Korleis kan vi vite kva som er sant og rett og fortelje det vidare til andre? Kristus er Guds Ord, han er sanninga som set oss fri. Faderen var med han og salva han med sin Ande og den openberra Sanninga. Den gjer oss vise. Kjenner vi den, så kan vi også vite kva som er lygn og dårskap.
Jesus fekk namnet Immanuel, «Gud med oss», og han fekk oppleve at Gud var med han og læresveinane hans og gjorde sitt verk gjennom dei og han takka Faderen for det.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Då er det viktig for oss å tru på denne openberringa, den gjer alt så mykje lettare for oss.
Jesus velsigna småborna og sa til læresveinane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne måtte vende om og verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det.
Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»
Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Guds Ande, slik får vi ein nye natur. Kristus gjer Gud kjend for oss, Gud skaper oss i han og då skaper han oss atter i si likning, slik får vi den rette sjølvforståinga, så det er frigjerande. Gud vil at alle skal verte frelste og komme til å erkjenne sanninga, slik at den set dei fri.
Moses hadde sagt til folket at dei skulle vere Guds born og han åtvara dei mot å gjere opprør, då kom dei til å miste landet, men når dei då ved Guds nåde fekk komme tilbake til det, skulle dei verte omskorne på hjartet. Det høyrdest ut til at han heldt det som sannsynleg, ja, føresåg at dei kom til å gjere opprør og slik gjekk det. Profetane forkynte for dei at dei måtte vende om til Herren, men dei heldt dei for å vere nokre dumme tullingar. Dei var stolte og rekna seg som vise, men vart dåra og forførde slik som ved syndefallet. Adam vart dømd til døden, men Kristus døde i staden for oss, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved trua på han vert vi hjarteomskorne i den Heilage Ande, vi får ein ny natur, naturen til den siste Adam. Han er brødet som kom ned som manna frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Han er det evige livet, som er lyset for menneska, det opplyser eit kvart menneske så det får den rette sjølvforståinga, slik verkar det frigjerande.
I vår tid har kunnskapen auka, moderne vitskap og teknologi er for det meste rett og er vellukka, brukbar og nyttig. Mange prøver å bruke det som argument mot å tru på kristendomen og så prøver dei å forgude seg sjølve med sin kunnskap, men då endar det gjerne opp med noko som stri mot både kristendomen og ekte vitskap. Den «kunnskapen» som menneska prøver å forgude seg sjølve med, er eigentleg moralfilosofi, som motsetnad til evangeliet, slik var det med den Katolske Kyrkja sin motstand mot pionerane i den nye naturvitskapen. Det er framleis mykje politisk filosofi som strir mot kristendomen og som også strir mot ekte vitskap. Også mellom dei kristen, men der er nokre kristne som har oppdaga det og som forkynner omvending, slik som profetane fordum.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men ho fall i frå og dyrka avgudane, slik vart ho ei hore. Sions Dotter er Jesu brud, det er identiteten til hans kyrkje. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Men mange har falle frå og byrja å dyrke politikarar og styresmakter som gudar i staden. Det er endå til kristne som gjer det, men Herren kallar dei til å vende om. Dette har eg skrive om her:
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som tru på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Han var det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Ved å tru på han får vi sjå det slik at den gamle vonde naturen er krossfesta, død og i dåpen gravlagd med han. Der er vi også oppreiste med han, ved den Guds kraft som vekte han opp frå dei døde. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande. Slik får vi ein ny natur, den gamle vonde naturen måtte bort, slik at den nye får ta over.
Gud straffa folka med krig, svolt og sjukdom. Då fekk det betydning for kva slags gen som vart ført vidare til neste generasjon og slik utvikla folket seg i følgje utviklingslæra. Sidan det var Gud som gjorde det, kan vi seie at han skapte gjennom utvikling. Men kva betydning har den genetiske arven når vi skal sjå det slik at den gamle vonde naturen er krossfesta med Kristus, kjøtet, den fysiske og biologiske kroppen er krossfesta med Kristus. Når vi døyr vert den gravlagd og så skal himmel og jord forgå. Like vel skaper han gjennom utvikling, ved å drive avl. Kvifor øydela han ikkje alt og skapte alt nytt med det same. I staden skaper han gjennom utvikling ved å drive genetisk avl og genane våre har då betydning for kven vi er.
Jesus sa at himmel og jord skal forgå, men hans ord skal aldri forgå. Då blir det slutt på det biologiske livet på jorda også. Han er livsens brød som kom ned som manna frå himmelen, for å gi verda liv, dei ord han tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63) og det er evig. Får det då noko betydning at han dreiv avl og skapte utvikling av genane, langt på veg i samsvar med utviklingslæra? Betyr det ikkje då at genane våre framleis har og får betydning for kven vi er som menneske? Det gjer vel det, for elles kunne han vel ha gjort slutt på livet på jorda med ein gong og skapt alt på nytt.
Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syneoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Han vart gravlagd, men Gud vekte han opp frå dei døde og det var ei lekamleg oppstode.
Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. 2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde. 5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn. 6 Mellom dei er de òg, de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. 7 Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Gud herleggjorde han og sette han ved si høgre hand i himmelen, då var det også noko han gjorde med kroppen hans.
Joh.12,20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida. 21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. 24 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. 25 Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. 26 Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. 27 No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma. 28 Far, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det.»
Joh.20,11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14 Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.» 16 «Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» 18 Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
…….
24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
26 Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» 28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. 29 Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»
Verte frelst og komme til å erkjenne sanninga, så den set oss fri.
Vert vi verande i Jesu ord, får vi kjenne sanninga og den set oss fri.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.
Gud vil at alle skal verte frelste og komme til å erkjenne sanninga.
1.Tim.2,1 Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske. 2 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna. 5 For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus, 6 han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen; 7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
Joh.15,7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile. Frelse og frigjering, seie ja til hans kall og få den rette sjølvforståinga.
Gud skapte menneska i si likning. Han velsigna dei, dei levde i samfunn med han, han talte til dei og dei vende seg til han og høyrde på kva han sa. Slik fekk dei den rette sjølvforståinga og det var individuelt, for både mannen og for kvinna, men det handla også om at dei høyrde saman i eit ekteskap. Det er fundamentalt i eit folk og eit samfunn, soleis handlar det også om folk og samfunn. Derfor er det også på sin plass at eg skifter mellom å tale i generelle ordelag, utifrå skrifta, om Jesu kyrkje og vitne om mi personlege tru og liv i samfunn med Jesus.
Men etter syndefallet gøymde dei seg for han med dårleg samvit, som om dei ikkje lengre hadde den same, opphavlege og rette sjølvforståinga, som om dei hadde fåtte ein annan slags natur og slik vart sjølvforståinga deira. Gud sette strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt og vi forstår vel at det handlar om menneskelivet, så det vart ein strid mellom to naturar og to sjølvforståingar for menneske.
Gud gjorde ferdig skaparverket og så kvilte han sjuande dagen, etter alt sitt verk. Menneska var i Guds kvile, men fall ut av den og vart utestengde frå den. Så då arbeider Faderen enno og det gjer Sonen også.
Joh.5,8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» 9 Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.
Det var ein sabbat dette hende; 10 difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» 11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!» 12 «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13 Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der. 14 Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15 Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
Den fullmakt Sonen har
16 Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. 17 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.» 18 Etter dette var jødane endå meir huga på å drepa han, ikkje berre fordi han braut sabbaten, men òg fordi han kalla Gud far sin og gjorde seg sjølv lik Gud.
19 Då tok Jesus til ords og sa til dei:
Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins. 20 For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21 For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil. 22 Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen, 23 så alle skal æra Sonen liksom dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Faderen som har sendt han.
24 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet. 25 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei døde skal høyra Guds Sons røyst, og dei som høyrer, skal leva. 26 For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv; 27 og han har gjeve han fullmakt til å halda dom av di han er Menneskesonen. 28 De må ikkje undrast på dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29 Og dei skal koma fram; dei som har gjort godt, skal stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, skal stå opp til dom. 30 Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
Vitnemål om Jesus
31 Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt. 32 Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. 33 De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga. 34 Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste. 35 Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han. 36 Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg. 37 Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett, 38 og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje. 39 De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! 40 Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske; 42 men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk. 43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot. 44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud? 45 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til. 46 For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive. 47 Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord?
Kvinna skulle trå etter mannen sin, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød til dess han for til jorda igjen, mold var han og til molda skulle han attende. Gud var ånd, men mannen var mold, så han var ikkje heilt slik som Gud likevel, altså.
Men no er Kristus den siste Adam (1.Kor.15), som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er Guds Ord, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile, for vi får oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.
Joh.1,16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Drikke av kjelda med det levande vatnet.
Gud er kjelda med det levande vatnet, så den rette sjølvforståinga er å lengte og tørste etter den, så vi kjem til Kristus og drikk av kjelda med det levande vatnet.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Salme.36,8 Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud,
søkjer menneskeborna livd.
9 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka or gledebekken din.
10 For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.
Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Joh.Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Jesus kalla Sions Dotter ut i fridomen.
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia. Tyding av tungetale, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
SITAT SLUTT.
Jesus kalla Sions Dotter ut i dansen med dei glade for han er Herren hennar brudgom og ektemann.
Tyding av tungetale, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ :
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
SITAT SLUTT.
Dette minner om kjærleiken mellom brudgomen og bruda i Høgsangen, han kalla henne ut i livets vår, men når ho omsider stod opp og kom ut, fann ho han ikkje og vart fortvila, sorgfull, ja, deprimert. No kallar han henne ut på nytt og det er fullt mogleg at det kan gå betre no, men det kjem an på henne som han kallar.
Ho, ja, alle oss som han kallar kan sikre oss at det går betre denne gongen, ved at vi seier ja til han og kjem til han, høyrer på han, snakkar med han, vender hugen opp til han og festar blikket på han.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

