Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Guds dom startar i kyrkjelyden. Møte i Filadelfia Bodø. Fredag 13.2.2026. «Returning To The Ancien Paths».

Tale ved Remy Andre Hornes.

Når Remy var nyfrelst las han om at Gud såg at det ikkje var godt for mannen at han var aleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han, så han skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Så han løfta bibelen og peika på verset og sa at han ville ha seg ei kone. Etter nokre få månadar fann han henne.

Så fortalde han at dersom det nedste sidebeinet til mannen vert teke bort, så veks det ut att. Men det gjer det ikkje hos kvinna.

1.Pet.4,17 For no er tida komen då domen skal ta til, og han skal ta til med Guds eige folk. Men kjem domen over oss fyrst, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium?  18 Og er det vanskeleg for den rettferdige å verta frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren?  19 Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.

Tre domsstolar.

  1. Kristus kjem og dømmer folkeslaga.

Matt.25, 31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.  32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,  33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.

34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;  36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»  37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»

41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.  42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

  • Kristi domsstol.

Rom.14,10 Men du, kvifor dømer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,  11 for det står skrive:

Så visst som eg lever, seier Herren,

for meg skal kvart kne bøya seg,

og kvar tunge skal prisa Gud.

12 Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv.

2.Kor.5,1 For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender.  2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen.  3 For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. 4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet.  5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.  6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren.  7 For vi ferdast i tru, ikkje i syn.  8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren.  9 Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. 10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.

  • Domen for den store kvite trone, den endelege domen.

Joh.Op.20,11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.  12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.  13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

Esekiel.8,2 Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til.  3 Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.

4 Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen. 5 Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen. 6 Han sa til meg: «Menneske, ser du kva dei gjer? Den styggedomen som Israels-ætta driv med her, er så stor at eg må fara langt bort frå heilagdomen min. Men du skal få sjå endå meir av stygge ting.»

Dei fleste lærde meiner at dette avgudsbiletet var Astarte. Nyfeminisme og HLBT er som tilbakevending til slik avgudsdyrking. 

Esekiel.9,3 Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet,  4 og han sa til han: «Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.»  5 Og til dei andre sa han så eg høyrde på: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen! 6 Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus.

Domen starta i Guds heilagdom.

1.Kor.6,9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette,  10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. 11 Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.

Gal.5,19 Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse,  20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, 21 misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

Ef.5,3 Hor, alle slag ureinskap og havesykje må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje for kristne.  4 Rått snakk, dumt prat og grovt skjemt er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!  5 For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal få vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar.  6 Lat ingen narra dykk med tome ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.  7 Ha ikkje noko sams med dei!

Titus.2,11 For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.  12 Og hans nåde oppsedar oss til å seia nei til gudløyse og verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er,  13 medan vi ventar på at vona vår skal få si sæle oppfylling, og at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma til synes i herlegdom.  14 For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville fria oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med ihuge gjer gode gjerningar.  15 Dette skal du forkynna, og med kraft skal du påminna og visa til rettes. Lat ingen sjå ned på deg!

Kol.3,5 Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.  6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene.  8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk.  9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

1.Kor.10,1 Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet.  2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten  4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus. 5 Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.  6 Desse hendingane peikar fram mot vår tid; dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, liksom dei hadde.  7 De må heller ikkje verta avgudsdyrkarar liksom nokre av dei. For det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.  8 Lat oss heller ikkje driva hor liksom nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag.  9 Heller ikkje må vi setja Herren på prøve, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av ormane.  10 Og de må ikkje vera misnøgde og klaga, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av tyningsengelen.  11 Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.  

2.Kor.7,11 Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

1.Tess.4, 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,  5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.  6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.  8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Guds frelse, det som gjekk tapt ved syndefallet, vert gjenoppretta og overgått.

Heb.13,4 Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

Feminismen starta ved 1968-opprøret og no er LHBT komen som eit neste steg.

Josva.3,5 Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.»

Relevante bibelvers.

Rom.6,12 Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen. 13 Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.  14 Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden.

15 Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå!  16 De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.  17 Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. 18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda –  19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. 20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. 21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden.  22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv.  23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

2.Kor.6,16 Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel. Gud har då sagt:

Eg vil bu og ferdast mellom dei;

eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk.

17 Difor seier Herren:

Dra bort frå dei,

og skil dykk frå dei,

ikkje rør noko ureint!

Då vil eg ta imot dykk;

18 eg vil vera ein far for dykk,

og de skal vera mine søner og døtrer,

seier Herren, Den Allmektige.

2.Kor.7,11 Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

2.Tess.2,13 Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

Tungetale og tyding ved Remy Andre:

«Mine barn, høyr Herrens ord, for eg har reist meg i denne tid, for eg vil reinse ut slagget, uvennheitene, for eg vil ha ei brud som er rein, ei brud som gjenspeglar meg og mitt vesen. Derfor talar eg til mine born i denne tid, la meg få reinse dykk, la meg få vinne skapnad i dykk, høyr mitt hjertes rop, mine born. For eg har omsorg for dykk og eg forkynner dykk, at eg har planar for dette landet. Eg skal komme med min Heilage Ande, eg skal utause av mitt nærvær. Eg skal gjere sterke, kraftige og mektige mirakel. Mange menneske skal få høyre og sjå mine gjerningar. Men før den tid, så må eg reinse mitt folk. Eg skal bringe dei skulte syndene fram i lyset, eg skal avsløre det som har vorte lagt lok på. Eg skal vise meg i min heilagdoms skjønnheit, eg skal vise min allmakt, ikkje for å fordømme, men for å avsløre, for å reinse, for å foredle, for å raffinere, for å bringe fram mitt verk i kvar av dykk, derfor mine born, høyr mi røyst. Forherd ikkje ditt hjerte denne kvelden, men bøy ditt øyre til min tale. Gi akt på mitt ord, for eg er i ferd med å gjer eit verk. Og eg kallar mine born i denne stund.»

Leave a comment