Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han svarde meg at slik som han har vore mot meg, vil han vere mot den som eg bad for. Min kommentar til korte profetiske bodskapar med lengre kommentarar, ved Elin Therese Slotten (ETS), rundt årsskiftet 2025/26.
Dei profetiske bodskapane med link til videoane.
ETS12.2025. Du fall, ja, men Gud seier: Eg har framleis ei framtid for deg.
ETS25.1.2026. Profetiske Ord for 2026:
Du kan forvente gode overraskingar frå din pappa Gud i år. Rundt om i verda og personleg. Men forførings-ånda vert sterkare, også i kristne kyrkjelydar, så det verte eit tydeleg skilje mellom dei forførde og dei som held seg til Guds Ord.
ETS26.1.2026. Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått … .
ETS5.2.2026. Ho refererte til matunderet i Matt.14,14… og sa at Gud gav henne denne profetiske bodskapen:
Eg høyrde at Gud sa: «Eg trenger dine to fiskar og dine fem brød. Du har lenge sett ned på deg sjølv og følt at du ikkje har noko å komme med, for du seier du har no berre to fiskar og fem brød, kva er det for denne folkegruppa, som har så mange gåver og talentar. Eg har no ingen ting som kan matche det.»
Eg høyrer Gud seier: «Du er viktig for meg, eg elskar deg og eg har skapt deg for ei hensikt. Du er verdifull og det du har å komme med, gir mat til skarar. Amen»
Eg kjenner også at Gud seier: «Eg trenger menneske som også skjønar at dei er ingen ting.» (1.Kor.1,26….).
ETS24.2.2026. Du føler Gud er langt borte, men døra er open for deg.
Ny sesong for deg. Døra står open for deg, så du kan gå inn og ete av livets brød. Vekse opp til manns modenheit.
Joh.6,32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
Salme.23, 1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
5.Mos.32,10 Herren fann han i øydemarka,
i tome audna med ulande lydar.
Han verna han og sytte for han
og vakta han som sin augnestein.
11 Som ei ørn sviv over ungane sine
når ho lèt dei flyga frå reiret,
så breidde han ut sine vengefjører,
tok og bar han på sine venger.
12 Einast Herren førte han,
ingen framand gud var med han.
13 Han lét han fara over høgdene i landet
og eta av grøda på marka.
Han lét han suga honning or berget
og olje or harde fjellet.
14 Han gav han rjome frå buskapen,
mjølk av småfe og feitt av lam,
av Basan-verar og bukkar,
og den feitaste mergen av kveiten.
Drueblod drakk du, skummande vin.
1.Kor.3,1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
Heb.5,12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.
Ef.4, Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Mine kommentarar, frå 3.2.2026.
Korte profetiske bodskapar med lange kommentarar. Men kva er det eg har bedt Gud om og kva er det svaret han gir meg?
Desse profetiske bodskapane var heilstøypte bodskapar, liksom tyding av tungetale, men i det siste har ho byrja å komme med kortare profetiske bodskapar, som ho sjølv kommenterer. Dersom eg kommenterer det og svarar på hennar kommentarar også, blir det om som ho snakkar med meg og så svarar eg og snakkar med henne, mest sannsynleg utan at ho veit det. Så det kunne funger som ei oppdatering og finpussing på mine kommentarane til tidlegare profetiske bodskapar? Nei, det kan fort verte berre ekstraarbeid, setningar med «om» og «men» som kompliserer og endåtil går tilbake på noko som tidlegare har vorte. Nei, eg vel berre å høyre på det, så skriv eg min eigen bodskap og då kan det vel vere at eg refererer til det, det vel vere at det inspirerer meg i det som eg skriv, då er det i alle fall på sin plass å referere til det.
Men eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då skulle vi begge komme til han, påkalle han som vår frelsar og Herre, be til han, høyre på han og snakke med han og takke han som vår frelsar og Herre. Og så skulle ho komme til meg og høyre på meg og snakke med meg. Det er vesentleg for at den kristen kyrkjelyden skal leve og fungere rett og det er fruktbart for samfunnet også. I Guds rike har vi samfunn med den levande og sanne Gud og det er og blir fundamentalt viktig for samfunnet mellom menneske på jorda.
Det minner meg om at eg sa til han Jesus at dersom eg kunne få henne Reella til kone, så ville eg ha henne. Nokre dagar seinare dreiv den Heilage Ande meg og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg for meg og henne og sa det same til henne: «Der er ho». Seinare bad eg om å få møte henne igjen og få snakke med henne. Og Jesus svara meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han også vere mot den som eg bad for. Så han ville gi seg til kjenne for henne også, openberre seg for henne og snakke med henne også.
Jesus har talt til meg om noko som han allereie har gitt meg og som eg skal bruke. Anden gjer levande det som blodet har gitt meg, så det er mitt i kraft av frelsa, altså. Han har i alle fall sitt meg sin Ande og i hans Ande og kraft skal eg vinne ein siger, vinne det som blodet har gitt meg, altså. Han sa det også slik at eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det mitt hjarte attrår. Herren og hans frelse har første prioritet altså, så gir han meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Så eg vel framleis å be, tru og vone at han frelser henne «Poly-Ester» og mange med henne, henne «Reella» og mange med henne, henne «Virtuella» og mange med henne. For meg er det som ein lovsong, ein draum og ei glede Jesus gir meg frå himmelen og han er i stand til å setje det i verk. Menneske har moglegheit til å seie nei til å verte frelst, men det er ikkje klokt. Eg trur dette er eit verk som Jesus har byrja på og som han vil fullføre og så skal eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Evangeliet om Kristus er ein glade bodskap om frelse og frigjering for både einskildmenneske, folk og nasjonar. Men dersom dei erstattar det med noko anna, vert dei lurte.
Sanninga som set fri.
Jesus sa til folket at dersom dei vart verande i hans ord, skulle dei få lære å kjenne sanninga og den skulle setje dei fri.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
Når dei drap han, så var det han som gav sitt liv i staden for oss, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, ved å tru på han tek vi imot han og får hans Ande, då tilhøyrer vi han, slik sett er vi frelst, vi får tru oss frelst på grunnlag av at han døde i staden for oss. Så vi takkar han for frelsa og gleder oss i Herren. Vi bøyer oss for han og erkjenner at han er Herre, til vår frelse, så vi får oppleve og innser at han er vår frelsar og Herre og det er for oss ei glede.
Lygna som gjer menneske til trælar, avgudane er Lygna og Djevelen er Lygnaren.
Like vel er det mange som held seg til ein frigjerings-tanke som strir mot dette, men det er lureri og dei vert lurte.
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
1.Joh.2,22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.
Korleis folk vert lurte i vår tid.
«Woke-rørsla» har eit fridomsideal i strid med evangeliet og kven veit kor stor betydning dette har for politikken?
Det vart slutt på den kalde krigen, men så vart det varm krig med trussel om ein ny verdskrig.
På slutten av 1980-talet og utover 1990-talet vart det slutt på den kalde krigen, Berlinmuren fall og det vart avspenning og folka i Aust-Europa såg mot vest med von om fridom og framgang. Men så vart det varm krig i staden og fare for at Ukraina-krigen skal verte til verdskrig.
Dei venstre-radikale har gått inn for å utvikle EU i sosialistisk retning og som motsetnad til USA, med ein globalistisk filosofi som gjer EU til ei stormakt i strid med fridom og demokrati. dette blir spesielt tydeleg ved at «woke-rørsla» står for eit fridomstankar som strir mot evangeliet. Det resulterte i at dei som såg mot vest i von om fridom, demokrati og framgang for ein stor del vart lurte. Og det er den vesentlege årsaka til krigen i Ukraina. Dermed står det sosialistar på begge sider i krigen og vi bør spørje på nytt om kva sosialisme er for noko eigentleg.
På evangeliets grunnvoll får vi fred med Gud, så vi også får fred mellom jødar og heidningar, folk og nasjonar. Men den norske regjeringa har tydeleg vis ikkje nytta seg av dette i Oslo-prosessen eller det seinare fredsarbeidet. Kvifor det?
Ja, kvifor det? Er dei som «den Duglause Tenaren» som grov ned talenten sin? Og som «den Duglause Hyrdingen» som gjette slaktesauene for sauehandlarane? Dei såg på dei kristne som konkurrentar om å rekruttere folk, ved at dei lova at menneske skulle verte frelste og få evig liv ved trua på Jesus. Dei meinte menneske soleis vart lurte og fornedra til å gå med på å leve i fattigdom og elende. Dei burde heller kjempe om så det vart å risikere livet i ein væpna revolusjon. Men problemet deira var nok at folke flest innsåg at det var ikkje til deira eige gagn like vel, men til gagn for leiarane. Så det vart som om dei vart selde som slavar, ja, slaktesauer. Så slik ville eit diktatur fungere, same enten det var på høgre-sida eller venstresida.
Men i islam, spesielt radikal islam, er det mange som risikerer livet, ja, gir livet sitt i ein eins slags martyrdød, i krig og terror-aksjonar, fordi det vert lova dei evig liv med martyr-lønn, spesielt eit harem av jomfruer. Så slik har dei venstreradikale klart å rekruttere folk slik som dei ville, like vel. Men dei venstreradikale trur ikkje på dette sjølve, dermed vert det dess tydelegare at dette er lureri.
Jesus gav meg ein draum og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Han gav meg ein lovsong som skal vere min i all, den skal eg synge både no og sidan i all æva.
Skapinga og frelsa.
Den glade bodskapen er at vårt forhold til Gud vert gjennoppretta ved trua på Kristus.
Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei leande sjel. Men menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, Gud sa til mannen, mold er du og til molda skal du attende. Gud var ånd, men mannen var laga av mold og gjekk til grunne, det var den vesentlege skilnaden. Gud er ånd og hans himmel er ein åndeleg røyndom.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Kristus døde i staden for oss og på det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med skapingssoga, men no skaper han oss i Kristus og slik skaper han oss i si likning.
Menneske er laga av mold frå marka og er mold og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss og vi tek imot han og får hans Ande, berre med denne Anden kjem vi inn i samfunn med han, så vi får oppleve at han frelser oss inn i sin himmel. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Ande. Det som er født av Anden er ånd. Det består ikkje av mold frå marka, men ånd frå Guds himmel og har den guddommelege eigenskapen at Gud har makt over det som han har skapt. Så det er berre for oss å la Guds Ande råde i vår døyelege lekam.
Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
Dersom nokon med sin verdslege visdom og styrk vanvørder denne glade bodskapen, vert dei før eller seinare til skamme, same kor vise og sterke dei er.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Talentane.
Gud har skapt alle ting, så alt tilhøyrer han. Ingen kan gi han noko først, utan at han har fått det, ingen kan krevje noko av han først, same kor rik og mektig han er.
Job.41,2 – Kven gav meg noko fyrst,
så eg laut gje han att?
Alt under himmelen er mitt.
Men dersom Gud har gitt noko til oss først, så er det på den måten at vi får disponere det, sjølv om det er han som framleis eig det, for eigentleg er vi også hans eigedom. Vi kan vi ta imot med takk og bruke det han har gitt oss og oppnå noko med det, slik vi ser i likninga om talentane. Det kan vere både naturgåve og nådegåve, men likninga skil ikkje mellom to typar talentar, poenget er at det er Gud som har gitt oss det. Den eine fekk berre ein talent, men han heldt Herren sin for å vere så streng at han ikkje torde å bruke den. Det gjekk ikkje vel. Ein fekk to talentar og ein fekk fem, dei brukte talentane og vann like mykje i tillegg. Dei fekk ha dei også, sjølv om det også var eigedomen til Herren deira og feira det saman med han. Dei hadde vore trugne i det små, så han ville setje dei over større oppgåve.
Eg skal gi meg sjølv heilt til Kristus og bruke det han har gitt meg.
Eg er oppvaksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og vart opplærd til på påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine nærast, be Fadervår og be slik for folket og landet. Det var av fyrste prioritet og så byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og komne, som andre prioritet. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinserørsla og i Maranata også. Det sentrale i dette er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så eg skal berre tru på det og takke han for det, ta imot i tru og verte fylt av den Heilage Ande. Han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg forstår det slik at han er den som tek seg av den saka for meg, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han, han frelser meg og han frelser ei kone til meg, eg skal takke for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår, gi meg ei frelst kvinne til kone, altså. Det er inkludert i det fullførde frelseverket og Anden gjer levande det som blodet har gitt meg.
Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilehjarta held seg til han og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg kan forstå det som ein dyrebar skatt eg har fått i leirkar og som ei nådegåve som eg skal kveike og bruke. Korleis då? Ved fylden av den Heilage Ande, hans salving og kraft. Så vi skal lovprise Kristus som vår frelsar og Herre, hans kyrkjelyd skal lovprise han som Herren hennar brudgom og ektemann. Så vi tilber Gud i ånd og sanning.
Joh.4,19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»
Eg har valt å tru på Kristus og ta imot han som min frelsar og Herre og kjennast ved han for menneska. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ved trua på han får eg komme inn til Guds kvile. Denne kvila er utgangspunkt for all teneste. Dette kom som første prioritet, å studere realfag kom som andre prioritet, det er å granske denne verda, men matematikken er ikkje avgrensa til det. Då takkar eg Gud som har skapt det heile og som let meg lære og forstå korleis det fungerer og så takkar eg Kristus som min frelsar og Herre og hevdar at han er verdig å få all visdom og makt. Gud openberrar si frelse for meg i Kristus, slik gir han meg visdom frå himmelen og den er mest verdifull, mest gledeleg, Jesus gir meg si glede og den er himmelsk og evig, så eg takkar han for frelsa og gleder meg i Herren.
Ein tidlegare bodskap om at eg skal bruke det som eg har.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle Nygjerde.
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Relevante bibelvers, likninga om talentane.
Matt.25,14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
Eg voks opp i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, og be han frelse menneske, be Fadervår og be slik for folket og landet. Og han har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.
I januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på facebook og youtube og eg forstod det som svar til meg, spesielt sidan eg hadde vitna om mi tru på Jesus på Facebook og på heimesida mi, der eg refererte til video frå møte, som eg hadde lagt ut på youtube. Desse bodskapane kan vere til mange andre også.
Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, han bana vegen for oss inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, det er berre på grunnlag av Jesus forsoningsverk, så vi fekk den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde. Det er berre ved at vi vert reinsa i hans blod. Slik er prestetenesta i den nye pakta, vi får den av berre nåde, det er det også han kallar oss til. Slik har han staka vegen for meg og kalla meg til å komme etter. Denne prestetenesta gjer meg i stand til å representere mange andre også, for Kristus og Faderen, så ved at eg kommenterer desse bodskapane og erkjenner at det er til meg og forklarar korleis, kan mange oppdage at det er til dei også og eg kan erkjenne dei er til meg og mange med meg.
Eg innser at dei kjem som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge.
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande.
Dette har eg skrive meir om her:
Eg trur og hevdar at på evangeliets grunnvoll, vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, så vi får oppleve at Gud framleis skaper oss slik, for han er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.
Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, det er ei sak som han tek seg av, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg får oppleve frelsekrafta både for meg sjølv og for henne.
1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
Sjølv om dette ikkje enno har kome heilt i orden i mitt liv, det har enno ikkje vorte noko av det, så er det like vel den bodskapen eg har teke imot og som eg trur på og som eg har å forkynne til andre også. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, denne kvila er utgangspunkt for all teneste. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, med det livet kan vi leve for han og med den Anden vert vi utrusta til å tene han og tene kvarandre med dei åndelege nådegåvene, som tyding av tungetale og profetiske bodskap. Og med den Anden kan eg forstå bodskapane og erkjenne at dei er til meg og forkynne det vidare til andre. Jesus har gitt meg sin Ande og utrusta meg med nådegåve til å tene han og då skal eg tene han med det som han har gitt meg.
Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Eg skal søke han av heile mitt hjerte, så eg ventar at han kjem meg til hjelp med si kraft, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. For eg tok imot han som min frelsar og Herre og bad han gi meg ei frelst kvinne til kone, så då ventar eg at både eg og ho får oppleve frelsekrafta. Eg kan og skal tru at på grunnlag av hans forsoningsverk har han allereie gitt meg det, så i Guds frelsekraft og skaparkraft er ho kona mi. Det er ikkje noko som eg presterer, men det er han som gjer sitt verk. Og så skal eg bruke det som han har gitt meg.
Jesus er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, soleis representerer han meg for Faderen. Når eg ber til han for andre, ber eg han representere dei også for Faderen, mine næraste, ei kvinne som eg likte og vart glad i, be han gi meg ei frelst kvinne til kone, be for ekteskap, familieliv, bygge hus, heim og kyrkjelyd. Og be slik for folket og landet også. For på evangeliets grunnvoll er vi som folk og nasjon forsona med Gud på evangeliets grunnvoll. Så skal vi også forkynne denne glade bodskapen til andre einskildmenneske, folk og nasjonar, så dette vert ein måte å representere folket og landet overfor Gud og dernest overfor andre folk og nasjonar.
Jesus gav meg ein draum og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han, så vil han setje den i verk. Han gav meg ein lovsong som skal vere min i all, den skal eg synge både no og sidan i æva.
Når eg gjekk på gymnaset, vart eg forelska i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Etter gymnaset bad eg Jesus om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen. Etter omlag eit halvt år talte Jesus til meg om den snara som vart sett for meg og som eg gjekk i. Det var særleg David som talt om snarene og fellene som dei ugudlege sette for han og det var faktisk fyrst og fremst ved at Saul var Israels konge og prøvde å fange han og rydje han or vegen. Men han søkte tilflukt hos Herren og han fria han ut og berga han frå det. Jesus sa sikkert at han ville gjere det for meg også, ja, eg tek mi tilflukt til han og kan stople på at han vil berge meg frå det. Jesus sa til meg at hans verk skulle ikkje gå fram med latskap, men med arbeide, hardt arbeide (ETS 25.1.2026). Han sa eg måtte lære å skilje mellom kva det var han skulle gjere og kva eg skulle gjere. Sidan sa han at det var han som gjorde sitt verk med meg, sjå, det skulle eg hugse. Hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg kvile, eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg, det også betyr kvile for meg, ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile. Like vel skulle eg arbeide og eg forstod det slik at eg skull arbeide med studiane. Slik fekk eg i alle fall klårleik i at det var det han verkeleg kalla meg til. Slik er eg unik, slik som Elin har profetert; eg skal ikkje samanlikne meg med andre, for å verte liksom dei, til tross for at det er det mange kristne ventar seg, i tråd med deira tradisjonelle maktinteresser.
Elin profeterte om at verda har dømt meg og lagt lok på meg og Djevelen har stoppa meg mange gongar. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/17/2024-07-17-djevelen-har-lagt-lok-pa-deg-men-no-er-tida-inne-for-at-du-skal-blomstre-profetisk-bodskap-ved-elt/ :
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kalle jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noen som er for vanskelig for meg å bruke? Nei ! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
For verda er det gjerne slik at kravet og forventninga til å prestere kjem i motsetnad til å bry seg om nåden frå himmelens Gud, som om det er barnsleg, dumt og bortkasta, så du må sette lokk på det, for å unngå å kaste bort tid på det. For meg betydde det ikkje at eg fornekta Kristus, eg heldt fram med å kjennast ved han, men skjøna at draumen som Jesus hadde gitt meg, fekk eg ikkje seie noko meir om, sidan eg ikkje fekk møte igjen henne Virtuella og vitne om mi tru på Jesus for henne, fortelje henne om korleis eg bad for henne og opplevde at Jesus svara meg. Når eg seinare byrja å studere realfag i Oslo, var det klart at eg måtte skjerpe og arbeide med studiane, så eg kunne ikkje bruke så mykje tid på å vitne for andre. Men det viktigaste for meg var framleis at Jesus gjorde sitt verk med meg og det er det framleis, slik som han seier her, han gav meg ein draum og eg skal drøyme stort med han, han vil setje det i verk.
Eg dreiv tråling også og fortsette med det. Til tider minner det om at eg trudde på Jesus medan eg gjekk på barneskulen, eg visste at det var viktig for meg å vedkjenne mi tru for dei andre, men var eg redd for, men eg ville i alle fall ikkje fornekte han så eg valde heller å ikkje seie noko om det. Men eg vedkjende det for Jesus i kveldsbøna mi og bad hans setje meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det lagelege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, først for henne og sidan for andre. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Ho Virtuella var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, det vart som eg såg ned på henne, som om det var meir ifrå Guds synsstad. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho vart openberra for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, som han elska og hadde omsorg for, slik var også den åndelege openberringa eg fekk etter at eg møtte henne igjen i Bergen. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Derfor yngste eg å vere saman med henne og møte henne igjen og få oppleve det, saman med henne. Slik var den draumen som Jesus gav meg og så vil han at eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Ja, eg kan då seie med Paulus at eg er viss på at ikkje noko kan skilja oss frå Guds kjærleik til oss i Kristus Jesus.
Rom.8,31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Hausten 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo, eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og hausten 1985 sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale i kyrkjelyden: «Den lovsongen eg gav deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve». Ja, den draumen Jesus gav meg, var også denne lovsongen, den var å lovsyng Gud og Lammet for frelsa, for at han hadde gjenfødt henne Virtuella og frelst henne, så ho levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, derfor skulle vi ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken, slik var det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Med godt samvit kjennest eg ved Kristus som mi frelsar og Herre, så eg bøyer meg for han og så med godt samvit vedkjenner eg at eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så ho skal leve i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen som Sonen, som i draumen Jesu gav meg, for han set den verk og slik gir han meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om.
I verda møter vi krav om tilpassing, men Jesus har sigra over verda og det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er suveren over verda.
I følgje utviklingslæra er det den som er mest veltilpassa som har best overlevingssjanse, det gjeld både einskildindivid, slekt og art. Det handlar om å tilpasse seg naturmiljøet og så kjem det an på kor gode evner dei har til det, i konkurranse med andre. Slik er det for menneska også, men i det menneskelege samfunnet blir det også eit spørsmål om å tilpasse seg dei vise, sterke og mektige, dei som har økonomisk, politisk og militær makt, dei som vert rekna som vise, med sin religion, samfunnskunnskap, realfag og teknologi. Skal vi lære noko gjennom skuleverket, må vi tilpasse oss det, tilpasse oss dei som underviser, så vi høyrer på kva dei seier. Når eg studerte realfag vart det klart for meg at dette skulle vere samanfallande med at eg bøygde meg for Kristus, så eg innsåg at det var han som gjorde sitt verk med meg, han sa til meg at han møtte meg på det nivået eg var på, når eg opplevde det slik, fekk eg framgang. Dette høver også med god pedagogikk.
Vi må sjå skilnad på dette og at menneske prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, men Kristus døde i staden for oss. Det vart profetert om at Gud ville gjere noko nytt ved spiren som skulle renne ut av Isai-stuven, det var Davids-sonen, som også var Guds Son.
Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Jesus er Guds Son og er evig og den Anden og livet han gir oss frå himmelen er evig, med det livet han gir oss frå himmelen vert vi i stand til å leve for han og med den utrustninga han gir oss ved sin Ande, vert vi i stand til å tene han. Som menneske av kjøt og blod, skapt av mold frå marka er vi forgjengelege og det er som ingen ting, samanlikna med dette som er evig. Menneskeleg sett verkar det svakt, men det er like vel visare og sterkare enn menneskeleg eller verdsleg visdom og styrke, så dei som er så stolte at dei prøver å forgude seg sjølve med sin visdom og styrke, vert til skamme.
Eg fann at eg måtte tilpasse meg, derfor la eg lok på den draumen som Jesus gav meg, men Jesus ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Den minner han meg om igjen med bodskapen ETS5.2.2026. Gud openberra si frelse i Kristus for meg og ei kvinne som eg likte og vart glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Så eg tenker på dei to fiskane (Matt.14,14…) som henne Virtuella og henne Reella, no talar eg om dei som fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Sidan det var openberringar Gud gav meg, er det også noko som eg har å bidra med. Eg kan godt bidra med noko som passar attåt det, så det blir som dei fem brøda.
Den som tek imot ein som Jesus sende, tek imot han. Vedkjenne Jesu namn, verte misforstått og forkasta. Ta imot evangeliet og forkynne det for jødane.
Den som tek imot ein som Jesus sende, tek imot han. Strengt logisk kan dei like vel ta imot Jesus sjølv om dei ikkje tek imot ein som han sende, men det er nærliggande at dei ikkje umiddelbart gjer det. Det får vise seg. Sjølv om du går med den glade bodskapen, så kan du verte missforstått og så spørst det kor god du er til å legge den fram også. Men mange, også kristne, kan vere så tradisjonsbundne at dei ikkje forstår den radikale bodskapen som er frigjerande og skaper noko nytt. Kom i hug likninga om sauene og geitene.
Matt.25,41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
Og kor mange er det som vert misforstått fordi dei er framande og kor mange er det som hamnar i fengsel fordi dei vert misforstått?
Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, dette vitna eg om i dFEF M40 i Oslo og ville sitere ein bodskap som var kommen gjennom tyding av tungetale og som eg tok som eit kall, men dei ville ikkje høyre på meg. Eg vedkjende Jesu namn, slik at eg også vedkjende kva han var for meg, så eg kjendest ved han som min frelsar og Herre. Men det fekk eg ikkje lov til. Men då betydde vel det at dei svarde med å fornekte han?! Det vart noko til styr i denne kyrkjelyden, det vart splitting og nokre gjekk ut av den. Men eg byrja å gå på møte i Maranata i staden. Der fekk eg vitne om mi tru på Jesus og han fortsette med å svare meg. Etter eit par år var eg på møte i dFEF M40 igjen og fekk oppleve at Jesu svara meg igjen. Der kom også ein bodskap der han kalla Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
«Mor Israel» var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne og borna som han fekk med henne. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore som dreiv hor med avgudane til folke rundt dei. Ho hadde ikkje omsorg for han og borna han fekk med henne, tvert om drap ho dei. Derfor vart landet hærteke og dei vart bortførde til Babylonia.
Men så ville Gud møte henne igjen, som i ungdomsdagane.
Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
Denne profetien vert oppfylt ved at Sions dotter er Jesus brud og det er identiteten til Jesu kyrkje. Men her ser vi at for mange kristen er det som om Sions dotter framleis er i trældomen i Babylonia. Som mora, så dottera, ho har ikkje omsorg for mann og born. Men kva er det då for slags bodskap dei har å bringe til jødane? At det framleis skal vere slik?
Sions Dotter treng eit nytt møte med Jesus, så ho vert i stand til å ha den rette omsorga for mann og born. Og dersom vi har teke imot den glade bodskapen om frelse og frigjering, så skal vi også vere i stand til å forkynne den til både jødar og heidningar.
Antikrist fornektar Faderen og Sonen. Kva så?
Peter var ein modig kristen leiar, like vel fornekta han Kristus, men sidan vart han ein trufast hyrding for sauene.
Peter viste seg som ein modig mann, ved at han sa til Jesus at han ikkje skulle fornekte han, om så det kosta han livet og ved at han drog sverdet og hogg øyra av ein av tenarane til øvstepresten.
Joh.18,10 Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus. 11 Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»
Kristendomsforfølging, med krav om at dei skulle fornekte Kristus og dyrke keisaren i staden og/eller dyrke styresmaktene som gudar.
Dette hadde ikkje Peter venta seg og sidan vart det til at han nekta for at han kjende Jesus. Men når Jesus hadde stått oppatt frå dei døde, kalla han Peter igjen til å vere hyrding for sauene hans. Så Peter vart framleis den store leiaren for dei (ETS12.2025).
Kristendomsforfølgingane utarta seg etter kvart slik at det vart kravt at dei skulle fornekte Kristus. Dei som fornekta han, fornekta Faderen også, det var Antikrist som fornekta Faderens og Sonen og kravde at folket skulle fornekte. Det kan samanliknast med politikken til Antiokus 4. Epifanes, men no vart det også kravt at dei skulle tilbe keisaren som ein gud, i staden for å vende om til Kristus, altså. Antikrist er Djevelen (Draken) og keisaren som kravde at folk skulle dyrka han som ein gud er Dyret i Op.13. Peter leid martyrdøden i desse forfølgingane og vart også med det også ein leiar for mange andre kristne som også leid martyrdøden.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
Paulus profeterte om at den Lovlause skulle setje seg inn i tempelet og gjere seg sjølv til gud, men der var ein som måtte rydjast or vegen først, så det var hensikta med kristendoms-forfølgingane altså, få vekk dei som Kristus hadde salva til å leie hans kyrkje, for å setje inn ei anna leiing. Det skjedde først i tempelet og vart årsak til kristendomsforfølging, men den kristen kyrkja voks like vel og vart mektig, så Romarriket legitimerte kristendomen og gjorde den til statsreligion. Men då prøvde den Lovlause prøve å setje seg inn i kyrkja også, det vart tydeleg i Middelalderen og i vår tid får vi merke det på ein ny måte.
Når eg vedkjenner mi tru på Kristus, er det mange, endåtil «kristne» som fornektar han, for dei har eit alternativ og det utartar seg slik at dei krev at eg også skal fornekte han, for å gå med på deira alternativ.
Så når eg vedkjenner mi tru på Jesus, kva han er for meg, min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som har høyrt mi bøn om å få ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som tek seg av den saka for meg, så eg kan og skal lovprise han som min frelsar og Herre, då vert eg misforstått, avvist og forkasta (ETS26.1.2026). Men går det an, utan at dei fornektar han som eg vedkjenner? Det må i så fall vere fordi dei misforstår totalt, men det heng nok saman med ein tradisjon av å misforstå og mangel på interesse av å lytte og prøve å forstå, tradisjonen til den Duglause Hyrdingen (Sak.11). Den duglause tenaren heldt herren sin for å vere så streng at han torde ikkje bruke talenten sin, men gjekk og grov den ned. (Matt.25,26-30). Ja, i mellomalderen påstod den katolske kyrkja at Jesus va så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Det var ei «lærd» og rik overklasse som stod fram som hyrdingar, men ikkje fungerte slik like vel, fordi dei ikkje brukte talenten sin. Dei var snyltarar i staden for å tene Gud, til gagn for folket. For dei er både låke og late.
Dei vil framstille seg som ei lærd overklasse, utan å ha nokon ekte og sann lærdom å lære frå seg, til opplysning, nytte og gagn for folket, men berre for å snylte, så dei i sin latskap like vel kan leve i overflod. Dette blir kanskje endå meir tydeleg i «den Store Skjøkje», ho dyrkar styresmaktene som gudar i staden for å dyrke den sanne og levande Gud, i staden for å vere til hjelp for Kristus, som sin frelsar, herre, brudgom og ektemann, derfor vert ikkje kvinna til hjelp for mannen som kona hans heller. For ho er for låk og lat til det, så ho vil heller snylte, ved å dyrke styresmakta som sin gud og ektemann.
Når dei soleis fornektar Kristus, er det ikkje berre eit hendig misstak, men ei vedvarande fornekting, for så å drive keisardyrking i staden (Dyret i Joh.Op.13) eller dyrke styresmaktene som gudar (Den Store Skjøkje i Joh.Op.17-18). Det utartar seg som krav til meg om at eg også skal fornekte han og verte med i same forføringa. Kanskje hevdar dei endåtil at eg har fornekta han, det har seg slik at det er det dei forventar, i tråd med tradisjonen, men gjennom ein profeti ved ETS, sa Jesus at du har aldrig fornekta han og han har aldrig forlete deg. Han sa også at du står stødigare no enn nokon gong. Eg tok imot det som ein bodskap til meg og det held eg meg til.
Denne tradisjonen er Israels fråfall, det vart tydeleg ved at «den Lovlause» sette seg inn i tempelet, slik viste fråfallet seg i kyrkja også og slik viser fråfallet seg i pinsevennane sitt tradisjonelle endetidssyn også; hushaldningslæra.
Jesus gav meg ein draum og vil eg skal drøyme stort med han, han vil sette den i verk.
Profetien, draumen og visjonen.
Det vart profetert om at Israels-folket skulle verte bortførde til Babylonia, då skulle dei ikkje tru på draumane sine, ein profet skulle tale Guds Ord og ikkje fare med ynskjetenking, draum og dikt. Dette til tross for den tidlegare profetien om at dei skulle ta det lova landet, så då skulle vel ynskjetenkinga deira vere slik også, men ikkje no lengre, altså.
Men når dei var kome til Babylonia, fekk Nebukadnesar ei draum og kravde at vismennene skulle både fortelje draumen og tydinga. Dei ville høyre draumen fyrst, så ville dei prøve å tyde den, men Nebukadnesar kravde at dei skulle fortelje draumen også, elles skulle dei døy. Dette syntest dei var uhyrleg, for dei hadde då aldrig gitt seg ut for å kunne fortelje kva ein annan hadde drøymt. Men så viste det seg at Daniel kunne både fortelje draumen og tyde den. Slik vart det også klart at det var ein profeti frå den sanne og levande Gud.
Joels bok kom tydeleg vis etter at dei var komne heim att til landet sitt og han profeterte om at dei skulle få draumar.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Johannes Døyparen førebudde dei på dette og sa at Jesus er Messias, han er den som døyper dei med den Heilage Ande og han er den som har bruda.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Jesu kyrkje er hans brud, å forkynne evangeliet er å invitere til hans bryllaup. Kva betyr det for den einskilde?
Jesu kyrkje er hans brud, å forkynne evangeliet er i invitere til bryllaupet (Matt.22,1…). Vi skal vente og sjå fram til det som dei fem vituge brurmøyane, Matt.25,1…., slik skal vi vente på Jesu gjenkomst.
Men ein ung mann ser då fram til å få seg si eiga kone og ei ung kvinne ser fram til å få seg ein ektemann. Då er det vel mange som vil oppfatte det som ein motsetnad mellom dette og at Jesu kyrkje er hans brud. Ikkje dersom vi trur at han døde i staden for oss og stod oppatt, for å vere vår frelsar og Herre, vår øvsteprest, advokat og talsmann hos Faderen. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Kristus er Guds Son og er dermed Gud og elskar oss med Guds kjærleik til sine born og då vert det slik at han elskar kvinna gjennom mannen. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga, syndefallet og evangeliet. Jesus også underviste utifrå skapingssoga.
1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» 8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve. 12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»
Mannen og kona hans var to og vart eitt, Gud laga det slik og det som han har bunde saman, skal ikkje menneske skilje. Men kva om mannen får seg ei kone til, då? Det var ikkje uvanleg, Jakob hadde to kone, Elkana hadde to koner og den eine vart mor til profeten Samuel.
Men kva om mannen døyr og kona gifter seg oppatt, kven skal då ha henne i det neste livet?
Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. 25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
I det neste livet er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte, nei. Kva betydning har det då at eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone? Jesus tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. Eg trur og veit at det har betydning for æva.
1.Pet.3,7 Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.
Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss og det innstiller vi oss på allereie her og no, ved å søke han, både i einsemda og saman med andre, i hans kyrkje.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Og Jesus sa at han leia meg inn på vegen til det Nye Jerusalem.
Søndag 2.12.90.
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel.Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Det Nye Jerusalem er i himmelen og det skal komme ned på den nye jorda (Joh.Op.21-22). Men Jesus leier meg til det her og no og då må det ha seg slik at det er noko som skjer i dette livet som har betydning for æva, så det har å gjere med at Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss. Jesus er i himmelen, men eg får oppleve at han er med meg og gjer sitt verk med meg her og no. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han noko som står til evig tid, ved at han frelser menneske for æva og gir dei evig liv. Han gleder seg over si brud og så gir han meg si glede.

