Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Minne-ord om mor, hundrede år etter at ho vart fødd. Frelse, heilaggjering og lækjedom ved trua på Kristus.

Bilete: Mor.

Adventsfest på kortaste dagen av året, 99 år etter at mor vart fødd.

På kortaste dagen i fjord, 21.12.2025 var det hundrede år sidan mor vart fødd, så vi hugsa på henne denne dagen og mimra litt.

Eg hugsa også at same dagen året før, 21.12.2024, hadde vi eit adventsselskap som varde i over 8 timar. (Sjå FB-tidslinja mi 21.12.2025). Eg tek med eit bilete med tekst.

Ynskjer alle god jul. Merry Christmas. Vi starta eit adventsselskap kl. 16:30, rett etter at det hadde vorte mørkt, på korteste dagen av året. Først såg vi musicalen “Citty Chitty Bang Bang”, ein barne- og familiefilm som passa godt no rett framfor jul. Då vart det servert søtsaker-godteri og brus. Eldste bror min, Ove er for mi høgre side, son hans, Njål, for mi venstre side. Han hadde med seg kona og døttera på 9 år. Svigermor til Njål kom noko seiare, for mi høgre side. Etter filmen vart det norske julesongar, det vart servert taco, øl, juice og brus. Etter det vart det søtsaker igjen og spekemat som snacks. Då passa det godt med mørk øl og mørk rom. Og “Solsnu” kom på rette dagen. Så kom søster Gunhild so ei overrasking, ho sette seg ved sida av Njål og fekk ekstra oppvarting. Vi heldt det gåande heilt fram til kl.1 om natta. Eit selskap på 8 og ein halv time. Det var berre vi tre karane som heldt ut så lenge og dette må vere ny rekord.

Når eg møtte igjen syskena første jula etter at mor døde, ville eg hugse på henne, kva betydning fekk det?

Mor døydde 1.3.2017, nesten hundrede år etter at far vart fødd, 18.12.2017. Her er minneordet som eg skreiv då: https://blessings-from-heaven.com/2017/03/12/mitt-minneord-om-mor/ .

Eg budde i gamlehuset og når broder Øyvind og søster Gunhild kom heim til jul, som vanleg, bestemte eg meg for at eg skulle prøve å vere mot dei som mor vår hadde lært oss å vere mot kvarandre og som eg visste at ho ville, slik brukte eg henne som referanse, som om ho sat i godstolen sin og var det samlande midt punktet mellom oss, som vanleg, slik tenkte eg og for meg kjendest det som om ho var med oss der i ånda. På slutten av julefeiringa sa Gunhild at det var som om ho mamma hadde vore der med oss i jula, ho sa det fleire gongar. Og i Heb.12 finn eg ei god forklaring på det; vi er «komne til åndene til dei rettferdige som har nått fullendinga».

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Ho var ingen helgen etter katolsk standard, men ho vart heilaggjord ved trua på Kristus. Og eg driv ikkje verken med helgendyrking eller engledyrking, der er somme som påstår dei har sett englar, det kan ikkje eg påstå, men eg meinar vers 22-24 like vel er ein åndeleg røyndom som er viktig for oss, men det vesentlege og sentrale poenget er at vi er komne til Kristus, at vi høyrer på han og talar med han.

For kven er det som talar frå himmelen? Det må då vere Kristus, for han stod oppatt frå dei døde og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Korleis kan han då tale til oss? Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men sende oss talsmannen, den Heilage Ande, så vi får oppleve at Kristus talar til oss frå himmelen ved sin Ande.

Heb.1,1 Gud har tala gjennom Sonen

1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.  3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

Sonen står over englane

4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.  5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:

Du er son min,

eg har født deg i dag?

Eller, som det òg står:

Eg vil vera far hans,

og han skal vera son min.

6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:

Alle Guds englar skal tilbe han.

7 Og om englane seier han:

Han gjer englane sine til vindar,

tenarane sine til logande eld. 

8 Men om Sonen:

Din kongsstol, Gud, står i all æve,

rettferds stav er din kongsstav.

9 Du har elska rettferd og hata urett;

difor, Gud, har din Gud salva deg

med fagnads olje framfor dine frendar.

10 Og vidare:

Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,

og himmelen er eit verk av dine hender.

11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande.

Dei skal alle eldast som ein klednad;

12 du rullar dei saman som ei kappe,

dei vert utskifte som klede.

Men du er den same,

dine år tek aldri ende.

13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter?

14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?

Lækjedom ved bøn.

Tru er full visse om det vi vonar, men ikkje ser. 

Heb.11, 1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Vi kan få oppleve at Gud gjer under og teikn, til vitne om Son sin, til dømes lækjedom ved bøn.

1.Joh.1, Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han.  2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.  4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.

5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.  10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.  11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.  12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Jesus lækte mor frå helveteseld og lungebetening.

Mor døde av kols, først då fekk vi vite at ho hadde kols. Ho fekk lungebetening mange gangar og hausten 2012 fekk ho helveteseld også. Då bad vi for henne i Maranata og samtidig bad eg også for meg sjølv og mi sak og for mine næraste. 

Møte i Maranata 30.9.2012.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-09-30-maranata-laekjedom-i-jesu-sar/ :

Innleiing.

Ein mann las om korleis Boas vart løysingsmann for Rut og samanliknar det med korleis Kristus frelser oss. (Rut.3,1….).

Forbønn.

Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:

” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.”

Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.

Tale.

Tore Kristiansen talte over:

EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN}  Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.  

Stille bønn.

Medan han talte sat eg i stille bønn, eg bad både for mor mi og for henne som eg trur Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990”. Med synlege bønnesvar tenkte eg både på lækjedom for mor mi og at Gud gjev meg ei kone som eit synleg bønesvar til velsigning for meg sjølv og til vitne og velsigning for slekt og venner. Eg tenkte på at Guds auge fer ut over all jorda for kraftig å støtte den som heilhjarta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og det er eit verk som han gjer i mitt indre menneske og slik vil han styrke meg i mitt indre menneske, han fyller meg og henne med den Heilage Ande og slik styrker han mitt indre menneske med si kraft. Kristus bur ved trua i mitt hjerte og eg ynskjer at han møter henne i mitt hjerte og openberrar seg for henne, som hennar Herre og frelsar, brudgom og ektemann, så eg sat og påkalla Herrens namn til frelse for henne og bad han om å openberre seg for henne og elske henne gjennom meg, så vi får oppleve at han elskar henne som si brud og slik skal vi vere rotfeste og grunnfeste i kjærleik, slik som det vart sagt her. Dette er det også eg vil takke han for, slik vil eg takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, slik vil eg tilbe han i ånd og sanning. Og eg trur det er nettopp dette som er så viktig, å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som vår frelsar og Herre og at han elskar oss som menigheta sin brudgom og ektemann.

Tyding av tungetale.

John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja. 

Møte i Maranata 14.10.2012.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ :

Bønne-samling før møtet.

Dei brukar å ha bønnesamling ein time før møtet og no var eg og tidleg ute, bønnesamlinga var på kontoret, men Knut og John sat framme i møtelokalet. Knut spurde om eg kunne vere vakt, jau, det var ok for meg.  Så fortalde eg korleis det hadde gått med mor mi og Knut spurde om eg kunne vitne om det og ta innleiinga. Eg tenkte litt på det og så sa eg ok.

Innleiing, kjærleik sterk som døden.

Eg innleia med å fortelje om korleis det hadde gått med mor mi, etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, dei raude utsletta hadde vorte grå og betring heldt fram seinare også. Men lungebetenninga var strid og ho vart send på sjukehuset i Volda for nye undersøkingar, dei skulle ta prøve av slimet i lungene for å finne ut kva slags bakteriar det var og tilpasse medisineringa deretter, ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Så vart ho send heim att. Men i dag var ho så slapp at det var lite og ingen prat i henne, dei fann ut at ho hadde lav blodprosent, så dei sende henne tilbake til sjukehuset. Eg sa at ho var 87 år og at eg var glad og takknemmeleg for at eg har fått hatt henne så lenge.

Så las eg

HSA 8,6 – HSA 8,7   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  

…….

Så sa eg om ho ”Lytelause Reine” i Høgsangen, at dei andre ungjentene spurde henne kva det er som gjer elskaren hennar så mykje betre enn alle andre menn. Dei forstod det ikkje og ho fekk problem med å forklare det. Det ser vi også når ho gjekk ute i byen og spurde etter kvar det hadde vorte av elskaren hennar, vaktmennene på muren slo henne[1]. Kva er det for slags kvinne som går ute og spør etter kvar det vart av elskaren hennar. Dei forstod det ikkje. Den kjærleiken ho tala om er sterk som døden og Jesus viste oss denne kjærleiken då han døde og stod oppatt for oss, han viste oss kjærleiken frå Gud, den kjærleiken som er sterkare enn døden, denne kjærleiken viste Gud oss ved at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde.

Så las eg

1KO 13,4 – 1KO 13,8   Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8a  Kjærleiken fell aldri bort.

Så sa eg at når eg las dette tenkte eg på kjærleiken til mor mi, det er nettopp ein slik kjærleik ho har vist oss og så sa eg at denne kjærleiken er ifrå Gud, det er Jesus som elskar henne som si brud. Så sa eg at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og poenget med det er at ho skal ha den same kjærleiken som mor mi hadde, eg ynskjer at ho skal få oppleve denne kjærleiken frå Gud, at det er Kristus som elskar henne som si brud. Dette er kjærleiksforholdet mellom menigheta og Kristus, for Paulus sa at han hadde framstilt menigheta for Kristus som ei rein møy[2]. Det er slik som det vart sagt i Høgsangen at om nokon ville gje alt han eig i sitt hus, for kjærleiken, så vert han berre for narr. Men Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, då betalte han prisen for denne kjærleiken for oss, då betalte han for ei slik kone til meg, med denne betalinga kjøpte han meg fri og med denne betalinga kjøpte han henne fri. Mor mi har bedt for meg i alle år og Kristus har høyrt både mine og hennar bøner og eg skulle så inderleg ynskje at ho fekk oppleve at dette bønnesvaret stod der synleg framfor henne før ho døde.

Etterpå kom han som leia møtet (Knut) også opp på talarstolen med eitt eller to bønnebehov til som vi saman med mitt bønnebehov la fram for Gud i bønn.

Tale ved John Miland.

John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.

Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[3], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette,  at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester? 

Så sa han at dersom Gud har kalla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere. 

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.” 

…….

Korleis det gjekk med mor mi.

Eg køyrde til Oslo natt til laurdag 29.9.10. Eg visste at mor mi hadde fått helveteseld og lungebetenning la henne fram for Gud i bønn på kveldsmøtet i Maranata søndag 30.9.12. etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, blemmene hadde vorte gråare og sidan har betringa helde fram. Men ho streid hardt med lungebetenninga og var svært slapp på onsdag. Ho fekk oksygen og antibiotika som ho pusta inn gjennom ei maske. Torsdag vart ho send til sjukehuset i Volda for å ta prøver av slimet i lungene, så dei kunne tilpasse medisinen. Ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Torsdagen etter (4.10.12) var crp[4] nede i 28, så dei sende henne heim att og avslutta medisineringa, laurdag var den nede i 20. Men søndag 7.10 auka den frå 24 til 61. Rett før kveldsmøtet kl 18 fekk eg vite at ho var slapp og lite og ingen prat i henne, ho hadde lav blodprosent og vart send tilbake til Volda. Der vart den målt til 10,3-9,8, det normale for henne ville vere omlag 12[5]. Eg fekk innleie dette møtet og viten og fortelje om korleis det hadde gått med henne etter at vi bad for henne. Eg sa at hennar kjærleik var frå Gud, det er Kristus som elskar henne som si brud. Eg har bedt Gud om ei kone og poenget med det er at eg ynskjer ho skal ha den same kjærleiken som ho hadde og få oppleve at det er Jesus som elskar henne som si brud. Eg vedkjente kva Jesus var for meg og eg trur at med den vedkjenninga får eg oppleve at banda brest og lenkene vert løyste, slik som det vart sagt i bodskapen 30.9.12.

Seinare på kvelden køyrde til Sunnmøre og var på sjukehuset i Volda kl 8. Visitt-tida var frå 14-19, så eg køyrde opp på bondalseidet og la meg å sove i bilen. Når eg kom og skulle besøke henne i 12-tida fekk eg vite at ho skulle heim att. Eg fekk gå inn på romet hennar og seie hei til henne, ambulansefolket skulle til å få henne over på båra og eg følgde dei ut. Når ho kom på sjukeheimen prata eg lenge med henne, så ho hadde vorte mykje kvikkare sidan dagen før. Eg besøkte henne på formiddagen på tysdag også og spurte etter resultat av prøvene og fekk noko av desse måleverdiane som eg har skrive ned. Dei forslo at eg skulle snakke med lækjaren når han kom på vistitt same dag, vi avtalte at dei skulle be han ringe meg. Eg sa eg syntest det var litt rart dei hadde avlutta medisineringa på torsdag, er det ikkje slik at det er viktig å fullføre kuren så ikkje sjukdomen tek seg oppatt med bakteriar som er meir resistente, så ettersjukdomen vert verre? Han sa det var vanleg å avslutte kuren med tabletttar og når crp er så lav som 20-28 kunne dei godt avslutte medisineringa, dei hadde gjort det som var vanleg. Eg sa at grunnen til at eg spurde så mykje etter måleresultata, var at vi hadde bedt for henne i Maranata på søndagen, eg kunne ikkje sjå at måleresultata tilsa at ho var friskare på måndag enn på søndag, likevel hadde ho kvikkna mykje til og eg meinte det var Gud som hadde styrka henne i hennar innvortes menneske. Jau, det trudde dei på også, sa han. Eg fortalde at eg var svært glad i henne og ho var svært glad i meg og eg meinte Gud hadde styrka både meg og henne i vårt indre menneske. Eg trur også eg fortalde at vi hadde bedt for henne søndagen to veke tidlegare og då hadde helveteselden byrja å gå attende.

Frå tysdag har mor fått sove med natta, hosten har ikkje øydelagt nattesøvnen for henne. Kuren med to tablettar ciproksin pr dag skulle vare til tysdag. Fredag  19.10. var crp komen ned i 19.

Jesus lækte meg frå ein brokkport.

Hausten 2022 snubla eg og ramla inn i cockpiten på seglbåten og landa med magen oppå stål-bøylen på pidestallen til rattet. Eg fekk ein brokkport, men Jesus lækte meg frå det. 

Eg har skrive om at når eg gjekk på gymnaset, vart eg forelska i ei kristen jente, så eg bad for henne og fekk oppleve at Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,5). Den Heilage Ande ber for oss og eg fekk oppleve sterkt at den bad for henne saman med meg. Seinare møtte eg henne igjen ved Universitetet i Bergen, som eit bønnesvar. Eit halvt år seinare merka eg sterkt at den Heilage Ande bad for henne, saman med meg. 

No byrja eg å tenke på dette og kom til at dette var noko som eg skulle ha satsa endå sterkare på, så i kveldsbøna mi opna eg meg meir for å la den be for oss, det vart ved å seie til han Jesus mange gangar at eg elska han, inntil eg sovna. Og eg trur det var då den Heilage Ande lækte meg frå brokkporten, seinare kjende eg ikkje noko meir av den og når eg sidan vart undersøkte ved Volda Sjukehus, fann dei ingen brokkport.

Eg vitna om det i Filadelfia Ulsteinvik og skreiv om det som kommentar til eit seinare møte: https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ .

Chitty Chitty Bang Bang.

Dick van Dyke spelte hovudrolla i filmen Chitty Chitty Bang Bang. Han vart fødd 8 dagar før mor vart fødd og feira 100-årsdag 13.12.2025: https://www.youtube.com/watch?v=prhCIutS3YA

Her er ein liten notis om filmen, sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Chitty_Chitty_Bang_Bang :

Chitty Chitty Bang Bang is a 1968 musical fantasy film directed by Ken Hughes, produced by Albert R. Broccoli, and starring Dick Van DykeSally Ann HowesLionel JeffriesGert FröbeAnna QuayleBenny HillJames Robertson JusticeRobert HelpmannHeather Ripley and Adrian Hall. The film is based on the 1964 children’s novelby Ian Fleming, with a screenplay co-written by Hughes and Roald Dahl.[6]

…………

The film was released in the United Kingdom by United Artists on December 17, 1968, and in the United States on December 18. It was a critical success and was one of the highest-grossing films in the US for 1969.[7] The film’s title song was nominated for an Academy Award and Golden Globe Award for Best Original Song, with a second Golden Globe nomination for Best Original Score.

SITAT SLUTT.

Filmen handlar om ein enkemann, Caractacus Potts, med to små born, ein gut og ei jente. Han er oppfinnar med mange jern i elden. Borna får han til å kjøpe ein utrangert racerbil og han fiksar den opp. Dei møter ei ung, men vaksen jente, Truly Scrumptious, ho er dotter til ein rik mann og ho vert med dei på biltur. Ute på ei badestrand fortel han dei eit eventyr som vert hovudsaka i filmen. Bilen får luftpute som den flyt på, som ein båt og så får den vingar, så den flyg over Nordsjøen til Vulgaria. Der er det ikkje lovleg å ha barn, så dei må stengast inne og det vart noko til styr. Regimet vart styrta og bilen fekk propellar, så den kunne ta av og flyge dei tilbake til England.

For ein fantasi, men i vår tid er ideen realisert som droner og drone-bilar.

Etter eventyret er dei tilbake i bilen på stranda og køyrer heim. Caractacus og Truly vert kjærestar vil gifte seg. Tilfeldig vis viste det seg at han hadde funne opp ein hundemat som far hennar ville setje i produksjon.

Til slutt, når dei køyrer heim, så lettar bilen, utan verken venger eller propellar, det var ein draum som gjekk i oppfylling like vel altså. Dette vert opplagt brukt symbolsk om at kjærleiken mellom dei og at dei vart samde om å gifte seg, var for dei ein draum som gjekk i oppfylling.

Dette høver med evangeliet, for sidan vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Guds kjærleik er mellom oss, Gud er kjærleik og han gjer sitt verk med oss.

Mange filmar kan handle om draum som menneske har og som gjer dei glade, «musicals» er ofte slik og for å få med draumen som gjer dei glade, vert det ofte å filme noko som ikkje er realistisk.

Julie Andrews gjorde suksess med filmen  «Sound of Music» (1965) og her er det tydeleg at draumen like vel ligg nær til realitetane og er soleis viktig som eit ideal. Ho gjorde også suksess med filmen «Mary Poppins» (1964), saman med Dick van Dyke, 


 

[2]

2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.

[3] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at David dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og  desse dansegruppene må berrre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar  at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.

[4] Måling for lungebetenninga, normalen er 8.

[5] Desse tala skulle visst multipliserast med 7,43.

Leave a comment