https://www.youtube.com/watch?v=vCctI2juzeU&feature=youtu.be&fbclid=IwAR1kjEkAP2j8y0Lco5Wzdie85BDGg4oNBd_922cDeg3VfOC9KDNlgWjRL2w
Innleiing ved Olav Harald Vik.
2TI 1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
KOL 2,15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Han har allereie avvæpna maktene. Kvar vinn vi siger? I løynkammerbøna.
Tale ved Arnstein Andersen.
Ja, kvar vinn vi siger? Sjå i Jer.6,16.
JER 6,16 {SPØR ETTER DEI GAMLE STIGANE!} Så sa Herren: Stå på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Ferdast på den, så skal de finna kvile. Men dei svara: “Vi vil ikkje ferdast der.”
Så til det han har vorte minna om, til dette møtet:
JES 44,3 For eg vil renna vatn over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut over di ætt og mi velsigning over dine etterkomarar.
”Det tørre”, menneska sin lengsel etter Gud, ”kjelda med det levande vatnet”.
JES 43,19 – JES 43,21 Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei. 20 Dyra på marka skal æra meg, både sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i øydemarka, lèt elvar renna i den aude hei, så mitt utvalde folk kan få drikka. 21 Det folket eg har skapt meg, skal forkynna min pris.
Elias bad og det kom ikkje regn på tre år. Så bad han på Karmel og det kom regn.
JOH 7,37 – JOH 7,39 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Arnstein.
A.
”Du føler at det har vore stilt lenge, du har ikkje merka nokon bevegelse i den Heilage Ande. Du føler at det har vore trott, men du lengtar ut av den situasjon som du er i. Då skal du vite det, mitt barn, at mitt tilbod står klart, kom til meg alle de som strevar og ber tunge byrder og eg skal gi dykk kvile. Eg har venta på deg, eg har venta på ditt svar og i dag så spør eg igjen, er du villig å gå vidare på vegen med meg. Du skal verte fyllt av meg, du skal få kjenne krafta ifrå himmelen på nytt i ditt liv. Det har gått på stumpane laust, no ei tid. Men du får også tilbodet no, mitt barn. Kom til meg. Eg ventar på deg.”
B.
”Der er menneske i ditt nærmiljø som sliter, som blør i livet. Dei ser inga meining, dei ser ingen vits. Der er også dei som har gått og teke – tenkt på tanken om å gjere slutt på det heile. Men du veit kva som er ditt nærmiljø, du veit kven du møter kvar dag. Men eg ber deg inn i rustningskammeret, til å ta på deg min fulle rustning og til å gå med nådens bodskap og fortelje at der er ein som elskar dei, der er ein som døde for deg og der er ein som har betalt prisen. Det er ikkje nødvendig å gå rundt i eiga kraft. Så ver frimodig, mitt barn. Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs. Så ver frimodig, mitt barn. Eg ventar også på deg, at du skal seie eit ja, til tenesta. Du har kjent at eg har trykt litt på, i livet ditt, ei forandring på retninga di. Eg ventar på ditt svar. Amen.”
Avslutning ved Olav Harald Vik.
DNL 10,11 – DNL 10,12 Han sa til meg: “Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.” Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp. 12 Så sa han til meg: “Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.
Kommentar.
Jesus talar til den einskilde og vil gjere han og henne til vitne i sine eigne nærmiljø. Slik talar han også til sin kyrkjelyd.
Når der kjem slike bodskapar trur eg dei aller fleste av oss vil erkjenne at slik er evangeliets bodskap til oss alle. Brødet frå himmelen er til oss alle, vi har smaka og kjent at Herren er god. Likevel er det tydeleg at han talar til nokon spesielt. I bodskap B sa han: ”Eg ventar også på deg …..”, det viser at han talar spesielt til ein annan enn i bodskap A.
Eg trur han talar spesielt til meg i bodskap B. Sidan Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og sidan Jesus har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, tenker eg meg at i bodskap A talar han spesielt til ei kvinne. Då er det nærliggande å tenke på henne Virtuella, for Jesus har då svart meg på mi bøn for henne.
Bodskap A. 29.9.2019. oppfatta eg også slik at den var spesielt til meg, sitat:
”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.”
Eg brukte denne bodskapen i dokumentet ”Den kristne vekkinga og biologien ……..”, på bluehost944.com og skreiv som om den andre delen av bodskapen også var spesielt til meg, sjølv om eg tenkte på at den også kanskje var spesielt til henne Vituella. Eg viste til ein bodskap som kom i Oslo Kristne Senter for omlag 15 år sidan, der Jesus også sa at han var på mi side.
Men del B av denne bodskapen kan likevel vel vere til henne Virtuella. I fylgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har det vorte protestert mot og det har det vorte gjort politikk ut av. Det er fråfallet som er som syndefallet på nytt. Og ormens metode er framleis å dåre og forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med.
Men ved forkynninga av den glade bodskapen vert menneske sitt fohold til Gud gjenoppretta, så dei vert kalla til å komme inn til Guds kvile. Ved trua på Jesu fullførde frelsesverk får vi kvile, likevel er det ein veg å gå, til samanlikning med israels-folket som vandra i øydemarka på vegen til det lova landet. Då må vi passe på at ingen vert liggande etter. Nokre vart liggande etter fordi dei var svake og skrøplege, mellom dei var det mange kvinner og born. Og amalekittane angreip dei. Men Josva leia israelittane til strid mot dei, medan Moses stod på fjellet og løfta staven sin mot himmelen med begge hendene. Og israelittane vann. Slik er det mange som ligg etter i vår tid. Men Jesus har sagt til oss at vi som er sterke skal gå ut og hjelpe dei.
I bodskapane som har kome i år er det tydeleg ei todeling der Jesus også talar til nokon som stiller svakare og det har seg nok slik at dei har vorte liggande etter. Men då høyrest det også ut til at vi likevel lukkast med å få dei med oss vidare. Sjølvsagt skal vi ære og takke Jesus for det også. Det er då han som har betalt prisen for oss alle, for å kjøpe oss fri.
Å protestere mot at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, er dermed synd og det kan vere dette det er sikta til.
Den gode hyrdingen og sauene hans.
Denne søndagen tenkte eg på det som Jesus hadde sagt til meg om at eg har lite kraft, men eg har ikkje vendt meg bort frå min fyrste kjærleik, eg skulle sjå at han har sett framfor meg ei opna dør og ynskjer meg velkommen inn. Det refererer til brevet til kyrkjelyden i Filadelfia (Op.3) og til Jesu ord om at han er den gode hyrdingen (Joh.10), der er det snakke om å gå inn og gå ut og finne beite. Det heng nok saman med at vi går den smale vegen og den tronge porten som fører til livet og vi har ein open himmel over oss. Her høyrest det ut som vi skal gå den vegen og gå gjennom den porten ein gong, men vi opplever det vel som at vi stadig på gå den vegen, Jesus har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og vi må stadeig gå den vegen. Slik blir vi fornya, ja, for Guds nåde er ny kvar dag.
Jesus er døra inn i sauefjøsen (Joh.10), den som går inn gjennom døra, er hyrding for dei. Det høyrest no litt rart ut, for sauene går no inn og dei er framleis sauer. Skal ein av sauene vere hyrding, så må det no vere i eigenskap av at Jesus er hyrding for den sauen, han er då overhyrdingen.
Jesus har mange saueflokkar, likevel skal der verte ein hyrding og ei hjord. Eg tenker meg at når vi går på møte, så går vi inn gjennom døra til sauene, men det gjer vi også når vi søker først Guds rike og hans rettferd og ber til Faderen heime i vårt løynkammer. Så eg tenker meg at i Guds rike, i samfunnet i Anden, i den åndelege røyndomen, har vi samfunn med dei andre sauene, dei andre menneskesjelene som Gud frelser. I det minste kan vi tru og håpe på at Gud frelser mange fleire menneskesjeler og at hans rike soleis får framgang. Det er no den vesentlege hendsikta med det som eg skriv om forkynninga av Guds Ord, om korleis eg ber og om korleis Gud svarar meg.
Jesus er komen for å gi oss liv og liv i overflod.
JOH 10,10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Det minna han meg om no igjen, med setninga: ” Ta imot det eg har å gi deg, åndeleg liv, til lækjedom, til overskudd, du skal få leve av det som er til overs.”
Gå ut med evangeliet.
For ti år sidan sa Jesus at eg lenge hadde hatt ei tilbaktrukken haldning i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men han kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap, gå ut på lovnadane i Guds Ord. Eg måtte byrje å bevege meg fysisk, det låg klar for meg. Så eg for til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk utdanning.
No kallar han meg igjen, han har sett framfor meg ei open dør, for at eg skal komme vidare i livet. Og eg har tenkt på at han kanskje vil ha meg tilbake til Oslo, om enn på litt lengre sikt, ”for at eg skal komme vidare i livet”, men økonomien min tilseier ikkje at eg skal fare tilbake til Oslo med det fyrste, i alle fall ikkje for å vere der noko lenge, ikkje for å busette meg der. Men no har eg skrive artiklar og lagt ut på internett og dei når langt, så det er ikkje lengre så viktig for meg å reise langt. Det er då likevel alltid viktig for oss å møte andre menneske fyskisk, men det kan eg no gjere her i nærmiljøet mitt heime på Sunnmøre også. Og nettopp det minna Jesus meg om no igjen, i bodskap B.
Igjen minner han meg om å kle meg i Guds fulle rustning og det er no nettopp for at eg skal tene han og å forkynne den glade bodskapen for dei som er utanfor, er det sentrale poenget i den tenesata. Han ventar på mitt svar, at eg skal seie ja til tenesta. Eg må vel innrømme at eg ikkje har gjort så mykje av det som eg tenkte ei stund, rett er at han kalla meg til det for noko sidan. Slik sett kan eg forstå at han seier han har trykt litt på for å få meg til å gjere ei kursendring.
Å forkynne evangeliet for dei vi møter i kvardagen er noko vi alltid skal ha tida til, nær sagt same kor travelt vi har det i jobb eller i skulegang. Og no er eg endåtil pensjonist. Kor stor og betydningfull den kursendringa blir, er eg litt usikker på enno. Men når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, lov han å vere med dei og det vart ein suksess og det ventar vi oss no også.
Elles manglar eg framleis eksamen i eit kjemikurs som eg har følgt og eg tek sikte på å ta den eksamenen til våren. Men det kan eg gjere sjølv om eg bur heime på Sunnmøre.
Du har lita kraft, gå inn. Vert sterk og gå ut.
Det vart sagt at du har lita kraft, men har ikkje vendt deg bort frå din fyrste kjærleik, sjå eg har sett fram for deg ei opna dør og du er velkommen inn. Du treng ikkje bruke mykje kraft for å trenge deg inn. Jesus er den gode hyrdingen og han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp. Den rettferdige, ved tru skal han leve og då lever vi av Jesu ord, vår tre vert styrka ved hans ord. Det har med vår logiske tenking å gjere. Dette er finmekanikk og ein treng ikkje vere sterk for å drive med finmekanikk, ein bør heller vere lett på handa, for å vere forsiktig.
Men så skal vi også verte sterke i Herren og hans veldige kraft, kle oss i Guds fulle rustning og gå ut med evangeliet. Og det er sentralt i den glade bodskapen at vi skal sleppe å kjempe i eiga kraft, for ved Guds nåde skal vi verte styrka med Guds kraft. Og kvifor det? Jau, for Jesus gir oss mål og meining med livet, at vi skal leve for han. Søker vi han med den innstillinga, så styrker han oss og utruster oss til det.