Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Ein ny standard i Guds Kyrkjelyd. Møte i Betania Knarvik 27.2.2026. «Returning To The Ancien Paths».

Tale ved Remy Andre Hornes. Åndeleg maktmisbruk i den karismatiske rørsla. Vere karismatisk med karakter; at Jesus vinn skapnad i oss.

2.Tim.2,15 Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av. 16 Hald deg frå det gudlause og tome snakket. For dei som driv med det, går berre lenger og lenger i gudløyse, 17 og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneus og Filetus.  18 Dei har gått bort frå sanninga og er komne på avvegar, for dei seier at oppstoda alt har vore, og dei bryt ned trua hjå folk.

Matt.7,15 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.  16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar?  17 Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.  20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.

Falske læresveinar

21 Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.  22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

Matt.5,1 Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han. 2 Då tok han til ords og lærte dei:

Relevante bibelvers.

 

Salme.105,15 «Rør ikkje dei som eg har salva,

gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

Ef.4,9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda?  10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar.  12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp,  13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.  15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.  16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Matt.25,12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»  13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen. (Jfr. Matt.25,23).

Josva.3,5 5 Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.»

Tungetale, tyding ved ein mann.

 

«Dersom de omvender dykk no, så vil eg vise dykk store ting. Eg vil gjere dykk til profetar, til disiplar, til lærarar i den tid vi lever i no. Eg vil gi dykk styrke til å sigre over den vonde. Eg vil utgyte min kjærleik over dykk, som de aldri kunne tenke dykk. For eg elskar dykk og det gjorde eg med beviset at eg hang på korset og døde for dykk. Eg døde for at de alle skal ha fred, for eg er Guds einborne Son. Og eg vil verke i dykk, dersom de omvender dykk. Stol på meg, for eg er Herren dykkar Gud. 

Eg har allereie dømt dei som forårsakar vanære av mitt namn. Og eg vil vise dykk store ting, styrke dykk på djupet, utfrie dykk frå lenker og band, som de strevar med. Eg er mirakla sin Gud. Eg lækjer dei sjuke, eg let dei lamme gå, eg set de sjuke i fridom, så dei vert friske og talar mitt ord. Eg er Gud, den allmektige, den levande Eg Er. Eg er i går og i dag, ja, til evig tid den same. Eg er Abraham, Isak og Jakobs Gud. Det er ingen forskjell, stol på meg, så skal eg gjere det. Stol på meg, så skal eg vise dykk nye løyndomar i mitt Ord. Så omvend dykk, medan Herren er å finne. Amen.»

Profetisk tale ved Remy Andre.

 

Mine born, du kjenner mi naud i denne stund. Du kjenner min tiltale i ditt hjarte. For eg vil helge meg mellom mitt folk. Eg ser den som lid, den som vert undertrykt, den som gjennomlever overgrep og misbruk. Derfor vil eg gjere eit verk mellom mi forsamling. Derfor vil eg helge mitt namn, reinse bort slagget,  reinse bort ureinskapen. Eg vil gjere det ved min Ande og eg kallar min kyrkjelyd til å tre innfor mitt åsyn, der eg kan få lov til å reinse, heilaggjere, bringe fram mitt liv i den einskilde og i den kollektive forsamling. Eg forkynner deg at eg gjer eit verk i denne tid og eg vil at du skal vere ein del av det eg gjer. Så derfor kallar eg deg, kom inn for mitt åsyn. Kjenn mi naud – og la deg bruke av meg. Eg har store planar for deg, min son og mi dotter. Far ikkje vill i denne tida, men hald deg nær til meg, hald deg nær til mitt Ord og eg skal leie deg med min Ande. Eg skal fullføra det verket er har byrja på, i deg. Frykt ikkje, sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er med deg, men som ein kjærleg far, så vil eg også oppdra mine born. Derfor talar eg slik som eg har talt i dag. Ikkje for å fordømme, ikkje for å trykke ned, men fordi eg har omsorg for min kyrkjelyd. Og derfor seier eg til deg, du er elska. Du er høgt elska. Så høgt at eg gav alt eg hadde, ja, eg har teikna deg i begge mine hender. Og derfor seier eg; frykt ikkje, du vesle hjord, for det har behaga dykkar far å gi dykk riket. I Jesu namn. 

Leave a comment