodet og undres – forstår disse kristne ingenting? Er dere stokk blinde?

Hvordan kan man oppfatte tiden så forskjellig? Og i det forrige århundret hadde vi to verdenskriger, så situasjonen i dag er ikke ny. Hvordan forstår jeg dette? For det første må vi søke å lytte til hva Bibelen sier om lokasjonen av Guds rike. Bibelen er i store trekk historien om Gud og mennesket og det er to store forhold som er dominerende. Det er den gamle og den nye pakt. Herren dømte den gamle pakts Israel i år 70, Matt.22:7, og opprettet et nytt rike lokalisert “i Kristus”. Preterister hevder at hvis vi skal forstå Bibelen må vi ha blikket på Jesus og ikke være så opptatt med det som skjer rundt oss. 

JESUS PROFETERT SOM FREDSFYRSTEN

GT ga klare profetier om at Messias også kalles “Fredsfyrsten”. 

• Jes.9:6-7 For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herredømmet er på hans skulder, og hans navn skal kalles Under, Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. 7 Så skal herredømmet bli stort og freden bli uten ende over Davids trone og over hans kongerike. Det skal bli gjort fast og holdt oppe ved rett og rettferdighet, fra nå av og til evig tid. Herrens, hærskarenes Guds nidkjærhet skal gjøre dette.

Her ser vi fem betegnelser av Messias og én av dem er “Fredsfyrste”. Og ut fra fredsfyrsten skulle freden bli uten ende over Davids trone. Da jeg var pinsedispensasjonalist hevder jeg at det var et gap mellom disse to versene på minst 2000 inntil nå. Og at gapet ville vokse inntil Jesus opprettet tusenårsriket. Mens preterister og amillennialister hevder at det ikke er noe gap og ingen utsettelser. Fredsriket er kommet ifølge disse lærere, men det er selvfølgelig av åndelig karakter fordi det er “i Kristus”. Når noen innvender at Davids trone ikke er opprettet, da svarer jeg med Peter i Apg.2:30-36. Peter siterer fra profetien om Davids trone i 2.Sam.7:12-16 da Jesus ble opphøyet på tronen i himmelen, Apg.2:30. Davids trone var som alt annet i jødedommen et forbilde på Jesus og hans kommende rike. Hvilke argumenter har preterister når man hevder at “fredsriket” er kommet ? 

JESU FORSONINGSVERK OG FRED 

• Kol.1:20 og ved ham forlike alle ting med seg selv da han gjorde fred ved blodet på hans kors, — ved ham, enten det er de som er på jorden, eller de som er i himlene.

Paulus sier at ved Jesu verk på korset har han gjort/skapt fred. Peter stadfester dette i 1.Pet.1:2. Fredsofferet i 3.Mosebok var nøye knyttet til blodet, 3.Mos.7:14, 7:33 og 9:18. En utfordring kristne har er at vi ikke åpner Bibelen – og ser hva Gud har sagt. En del kristne er mer opptatt av nyhetene på TV enn å ha blikket der det skal være. Mange er elendige bibelstudenter – det vet jeg etter snart 50 år som heltidsforkynner. La oss lese videre:

• Ef.2.14-15 For han er vår fred, han som gjorde de to til ett og brøt ned det gjerdet som skilte dem, fiendskapet, 15 da han ved sitt kjød avskaffet den lov som kom med bud og forskrifter. Dette gjorde han for i seg selv å skape de to til ett nytt menneske og slik stifte fred,

Merk deg at Jesus er vår fred, og gikk til korset, v.16, for å stifte fred, v.15. Men hvordan kan Jesus formidle dette videre til oss? 

JESU LIVSSAMFUNN MED DE TROENDE

Alle kjenner Jesu ord om det sanne vintre i Joh.15 hvor Jesus er hele treet og de troende greinene, Joh.15:1, 5. Dette handler om livssamfunn og forening med Kristus i Ånden. Dette har ingenting med ytre omstendigheter å gjøre, men hvordan Kristus virker i oss. Og da skjer det noe i oss. I samme tale i forkant og etterkant av vintreet sa Jesus:

• Joh.14:27 Fred etterlater jeg dere. Min fred gir jeg dere. Ikke som verden gir, gir jeg dere. La ikke deres hjerte forferdes, frykt ikke!

• Joh.16:33 Dette har jeg talt til dere for at dere skal ha fred i meg. I verden har dere trengsel. Men vær frimodige! Jeg har overvunnet verden.

Merk deg dette. Jesus formidler sin fred inn i hjertene, Joh.14:27 og troende har Guds fred i ham. Ikke i verden – der har de trengsel, men i Kristus. Men “i Kristus” er en teori for skremmende mange.

JESU FRED OG GUDS RIKE

Jesus begynte sin tjeneste med Himlenes rikes prinsipper i Bergprekenen. En av saligprisningene er denne: 

• Matt.5:9 Salige er de som stifter fred, for de skal kalles Guds barn.  

Paulus talte en del om Guds rike. Og knytter dette til freden Jesus opprettet, men merk deg at han knytter det til Den hellige Ånd og ikke til Russland eller Midtøsten. 

• Rom.14:17 Guds rike består jo ikke i mat og drikke, men i rettferdighet og fred og glede i Den Hellige Ånd.

Som alle kan se er “fred” en frukt av Jesu verk, men erfaringsmessig ligger alt i Ånden. Dette er diffust for deg og ikke konkret om du om du kun har det synlige for øye. Men om du lever ut Kristuslivet vil du erfare at fred er en av aspektene av Åndens frukt, Gal.5:22. Og da kan vi erfare 

• Fil.4:7 Og Guds fred, som overgår all forstand, skal bevare deres hjerter og deres tanker i Kristus Jesus. 

• Fil.4:9 Det som dere også har lært og tatt imot og hørt og sett hos meg, gjør det! Og fredens Gud skal være med dere.

Våre hjerter må bevares i Kristus Jesus og det er Guds fred som holder oss der. Og en frukt av nåden, derfor begynner flere av brevene med “nåde og fred fra Gud”. Om du ikke kjenner til den iboende Kristus vil ganske sikkert forvente en “påtvunget fred” utenfra. Men Jesus og apostlene snakker om at forvandlingen kommer innefra. 

I debatten på “Endetiden” søker jeg å forstå hvorfor vi oppfatter “fredsriket” så forskjellig. Alle bibelavsnittene jeg har tatt med i dag viser i hvert fall noe av årsaken. Noen kikker rundt seg på all uroen i verden – mens andre hevder at vi må ha blikket festet på Kristus. 

Hvor går veien videre? Det nytter ikke at vi prøver å være snill og søke et “minste felles multiplum”. Vi må droppe alt utenom KRISTUS. Futurisme, dispensasjonalisme og preterisme er begreper hvor vi søker å finne ut hvor vi befinner oss. Når jeg er på fjellet med Herren forsvinner Moses og Elia – og jeg ser Jesus alene, Matt.17:8. Om du ikke ser tingene fra samme perspektiv vil du ganske sikkert ikke forstå noe av det jeg sier.

Som preterist er jeg i krig – ikke mot futurister eller andre kristne, men mot alle feilaktige tankebygninger og tilleggene til Jesus som ødelegger harmonien. Og det skinner igjennom i debatten på “Endetiden”. 

SITAT SLUTT.

 Eg delte det på mi FB-side og kommenterte det slik:

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike og lærde opp disiplene sine også til det og det var ved at dei fekk oppleve det. Det er tale om Guds rike, himmelriket og Jesu rike, som Davids- sonen. Det er eit evig rike og det er same riket, like vel er det vert å merke seg kva det vart kalla i dei ulike samanhengande. Himmelriket var som ein bonde som sådd korn i åkeren sin, men åkeren var menneskehjerte og det var verda. Jesus lærde oss å be “Fader vår, du som er i himmelen, lat namnet ditt helgast, lat rike ditt koma, lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen”. Og i det gamle testamentet kan vi sjå at det vert til ære for Guds namn om jødane vender om til han og vender heim til landet sitt. Disiplane undra seg når Jesu ville gjenreise riket for Israel, gjenreise Davids falne hytte. Og i Johannes Openberring 20 får vi lese om 1000-års-riket. Men Guds rike er evig, korleis skal vi forstå det då? Det må vere Guds rike som vert realisert og gjenomført her på jord på ein måte. Korleis då? Med prestetenesta i den nye pakt og det er med fredelege metode. Den levande Gud eksisterer, han gjorde Jesus levande igjen og vekte han opp fra dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Han er Guds Ord, i han er liv og livet er lystet åt menneska. Han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ane, slik får vi den kristne, evangeliske og karismatiske vekkinga og det er som om han gjer oss levande saman med Kristus, det er som oppstoda fra dei døde. Så dei tørre beina vert levande att, det er heile Israels-folket (Esekiel.37). I Joh.Op.20 ser vi at dette ikkje er avgrensa til dei, det gjeld alle som har helde fast på Jesu vitnemål og Guds Ord og ikke tilbedt Dyret. Det vert kalla den fyrste oppstod og der er sikkert dei om meinar det er ei fysisk oppstode, men det som eg har skrive om det åndelige livet med Gud må uansett vere tilfelle. Kva meiner eg sjølv om det? Det er noko eg ikke får til å stemme her. For når Jesu kjem att for å hente sine, skal han vekke opp dei som døde i trua på han og hente dei saman med dei som lever i trua på han, då vert dei omskapte, så dei vert med han til himmelen. Det er den første lekamlege oppstoda. Kvar i Johannes Openberring er det tale om det? Når han kjem på skya og hausta kornet med ljåen. Men vår oppgåve no er å både så og hauste.

I slutten av Daniels bok, spurde han om å få vite meir om kva synane hans skulle betyr, men det var som ei forsegla bok, så hen fekk ikke vite meir. Men i Joh.Op.4-5, får vi vite at Lammet som var slakta var den einaste som var funne verdig til å bryte segla på profetboka, så vi får vite meir. Kva betyr det så for oss?

Paulus sa at vi er i ein åndskamp og må kle oss i Guds full rustning.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Legg spesielt merke til verd 12. Vi har framleis same kampen som han hadde og må kle oss i Guds full rustning i truskap til Kristus. Og Johannes Openberring fortel oss noko om korleis dette skulle gå vidare. Legg spesielt merke til der det er tale om at vi som trur på Kristus skal sikre saman med han. Som i kap. 11, 12, 17, 19 og 20. Profetiane fortalde om både fortid, no tid og framtid for Johannes, når han var på Patmos og det gjer det for oss no også, med det som skjedde i hans samtid er fortid for oss no. Like vel fortel det om ein strid og ein åndskamp for framleis føregår, så vi skal sjå det som vår oppgåve å sigre med Kristus slik som det er sagt her.

One response to “2025.07.07. Måndag, kl 19;30. Maranata Landsstemne 2025. Tale ved Håkon Martinsen. Jesus har ikkje gløymt Noreg. Han har blese sin Ande over bygder og byar, han er den same og vil framleis gjere det.”

  1. […] Jesus vil openberre seg for deg. Han vil utgyte sin Ande over bygder og byar i Noreg. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2025/07/08/2025-07-07-mandag-maranata-landsstemne-2025-jesus-har-i… :  […]