4 lesarinnlegg i Sunnmørsposten, 2005-2006.
Regionalisering av energipolitikken (Sunnmørsposten 13.9.2005).
Sunnmørsposten skreiv på leiarplass 14.5.05 at Møre og Romsdal kjem til å få eit energiforbruk som er 2,5 ganger så stort som produksjonen. Derfor burde bygging av gasskraftverk verte eit sentralt valkamp-tema og det burde byggast gasskraftverk både på Tjeldbergodden og på Aukra. Spillvarmen bør kunne nyttast til oppdrett og/eller fjernvarme. Når det vert påstått at energiforbruket kjem til å uke så mykje, så må vi ikkje berre stilleteiande godta at slik skal det verte, men vi må få lov til å spørje korleis det kan ha seg at vi treng meir og meir energi, kva skal all denne energien gå til? Og så må vi framleis gjere energiøkonomisering til ein del av den politiske diskusjonen, kva kan vi gjere for å holde energiforbruket nede. Ressursforvaltning skulle eigentleg gå hand i hand med resten av miljøvernarbeidet. Økonomisk sparing og fornuftig ressursforvalting er to sider av same sak, dette vert spesielt tydeleg for energiøkonomisering, sidan energien er så grunnleggande for vårt samfunnsmaskineriet, så når vi tenker økonomi, må vi også tenke energiøkonomisering. Dette vert meir og meir tydeleg når vi ser at oljeprisen stig.
Turbinane i vasskraftverk og vindkraftverk har nok langt høgare verknadsgrad enn gassturbinane som på linje med forbrenningsmotorane har ein verknadsgrad på knapt 0,5. Det vil seie at vel halvparten av energien går til varme. Derfor bør gasskraftverk plasserast nær byane, så spillvarmen kan nyttast til fjernvarme. Dersom fiskeoppdrett treng varmare vatn, så er det berre å flytte dei til varmare strøk der det naturleg er varmare vatn og der dei enkelt kan bruke solenergien til å varme opp reservoar av vatn, det er berre å tilføre vatnet gjennom svarte plastleidningar som ligg opp i dagen, så dei vert oppvarma av sola. Å bruke spillvarme til fiskeoppdrett verkar mest som ei unnskyldning for at dei ikkje har gidda å bruke den til fjernvarme, det er som og blir som å fyre for kråka. Skal vi verkeleg ikkje kunne stille så pass krav til politikarane og dei andre som forvaltar olje og gassressursane, at vi kan krevje at dei utnyttar denne ufornybare ressursen betre enn dette?
Nordland har overproduksjon av straum og vi kan importere derifrå. Leidningsnettet må utbetrast for å redusere effekttap i leidningane, men noko effekttap vil der likevel vere, så det vil likevel vere betre at Nordland eksporterer kraft til Sverige, sidan det er kortare, så kan vi heller bygge gasskraftverk på Mørekysten og kanskje endå til eksportere kraft til Sverige herifrå også. Om ikkje det er så at vi må eksportere gass til gasskraftverk i Sverige for å få nytta spillvarmen til noko fornuftig og så importere krafta igjen.
Nettopp med tanke på kor viktig energiforsyninga er, og kor viktig den vert i framtida, er det fornuftig å prøve å gjere fylket mest mogleg sjølvforsynt med energi, både av økonomiske og av politiske grunnar. Men vi kan godt dele det inn i mindre regionar også, og seie som so at dersom regionen vil ha meir kraft, så får den også finne seg i å bygge kraftverk, ein by får finne seg i å ha eit gasskraftverk så pass nær at den kan nytte fjernvarmen, andre kommuner får finne seg i å gje plass til vindkraftverk om ikkje dei vil bygge ut meir vasskraft. Ei slik regionalisering vil tene til at vi vert nøydde til å sjå politikken i samanheng, dersom vi vil krevje meir så må vi også vere med på å yte eller ofre noko for det, og resultatet bør verte betre energiøkonomisering.
Både vindkraftverk og vasskraftverk verkar skjemmande ut i naturen, det er ikkje til å komme forbi. Eg meiner vi bør velje vindkraft framfor vasskraft, for vasskrafta er meir øydeleggande for det økologiske systemet, det øydelegg for laks og anna fisk, for fossekallen og anna fugl. Elles synest eg at alle desse gatelysa som vert sette opp langt frå tettbygde strøk er meir skjemmande enn vindmøller og andre antenner som vert sette opp. Det er ikkje berre stolperekka som skjemmer, men først og fremst lysa, særleg når dei lyser opp mot den vakre solnedgangen og uvilkårleg fangar merksemda, og elles i skumringa, når det øydelegg nattsynet.
Jordbruk, uhjelp og kostnadsnivå (Sunnmørsposten 15.9.2005)
Landbruk
Det er viktigare for u-landa å få tilgang på marknader enn å få pengegåver, og det dei har å selje er fyrst og fremst landbruksprodukt. For å verne norsk landbruk frå slik konkurranse har vi høge tollsatsar på import av landbruksprodukt, det hindrar deira tilgang til den norske marknaden og gjer at det vert høge matvareprisar i Noreg, er med på å gjere Noreg til høgkostland. Det verkar som indirekte subsidiering av jordbruket, ei innvending mot å ta den bort kan vere at handelskjedene likevel vil halde prisane høge og reise med profitten. Men kva så med den direkte subsidieringa av jordbruket, det vert gjerne påstått at den kjem forbrukarane til gode, men prisnivået tyder ikkje akkurat på det, det store spørsmålet vert korleis vi kan få konkurransen til å virke slik at den held prisnivået nede. Med den aukande oljeprisen burde dette vere eit brennaktuelt tema, noko som valkampen ikkje bar preg av.
I ei MMI-undersøking vart det spurt om kvifor vi skal ta vare på landbruket. Halvparten meinte det var viktig for kulturlandskapet, 40 prosent meinte bevaring av busetjinga i distrikta, 34 prosent svarte sysselsetjing i distrikta, 28 prosent svarte total matforsyning, 19 prosent svarte turisme og reiseliv. (Leiar i Sunnmørsposten 16.6: HØG OLJEPRIS). Målinga viser at matforsyning og matvaresikring var på retur som argument for å verne jordbruket. Det vil seie at det er mindre viktig å produsere varer for kunden, dei andre argumenta vert meir som å bevare landbruket for landbruket sin eigen del.
Beredskap i tilfelle krig eller anna krise har vore eit viktig argument for å verne jordbruket og redusert fare for krig kan vere årsaka til at matvaresikring har vorte mindre viktig. Vi har lett for å planleggje berre utifrå den noverande situasjonen, men det er tydeleg at vi må planleggje utifrå ein stadig stigande oljepris og i den langsiktige planlegginga kan det vere verdt å ta utgangspunkt i den ytterleggåande situasjonen at det vert oljekrise. Kan vi la utanlandske jordbruksvarer få sleppe meir til på den norske marknaden og likevel klare å oppretthalde folkesetnaden i distrikta og ha eit jordbruk i beredskap? Då må vi føre ein landbrukspolitikk som tek sikte på at lokalmiljøet raskt skal kunne omstille seg til å verte sjølvforsynt med matvarer. Vi kan plante frukttre og bærtre som er tilpassa norske forhold i innmark og utmark, la fjellområda gro til med skog, og det vert ein ressurs som kan vere god å ha i beredskap. Dersom vi vil rydde ein gard som er tilgrodd med kratt, er det berre å skaffe seg ein flokk med villsvin og dei vil fort gjere jobben og vi kan legge om drifta til dyr som kan gå ute heile året eller mesteparten av året.
I byar og tettbygde strøk vert ei stor tomt rekna for å vere luksus, så kvifor kan vi ikkje unne oss slik luksus ved tildeling av tomter i bustadfelt ute i distrikta der det er god plass? Å bevare kulturlandskapet var då det viktigaste argumentet for å verne om jordbruket og større tomter hadde ført til at fleire vart med på å kultivere landskapet og ta vare på det, anlegge plenar og plante prydtre, positivt for turisme. Eller plante bærtre og frukttre, ha sin eigen grønnsakshage, sette opp eit lite drivhus, berre det å ha moglegheita for dette hadde betra vår beredskap med tanke på matvaresikring. Fellesareal med hagar, plenar og parkanlegg kan tilleggast bustadfeltet, både til rekreasjon og nytte. Ullevål Hageby er eit døme på koloniar av bær- og grønnsakshagar der oslofolk har sine eigne små hageflekkar med små hytter som tener som reiskapsskjul. Først og fremst hadde det vore godt for barna å få større område å leike på. Med aukande oljepris vert det dyrare og dyrare å køyre barn til barnehage eller barneparkering, idrett- og kulturtilstellingar, vi kan spare både tid og pengar på at det vert tilrettelagt for slikt i tilknyting til bustadfelta.
TORBJØRN SIVERTSTØL
Fiskåbygd
Oljepengar og u-hjelp (Sunnmørsposten 22.9.2005).
Staten får ekstra inntekter av den uventa høge oljeprisen og det er nærliggande å spørje seg om ikkje pengane kan verte forvalt slik at vi får meir glede av dei. Øydeleggingane av orkanen Katrina har gitt oljeprisen eit ekstra løft ved at det skaper behov for auka økonomisk aktivitet, men samtidig vil den auka oljeprisen verke bremsande på den økonomiske aktiviteten i dei tradisjonelle i-landa og dempe etterspurnaden. Brukar vi meir oljepengar her i landet vil det auke prisnivået ytterlegare med negative konsekvensar for eksportindustrien.
Den aukande oljeprisen gjer at dei økonomiske problema i u-landa vert endå verre og det vert meir og meir relevant å samanlikninga vår økonomiske situasjon med den USA var i etter andre verdskrig, der vi samanliknar vårt forhold til u-landa med USA sitt forhold til Europa som var rasert etter krigen. Marshallhjelpa sette i gang den økonomiske aktiviteten i Europa igjen og det skapte marknad for amerikanske varer, så det fekk fart på amerikansk økonomi også, hjelpa til Europa vart sjølvhjelp for amerikanarane. Den viktigaste skilnaden mellom u-landa og Europa etter andre verdskrig er at Europa allereie hadde vore industrialisert, slik at folket hadde den ekspertise og kunnskap som skulle til.
Dersom vi skulle hjelpe ulanda på tilsvarande måte, kunne vi ikkje vere like sikre på at det vart hjelp til sjølvhjelp utan å sikre det med handelsavtaler. Dessutan viser det seg ofte at slike uhjelpmidlar vert dårleg forvalta, det vert misslukka prosjekt eller pengane når ofte ikkje fram til dei som verkeleg treng det. Men ved å investere pengane kan vi sjølve passe på at dei vert rett forvalta og ved å investere i lavkostland får vi mykje igjen for dei. Når vi invester, så er vi sjølvsagt ute etter gevingst og då er det om å gjere å investere der vi ventar økonomisk oppgang, same enten det er i eit høgkostland eller i eit lavkostland, men med eit så stort oljefond kan vi med langsiktige investeringar skape den veksten som vi seinare kan hauste av og det er lettast å få til i eit lavkostland, ganske enkelt fordi der er det lett å sjå moglegheitene til forbetring og vekst.
Dette burde også vere avgjerande for innvandringspolitikken, vi får mest ut av pengane ved å prøve å hjelpe folk frå lavkostlanda i deira eigne heimland. Det er ikkje god u-hjelp å lære opp folk frå u-landa til å gjere ein god jobb i Noreg, nei, dei må verte opplærde til å gjere ein god jobb i sitt eige heimland, i eit utviklingsprosjekt. U-landa vert ikkje utvikla av den jobben dei gjer i Noreg, og det er ikkje vi som treng at dei skal komme og utvikle Noreg for oss. Om det er slik at vi har for mange arbeidsplassar i Noreg og treng meir arbeidskraft, så er det betre at vi importerar arbeidskraft frå våre næraste naboland, der omstillinga ikkje vert så stor og kostbar, ja, utvekslar arbeidskraft med dei, meir etter dei økonomiske svingingane.
Politikarane passar gjerne på at oljefondet ikkje vert investert i selskap med ei verksemd som passar dårleg med deira moralske verdiar, men kvifor ikkje passe på at noko av desse pengane vert investert i slike prosjekt, som til dømes å skaffe drikkevatn og bygge ut vatningsanlegg i det tørkeramma Afrika? Dette ville nok i første omgang vere eit reint tapsprosjekt, så skilnaden på dette og å gi vekk pengane er at vi sjølve passar på at dei vert rett forvalta. Men vi kan sikre oss gevingst gjennom politiske og økonomiske avtaler, som til dømes at norske selskap skal få investere i plantasjar, leite etter olje og utvinne olje, noko som ytterlegare vil sikre at pengane vert godt forvalta.
ENERGIBØNDER (8.9.2006).
Vindmøllene som er brukte på Smøla er av same type som er brukt i Danmark der det er ganske flatt, og dei er høge for å rekke opp til kraftigare og jamnare vind. Når det vert sett opp vindmøller på høge fjell på kysten i Noreg, der det er verhardt, så skulle ein tru det ikkje var så stort poeng i at dei skal vere så høge, sjølv om der kan vere turbulens på fjellkanten. Når vi skal sjå heilheita i politikken så må vi også kunne ta visse estetiske omsyn samtidig som vi erkjenner kor viktig energitilførsla er både for oss sjølve og dei som kjem etter oss.
Miljøvernorganisasjonar foreslår meir bruk av vedfyring, sidan det er ein fornybar ressurs, dessutan vil det skape mange arbeidsplassar. Skogplanting er den naturlege og rette måten å drive CO2-rensing, for skogen veks ved å binde karbon frå CO2 i lufta og frigi oksygenet. Dermed har miljøvernorganisasjonane både ein og to, ja, endå fleire grunnar til å støtte skogplanting, særleg på Mørekysten der mykje av skogen er borte, kanskje fordi den er nedhoggen til tømmer og ved eller den er brend for å få bort dei store rovdyra og rydde fjellbeite for buskapen. Sidan har det grott til med lyng og det trengst tiltak som planting for å hjelpe skogen tilbake, oppdrag som kunne passe for å aktivere arbeidsledige i arbeid med litt lønn i tillegg til turgåing og sosialt samvær. Dersom det vart kombinert med at eit energiselskap bygde ein fjellveg og planta ein mølleskog og tok den ned igjen etter 20 eller 40 år, så sat grunneigarane igjen med ein skog og det er berre å sette skogsmaskinene i gang. Vi har fått bønder som dyrkar energi og vi kan kalle dei energibønder, spesielt om dei då bestemmer seg for å halde fram med vindmølleparken også. Skogsvegen kunne godt halde fram oppom skoggrensa for dei som likar friluftsliv og god utsikt.
Subsidieringa av vindkrafta har dermed virka som stønad til jordbruket for å omstille det til meir framtidsretta drift. Dersom bøndene set seg imot ei slik omstilling av jordbruket med samanslåing av drifta til større einingar med meir lønsam drift, så kan vi godt samanlikne det med korleis kystfiskarane ikkje ville vere med på den nødvendige struktureringa av fiskeflåten med samanslåing av kvoter for å gjere den meir lønsam. Det enda med at fleire av dei ikkje klarde å holde båtane, fiskemottaka kjøpte dei for å få hand om kvotene, kondemnerte båtane og slo kvotene saman på større båtar som dermed hadde nok kvote til å vere i drift ein større del av året, og det vart sjølvsagt meir lønnsamt. Til samanlikning med jordbruket ville det tilsvare at slakteria og sagbruka kjøpte opp gardane så dei skulle eige dyra før dei vart leverte til slakting og eige tømmeret før det vart hogt, at meieria kjøpte gardane, la ned småbruka og slo mjølkekvotene saman på større bruk. Og bøndene vart meir som leiglendingar på dei store gardane som vart eigde av private og offentlege godsherrar. Men det eg prøver å ta til orde for, er at dei allereie no må innsjå kva verdiar dei kan få ut av gardane og fjellområda med ei slik langsiktig tenking, om 30-40 år kan det allereie vere på hell med oljeeventyret, så skogen vil ha dess større verdi for dei komande generasjonane.
Ei vesentleg innvending mot subsidiering er at det verkar bremsande på den nødvendige utviklinga og hindrar omstillinga av ei næring. Men enn om vi i staden brukar subsidieringa til å prøve å utvikle og omstille næringa og vere med på å bere risikoen ved å prøve noko nytt. Det har vorte teke til orde for subsidiering av jordbruket kunn for å behalde eit ope landskap. Men kva det er for slags bønder som er redde for at noko skal gro fram? Ein skulle heller tru at bønder først og fremst ville vere glade og takknemlege for at det i det heile tatt er noko som vil gro. I USA feirar dei den årlege hausttakkefesten i tråd med jødisk tradisjon og i Tyskland feirar dei den årlege vinfesten etter at dei er ferdig med å hauste inn druene, med svære opptog, pynta med blomster, gjennom blomsterdekorerte gater. Men på Sunnmøre er det vanskeleg å komme over frukt og bær som er dyrka lokalt. Etter enda sesong er det om å gjere å skjere frukttrea og bærtrea godt nedåt for at dei skal bere godt med frukt til neste haust, og det kunne vel gjere landskapet passeleg ope.
I WTO-forhandlingane er det sett ein tidsfrist for avvikling av jordbrukssubsidiane, dersom vi brukar den tida til subsidiering av slik planting, vil bøndene kunne hauste fruktene av den lenge etter at det er slutt på subsidieringa.
One response to “Jordbruk, u-hjelp og energi-politikk.”
I see you don’t monetize tsivert.com, don’t waste your traffic, you can earn extra
cash every month with new monetization method. This is the best adsense
alternative for any type of website (they approve all sites), for more info
simply search in gooogle: murgrabia’s tools