Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

NASJONAL FRIGJERING OG FORVALTING AV FISKE-RESSURSANE.

Innleiing.

Evangeliet er ein glade og frigjerande bodskap både til den einskilde og til folk og nasjonar. Ved trua på Jesus skal vi få komme inn til Guds kvile, frelsesverket er fullbrakt, på det grunnlaget er vi forsona med Gud og får oppleve at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han plantar og han bygg og så får vi vere hans medarbeidarar som dyrkar og vernar hans hage. Der er både ei åndeleg og intelektuell side av saka og der er ei materiell og fysisk side av saka, der vi dyrkar jorda, vår økonomiske verksemd er som ein produktiv hage.

Tradisjonellt har folk langs kysten av Noreg levt av fiske og småbruk og etter denne glade bodskapen skulle vi vel få halde fram med det og utvikle vår næring. I moselova er det sagt at om nokon vert gjeldsslave, så han kanskje må selje garden og vert slave, så skal han etter ei tid kunn få tilbake garden på ”odelsretten”. For Gud hadde fria dei frå trældomen i Egypt, der dei hadde træla under avgudane, og han ville ikkje at dei skulle verte slavar att, vi ser at der er ei religiøs og ei økonomisk side av saka. Så har vi i Noreg også ei odelslov og bu og driveplikt, det siste har vorte mjuka mykje opp. Til samanlikning har vi i Noreg ei deltakarlov som seier at fiskarane skal sjølve eige sine fiskebåtar og ei råfisklov, som seier at fisken skal seljast gjennom salslag. Eit lovverk og ein politikk som tok sikte på at ein forholdsvis spreidd folkesetnad langs kysten framleis skulle kunne livnære seg frå fiske og slik vart den økonomiske politikken for filefabrikkar og fiskeoppdrett også. Kvoteregulering, utviding til 200-nm økonomisk sone og tildeling av konsesjonar til fiskeoppdrett vart viktige verkemiddel til å få dette til å fungere.

I dette dokumentet viser eg korleis økonomiske interesser og politiske og moralfilosfiske maktinteresser spelar inn som motsetnad til fiskaren sine interesser. Dessutan gjer oljeindustrien Noreg til eit høgkostland, og fiskerinæringa er ei arbeidskrevjande eksportnæring som er sårbar for dette. Så korleis går det med intensjonen om at fiskerinæringa skulle gje arbeidsplassar langs kysten?

Grønland.

Eg byrja med tråling i 1976, eg vart med ein båt som heitte Granitt. Fiskarane fortalde meg at det tidlegare hadde vore ein linebåt, men siste turen på Grønland, var ein bomtur, så rearlaget var i praksis konkurs. Men dei vart sponsa av ein rik skipsreiar, så dei kunne bygge den om til trålar. Der hadde vore eit eventyrleg fiske ved Grønland og det var fritt fiske, men det vart overfiske, så bestanden kollapsa og no var det heilt slutt.

Seinare fortalde fisarar meg, at når dei kom til lands på Grønland, så strøymde kvinnfolk frå husa ned til båten, for å få seg mannfolk og det vart ei sexorgie som vart brutalt avbroten av at dei måtte kase laust for å fare igjen. Ein gong rakk ikkje kvinnfolka å komme seg skikkeleg i kleda, og det vart litt av eit skue, når dei skulle på land igjen.

Ein yngre fiskar som ikkje hadde vore på Grønland, fortalde meg at kjærasten hans hadde sagt at dersom han for på Grønland, så kom ho til å gjere det slutt. Ho rekna med kva som kom til å skje. Men ho var no likevel på den trygge side, for det var ingen som reiste på fiske til Grønland lenger, det var slutt.

Alaska.

På slutten av 1970-talet byrja norske reiarlag fiske ved Alaska, under styresmaktene i USA. Dei bygde store effektive trålarar  og opplevde eit eventyrleg fiske, dei hadde norsk nøkkelpersonell og dei tente godt. Liksom anna fisk, samla den seg i gyteperioda og då er den lettast å fange. Den hadde ekstremt mykje rogn og den var best betalt. Fiskarar som hadde høyrt om det eller som kanskje hadde vore med på det, fortalde meg at då hende det dei tok berre rogna og dumpa resten av fisken. Dei syntest det var rart at  styresmaktene ikkje reagerte på at dei kom til lands med ei heil skipslast som var for det meste rogn. Eg syntest dette høyrdest utruleg ut, men så sa dei også at rogna var ein stor del av fisken.

Nok er no det at det dabba av med dette fisket også, etter kvart og det er lenge sidan eg har høyrt noko meir om det. Korleis gjekk det med fiskebestanden og korleis gjekk det med fisket?

200 nm økonomisk sone.

Seinare kom 200 nm økonomisk sone og vi såg håp i at den nasjonale autoriteten skulle syte for ei fornuftig forvalting av fiskeressursane. Men den norske nasjonale autoriteten i Svalbardsona var spinkel og fiske er ikkje avgrensa dei økonomsiske sonene, den sym fritt, slik som den alltid har gjort og vi må få  i stand avtaler med andre nasjonar. For nokre hundre år sidan var Grønland, Island, Shetland og Færøyane også norsk territorium, hadde dei framleis vore det, så hadde det vore lettare, men det vart dansk etter unionstida. Island vart sidan sjølvstendig og Grønland og Færøyane har fått avgrensa sjølvstyre. Det er nok ein rett og rimeleg utviklingstren, den hadde kom om det var norsk territorium også. Men kor lett er det å få til samarbeide om ei felles sak?

Tillitsmann på Varak. Salslag, minstepris, leveringsplikt og prisforhandling.

Midt på 1990-talet seilte eg i Rosund fiskebåtreiarlag, først ein tur på Rosund før påske 1995, så to turar med Brattegg same år og to turar året etter. Fiskerikompetanse i Ålesund hadde reknskapet for dette reiarlaget og mange andre og det trur eg var ein smart måte å administrere drifta for slike forholdsvisk små reiarlag. Mellom anna så hadde dei rekneskapet for ”Grønlandstrål”, med Varak, ein ferskfisktrålar som eg var på hausten 1980 og i 1997 kom eg ombord att og det var same skipperen som var der.

Mannskapet hadde så mykje å klage over og eg syntest det var meiningslaust å sitje slik å syte og klage og sa dei burde velje seg ein tillitsmann som kunne gå til skipper og reiarlag med det og så valde dei meg som tillitsmann. Eg las tariffen og la merke til ein paragraf om at dersom det vart gitt høgare pris enn minsteprisen i ei av sonene til råfisklaget, så kunne vi forhandle om å få høgare pris oppmot dette. I følgje råfisklova skal fisken seljast gjennom salslag og på Finnmarkskysten var det Råfisklaget. Det fastsette ein minstepris som verka som ein prisgaranti til fiskarane, det kunne trengast spesielt i høgsesongen, men sidan vi hadde leveringsplikt i til West-fisk/Årsæther i Båtsfjord og i Kjøllefjord og Vardø, så fekk vi berre minstepris. Frå Råfisklaget fekk vi vite om det vart gitt høgare pris og og så gjekk vi gjennom Sjømannsforbundet med det, til Fiskerikompetanse. Eg skreiv og argumentere for det også og etter kvart fekk eg høyre at skikkerar og styrmenn på andre båtar også engasjerte seg i sak og etter kvart fekk vi ”marknadspris”, når den låg over minsteprisen.

Seinare for skipperen over på nyebåten ”Båtsfjord”, eg tenkte på å spørje om å få verte med over på den andre båten og i ettertid innser eg at det burde eg ha gjort. Men eg vart verande der og den nye skipperen gjekk eg ikkje så godt overeins med og i 2001 slutta eg.

Sorterings-rist og kontrollørar på Varak.

Vi brukte sorteringsrist i trålen, vanlegvis 50 mm mellom rillene, men i visse soner aust i Barentshavet måtte vi bruke 80 mm mellom rillene, det var særnorske reglar som tente mest til å gje inntrykk av at vi normenn er snillare og betre enn andre. Seint på hauste prøvde vi å ta hysekvota og stima mykje og leitte for å finne hyse. Ein gong vi hadde hive og bruket låg på dekk, såg eg ei fin hyse i rista og tok den ut. Eg vart litt forbausa over at eg fekk ut ei så stor, fin hyse, det var 80 mm mellom rillene, men dette var då slik hyse som vi ville ha, som vi for og leitte etter. Der er forholdsvis mindre hovud på hysa enn på torsken, så spesielt for hysefisket vart dette heilt bort i natta. Vi brukte diesel på å pløge havet for å finne hyse og så skulle ho fare ut att slik? Kva med ressursforvaltinga, dette regelverket var ikkje balanset, for det tok ikkje omsyn til forbruket av diesel, som i vårt tidsperspektiv er ein ikkje-fornybar ressurs. Dette skreiv eg til Fiskerikompetanse og Sjømannsforbundet og etter ei tid var det slutt på 80-mm rista.

Ein gong hadde vi kontrollørar ombord og vi måtte blogge all fisken, også den minste, på størrelse med småmort. Om eg er ute og fiskar med feringen, tek eg ikkje med meg slik fisk heim, utan det er til kattamat. Når vi skulle kappe den på karusell-kappemaskinene, hang den ikkje på klemmene, men datt rett ned, om dei hang der ei stund rakk ikkje kniven tak i dei,  klemmene heldt dei ikkje faste nok, så dei berre smatt unna frå kniven og datt ned. Dette var meiningslaust, men vi turde ikkje seie noko til dei om det, for då måtte vi vel få den i romet likevel, om så mi skulle handsløye den. Men eit fiskemottak vil ikkje ha slik fisk, så det er meiningslaust ekstra-arbeid.

Havbris og avisskriving om fiskedumping.

Så byrja eg på fabrikktrålaren havbris, i ”Strand Sea-service” i Ålesund og etter eit år vart eg andrebas. Så vart det rapportert om fiskedumping i ”Brennpunkt” på NRK, det hadde vorte filma frå ein islands trålar i ”gråsona” og så hadde det vorte filma at det kom fisk ut gjennom skutesida på ”Varak” og ein som hadde vore mannskap der hadde rapportert,

No skreiv eg om dette og spurde reiarlaget om det var greitt for dei at eg gjekk til Sunnmørsposten, det var heilt greitt for dei. Eg spurde også om dei trudde det ville verte negativt for Fiskrikompetanse, men det trudde dei heller ikkje. Ja, så gjekk eg til Sunnmørsposten med det og det vart ein dobbelkronikk. Sidan kom eg med fleire kronikkar og vart fast skribent i ”innsikt-spalta”, kronikkar som eg fekk betaling for. Det vart artikklar om fiskeripolitkk, økonomisk politikk, kommunikasjon og energipolitikk og då kom eg litt inn på klimaproblematikken også.

Eg skreiv noko om at fiskedumping hadde vore eit problem, men at den teknologiske utviklinga gjorde oss betre i stand til å unngå det. Vi hadde til dømes fått mengdesensorar på sekkane og på Havbris hadde vi effektive maskine som både kappa og filiterte småfisk, så vi kunne produsere den effektivt. Så det var ikkje så fristande å dumpe den.

Vi har ikkje lov til å dumpe fisk, vel å merke av spesielle fiskeslag, torsk, sei, hyse, sild, makrel …. Men ei streng tolking av denne lova er nærmast umogleg å oppfylle. Kva med yngel og småfisk som vert sila ut gjennom maskane også når sekken kjem inn på dekk? Vi har ikkje lov til å ta fisk under minstemålet og så har vi ikkje lov til å dumpe den heller? Det er mogelg det her vert sett på prosenten av småfisk-innblanding. Når kystvakta kjem ombord, brukar dei å måle fisken. Finn dei at der er for høg småfisk-innblanding, kan dei krevje at båten skal skifte felt og dei kan midlertidig stenge eit område for fiske.

Dette programmet gav inntrykk av at det var den einskilde fiskaren sin feil og si skuld at han dumpa fisk. Så vidt som eg hugsar var det faktisk på tale å bruke det som denne mannen frå Varak hadde sagt i ei anmelding. Filmen frå den islandske trålaren gav inntrykk av at det var forholdsvis stor fisk som vart dumpa,  den dei fortsette å fiske likevel, utan å legge stilt. Og i nyheitene vart det påstått at norske båtar driv på same måten. Dette syntest eg var urimeleg og skreiv at noko slikt har eg ikkje vore med på, eg har vore med på å få så mykje fisk at vi ikkje klarar å produsere det, men då har vi brukt å legge stilt og produsere. Eg hugsar eg var noko usikker på om eg skulle driste meg til å vere så påståeleg, var det verkeleg sannt. Eg valde å skrive det, men eg må innrømme at eg har stussa noko på det i ettertid, av to grunnar. For det fyrste spør eg meg om det inntrykket eg fekk av å sjå dette var rett, kva hadde eg å samanlikne fiskestorleiken med? Jau, hendene til dei som stod og kappa. Men kor store var dei hendene? Eg såg breidda på transportbandet og rekna nok med at det var ei standard-breidde. Storleiken på kappemaskinene var i allfall standard. For det andre har ikkje eg alltid følgt så godt med på kva som skjer bak i kappinga, så slik sett påstod eg meir enn eg strengt tatt hadde dekning for. Men rimelegvis må det også reknast som underforstått at eg har ikkje stått der som vakt heile tida. Eg gav uttrykk for det inntrykket eg sjølv hadde fått. I ettertid har eg likevel ikkje ei særelg god kjensle for denne fomuleringa og veit at dersom eg skulle ha skrive om det igjen, så ville eg ha fomulert meg annleis.

Desse avissartiklane mine bar preg av at eg som einskild fiskar kom i forsvarsposisjon og då tok eg  forsvarsposisjon for resten av mannskapet og reiarlaget også. Det gjekk tydeleg fram at eg kom med ein god del innrømmingar om problemet, det eg skreiv gav eit godt uttrykk for korleis vi dreiv det på Havbris og korleis vi opplevde problemet, utan å konkretisere, så ikkje noko av det kunne brukast i ei anmelding.

Brennpunkt-programmet gav inntruykk av at det var den einskilde fiskaren sitt ansvar og sin feil at han dumpa fisk og Røkke sa i massemedia at den som dumpar fisk i hans konsern, får sparken. Men kvifor skulle vi arbeide med å ta med oss fisk til lands som er så små at ingen vil ha den, utan kanskje katten, ein mort på 10-12 cm. Om der har vorte liggande igjen ein fisk bort i ei krå og vorte til ei blaut glye, så er det ingen som vil ha noko slikt, ikkje ein gong katten, vi dumpar det sjølv sagt. Men dersom nokon vart rapporterte for det, så skulle han få sparken, vart han anmelde for det, så skulle han verte straffa offentleg. Det blir så tydeleg at den einskilde fiskaren si interesse er totalt neglisjert og overkøyrd. Kva med menneskeverdet her, menneskeverdet til den einskilde fiskaren til samanliikning med verdien til den vesle morten? Ein får inntrykk av at den einskilde fiskaren er ikkje stort meir verd enn den gamle blaute fisken som ingen vil ha.

Dette er bagatellar samanlikna med det store problemet, at det vert fiska så mykje at fiskarane ikkje klarar å produsere det. For skipper og styrmann er det prestisje å fiske mykje, er dei flinke å fiske, får dei gode jobbar med god betaling. Men med den innstillinga kunne dei ta for lite omsynd til kva fiskarane klarde å produsere. Kanskje var dei attpåtil så autoritære at dei ikkje ville høyre på kva fiskarane sa.

Der må vere ein god kommunikasjon mellom dei og fabrikksjef og fabrikkformann, bas og fiskarar som arbeider bak i kappinga, så dei regulerer fisket etter kva mannskapet klarer å produserer. Dersom fiske blir blaut, går produksjonen seinare, derfor produserer vi mindre og kvaliteten vert dårlegare med blaut fisk. Var det godt fiske og mengdesensoren gav signal om at der var mykje fisk, så heiv dei opp i sjøen, så den ikkje fiska meir, men dei venta med å ta den inn, til mannskapet hadde produsert unna, for fisken heldt seg best då. Slik fungerte det på Havbris når eg var der og slik fungerte det på ”Ottar Birting”/”Tenor”, når eg var der på byrjinga av 1990 talet. Men eg er klar over att dette ikkje alltig har fungert så godt.  Då er det fordi skipper og styrmann tenker for mykje på si eige prestisje med å klare å fiske godt ogfordi dei er for autoritæra, med tradisjon som går langt tilbake i tid, spesielt i utanriksfart er skipperane nær sagt som gudar ombord i båten, men det er ikkje særeleg formålstenleg her. Det er ikkje bere å seie: ”La det skje”, så skjer det, det er tross alt ein stor jobb som skal gjerast. Men på Havbris utarta det seg etter kvart noko annleis.

Ein gong vi låg i godt fiske med ”Havbris”, stussa vi over at skipperen taua så lenge og når han heiv kom der opp eit storhiv. Då hadde ei rundstropp rundt sekken, hengt seg opp, så den stramma inn sekken, så mengdesensoren ikkje gav signal. Vi fekk hivet opp i slippen og skipperen kom bak og såg på det. Han vurderte det slik at dersom vi skulle prøve å ta det inn, så ville vi komme til å slite av trålen og miste det heile, så han gav meg beskjed om å skjere hol på langs. Så slakka han det ned at i sjøen og sleppte ut fisk. Ikkje veit eg kor mykje av den fisken som overlevde, eg reknar med at mykje av den var så spreng at den kom til å daude. Vi skylde nok ut litt for mykje, vi berga omlag ti tonn og det var i alle fall betre enn ingenting pluss øydelagd trål. Vi skaut av den andre trålen og dei to ”combiane” fekk gå ned. Eg og dekksmannen såg over trålen, reparerte og la den på plass. Så fekk han også gå ned. Men eg skulle sette på fleire hemper som skulle halde rundstroppene betre på plass, slik at noko slikt ikkje kunne skje igjen. Fabrikkformannen ”Fx” opp og spurde om det var veldig viktig det som eg heldt på med. Eg forklarde han at det var det, egskulle sikkre at ikkje ei bukt av rundstroppa la seg over mengdesensoren og stramma ihop sekken slik at sensoren ikkje gav signal. Slik er der motstridande interesser mellom fabrikken og dekksavdelinga, det må ein berre rekne med, men det får berre gå seg til. Med god kommunikasjon kan der verte ei god forståing, så det går seg til på ein god måte.

Sidan det hadde vorte så stor merksemd om fiskedumping, sette skipperen oss til å vere ekstra nøy med å plukke rein nota. Det er både for at vi skal ha fisken, for at den skal gå tett i sjøen, med god gjennomstrøyming, og for at der ikkje skal henge gammla, skada og bederva fisk i nota når kystvakta kjem ombord. Og når eg var nede og kappa fisk, hende det han sette ei korg i sjakta, som skulle samle opp det som elles hadde gått ut. Det seier seg sjølv at dette kunne ikkje vere mykje. Fabrikkformannen skulle bytte korga etter kvart som den vart full. Dette skulle frysast ned. Eg stussa litt over dette, fryse ned skjebber, stein og nokre tareliknande vekstrar. Det var nok stikkprøver som kunne vise kva hold det var i det som eg skreiv i avisene, der var det ikkje mykje konkretisering, men det var dette.

Fx hadde vore fabrikksjef (på skipper-vakta) tidlegare, men no var der kome ombord ein annan og vorte fabrikksjef i staden, Fy. Han hadde ekstremt lang fartstid i reiarlaget og var så opplagt ”reiarlagets mann”. Han var endå meir pågåande for å få oss ned i fabrikken og jobbe der. Og når vi var komne ned og byrja å kappe, så gjekk han attpåtil bak i kontrollromet i maskina og sette seg der, i staden for å jobbe sjølv. Når vi låg på kne og albogar og plukka fisk ut av trålen, kom han opp og vart ståande ved sida av oss og seie at vi skulle komme ned. Han vart rett og slett plagtsom med å gå etter meg, så til tider verka det som om oppgåva hans eigentleg var å plage meg. Fleire gongar tenkte eg meg at eigentleg burde eg ha teke å banka han, men så tenkte eg meg at då burde eg heller seie opp og slutte, eg kunne seie til reirlget at eg ville ikkje vere på sjøen i lag med han meir, dersom han skal vere der, så sluttar eg.

Når vi køyrde dei maskinene som både kappa og filiterte, trongst der berre ein kappar, så basane slapp å gå ned. Men no viste det seg at dei vart sjeldan brukte, sjefane i fabrikken meinte dei hadde ikkje bruk for dei, så det var berre å få dei vekk, spesielet den som tok minste fisken. Eg spurde korleis det kunne ha seg, eg hadde då skrive i avisa og skrytt av dei. Baader-reperatøren svarde at det går så mykje fisk som er under minstemålet gjennom den, at det vert ulovleg. Men kvar skulle vi elles gjere av den fisken?

Ein gong var der ein del hyse-innblanding. Som vanleg kappa vi den fisken der var mest av, det er mogleg det var sei, og plukka ut den det var mindre av. Det vart ein binge med hyse, då var den bingen vi hadde til slikt full, eg vil anslå det til eitt tonn, rund fisk. Men når eg kom opp på brua rett etter vaktskiftet, var Fy der og sa at vi skulle ha køyrt fram hysa fyrst, for den blir så fort blaut. Vi samtalte litt om det, medan skipperen høyrde på. Kvar skulle vi ha gjort av all seien, dersom vi skulle kappe hysa fyrst. Vi måtte i så fall køyre den fram utan å kappe den til bingane til maskinenen som både kappar og filiterer. Men det er slikt som fabrikk-sjef/formann må avgjere når dei strtar opp, før vi kjem ned. No sa Fy at den hysa allereie er gåen, det høyrdest ut som han ville dumpe den. Han var fabrikksjef med lang erfaring og skulle liksom vere betrevitande med å seie at den hysa var allereie ferdig. Og eg vart svært forbausa, eg har då tross alt drive tråling i mange år eg også og eg har sett kor blaut hysa kan verte når ho ligg lange. Men at dette skulle vere noko problem, det begreip eg ikkje. Eg syntest det var fælt og sa imot, både utifrå interessene som ligg i vår eiga drift, dette var då dyraste fisken, det var då det som vi skulle tene pengar på, og utifrå det som eg hadde skrive i Sunnmørsposten. Men han var ikkje samd i det som eg hadde skrive. Han sa at det er ikkje slik vi driv det og refererte tydelegvis til korleis vi har drive det frå lang tid tilbake. Men den hysa såg heilt fin ut for meg. Hadde vi levert slik hyse med ein ferskfisk-trålar, så hadde det ikkje vore noko problem. Og den også skal gjennom maskinene. Eg er ikkje sikker på korleis det gjekk om, om den vart produsert eller dumpa, men eg kan ikkje forstå anna enn at dei prøvde og at dei fann ut at det gjekk fint å produsere den.

Eg prøvde å unngå ein hard konfrontasjon, eg forstod at eg vart forfølgd på grunn av mi tru på Kristus og at der var andre som stod bak og trakk i trådane, som så mange gangar tidlegare, men med mi tru på Kristus hadde eg ei viss aning om at med tid og stunder skulle eg kunne gå i rette med dei som stod bak forfølgjinga.

Samtale om drifta med ein god fabrikksjef.

På same båt, Ottar Birting/Tenor. Poenget med kvotereguleringa.

På denne tida besøkte eg ein ifrå heimkommuna mi, som eg hadde vore på sjøen med tidlegare (PBV). Han er like gammal som eg og vart konfirmert når eg, men elles gjekk han på ein annan skule. Vi var på Bjørnøy vinteren 1980, det var også ein linebåt som var ombygd til saltfisk-trålar, og vi var på Peder Huse etter påske, det var ein fabrikktrålar. Eg hadde vore på gamle Ottar Birting året før og kom ombord på nye-båten når den fiska ved New-Zealand i 1991 og vart med der til ut på nyåret. Då kom PBV ombord som fabrikksjef. Seinare vart den kjøpt av KS Sætremyr og dei tok den til Noreg og kalla den Tenor. Eg kom ombord att der sommaren 1994 og vart med ut året. Då var PBV der framleis som fabrikksjef. Fabrikken var fullstendig ombygd og det vart etter kvart ein effektiv fabrikk. Siste turen dette året vart ein kjemepetur, romet var bortimot fullt og det var dyr fisk, torsk og ein god del hyse.

Men det var kvote som reiarlaget hadde kjøpt i Russland og betalinga kom på fellesutgiftene, så mannskapet vart med på betalinga og oppgjeret vart skuffande. Eg hadde vore med i eitt strrekk sidan juni, fyrst som kombi og siste turen som dekksmann, og siste turen var eit hardkøyr, med hard disiplin. Eg var nok åt å gjekk med noko sur allereie og så kom det skuffande oppgjeret, det var forsurande og frustrerande og vart den avgjerande grunnen til at eg slutta. Der er mykje følelsar i det, når ein skal prøve å gjere ein god jobb i kroppsleg arbeid. Men det var også ei meir prinsippiell sak. Poenget med kvotene er å regulere fisket, slik at det ikkje vert overfiske og då er det også ei fordelingssak, ei offentleg forvaltningssak. Men dersom nokon sel kvotene og tener så lettvinte pengar på det, då har kvotefordelinga fått eit heilt anna poeng og ei heilt anna meining, poenget med at dei fekk tildelt kvotene, var at dei skulle selge dei og tene pengar på den måten, eige fisken før den vart fiska og selge den før den vart fiska å tene grovt med pengar på det. Det blir ein form for korrupsjon og det i statleg regi.

Dette reiralaget var frå Måløy og saman med trål-reiarlaget Ervik og kanskje fleire eigarinteresser frå ytre, søre Sunnmøre, dreiv dei eit reiarlag som dreiv tråling ved Alaska. PBV hadde vore fabrikksjef på ein slik båt, så vidt som eg hugsar var det i dette reiarlaget.  Bror min, som er eit år eldre enn meg, vart tilsett på kontoret deira og han vart etter kvart administrerande direktør. Men dei vart ikkje samde og hovudsksjonæren (ein av Sætremyrane) trekte seg ut og då slutta bror min også. Så gjekk det konkurs.

Kva betydning fabrikk-sjefen har for drifta.

PBV hadde lese avisartiklane mine og det høyrdest ikkje ut til at han var særleg begeistra over det, det verka som han hadde fått inntrykk av at eg tok for lett på problemet. Eg fortalde han om fabrikksjef/formann på Havbris og spesielt om problema med Fy. Når PBV var fabrikksjef, jobba han jamt i fabrikken, slik som eg er vand med at ein fabrikksjef skal jobbe, frå gammalt av. Standard for alle er to 6-timarsvakter i døgnet, pluss eventuell overtid og det er oftast på grunn av mykje fisk. Men no fortalde han meg at når han var fabrikksjef på Ottar Birting, ved New Zealand, gjekk han mykje meir overtid enn andre, det vart nokså jamt 16-timars dag. Det forbausa meg, det var eg ikkje klar over.

Så fortalde han meg at på ein av båtane ved New Zealand, hadde der kome ombord inspektørar som gjorde dei merksame på at dei mista fisk i produksjonslinja. Så dei byrja å tette igjen der fisk smatt ut. Dette syntest han tydelegvis var bra. Eg reknar med dette var på ein båt noko seinare, når der var kome eit strengare kontrollverk. Ja, seinare kom der kontrollørar ombord i norske båtar også.

Fiskedumping på Granitt.

Så fortalde han at han hadde vore fabrikksjef på nye Granitt, men skipperen, KS, tok ikkje omsyn til at mannskapet ikkje klarde å produsere all fisken og la ikkje stilt, men fiska vidare. Han sa det var heilt talentlaust. KS sa at det vr det som kom inn over hekkrullen dei skulle ha å leve av, men PBV trudde det var det som kom ned i romet dei skulle ha å leve av. Så PBV vart ikkje lenge der. Dette viser den dårlege innstillinga som skippererar og styrmenn kunne ha frå gammalt av og då er den opplagt eit stort problem.

KS hadde vore med ein av Røkke sine trålarar ved Alaska. Men tidlegare hadde han vore fiskar og så skipper på gamle Granitt, saltfisktrålaren, og då la han stilt så vi fekk produsere undan. Dette var midt på 1980-talet, det var kanskje før vi fekk mengdesensorar og ein gong fekk vi så mykje fisk at den var i ferd med å verte blaut. Eg var saltar og måtte gå opp på lada med salta fisk, men den var så blaut at den tålte det ikkje. ”Vrakfisk” vart dumpa, noko av det som vart trakka sundt, tok vi oppatt i korger, men dette vart meinigslaust. Kva skulle vi gjere? Når eg skulle på ”kick-skift” (overtid) vart eg ståande å blogge. KS hadde sagt at fisken skulle produserast. Men no vart eg ståande å vurdere den og køyrde transportbandet og etter kvart gjekk det jamnare og jamnare, med mindre og mindre opphold. KS høyrde det nok og kika ut ventilen frå byssa, men han sa ikkje noko.

Når eg var på ”nye-Granitt” (første fabrikktrålaren deira ”Granitt2”)  på slutten av 1980-talet, var ikkje KS der, i byrjinga var eg neste ikkje bak i kappinga, eg jobba med å reinskjere filet og så hjelpte eg til på dekk som combi. Men eg høyrde ein gong fabrikksjefen sa dei skulle bak og gjere reint, for han skulle snart hive. Så det høyrdest nok ut til at dei skulle bak og køyre ut resten av gamle-fisken. Men eg høyrde ikkje snakk om å hive bruket opp i sjøen og vente til dess mottaket var tomt.

Seinare var eg og med bak i kappinga, eg hugsa spesielt at eg køyrde ei karusell-kappemaskin for storfisk, den måtte løftast opp på klemmene og det var tungt i lengda, når det var mykje storfisk, då kunne eg vere glad for at eg var veltrena. Med desse karusell-kappemaskinene vart det nok køyrt ut ein del småfisk, for det går seint å køyre småfisk på desse maskinene. Men eg kan ikkje hugse at vi køyrde ut store mengder fisk fordi den var for gammal.

Eigarinteresser, lovverk og politikk.

Fiske og fangst har vore grunnlaget for folkesetnad langs kysten, spesielt der kysten vender ut mot det store hav i vest og i nord. Med lovverket har det frå gammalt av vorte forsøkt å sikre at slik skulle det framleis vere, slik som med Råfisklova og deltakarlova. Råfisklova seier at fisken skal selgast gjennom salslag. Så dei har felles salsorganisasjonar, som administrerer salet for dei alle. Dermed treng ikkje eit reiarlag sjølv ha så stor administrasjon. Då blir det opplagt lettare for eit lite reiarlag å drive fiske. Reiaren kan vel sjølv verte meir oppteken av drifta av båten og sjølve fisket.

Deltakarlova seier noko om at fiskarane skal sjølve eige fiskebåtane. Denne lova har det vorte gjort mykje dispensasjonar frå. Reiarar var med på nokre av båtane eg var på. På Bjørnøy var skipper og styrmann reiarar, på  Ottar Birting var ein av reiarane med som fiskar, styrmann og skipper. Han var eg mykje på sjøen med, også ein tur på Havbris, då han kom ombord som styrmann. På Granitt2 var sonen til reiaren med ei stund, men så for han over på reketrålaren deira, ”Artic”. Sonen til reiaren var med på Brattegg, som styrmann. Eg syntest det var betryggande at ein av reiarane sjølv var med. Eg meiner det er viktig at reiarane sjølve har erfaring frå det fisket båtane deira driv, så dei forstår kva problem vi slit med og kan leie drifta på ein trygg og god måte. Sjølvsagt er det verdifullt for dei sjølve. Vel kan dei høyre på andre, som dei har tillit til, men dersom dei kunn skal høyre på dei som rapporterer, så kan det fort verte skeivt.

Fiskemottaka var organisert i ”Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening, FHL, som var tilslutta NHO. Dei engasjerte seg i massemedia med kritikk av korleis lovverket og økonomien verka, kritikken kom endåtil frå sjølvaste toppleiinga i NHO, ved sjølvaste Karl Glad. Det vart påstått at nokre fiskemottak vart skvisa ut og det verka urettferdig. Kritikken vart retta mot Råfisklova og Deltakarlova, dette regelverket ville dei ha bort og erstatte med noko anna. Men logikken i dette var mildt sagt uklar. At dei vart skvisa var eigentleg på grunn av at andre hadde sikra seg leveringsplikt frå visse trålarar og det kom meir som unntak frå desse lovene.

Det vart argumentert for å få stabile leveransar, men det var nettopp det som var poenget med leveringsplikta. I  praksis var ikkje dette meir stivbeint enn at vi, med Varak,  leverte andre plassar også, Vadsø, Hammerfest, Rørvik, Mørekysten og Hanstholm (Danmark). Det vart skrive at sidan fiskarane (fiskebåtreiarane) hadde lov til å investere i fiskemottak, så måtte dei som investerte i fiskemottak også få lov til å investere i fiskebåtar. Fiskemottaka måtte få økonomiske betingelsar til samanlikning med våre nære naboar. Det vart sett ned eit statleg utval som skulle undersøke korleis fiskemottaka kunne verte meir lønnsame, det vart leia av ein bankmann som heitte Leif Grønnevet, ein nær slektning (bror til?) reiaren på Granitt, så det vart kalla Grønnevet- utvalet. Men slik som det svært ofte er med slike statlege utval, så blir det i stor grad eit bestillingsverk. Dei reiste til Island for så studere korleis det verka der. Og vi veit at der er fiskebåtane for det aller meste eigde av fiskemottaka. Og dersom vi skal samanlikne oss med vår nabo i aust, Russland, så veit vi at der har mafiaen kontroll over næringslivet og fiskarane har små rettar, dei er mest som trælar. Det er ikkje noko relevant samanlikningsgrunnlag for oss. Dette skreiv eg om i Sunnmørsposten og skreiv at poenget var at dei ville eige fisken før den vart fiska. Sitat som vart brukt som utheva innleiing til artikkelen: ” Hovudsaka med konklusjonane frå Grønnevet-utvalet er at foredlingsindustrien i land vil ha tak i kvotene, dei vil eige fisken før dei kjøper den, det er den interessa bukken har for å passe havresekken. Men det var då ikkje slik marknadsøkonomien skulle fungere». Nei, det var då ikkje dette som var poenget med kvotetildelinga heller. Når dei så sterkt argumenterer for marknadsøkonomi, så må dei vel la den fungere for små aktørar også og det et det dette regelverket skal sikre. Om det ikkje fungerer bra nok, så må vi i alle fall ha det som målsetjing, om vi vil prøve å forbetre det.

På 1970-talet brukte fabrikktrålarane å levere i England eller kanskje også i Tyskland, men når eg var med slike båtar, i norsk område eller ved Island, leverte vi i Norge. Det hende ferskfisktrålaren Varak leverte i Danmark, elles vart del levert i Norge. Fiske vert seld gjennom fiskesalslag. Men i det siste har vi sett i massemedia at fiske vert send vidare til Kina for å verte produsert og så send ut på verds-marknaden, endåtil tilbake til Norge. For i Kina er lønningane lavare. Men dette bryt då med intensjonen i lovverket og politikken om at fisket skulle skape arbeidsplassar langs kysten.

Problemet er nok at olje-industrien har gjort Norge til eit høgkostland, det skaper problem for eksport-næringa. Fiskeindustri er arbeidskrevjande og det som gjer skilnaden her er dei høge lønningane, men det kunne vel la seg gjere å forhandle med arbeidarane for å få ned lønningane. Eit anna problem er at slikt kroppsleg arbeid, der det ikkje trengs særleg utdanning, vert rekna for å vere simpelt, det heng saman med at den moralfilosfiske tradisjonen med sitt kunnskapssyn og menneksesyn forsterkar inntrykket av at slikt kroppsleg arbeid er simpelt og ser ned på menneske som driv med slikt arbeid.

Når ein fabrikk-trålar leverte ei fiskelast, der mesteparte av fiske er filitert (ikkje storfisken), så kan den ha brukt like mykje olje som den fiskelasta den leverer. Skal den så i staden verte send til Kina for å verte produserte og så tilbake til Norge, så er det klart at det vert brukt mykje meir olje, før fisken kjem i butikkane i Norge. Naturvernforbundet har reagert på det med tanke på det ekstra CO2-utsleppet. Men kva med ressursforvaltinga, bruken av fossilt brennstoff?

Omsettelege kvoter i fiske og konsesjonar i fiskeoppdrett. Men kvar vart det av staten som forvaltar?

Omstrukturering i havfiskeflåten og strid i fiskarlaget.

Litt etter at vi hadde byrja å få marknadspris på Varak og på andre ferskfisktrålarar med leveringsplikt, vart der ei oppheita konflikt mellom kystfiskarane (sjark-fiskarane) og Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i Norges Fiskarlag. I 1994 hadde dei vorte samde om ein fordelingsnøkkel mellom kyst- og havflåte for 7 år. Fiskebåt prøvde å få bort ulønnsam overkapasitet med omstrukturering, redusere flåten med å slå saman kvoter, dersom dei til dømes kunne fiske tre kvoter med to båtar i staden for tre, så vart driftskostnadane mindre og lønnsemda større. Men kystflåten kom seg ikkje i gang med slik omstrukturering og no ville dei i staden reforhandle avtala og få ein større del av kvotene. Eg synest ærleg tala det var utruleg at det gjekk an å forholde seg slik til det som var avtala, det var rett og slett frekt. Avtala skulle då sikre stabile rammebetingelsar, så dei kunne planlegge drifta utifrå det og då måtte den vere påliteleg. Eg skreiv ein kronikk om dette og kvotetildelinga, den fekk tittelen ”Kven skal tildele kvotene”, https://tsivert.com/2017/03/26/kven-skal-tildele-kvotene/, og utklippet som vart brukt som innleiing var:” Tendensen har vore klar; sidan kystfiskarane ikkje vil vere med på den nødvendige struktureringa i kystflåten, tek fiskeindustrien over og gjennomfører den”.  Slik argumenterte eg for omstruktureringa. Men eg skreiv også:” Når eit reiarlag har fått tildelt kvote gratis av Staten, så er det litt merkeleg at det skal kunne selje den vidare til dyre dommar”. Så eg argumenterte imot det også. I kronikken ”Konkurranse og Samarbeid”,  https://tsivert.com/2017/03/26/konkurranse-og-samarbeid/, skreiv eg:

” I det siste har det vorte meir og meir vanleg med kjøp og sal av kvotar og konsesjonar både innan fiske og oppdrett. Når nokon har fått tildelt konsesjon og kvote gratis frå staten, og så sel den til dyre domar, då er det noko som ikkje rimar, det er noko som ikkje er rett. Det er som eit generasjonsskifte der det vert dyrare og vanskelegare for neste generasjon fiskarar å få seg fiskebåt med kvote og dette private initiativet vert meir og meir spelt over til storkapitalen. Denne politikken passar dårleg med formålet til deltakarlova, å sikre at haustinga av dei maritime ressursane framleis skal komme kystbefolkninga til gode.”

Setninga:” Når nokon har fått tildelt konsesjon og kvote gratis frå staten, og så sel den til dyre domar, då er det noko som ikkje rimar, det er noko som ikkje er rett”, vart brukt som innleiing. Der kom ut eit to binds bokverk om havfiskeflåten, som vi fekk av ”Strand Sea-service” til jul. Nokre av mannskapet gjorde meg merksam på at der var ein halvsides notis om avisskrivinga mi, der denne setninga vart sitert. Det vart også sagt at det eg skreiv ikkje alltid var i tråd med Sunnmørspostens eigen politikk. Men eg følgde ikkje godt nok med på kva som vart skrive på leiarplass til at eg oppfatta det. Eller kanskje eg berre oversåg det.

Peter Angelsen, frå Senterpartiet, var fiskeriminister i Bondeviks regjering og tok klart parti med kystfiskarane i denne saka. Han talte på eit møte der partane var til stades, kanskje det var i Fiskarlaget. Ein frå Fiskebåt kommenterte det i ei avis og sa at når han byrja å snakke om korleis ein tillitsmann skal oppføre seg, då byrja han å svette. Kva han hadde sagt, vart ikkje gjengitt, men han frå Fiskebåt gav uttrykk for at han var heilt forferda over det som han kom med, det var heilt bort i natta. Og han uttalte seg heilt sikkert på vegne av dei andre i Fiskebåt også.

Han byrja altså å tale om korleis ein tillitsmann skal oppføre seg, men kva hadde dette med denne saka å gjere? Dette skal vi merke oss, for det avslører korleis moralfilosofien med klagemålet mot det einskilde mennesket vert brukt for å få politisk makt og økonomisk vinning.

Omstruktureringa i havfiskeflåten fortsette og  kunne gå så langt at det vart tre kvoter på ein båt, det vart færre båtar og mindre mannskap, mindre driftsutgifter og det vart meir lønnsomt for dei som var att. Tendensen var at på dei nye båtane var det ikkje ombord-produksjon, det var ikkje fabrikk-trålarar, men fryse-trålarr. Dermed vart det endå mindre mannskap og endå meir lønnsomt for dei som var att. Dei nye båtane til Strand Sea-Service vart bygde slik at dei skulle ikkje dumpe ein einaste fisk, 100% bifangst går til produksjon av mjøl og olje ( strand-rederi.no). Får håpe det framleis blir litt slog til måsen.

Store og små aktørar i fiskerinæringa.

Store aktørar som gjer det godt, men korleis går det med dei små?

Jon Fredriksen og Kjell Inge Røkke kjem ikkje frå rike familiar frå barndomen av, men dei har likevel klart å tene seg rike. Det ligg heilt sikkert mykje arbeid bak og dei har vore dyktige. Røkke har kjøpt trålarar og filetfabrikkar i Norge, Fredriksen har kjøpt ein stor del av oppdrettsnæringa. Og dei arbeidar framleis godt og dyktig og det gjev gode resultat. Det kan eg ikkje akkurat kritisere. Men kvifor klarer ikkje små og mellomstore bedrifter seg betre? Eg berre spør. Dei klarde seg dårleg og vart selde rimeleg til ein stor aktør, som fekk drifta til å lønne seg. Er det ikkje typisk? Men får vi gode svar på kvifor dei små og mellomstore bedriftene klarde seg så dårleg, så får vi kanskje ein konstruktiv kritikk som kan få dei til å gå betre. Eller kanskje vi først og fremst skal sjå på dei små og mellomstore bedriftene som går godt og ta dei til eksempel?

Aker RGI og Melbu Fiskeindustri.

Når Røkke var i ferd med å ta over Aker, vart det mykje aviskriving om det, det vart stilt spørsmål om han hadde vorte stove-rein eller noko i den retning, eg forstod det slik at det spørsmål om moral og om å tilpasse seg tradisjonen. Eg syntest det var utruleg at nokon kunne komme med slike ytringar, temmeleg heimale, rett og slett frekkt. Eg har ikkje sett at det har vorte stilt slike spørsmål til andre aktørar sin integritet i det økonomiske livet. Men så var hn no frå norvestlandet og opphavleg berre ein fiskar, så det var no litt spesielt.

Så gjorde han eit stor-varp, når han med Aker RGI kjøpte Melbu fiskeindustri i 1996, med heile fem trålarar med leveringsplikt, slik var det allereie og det vart det ikkje gjort noko endring på. Der var nok dei som var kritiske til at Røkke fekk kjøpe det, der var då andre som også hadde vore interessert, mellom anna eit svensk selskap. Men Røkke hadde vore fiskar og kunne kanskje seie han framleis var det, så då skulle han vel stille sterkt på grunnlag av deltakarlov, der var då heile fem trålarar med i kjøpet (Appendiks s. 16). Så hans erfaring frå tråling kom vel med, hans erfaring frå filet-produksjon kom også vel med, men no på landsida. Filet-produksjonen på desse båtane er effektiv og det ville ikkje vere så rart om han klarde å effektivisere slike fabrikkar på land også og gjere dei lønsame. Slik gjekk det også (Appendiks s. 19).

Aker RGI var børsnotert, mykje kapital var tilgjengeleg og med god forvalting kunne mykje verte gjort for å betre lønnsemda. Men det betyr også at kven som helst kunne kjøpe seg inn og korleis vert det i forhold til at norske menn og kvinner langs kysten har livnært seg av fiskeressursane. Og korleis fungerer lovverket som skulle sikre dette?

Statleg forvaltning ved konsesjonar til fiskeoppdrett. Oppkjøp, Panfish og Fredriksen.

Konsesjonsgjeving til fiskeoppdrett har mykje til felles med kvote-tildeling, den viktigaste skilnaden er at kvotetildeleinga fyrst og fremst skulle verne fiskebestanden mot overfiske. Elles er det staten som forvaltar som tildeler både kvote og konsesjon og strategien var å starte og vidareutvikle forholdsvis små foretak langs kysten, så folket der kunne leve av fisken, slik som tidlegare, men med betre produksjonsmiddel.

På slike små foretak vart det også forska på oppdrett av kveite, men det vart slik at dei sat på kvar sine nes og gjorde det same og ingen fann ut korleis dei skulle gjere det. På Island hadde dei ein heilt annan strategi, og der fann dei det ut. Strategien i Noreg var misslukka, dei burde heller samarbeidt om dette i ein paraply-organisasjon, det kunne vere å gje oppdraget til statlege forsknings-institusjonar. Der er eit liknande problem med marknadsføring og sal av fisk, der trengst ein stor administrasjon. Kunne dei samarbeide om det i ein parply-organisasjon, eit salslag og/eller eit rekneskapskontor, så kunne dei framleis drive effektivt som forholdsvis små føretak.

Så vart det samanslåing, kjøp og sal av konsesjonar, Panfish var til dømes eit selskap som vart oppbygt slik, det gjekk på børs, aksjekursen steig, det utvida med nytegning av aksjar, slik henta det inn ny kapital og forsette å kjøpe opp oppdrettsanlegg. Det hadde kontor i Ålesund og mange på Sunnmøre satsa på det. Men i 2001 var lakseprisen så lav at selskapet ikkje tente pengar og eit selskap må tross alt tene pengar for at det skal vere noko verdt. Så aksjekursen sank og det vart sagt i massemedia at Panfish vart dei større katastrofe for Ålesund og Sunnmøre enn konkursen av Sunnmørsbanken. Mange familiar hadde satsa pengar på det og tapt det.Grunnen til at det ikkje vart slått konkurs var at kreditorane ikkje ville finne særleg reelle verdiar i konkursboet, for det var konsesjonane som var så verdifulle og med ein konkurs ville vel dei gå tilbake til staten eller dei vills kanskje ta slutt og det ville berre vere for staten å gje nye konsesjonar. Men i staden vart det omstrukturering og refinansiering Aksjane vart kjøpte til ein brøkdel av den prisen dei hadde vore opp i. Då kjøpte Fredriksen seg inn og vart dominerande aksjonær (Appendiks s. 23).

Dette er ei grunnen ein liknande trend som det vi har sett i handelsnæringa elles, med samanslåing i store butikk-kjeder. Men kjøp og sal av fiskeoppdrett med konsesjon er nesten like merkeleg som kjøp og sal av fiskebåtar med kvoter, dei fekk konsesjonane gratis av staten og så sel dei den til dyre domar. Poenget med konsesjonane var statleg forvaltning og fordeling og politikken var å starte og utvikle næringsveksemd frå grunnen av, langs kysten i tråd med at der har folk levt av fisk i uminnelege tider, også laks og ørret.

Konklusjon.

Heilt sidan eg var ung, har eg bedt Gud frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, ho er inkludert i det fullførde frelsesverket. Ved Guds nåde får eg ha den røyndomsoppfatninga og det livssynet at eg lever for Jesus og det gjer eg ved å dyrke og verne Guds hage. Og han gjev meg hjelp i form av ei kone, så ho skal hjelpe meg med det.

Men det viser seg at der er sterke moralfilosofiske, religiøse, politiske og økonomiske interesser som strir imot dette. Eg forstår det slik at det er det platonske klagemålet mot mannen om at hans fysiske kropp er einstydande med den vonde naturen, som vert brukt som innvending mot at eg skulle få meg ei kone og som vert brukt som innvending mot at eg skulle bruke kroppen til å gjere fysisk jobb som eg har økonomisk nytte av. Var det så at Gud i sin nåde ville gje meg hjelp i form av ei kone, så ville dei ta henne frå meg, var det så at eg ved Guds nåde ville tene Gud med livet mitt, også med den praktiske jobben eg gjorde, så ville dei forfølgje meg for å få meg ut av jobben. Det ser ut som dei har ei religiøs tru på at et er eg som er den vonde naturen som er årsaka til det vonde, så det er meg dei vil ha bort og få fjerna. Som om eg er Beelsebul. For ingen er større enn sin Herre og Meister, har dei kalla Jesus Beelsebul, vil dei kalle læresveinane hans det også.

Men då er ”kristendomen” deira lureri. Dei brukar evangeliet til å lokke menneska med, for så å lure og svike dei. Var det så at eg bad Gud gje meg ei kone og han ville gje meg henne, så ville dei ta henne frå meg, var det så at eg var i ein jobb og innstillte meg på å tene Gud i den jobben, samtidig som eg tente pengar i den, så ville dei få meg ut av den, så andre kunne få den i staden. Var det så at eg søkte fyrst Guds rike og hans rettferd og venta meg å få alt det andre i tilleg til det, så ville dei ta det frå meg. Slik vil dei med lygn og svik prøve å utrydde slekt og folk og ta over næringa og landet etter dei. Stikk i strid med den evangeliske forkynninga. Det er fordi det er Zevs som er guden deira.

Skulle dei bruke denne moralfilosofien og religionen på Grønland, så ville dei konkludere med at kvinnene på Grønland gjorde heilt rett når dei strøymde frå husa ned på dei norske trålarane som låg til kai, for å få seg mannfolk, spesielt dersom grønlandske menn kom inn i kristne kyrkjelydar og vart frelst. Så vi må vere førebudde på at når de driv misjon i andre land, så vil de komme til å spore av på denne måten der også. Jesus sa vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Men då prøver de å lure det frå dei. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, men då prøver de å lure henen frå han og slik prøver de å lure frå han alt det andre også.

1TE 4,1 – 1TE 4,12 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK}  Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9   Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

HEB 12,12 – HEB 12,17   Difor, rett dei hangande hender  og styrk dei skjelvande kne! 13 Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt. 14   Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. 15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. 16 Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat. 17 De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.

Vi ser at der er sterke moralfilosofiske, religiøse, politiske og økonomiske interesser som strir imot interessene til den einskilde fiskaren og det er tydeleg at Krf og mange med dei har erstatta apostelen Paulus med svikaren Judas Iskariot.

Eg forstår det slik at med sin platonisme fører dei klagmål mot meg og påstår at eg med min fysiske kropp har ein vond natur, fordi eg vart forelska i ei jente og ville ha meg ei kone og det har med kroppen å gjere og fordi eg er fiskar og dermed gjer kroppsarbeid. Så dei med sin platonisme held meg for å vere for vond og for dum til å få meg ei kone, til å verte verande i jobben som fiskar, til å lære og forstå meg på kva som står skrive i Bibelen, til å studere realfag og få meg lærarjobb, til å tenke og tale sjølv, så derfor må presten og politikaren tenke og tale for meg. Poenget med det er kravet om å hylle presten og politikaren, statsministeren og kongen, som det platonske overmennesket, som gud, i staden for å lovprise Gud og Lammet.

Men no har Jesus kalla meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting og han er med meg og styrker meg og hjelper meg med sin Ande og si kraft, det er til hjelp for meg når eg studerer realfag også. Eg er ingen ”super-student”, men det viser seg at eg klarer å lære og forstå noko i alle fall. Det har vore viktig for meg å vere oppteken av Jesus, så opp til han i staden for å verte oppteken av verda, for å konsentrere meg om studiane i staden og slik er det framleis. Vi veit at der er ein motsetnad mellom Guds rike og verda og vi ser då så tydeleg at der er ein slik motsetnad når eg skal studere realfag også. Realfag er ikkje alltid så lett å lære og forstå, om noko ikkje forstår det, så vil ikkje eg utan vidare påstå det er fordi dei frå den naturlege fødselen er for vonde til det, men avgudsdyrking kan gjere dei dummare og vondare, så det vert vanskelegare for dei å lære og forstå.

Men eg får gå i Jesu kyrkjelyd og lytte til forkynning frå dei som han har salva til å forkynne og får oppleve at han talar til oss frå himmelen gjennom dei han har salva til det. Då veit vi det er om å gjere å granske det i dei heilage skriftene og be den Heilage Ande openberre det for oss. Vi som er Guds born, fødde av hans Ande, vi har den innstillinga at vi soleis vil prøve å lære og forstå det han seier til oss, så vi vert oppfostra og oppseda ved hans Ord og hans Ande. Og han vil samle oss med denne lyden frå himmelen. Soleis vil det komme til å vise seg kven som er hans born, kven som høyrer, lærer og forstår og som er og blir vituge. Og kven som ikkje er det, som er av den gamle vonde naturen, så dei er for dumme og for vonde til å høyre, lære og forstå.

Med dykkar platonisme har de hevda at eg, slekta og folket er for dumme og for vonde til å høyre, lære og forstå, slik har de argumentert for at slekta og folket skl utraderast og få til grunne, døy ut, så andre kan få ta over næringa og landet etter oss. Men problemet er fyrst og fremst at de ikkje trur på Kristus, men er korrupte liksom Judas, de er framleis av den gamle, vonde naturen, så de ikkje høyrer forkynninga av Guds Ord og ikkje lærer og forstår.

I 2004-2008 kreiv eg artiklar i Sunnmørsposten om fiskeripolitikk.  No har eg lagt dei ut på https://tsivert.com/category/politikk/fiskeripolitikk/ .

APPENDIKS.

Aker RGI og Melbu Fiskeindustri.

Norway Seafoods får overta aksjer i Melbu Fiskeindustri, men må akseptere strenge vilkår

Pressemelding | Dato: 14.10.1996

Pressemelding

Nr. 47/96

14. oktober 1996

Fiskeridepartementet har gitt Norway Seafoods tillatelse til å overta 70 prosent av aksjene i Melbu Fiskeindustri, noe som også vil innebære eierskap i fem trålere. Det er en forutsetning for tillatelsen at fusjonen mellom selskapene Aker og RGI gjennomføres, slik at kravene om norsk eierskap tilfredsstilles.

Myndighetene stiller strenge vilkår for aksjeovertakelsen. De fem trålerne kan ikke omgjøres til fabrikkskip, og det kan ikke installeres utstyr for ombordproduksjon. Videre er de fem fartøyene forpliktet til å levere råstoffet til den fiskeindustrien de i dag forsyner. Ved brudd på disse vilkårene vil tillatelsen bli trukket tilbake.

•Denne saken har ikke bare medført en videreføring av myndighetenes strenge praksis, den har ogsåført til en forsterking av kravene til hvordan en kan oppføre seg som eier av norske fiskefartøy, sier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen.

•Det er klart at både de ansatte og de lokale myndigheter og partier ønsker at Norway Seafoods skal komme inn som eier i Melbu. Bedriften og fartøyene betyr mye for hele regionen, og det blir sett påsom en fordel åfåinn nye eiere med kapital og kompetanse. Jeg er enig i dette. Det er positivt for norsk fiskeindustri åfåinn et sterkt selskap som kan bli en drivkraft i Melbu og en styrke for norsk fiskeindustri forøvrig, innenfor rammene av de strenge vilkårene myndighetene stiller.

•Samtidig er det nødvendig åsikre en fornuftig og balansert fordeling av eierinteressene i den norske trålerflåten. Myndighetene er opptatt av åforhindre for store eierkonsentrasjoner. Fiskeridepartementet arbeider derfor ogsåmed konkrete regelendringer som vil begrense mulighetene til åkontrollere et større antall torsketrålere, sier fiskeriministeren.

Fiskeridepartementet slår i tillatelsen fast at ved en eventuell nedbygging av industrivirksomheten ved Melbu Fiskeindustri vil ervervstillatelsen og trålkonsesjonene for de fem trålerne kunne bli trukket tilbake. Konsesjonene for å drive de fem trålerne er knyttet til industrivirksomheten i Melbu/Vesterålen og vil ikke bli tillatt skilt fra denne virksomheten. Det vil heller ikke bli gitt tillatelse til at fartøyene kan overføres til søsterselskap.

Det presiseres at deltakerloven er slik å forstå at enhver endring i eiersammensetningen i Norway Seafoods og selskaper med eierinteresser i Norway Seafoods må godkjennes av Fiskeridepartementet.

Lagt inn 15 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norway_seafoods_far_overta_aksjer/id236498/  2.11.2015.

Aker Seafoods

Posted on 21/01/2014 by Thor-Ivar Guldberg in Nyheter, generelt, Om Melbu

Aker Seafoods Melbu AS har all sin virksomhet på Melbu i Vesterålen, men alle tidligere lokale eiere solgte seg tidligere ut til Inge Røkke.

Det ryktes at ansatte i fiskeindustrien kjøpte sine aksjer for 500 per stykk og solgte til om lag 25.000 per stykk til Inge Røkke & Co. Det var klondyke på Melbu og flere tidligere eiere av fiskeindustrien ble med ett millionærer.

Selskapet, som tidligere het Melbu Fiskeindustri AS, ble stiftet 1963 av private investorer etter at det ble overtatt fra staten. Anlegget ble tatt i bruk under andre verdenskrig, og framstod da som et av Norges mest moderne anlegg.

Havnen på Melbu ble ferdig utbygget med nytt seilingsløp i 2008. Havfisk (tidligere Aker Seafoods) har sammen med andre lokale bedrifter i Melbu, kommunen, havnevesen og statlige myndigheter bidratt til å realisere prosjektet.

Havna legger til rette for en roligere og tryggere innseiling og er en stabil havn selv i vanskelige værforhold. I tillegg er havna tilpasset større fartøy. I dag eies selskapet 100 prosent av Havfisk (tidligere Aker Seafoods ASA), og etter store investeringer både i bygningsmasse og produksjonsutstyr i 2002 fremstår anlegget som moderne og effektivt.

Anlegget leies ut til Norway Seafoods som står for driften.

http://www.8445melbu.no/aker-seafoods/ 2.11.2015.

Millionoverskudd for Melbu Fiskeind

Mens store deler av fiskeindustrien i Nord-Norge har slitt, har Røkke-bedriften Melbu Fiskeindustri gjort det bra. Millionoverskudd i fjor gjør at arbeidsstokken nå økes med 20 mann.

Oppdatert 14.01.2004, kl. 15:02

Av:

Leif Inge Larssen

Administrerende direktør Trond Hansen sier at med de nyansatte skal inn i arbeid i løpet av januar, teller Melbu Fiskeindustri rundt 200 ansatte.

– Vi har hatt en periode med god råstofftilgang og økt etterspørsel etter våre produkter, sier Hansen.

Melbu Fiskeindustri er en del av selskapet Norway Seafoods, og etter å ha hatt et underskudd på 9 millioner kroner i 2002, kan de nå vise til et million-overskudd i fjor.

Økt bemanning

Regnskapstallene er ikke klare ennå, så nøyaktige beløp vites ikke. Når bedriften nå skal øke bemanningen, leter de både i Norge og i nabolandene for å finne erfarne fiskeindustri-arbeidere. Administrerende direktør Trond Hansen sier at dette godt kan bli jobber for innvandrere.

– Vi har en god del innvandrere i bedriften i dag, og det har vi gode erfaringer med, sier han.

Filetering av torsk ved Melbu Fiskeindustri.

Om årsaken til fjorårets gode resultat, sier Hansen at det har vært en endring i næringen. – Fjoråret var mer positivt. Og vi har kommet inn på nye og mer lønnsomme markeder. Dessuten har vi bygd ut en ny fabrikkhall i 2002, noe som har gitt en mer rasjonell drift, sier direktøren som også er optimistisk for 2004.

Nye produkter

Han sier de merker konkurranse fra Kina på noen av produktene, og at de skal prøve seg på noen nye produkter i løpet av året. Han tror også det er en fordel å være en bedrift som har klart å snu fra et negativt resultat til et positivt.

Pan Fish ASA

Store norske leksikon Teknologi og industri Industri Næringsmiddelindustri – bedrifter

 

Stavanger, norsk fiskeoppdretts- og sjømatkonsern dannet i 1992 som en fortsettelse av Christiania Bank og Kreditkasses engasjement innen havbruksnæringen. Pan Fish ble i 2006, etter oppkjøpet av Marine Harvest, verdens ledende oppdrettsselskap med rundt 20 % av verdensproduksjonen.

Pan Fish ble børsnotert i 1997 og gjorde på slutten av 1990-årene mange og store oppkjøp. Fra 2001 skapte imidlertid lave laksepriser store problemer for selskapet, som fikk synkende omsetning og og gjennomgikk flere omstruktureringer og refinansieringer frem til 2005. Bankene Nordea og DnB NOR ble da de største eierne, men i 2005 overtok skipsreder John Fredriksen (gjennom selskapet Geveran Trading) som majoritetseier ved å kjøpe aksjeposten til Nordea. Fredriksen kjøpte i 2006 også oppdrettsselskapet Marine Harvest fra nederlandske Nutreco og norske Stolt-Nielsen og la det inn under Pan Fish. Marine Harvest var året før sammenslått med Stolt-Nielsens oppdrettsvirksomhet (Stolt Sea Farm) til verdens største fiskeoppdrettsselskap, og etter sammenslutningen med Pan Fish ble dette verdens største. Pan Fish eier fra 2006, gjennom Fredriksens investeringer, også ca. 25 % av sjømatprodusenten Fjord Seafood.

Marine Harvest har anlegg i åtte land (Irland, Skottland, Norge, Canada, USA, Australia, Japan, Chile), og selskapet driver foruten lakseoppdrett også oppdrett av bl.a. ørret, torsk, kveite og stør, det siste i California for bl.a. kaviarproduksjon. Den norske virksomheten stammer fra kjøpet av Hydro Seafood i 2000 og omfatter lakseanlegg langs hele kysten, samt oppdrett av kveite, torsk og sjøørret.

Pan Fish driver lakseoppdrett i Norge, Canada, Skottland og på Færøyene. Den norske virksomheten omfatter flere anlegg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med hovedkontor i Ålesund (Pan Fish Norway). I Canada ligger anleggene på vestkysten nær Vancouver, i Skottland også på vestkysten. Videreforedling, først og fremst til røkelaks, skjer ved to bedrifter i Frankrike (Bretagne); videreforedlingen i Danmark (Hirtshals) ble nedlagt i 2005. Også salgsselskap i Japan. Gjennom oppkjøpet av norske Aqua Farms i 2005 fikk Pan Fish oppdrettskonsesjoner, en sjømatbedrift i Frankrike (Kritsen) og en stor eierandel i den norske sjømateksportøren Aalesundfisk.

(snl.no/Pan_Fish_ASA 4.11.2015).

One response to “NASJONAL FRIGJERING OG FORVALTING AV FISKE-RESSURSANE.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: