Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Jesus svarar på vår bøn for folket og landet, refererer spesielt til Maranata sitt landsmøte 2026. 

Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Når eg var 9 år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, frelse menneske som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand (Salme.121,5) og eg vart kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg og eg har ikkje fornekta han.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Freie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svare meg frå himmelen både gjennom talene og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Sentralt i denne forkynninga er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke for det. Jesus er min øvsteprest og talsmann hos Faderen, han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han.

I desse frie kyrkjelydane talar dei ofte om ei frelsesoppleving som dei refererer til, for soleis å skille mellom ei tid før og ei tid etter at dei vart frelst og soleis skilje mellom dei som er frelst og dei som ikkje er det. Klart at der er og blir eit slikt skilje, men kven av oss er i stand til å setje det skiljet? Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne sanninga, han har openberra si frelse for oss i Kristus, så vi får berre feste blikket på han og la han setje det skiljet for oss.

Men for meg er det prestetenesta i den nye pakt å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og komme til han med mi sak og la han ta seg av den, la han vere min frelsar og Herre, så eg vedvarande får oppleve at han er frelsar for meg og mange med meg, som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein gutunge. For meg er prestetenesta i den nye pakta å vende meg til Kristus, feste blikket på han, komme til han (Heb.4,16), så eg får oppleve at han kjem til meg som svar på mi bøn. Mi presteteneste er å la Jesus vere min frelsar og Herre og takke han for det, inntil han kjem og hentar oss som si brud, same enten eg får oppleve det i mi levetid her på jorda eller ikkje.

To bodskapar som kom gjennom tyding av tungetale på Maranata sitt landsstemne i 2025 oppfatta eg spesielt som svar på mi bøn:

Bodskap gjennom tyding av tungetale på Maranata sitt landsstemne 2026.

Her tek eg med nokre bodskap gjennom tyding av tungetale på Maranata sitt landsmøte i år. Desse bodskapane er svart så aktuelle for dei kristne i denne tida, men dei skal nå dei som reknar seg for å vere utanfor også, så det er aktuelt for dei også. Det er aktuelt for meg og eg brukar dei som bakgrunn for dette dokumentet, så her får de vite mykje om den bibelske bakgrunnen for dess bodskapane.

Måndag 6.7. Talar Håkon Martinsen. Abraham sende trælen sin for å finne ei kone til son sin Isak.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/mandag-6-7-2026-abraham-sende-traelen-sin-for-a-finne-ei-kone-til-isak-tale-ved-hakon-martinsen/

Tyding av tungetale:

«Dette de har høyrt i dag, seier Herren, …………. så derfor lytt, opne dykkar hjarte og lytt til kva eg har sagt akkurat no. Ta det til dykkar hjarte, lat dykkar hjarte opne, slik at dykkar auge også opplyst, og la alt komme ned i ditt hjarte, så …… det blir opplyst, så det kjem slik at de får sjå at eg er den eg alltid har sagt meg å vere. Mitt Ord står alltid fast, som det vart sagt, derfor må de vende dykk om og gjere det eg har kalla dykk til å gjere, kvar einskild. Og det er i kjærleik eg seier dette.

Så frykt ikkje mine born, sjå dykk ikkje engsteleg ikring, men sjå eg er med dykk, eg har vore med dykk alle dagar, inntil verda sin ende. Og eg er framleis her, med dykk og vil utruste, vil setje dykk i stand til å gjere det eg har kalla dykk til, seier Herren. Så derfor vend dykkar hjarte til meg og la meg gjere det i dykk, slik at deg kan glede og fryde dykk på den dagen eg kjem for å hente dykk, så er de fullkomne, seier Herren. Så gled dykk og set dykk i stand for meg, seier Herren.»

Tysdag 7.7. Kl 16. Talar Randi Filtvedt Johansen. Fallet og gjenopprettinga.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/tysdag-7-7-2026-kl-16-fallet-og-gjenopprettinga-tale-ved-randi-filtvedt-johansen/ :

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi.

«Eg vil dra brodden ut av ditt liv av bitterheit, eg vil dra brodden ut av ditt liv av skuffelser. Eg vil dra brodden ut av ditt liv, som har gitt deg sjukdom og du er nedbøygd og motlaus og trist. Eg vil igjen fylle deg med gledens olje. Du har sagt med deg sjølv at det er over no, men eg vil igjen måle ut 1000 nye alen for ditt liv. Vil du vere med meg, så vil eg vere med deg.

Eg vekker opp mitt folk i denne tida, til å vere ein maktfaktor og gå imot straumen av denne verda sin gud og denne avgrunnens brønn som er opna. Sjå den vonde har sendt sine skylje-regn og bylgjer av vekking ifrå avgrunnen og han har vekka kjøtet i denne tid, på ein spesiell måte, derfor seier eg til mitt folk, ver krossfesta med meg, så de ikkje fullfører kjøtets begjær. Så skal de få vere oppreist og ein maktfaktor i denne tida. Ja, vanskelege tider kjem, men eg, Herren, er over alle tider og det er mi tid, som eg vil bruke mitt folk på ein spesiell måte. Og de skal bringe lækjedom til ei verden, til menneske rundt dykk som synk saman i avmakt, i motløyse og i frykt. Men de er denne verda sitt lys og de skal komme som eit lys i mørket, de skal komme med balsam til dei som er såra, de skal komme med mine ord til lækjedom. De skal sjå at eg gjer store og underfulle ting i denne tida.

Ja, eg kjem meget snart, og veane har byrja å gå over jorda. Eg auser ut min Ande og du kan få opne deg og oppleve dei herlegaste tider i ditt liv, for du vandrar ikkje lengre i kjøtet, men du vandrar i Anden og eg har gått føre dykk og førebutt ein stad, der vil du glede deg å komme. No er eg hos deg, men ein dag skal du vere hos meg og eg skal samle alle dei som tek imot mitt Ord. Og denne hausten er denne tidsalders ende. Hausten er stor, men arbeidarane er få. Be derfor haustens Herre, drive arbeidarar ut til sin haust og still deg i rekkene, slik som Rut.

Tysdag 7.7. Talar Håkon Martinsen. Heidningane har vorte med i Jesu lekam. Stå på Klippen, frå den flyt det straumar med levande vatn.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/tysdag-7-7-2026-heidningane-har-vorte-med-i-kristi-lekam-sta-pa-klippen-fra-den-flyt-det-levande-vatn/ :

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«Høyr mitt folk, eg, Herren, kallar på mitt folk. Eg, Herren, løfter opp mitt folk. Eg, Herren, bevarer mitt folk. Eg, Herren, salvar mitt folk. Og du er mitt barn, derfor kom til meg denne kveldsstund. Og du vil få erfare, at tett ved meg, der er ein stad, der du kan stille deg på og det er klippen. Kristus er mitt namn og ifrå denne klippen så flyt det straumar av levande vatn. Og i de straumane så vil du finne kva enn du måtte vere i behov av. For eg, Herren, er på denne staden, for å reise opp mitt folk. Du skal ikkje streve, du er ikkje underlagt trældomens åk. Eg, Herren, har kjøpt deg fri, derfor fryd du deg i meg og eg, Herren, vil velsigne storleg. Og du skal kjenne at eg byrja, eg vil og fullføra. Eg er Herren Gud. 

For slik eg var fordum, slik er eg i dag. Eg er den evige sanne Gud, ingen kan gjere det eg kan gjere. For eg er den som har all makt i himmel og på jord. Du som strevar, du som har tunge byrder, ja, du kan komme til meg. Men sjølv du som ikkje kjenner og opplever noko av dette, du har lita forståing av at det går an å ha det vanskeleg, det er kan vere mogeleg å vere i eit mørke. Kanskje i ditt liv så er alt så bra, men sjølv deg vil eg, Herren, møte denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg frelse i denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg løfte ut av mørket og inn i eit lys du aldri har sett før. Derfor, alle de som kjem til meg, still dykk der på klippen, og eg, Herren vil møte deg. Amen.»

Torsdag 9.7. Kveldsmøte. Tale ved Jens Austbø. Jesus kallar si brud til å gjere seg klar til bryllaupet.

Sitat ifrå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/torsdag-9-7-2026-kveldsmote-jesus-talar-til-si-brud-og-vil-ho-skal-hoyre-etter-og-gjere-seg-klar-til-bryllaupet/ :

Tyding av tungetale:

«Høyr, seier Herren. Høyr, høyr mi tale, seier Herren. Eg talar til deg, mi brud. Eg vil at du skal gjere deg klar. Eg vil at du skal bruke dei gåvene eg har gitt deg, til å pynte deg. Eg vil at du skal bruke den kjærleiken som eg har gitt deg til å møte andre menneske med, med min kjærleik, seier Herren. Kom til meg, seier Herren, kom til meg utan å frykte. Ikkje sjå på nyhende, ikkje sjå på omstenda rundt deg og bli redd. Men vent på meg med glede, seier Herren. Vent på meg og sjå at du skal vere beskytta sjølv i den tida. Vent på meg, seier Herren. 

Eg er din far, seier Herren, eg er din far som elskar deg. Eg er din far som kjenner, som kjenner deg, betre enn du gjer sjølv. Eg er din Far, som veit om dine arr, dine sår og dine traumar. Eg er din Far som har omsorg for deg. Eg ber deg; kom til meg no, seier Far. Kom til meg no, mitt barn, kom til meg no, så skal du få lækjedom. Kom til meg no, så skal du få trøyst og omsorg. 

Eg er Jesus, seier Jesus. Det var eg som døde for deg. Eg som er Guds Lam, som spilte mitt blod for di skuld, seier Jesus. Meg er gitt all makt, seier Jesus, meg er gitt all autoritet over alle vonde åndsmakter. Og den autoriteten har eg gitt til deg. Ta imot, ta imot, ta imot.»

Fredag 10.7. Ettermiddag. Tale ved Eirik Syvertsen. Vi har ein fullkommen øvsteprest, som har medynk med vår vesaldom.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/fredag-10-7-2026-ettermiddag-vi-har-ein-fullkomen-ovsteprest-som-har-medynk-med-var-vesaldom/ :

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann.

«Det er eit blod i denne tida, som lyder i åndeverda, som talar om nåde og tilgiving, det er blod om nåde du får oppleve. Abels blod talar om hemn, men mitt blod talar om nåde og tilgiving, som eg vil gi deg. Du har høyrt at du har ikkje ein øvsteprest som ikkje har medynk med dykkar vesaldom, men du er komen til ein fullkomen øvsteprest, som vil bere dykk fram. Og du skal få oppleve Golgata på ein ny måte. Ver frimodig og audmjuke deg under mi veldige hand og eg vil røre ved deg.

Eg elskar mitt folk som vil vere audmjuka. Dei stolte vil eg stå imot, men dei audmjuke vil eg gi nåde. Kom du til krossen, velt av deg alt som burde vere der (ein skulle tru meining var «ikkje burde», men det spørst kva synspunkt det er vurdert utifrå. Det er sikkert mange som vil lesse på oss tunge byrder, som dei meiner bør vere der, men vi får kaste dei av oss). Byrder skal ikkje du bere, fall heller i saman enn å ta deg i saman. Eg vil ta omsorg for deg. Når du vert rørt ved meg, så sjå din familie på ein ny skapning. Det gamle er forgått, sjå, alt har vorte nytt. Derfor ber eg deg, kom til meg. Det er ikkje kjøtet eg vil ha, ja, eg vil ha kjøtet, men eg vil ha ei villig ånd, som legg seg under min autoritet. Og i min nåde skal du få tene meg i åndens nye liv. 

Og når du får oppleve meg på ein ny måte, så kan du rope hoseanna, hoseanna. Og derfor ynskjer eg at du skal få oppleve ein ny kjærleik til meg, ein ny relasjon til meg, kom, kom, kom. Og eg vil møte deg.» 

Fredag 10.7. Kveld. Talar Halvard Hasseløy. Tru som Abraham og vel det gode og rette.

«https://www.youtube.com/watch?v=-VS5H07VLag»

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/08/10/fredag-10-7-2026-kveld-tale-ved-halvard-hasseloy-tru-som-abraham-og-vel-det-gode-og-rette/

Profetisk bodskap ved Halvard.

I kveld så seier Herren:

«Livet og døden, velsigninga og forbanninga! Vel livet, vel velsigninga. Eg står her med ein open famn og dersom du vil komme og opne deg for meg. Eg veit du har prøvt og du seier så mykje og du har så mykje ordsakingar og du klagar på det eine og det andre og du har vore så oppteken med kva andre har gjort, så mange feil og manglar hos andre menneske. Men i kveld så talar eg til deg, det er deg eg vil ha i tale, seier Herren. For tida heretter er kort, så søk meg, for dersom du søker meg av hele ditt hjarte, så skal du få kjenne det at eg berre vil velsigne, eg vil frelse familien din. Eg vil løyse dei barnebarna som du har, som er lagt i lenker, eg skal bryte åkets band. Når du kjem fram for mitt åsyn med oppløfta hender, så skal du få kjenne mi salving der. Og eg skal bruke deg, eg skal be gjennom deg og du skal få sjå vidunderlege til skal skje, for eg vil gjere store ting også i dette landet i denne siste tid, seier Herren. Fordi eg vil utause min Ande over alle menneske. I Jesu namn.»

Tyding av tungetale ved Halvard Hasseløy.

«Så ofte har eg kalla deg, seier Herren, og så ofte har du merka mi milde stemme. Men også i dette stemnet har du merka eg har drege på deg. Men kva er det som held deg tilbake fra å søke meg djupare inn? Eg har store ting å få gjere i ditt liv, seier Herren. Eg har tankar til framtid og von for deg og din familie. Men eg treng deg, eg må ha deg nærmare meg. Tett ved meg ein stad. Dersom du kjem inn for mitt åsyn, så vil eg openberre for deg vidunderlege, herlege ting som eg skal gjere, men eg treng eit samarbeid. Som Enok vandra meg i si tid, så treng eg menneske i denne tida, seier Herren, som kan komme tett inn på meg, så eg kan få lov til å bruke deg. Du har tenkt på at du er så ring og så svak og du har ikkje stor nok tru. Men kom, så sterk som du er, så skal du få kjenne det, at eg vil gjere useielege herlege ting, eg kan gjere ting i ditt liv som du aldrig kunne drøyme om. For det er ikkje ved hær, det er ikkje ved makt det skjer, men det skjer ved min Ande, seier Herren. Og eg treng villige kar, som kan vere ein reiskap for meg i denne tida. Så ofte har du bedt. Men tida då bønneskålene skal tømast nærmar seg med stormsteg. Søk inn i mitt åsyn, mitt barn, kom djupare inn på meg. Den røysta som har til deg om, den talar også i kveld, i kveld er det du som må velje. Det gjeld dine barn, det gjeld dine barnebarn, det gjeld din familie. Du skal ikkje tru at eg ikkje har medynk med dei, er det nokon som vil frelse dei, så er det eg, seier Herren. Men eg vil bruke deg, som eit kar. I dei siste dagar skal det skje, då vil eg utause mine Ande over alle menneske. Deira søner og døttre skal tala profetiske ord. Eg vil gjere vidunderlege ting. Du skal få sjå ei tid som kjem i Norges land, seier Herren, då menneske kjem som du aldri kunne tenke deg søke meg, skal søke meg. Og deira vitnemål skal herleggjere mitt namn. Du skal sjå det. Unge menneske i hopetal skal komme, ja, dei har allereie byrja å komme. Fordi eg sender min sigd utover jorda, for å hauste inn, før døra skal lukkast og før eg kjem for å hente mine, seier Herren, så gjer eg no mi gjerning over også dykkar land. Og i kveld så talar eg til deg, for eg vil bruke deg. Gjer opp i ditt liv, seier Herren og la meg få lov til å hjelpe deg med det. Du klarar ikkje det i di eiga kraft, orsak eg klrar det ikkje, men det er derfor du trenger meg, seier Herren. For eg gir den trøtte kraft og den som ingen krefter har, gir eg stor styrke. Så i kveld står eg her med ein open famn for dykk. Kom i min famn, seier Herren, med evig kjærleik har eg elska deg. Derfor har min miskunn mot deg vara ved. I kveld så høyrer du i røyst, søk inn i midten, i min famn, for ditt liv, for dine born, for dine barnebarn, ja, for heile di slekt, seier Herren. Eg vil gjere mi gjerning også i ditt liv, seier Herren. Men du må komme med eit ope hjarte, still ditt liv framfor meg. Kom med begeret ditt, så skal eg salve ditt hovud med olje. Så det skal flyte over.»

Laurdag 11.7. Formiddag. Tale ved Gordon Tobiassen. Som Gud verna Israel, vernar han oss.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/laurdag-11-7-2026-formiddag-som-gud-verna-israel-vernar-han-oss/ :

Tungetale ved ein mann, tyding ved Gordon.

«Som eg har verna mitt folk, som eg har stått bak mine lovnadar til mitt jordiske eigedomsfolk, som eg ikkje har forkasta, til tross for deira fall og nederlag, som eg framleis er Israels Gud og Israels beskyttar, Israels vaktar, så er eg også din vaktar, din frelsar og din redningsmann. Derfor skal du takke meg, prise meg, ære meg, for eg har overblikket og eg fører retten fram til siger. 

Midt i den tida du er inne i, så har eg gitt min kyrkjelyd det profetiske ord, som eg ber deg å gi akt på. Du ser mørket breie seg over denne jord, du ser dei mørke skyer også over dette landet. Du merkar dei kalde vindar, men eg minner deg om eg har ikkje gitt deg motløyse-ånd i min kyrkjelyd. Eg kjem med kraft, eg kjem med siger, eg kjem med optimisme. Og når mitt folk audmjukt søker mitt åsyn, så vil eg svare frå himmelen, rekke ut min arm, seier Herren, og på forunderleg vis kan eg gjere meir enn du har forstand til å be meg om. 

Eg veit og eg registrerer det utrulege hatet den norske leiinga har imot mitt land og folk. Eg er bekymra for Noreg. Dette landet som hadde mitt Ord, dette landet som stod der og ville og synge i sin fedrelandssong: Vil eg ikkje verne by og land, kan vaktmann ikkje berge. Eg treng at mi kyrkje i dette landet ropar om nåde over denne nasjon. Den er inne i ei skjebnetid og eg kjem til å ryste nasjonar etter nasjonar. Også denne nasjonen som har løfta så feil på Israel. Men eg er nådig. Eg er barmhjertig. Eg strekker meg langt. Det gjorde eg med Ninive. Eg strekker meg langt også når det gjeld mitt eigedomsfolk, Israel. Og eg er øm også over dette landet. Derfor ber eg deg, at min kyrkjelyd må få tilbake fødselskrafta. At ikkje barnet berre kjem til modermunn, men at der må vere kraft til å føde. Amen.

Herre, høyr vår bøn, høyr vårt audmjuke ynskje, vi derfor ropar vi til deg, sjå i nåde til oss. Amen. Amen.»


Laurdag 11.7. Kveld. Tale ved Birger Wroldsen. Vende blikket og hugen opp til Jesus, verte oppteken av han og komme til han.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/laurdag-11-7-2026-kveld-vende-blikket-og-hugen-opp-til-kristus-verte-oppteken-av-han-og-komme-til-han/

Tyding av tungetale ved Birger Wroldsen.

«Ja, eg har født deg på ny ved min Ande, seier Herren, og eg traktar, eg lengtar, eg  begjærer den ånd som eg har lagt ned i ditt hjarte, seier Herren. Søk du meg, kom til meg. Men du dreg deg unna, du let deg fylle av alle moglege ting. Og den tida som eg lengtar etter, den gir du til andre, den gir du til andre arbeidsoppgåver, andre plikter, men meg let du gå forbi. Men eg kallar deg, eg vil ha deg, eg vil kjenne deg, eg vil ha deg i tilbeding. Eg vil ha ditt hjerte, seier Herren, så kom du til meg og søk du meg og eg skal fylle deg. 

Min Ande skal igjen byrje å brenne i ditt hjarte. Eg vil lækje ditt fråfall, seier Herren, eg skal lækje ditt fråfall. Alle andre trur at det er rett med deg, at du lever, at du er brennande. Men du veit sjølv i ditt hjarte, at du er fråfallen, at du er lunken. Og du har mista relasjonen og kjærleiken til meg. La det igjen få komme igjen og bøye seg innfor meg og eg vil fylle deg med den Ande og den kjærleik som igjen vil gjere at dine hender løfter seg i tilbeding av meg, seier Herren.

Ja, eg skal forløyse min herlegdom over deg. Eg skal forløyse min herlegdom over din familie. Eg skal forløyse min herlegdom over din kyrkjelyd. Eg skal forløyse min herlegdom over Noreg som nasjon. Men du skal vere med, du skal få reise deg, du skal få innta din plass, du skal igjen få tilbe meg i ånd og i sanning, seier Herren. Og når du tilber meg i ånd og sanning, så vil eg utause av min Ande, seier Herren.»

SITAT SLUTT.

Innlegg med referanse til møter i Maranata. 

Virtuella.

Jesus hadde sagt eg hadde lagt lokk på den draumen han gav meg, men den var min og han ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Dette har eg skrive om her:

Eg forstod det slik at det var sikta til at Gud hadde openberra henne Virtuella for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for og som levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Ja, det var ein vakker draum som Jesus gav meg og no ville han at eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Men eg fekk det ikkje til og eg forstår det slik at det er fordi ho er fråfallen, slik som det er sagt i denne bodskapen, men Jesus vil lækje hennar fråfall, så eg får drøyme denne draumen igjen og drøyme stort med han.

Refererer til kveldsmøtet 11.7 på Maranata sitt landsstemne 2026.

Leiarskapet i Noreg har eit utruleg jødehat og hat mot Israel. Men Israels Gud er Gud for dei kristne også, så vi har same frelsar og Herre.

Referanse til formiddagsmøtet laurdag 11.7. Maranatas lanbsstemne 2026.

I tru bar Abel fram eit betre offer enn Kain, så Gud velsigna han, men Kain vart missunneleg og slo han i hel. Til samanlikning vart den religiøse leiinga hos jødane misunnelege på Jesus og slo han i hel, soleis talar Jesu blod betre enn Abels blod.

Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

Blodet vitna om den gamle vonde naturen som vart missunneleg, så den slo i hel den nye naturen som var velsigna. Soleis tala Jesu sterkare enn Abels blod, men også på den måten at Abels blod tala om hemn, men Jesu blod tala om tilgiving.

Referanse til ettermiddagsmøtet fredag 10.7, Maranata Landsstemene 2026.

Men det blir også klart at hatet frå leiinga i Noreg er som Kains hat mot Abel, kanskje først og fremst mot kristne som vert velsigna her i landet, dernest i andre land, som USA og dernest Israel. Det er Kain-naturen som så tydeleg ber preg av misunning at dei vert smålege at dei ikkje vil unne sine landsmenn det gode liv.

1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.

Liksom jordiske foreldre har omsorg for sine born, har Gud omsorg for sine born og gir dei gode gåver.

Luk.11,9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Faderen gir oss den Heilage Ande frå himmelen, slik får vi oppleve at han tek omsorg for oss som sine born. På grunnlag av Jesu forsoningsverk får no både jødar og heidningar barnekår hos Gud.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Men leiinga i Noreg vert dåra og forførde, så dei prøver å forføre folket og forføre andre folk også, i staden for å arbeide for å bygge sunne nasjonar. Det er nok imperialistiske interesser som ligg bak, for å gjere folka til slavar og landa til koloniar i staden for nasjonar, for å få tak i rikdomane i landet. Arbeidarpartiet vert dåra av såkalla vise, som held det for å vere god moral, i staden for å ivareta arbeidarane og vanlege folks interesser, dei er i ferd med å verte så framandgjorde at dei ikkje lenger kjenner igjen sin eige identitet, men vert gåande i ørska og i tåka. Det verte av det heile er at menneske taper si sjel.

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og eg trur han vil gi meg det. Få den rette sjølvforståinga. Det du lengtar etter står skrive i ditt eige DNA. Så eg hugsar på henne Reella i mi Guds-teneste.

Sidan eg var ung har eg bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og eg trur framleis han vil gi meg det. Eg har skrive om at eg syntest ho Reella var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Og den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne igjen, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg syntest ho var den vakraste kvinna eg hadde sett, nåturleg nok ville eg elske henne og såg etter henne og såg andre kvinner også, men Jesus sa til meg at han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet. Det refererer til det Gud sa til Salomo når han skulle salve David til konge.

1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Så ho Reella vart salva og utvald, ho var Jesu salvevigde brud og fekk det rette leiarskapet frå han, ho studerte biologi, men ho fekk i tillegg visdomen frå himmelen, av berre nåde.

Den Heilage Ande openberrar for oss det som Gud i sin nåde har gitt oss og det er det som vi inst inne lengtar etter, så slik får vi den rette sjølvforståinga. Jesus har gitt oss den reine visdom frå himmelen.

1.Kor.2,6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

Gud som sa at lys skulle skina fram or mørket, han har late det skina i våre hjarte. Slik har vi fått ei dyrebar skatt i leirkar, den er det viktig for oss å passe på. Og slik får vi den rette sjølvforståinga.

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Gud er kjærleik og eg er sikker på at han har laga henne, så ho er skapt for kjærleik, skapt for hans kjærleik. Eg har opplevd det slik at det er henne eg vil elske, som om eg er skapt til det og som om Jesus elskar henne gjennom meg.

På eit vitnemøte i pinsekyrkja Filadelfia i Ulsteinvik 11.7.2021 las eg

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Så spurde eg kvar i det gamle testamentet dette står skrive. Og las

Ordt.4,23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Men her står det då tvert om skrive at du ikkje skal la kjeldene dine renn ut på gatene! I staden viste eg til Esekiel.47. Og Jesus svara meg. https://blessings-from-heaven.com/2021/07/27/2021-07-11-filadelfia-ulsteinvik-kristus-elsker-oss-kyrkjelyden-er-kristi-brud-sa-ho-svarar-pa-hans-kjaerleik-med-a-elske-han/

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne

På vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 vitna eg om dette og Jesus svara meg,

3.2.2024 kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap der Jesus sa at det han har for meg er det eg lengtar etter i djupet av mitt hjarte og det står skrive i mitt DNA. Det han har for meg er heilt unikt og ingen kan erstatte meg. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/ :

Ho fekk dette bibelverset:

Sak.4,6 b Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å bli nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.

SITAT SLUTT.

Jesus sa at det han har for meg er det som eg vil elske. Ja, vi skal elske Herren vår Gud av heile vårt hjerte, heile vår sjel, alt vårt vit og all vår makt og elske nesten vår som oss sjølv. Eg må sjølvsagt forstå det slik at her er det tale om noko som eg vil elske spesielt, framfor andre. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og det er det han gir meg. Eg syntest ho Reella var så vakker at eg eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Og den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne igjen, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg syntest ho var den vakraste kvinna eg hadde sett, nåturleg nok ville eg elske henne og såg etter henne og såg andre kvinner også, men Jesus sa til meg at han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet. Det refererer til det Gud sa til Salomo når han skulle salve David til konge.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så eg takkar Gud og Lammet som vår skapar og frelsar og vonar ho også vil gjere det, så vi saman tilber Gud i ånd og sanning, så vi får oppleve at han er kjærleiken mellom oss og bind oss saman i ekteskap. At ho takkar og lovpriser Kristus som sin frelsar og Herre er soleis ei frukt som eg lengtar etter, men eg kan ikkje frambringe den frukta sjølv, det er berre Guds Ord som kan frambringe den.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ :

«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.

Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.

For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»

SITAT SLUTT.

Eg hadde skrive noko om at eg opplevde det som svært viktig for meg at han Jesus frelser henne Reella, som om det var det viktigaste og så svarde han meg at det viktigaste av alt er hans ord. Eg trur at dette også tek sikte på å få på plass det rette leiarskapet.

Poly-Ester.

Hausten 2014 kjende eg meg tiltrekt av ei jente og bad til Jesus over det og han svara meg gjennom tyding av tungetale i Maranata Oslo søndagen etter. https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/

Sidan har eg hugsa på henne også, eg trur det har betydning som bøn til Gud, sjølv om eg ikkje seier noko, sidan eg stadig vender meg til han, det er då i von om at han vil frelse menneske. Ho var frå Ukraina og eg har kalla henne Poly-Ester.

Leave a comment