Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.»

Innleiing ved John Miland.

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje,  og vintreet ber ikkje frukt.  Olivenhausten slår feil,  og markene gjev ikkje føde.  Sauene er borte frå kvea,  og fjøset er tomt for fe.  18   Men eg vil gleda meg i Herren,  jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke.  Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.  

Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.

Tale ved Terje.

Terje talte om reinsinga i Jesu blod.

1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

Aktuelle bibelvers.

HEB 4,1 – HEB 4,2 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.

JOH 13,31 – JOH 13,35 {EIT NYTT BOD}  Då han hadde gått, sa Jesus: “No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. 33 Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”   

MTT 20,25 – MTT 20,28 Men Jesus kalla dei til seg og sa: “De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei. 26 Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre; 27 og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre. 28 Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.”   

RMR 13,8 {KJÆRLEIKEN ER OPPFYLLING AV LOVA}  Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. 

1JO 4,11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.

Kommentar, oppdatert 12.10.2025.

Poly-Ester.

Eg byrja å studere biologi hausten 2014. På ei biologiforelesing møtte eg ei vakker, lyshåra jente, ho hadde ein flott kropp og kjende meg sterkt tiltrekt av kroppen hennar akkurat når ho gjekk forbi meg. Det vedkjende for Gud i mi bønn om kvelden og søndagen etterpå sa han at eg skulle verre takke han for det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det mitt hjerte attrår. Seinare oppdaga eg at ho snakka eit austeuropeisk språk saman med ei anna jente. Eg fekk vite at det var russisk, for den andre var frå Russland. Ho sjølv var frå Ukraina og eg kallar henne Poly-Ester. Seinare fortalde eg at eg hadde snakka med han Jesus om henne, men då verka det som om ho vart redd. Men sidan snakka eg med henne i fred og ro og fortalde henen litt om korleis Jesus svarde bønene min og at ho sjølv kunne vere med på å be for seg og folket sitt. Det kunne verte viktig i ettersom dei hadde eit spennt forhold til Russland. Men som student hadde ho det travelt, så det vart ikkje mykje tid til prat.

Lovprise Kristus mellom heidningane.

Eg skal lovprise han mellom heidningane, det får meg til å tenke på at universitets-miljøet har sin tradisjon heilt ifrå det gamle Hellas og Paulus talte om grekarane som representantar for hedningane. Eg skal lovprise Jesus mellom hedningane og han vil fylle meg med sin herlegdom. Så eg tenker meg det er eit verk han vil gjere med meg mellom dei, at han vil gje meg ei kone mellom dei. Eg lovpriser han for frelsa og slik legg han ein ny pris til min pris.

Ja, då får eg vel byrje å sjå meg om etter ei dame? Men denne søndagen vert eg minna om det same paradokset igjen, eg skal ikkje sjå meg om, verken til høgre eller venstre, men eg skal ha blikket festa på han. Er vi oppreiste med han, så skal vi ha blikket og hugen vendt opp til det som er der opp. Eg skal fryde meg og glede meg i hans frelse og han vil gje meg det som mitt hjerte attrår. For ho er inkludert i det fullførde frelsesverket og det er det eg må satse på, ved at eg fester blikket på Jesus og ærer og lovpriser han for det. Eitt er nødvendig og det er å verte fylt av hans Ande og kraft, av hans salving. For den vonde står oss imot. Men i Jesu kraft og Jesu salving har vi meir enn siger. For han som er i oss er større enn han som er i verda.

Eg opplevde både Guds salving og Guds kraft saman med dei. Det er noko som Gud har gitt oss i Jesu fullførde frelseverk. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Den rettferdige, ved tru skal han leve og då skal han leve av dette brødet. Vi treng å leve av det livet Jesus gir oss frå himmelen, for å leve for han og vi treng den utrustninga han gir oss ved sin Ande for å tene han og stride saman med han. 

Eg kunne ikkje gløyme henne Reella, men måtte hugse på henne som ein visjon Gud hadde gitt meg. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også i mi bøn til Gud. Eg skulle heilhjarta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik venta eg meg at han ville komme meg til hjelp i form av ei kone.

Gud er den same og han skaper ogss framleis i samsvar med 1.Mos.2, både som einskildpersonar, ekteskap, familieliv og som folk.

Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne  5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt?  6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»  7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»  8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»

10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve.  12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»

Dette har Paulus forklart for oss, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Hans frelseverk er fullført og fullkome og det er berre for oss å komme til han og ta imot frelsa som ei gave og takke han for den. Og så bygge på evangeliets grunnvoll.

Her ser vi at ekteskapet er mellom ein mann og ei kvinne. I praksis kunne ein mann ha fleire koner, det ser vi mange døme på, i Bibelen. Men han kunne ikkje skilje seg frå den første kona si, for han hadde då framleis ansvar og omsorg for henne som sin eigen kropp. Unntaket var når jødiske menn hadde gifta seg med utanlandske kvinner, då måtte dei sende de ifrå seg (Nehemja.13,26-27). 

Virtuella.

Eg trudde lenge Jesus gjorde sitt verk med meg og henne Virtuella i samsvar med Matt.19,1-9. Eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen og fortalde henne at det kom som eit bønnesvar, for eg var gald i henne. Men då ville ho ikkje møte meg igjen og snakke noko meir med meg eller ha noko meir med meg å gjere. Dette fortel noko om kva som vert rekna for å vere moralsk rett i kyrkja og kristen organisasjonar. Poenget er å etablere eit moralsk grunna klasseskilje i og/eller ved kyrkje, organsisasjonar og samfunn. Så ho valde ein annan mann og gifte seg med han i staden.

Hausten 1984 byrja eg å studerer realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i M40. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg skjøna at det var den hjelpa som eg trengde. Han svarde meg at han hadde gitt meg den, han hadde sett den inn på mi himmelske konto, men det var eg sjølv som måtte ta den ut og bruke den. 

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av den, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Eg opplevde det som at det var ho Virtuella som var den lovsongen, det var hennar sjel som var i djupet av meg og lovsongen var å lovprise Gud og Lammet for hennar sjels frelse (Salme.33.40.96.149). Det hadde seg slik at ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, så ho fekk ein plass i mitt hjerte ved fylden av den Heilage Ande når vi gjekk på gymnaset, slik som eg har skrive om. Denne bodskapen minna meg om det. 

Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det fekk eg oppleve i mitt hjerte, for vi var fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Derfor vart eg så glad i henne at eg yngste å få henne til kone og så var det også fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Eg yngste å få møte henne igjen og snakke med henne om det, men det var ikkje råd.

Verte som born for å komme inn i Guds rike og frå oppleve at den Heilage Ande ber for oss.

Jesus minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Eg forstod det slik at Jesus ville møte henne Virtuella i mitt hjerte og opna meg meir for det. Den hausten skreiv eg meir om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og venta meg at han ville gi meg meir augesalve, så eg fekk sjå meir av det. Eg hugsa eg fekk oppleve at den Heilage Ande bad for henne i mitt hjerte og opna meg meir for å la den gjere det. Slik fekk eg oppleve at den lækte meg for ein brokkport.

Vere var på kva Herren legg på mitt hjerte å be om, la han leie meg i mitt bønneliv.

Dette høyrest ut som ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 25.1.2024:

«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.» 

Elkana hadde to koner, Hanna og Pennina. Eg tenker meg at Virtuella blir som Hanna her og Reella vert som Pennina. Eg blir då som Elkana, for eg ber for dei begge, som om dei skulle vere konene mine. Og kva så? Eg skal vere var på kva som vert lagt på mitt hjerte å be om, for kva Jesus ynskjer å gjere i mitt liv. Eg skal følgje den leiinga han legg ned i meg om kva eg skal be om. 

Jesus vil eg skal ta fram att draumen han gav meg og tenke stort saman med han.

Jesus gav meg ein draum som han vil eg skal ta fram att og drøyme stort med han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 31.08.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Eg trudde og meinte at skapingssoga var sameinleg med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra, problemet vart at menneska vart skilde frå Gud ved syndefallet, så dei ikkje lenger fekk oppleve det og innsjå det. Synda skilde de ifrå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vart vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no var Kristus den siste Adam, som var frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Sidan eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, vart dette ein draum som han gav meg, ei kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Fyrst drøymde eg slik om henne Virtuella, sidan drøymde eg slik om henne Reella også og det har eg halde fram med. Når han då seier eg skal ta fram att draumen han gav meg, verkar det som om det først og fremst er sikta til min draum om henne Virtuella. Eg forstår det slik at eg skal drøyme om dei begge og drøyme stort med han. Ja, for dette er då eigentleg ein stor filosofisk tanke og ide.

Verte ei brude-sjel.

Eg meiner han svarde på mi bøn for henne i mange møte, også i bodskapen i Maranata 17.11.2024: Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte ja, og då fann eg at eg måtte ærleg innrømme at mitt hjertes lengsel og bønn til Gud var at han skulle gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og det var den bønna han svarde på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Og så kom der ein profetisk bodskap der Jesus sa eg skulle vere var på kva Herren legg på mitt hjarte å be for.

Reella.

Eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned, det høvde no bra med å gå det vanlege ærendet på toalettet i kjellaren, så eg reiste meg og gjekk. På høgre side av trappa ned til først etasje var der ein murvegg og når eg gjekk ned siste trinna kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg kom ned rett bak henne og svinga til høgre for å gå ned trappa til kjellaren.

Sidan såg eg etter henne og yngste å få møte henne igjen og snakke med henne, då såg eg andre kvinner også, men det var no eigentleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus sa til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Eg var viss på at ho også opplevde denne åndelege openberringa og forklarde det med 

Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.

Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.

Seinare oppdaga eg at det refererte til kva Guds sa til Samuel, når han skulle salve David til konge:

1.Sam.16,4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.

6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.»  12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»  13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

David vart salva til konge, kva vart ho salva til då? Jesus hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, for at ho skulle vere hans brud, ho var reinsa i hans blod til å vere det og ho vart salva med den Heilage Ande til å vere hans brud.

Våren 1989 var ho med på ein revy som dei kalla «Hva er vitsen?». Dei annonserte den med at to studentar gjekk utkledde som ei kamel inn på den store lesesalen øvst i «Vilhelm Bjerknes Hus» og så hadde dei eit opptrinn der ho sang Creedence-songar på Fredrikke-plassen (Blindern sentrum), på toppen av den lave, men breie trappa opp mot plassen mellom Matematikkbygget, Vilhelm Bjerknes hus og Sofus Lies Auditorium. Det er nok det største auditoriet på Blindern og der hadde dei revyen. Eg var der på ei av oppvisningane, eg sat langt bak på høgre side. På eit opptrinn kom dei med noko som likna kollektbøsser inn mellom benkeradene og sa «sel, sel, sel …». Eg rekna med det hadde noko med selfangst å gjere, for motstanden mot selfangs var ei politisk sak på den tida. Då kom ho inn eit par tre benkerader framfor meg og ringla med kollektbøssa og sa «sel, sel …». Dei hadde også eit opptrinn om årstalet 1990 og prisen 19,90, fordi det hadde nyst vorte så moderne å bruke slike prisar som salstriks.

20 responses to “12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.»”

  1. […] Eg tenker på mitt møte med den ukrainske jenta som eg har kalla Poly-Ester, (sjå kommentaren til møtet 27.6.2021). På ei forelesing i biologi hausten 2014 kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar. Det kom uventa, ikkje noko som eg hadde planlagt eller tenkt ut, det er nærliggande å tenke som at eg såg med lyst på henne, så eg var klar over at her måtte eg vere litt forsiktig. Men eg følte at eg likevel var driven av den Heilage Ande og når eg seier at eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så meiner eg det var ved at eg opplevde Guds kraft.  I kveldsbøna mi sa eg det til Herren og på neste søndags-møte gav han meg eit svar som eg forstår som ei stadfesting av dette, han sa at eg skal sjå på han og verte fylt av hans salving og kraft. Bodskapen 12.10.2014 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-… ): […]

  2. […] Eg tenker på mitt møte med den ukrainske jenta som eg har kalla Poly-Ester, (sjå kommentaren til møtet 27.6.2021). På ei forelesing i biologi hausten 2014 kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar. Det kom uventa, ikkje noko som eg hadde planlagt eller tenkt ut, det er nærliggande å tenke som at eg såg med lyst på henne, så eg var klar over at her måtte eg vere litt forsiktig. Men eg følte at eg likevel var driven av den Heilage Ande og når eg seier at eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så meiner eg det var ved at eg opplevde Guds kraft.  I kveldsbøna mi sa eg det til Herren og på neste søndags-møte gav han meg eit svar som eg forstår som ei stadfesting av dette, han sa at eg skal sjå på han og verte fylt av hans salving og kraft. Bodskapen 12.10.2014 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-… ): […]

  3. […] I think of my meeting with the Ukrainian girl who I have called Poly-Ester, At a lecture in biology in 2014, I felt strongly attracted to her, by her body hennar. It came as a surprise to me, nothing I had planned or thought about, it is easy to think that I had lust on her, well I was aware that here I had to be a little careful. But I felt that I was nevertheless driven by the Holy Spirit and when I realized that I was strongly attracted to her, I felt that I was experiencing the power of God.  In my evening prayer, I said it to the Lord and at next Sunday’s meeting he gave me an answer that I understand as a vindication of this, he said that I shall look at him and become filled with his anointing and power. Message 12.10.2014 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-… ): […]

  4. […] Som vanleg skreiv eg referat frå slike møte og forklarde bodskapen var svar på mi bøn og her forklarde eg korleis eg opplevde Guds kraft i det eg vart tiltrekt av ei vakker jente, ja, eg vart tiltrekt av kroppen hennar, men det var på den måten at eg opplevede Guds kraft. https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-… […]

  5. […] Dette opplevde eg sterkast når eg vart glad i ei jente, henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og henne Reella når eg studerte realfag i Oslo (eg oppdaga henne hausten 1988). hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente. Eg opplevde det som at eg var driven av den Heilage Ande og styrka av Guds kraft. Likevel tenkte eg meg at her må eg vere litt forsiktig med korleis eg tenker. Når eg la meg om kvelden tenkte eg på dette i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svara Jesus meg, https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-… […]

Leave a reply to Prestar og politikarar sine behov for ei ”Krystallnatt”.  | Trua & entropien. Cancel reply