Innleiing ved Knut Hübenbecker.
MRK 5,25 – MRK 5,34 No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26 Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27 Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå. 28 For ho tenkte: “Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.” 29 Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen. 30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: “Kven var det som tok i kleda mine?” 31 “Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,” svara læresveinane, “og så spør du kven som tok i deg.” 32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33 Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var. 34 Då sa han til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.”
Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
- ”Ja, eg er Herren din Gud, eg er den som talar, eg er den som openberrar og eg er den som skaper ved mitt Ord. Du skal fokusere på det som eg talar til deg, du skal fokusere på det som eg vil gi deg. Du skal ikkje ha noko som du skal få hos omstenda, for omstenda hindrar deg i å lytte på kva eg har å seie til deg. Søk derfor meg i denne kvelden og søk meg også i framtida, fordi tida er nær, tida er kort. Tida er nær til at eg kjem og hentar deg. Du skal ikkje frykte, du skal ikkje vere redd, du skal berre søke meg av heilt hjarte.
- Det er (så mange?) menneske som du ser opp til, det er så mange menneske som du ser opp til som er gud, men du skal vite at det er ikkje Gud enn meg. Eg talar gjennom menneska og dei menneska eg talar gjennom, dei skal du sjå som at eg talar til deg, fordi eg er den som har sagt at når du opnar din munn, så er det eg som talar, det er ikkje menneska som talar, det er eg. Derfor vil eg at du skal halde fokus på at når nokon talar mitt Ord, så skal du tenke slik at det er eg som talar mitt Ord i ditt hjarte. Du skal stole på at eg brukar alle menneske slik at du skal få openberring frå meg. Men eg talar også direkte og når eg talar, så talar eg fra dei (for deg?). Og det er inga lønn ifrå meg, for lønna kjem ifrå helvete.”
Tale ved Svein O Holst.
RMR 1,16 – RMR 1,17 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE} For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.
RMR 3,10 som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste.
RMR 3,23 – RMR 3,24 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. 24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.
RMR 4,13 {LOVNADEN TIL ABRAHAM} For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru.
RMR 4,23 – RMR 4,24 Men det var ikkje berre for hans skuld at dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal få rettferda tilrekna når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde,
RMR 4,25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.
JES 53,5 Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.
RMR 5,1 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN} Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.
HEB 6,19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen,
RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN} Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
RMR 5,17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
FIL 4,6 – FIL 4,7 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.
GLT 1,15 – GLT 1,16 Men Gud, som valde meg ut frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, sette seg føre 16 å openberra sin Son for meg, for at eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje menneske til råds.
GLT 2,20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
KOL 3,1 – KOL 3,2 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET} Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.
RMR 10,1 – RMR 10,4 Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. 2 For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn. 3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud. 4 For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.
1KO 1,28 – 1KO 1,31 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
RMR 3,24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.
Aktuelle bibelvers.
Løn frå himmelen.
ÅPE 22,6 – ÅPE 22,21 {KOM, HERRE JESUS!} Og engelen sa til meg: “Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda. 7 Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.” 8 Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene på den engelen som hadde synt meg det; eg ville tilbe han. 9 Men han sa til meg: “Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og dine brør profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!” 10 Så sa han til meg: “Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11 Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn. 16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.” 17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje. 18 Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; 19 og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka. 20 Han som vitnar dette, seier: “Ja, eg kjem snart.” Amen. Kom, Herre Jesus! 21 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!
Løn frå helvete.
OSP 2,16 – OSP 2,22 {EIT VERN MOT UTRUSKAP} Visdom skal fria deg frå annan manns kone, frå framand kvinne som lokkar så fint, 17 ho som har svike sin ungdoms ven og gløymt den lovnad ho gav sin Gud. [den lovnad ho gav sin Gud: ekteskapslovnaden, som er bindande andsynes Gud òg. Sml. Mal 2, 14.] 18 Huset hennar sig ned til dødsriket, vegen hennar fører ned til dei døde. 19 Dei som går inn til henne, kjem aldri att, dei når ikkje fram til livsens stigar. 20 Men visdom skal hjelpa deg til å fylgja den vegen der dei gode går, og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast. 21 For dei rettvise skal bu i landet, dei ærlege skal få vera der. 22 Men dei gudlause skal rydjast ut og svikarane rivast bort frå landet.
OSP 7,1 – OSP 7,27 {AKTA DEG NÅR FRAMAND KVINNE LOKKAR!} Son min, ta vare på mine ord, gøym mine bod i din hug! 2 Ta vare på mine bod, så skal du leva, og på mi lære som din augnestein! 3 Bind dei fast til fingrane dine, og skriv dei på di hjartetavle! 4 Sei til visdomen: “Du er mi syster,” og kall vitet din frende! 5 Så vaktar dei deg mot annan manns kone, mot framand kvinne som lokkar så fint. 6 Ein gong såg eg ut gjennom glaset, kikka ut gjennom gluggen. 7 Då såg eg mellom dei unge ein tankelaus gut, eg merka meg han blant dei urøynde menn. 8 Han gjekk framom på gata ved hennar hjørne, gjekk og dreiv på vegen ved hennar hus. 9 Det var i skumringa, då det kvelda, på den tid nattemørkret fell på. 10 Då kjem kvinna imot han i skjøkjebunad og med listige planar. 11 Ho er så rastlaus og ustyrleg, ho kan ikkje halda seg roleg heime. 12 Snart er ho på gata og snart på torget, ho står på lur ved kvart gatehjørne. 13 Så tek ho tak i han, kysser han og seier til han med frekk mine: 14 “Eg skulle bera fram eit måltidsoffer, og no har eg gjort det eg lova. 15 Så gjekk eg ut til møtes med deg, eg leita etter deg og fann deg. 16 Eg har lagt teppe på mi seng, fargerikt lin frå Egypt, 17 og over mi lege har eg strøytt myrra, aloë og kanel. 18 Kom, lat oss nyta kjærleiksrusen, hyggja oss i elskhug til morgonen gryr. 19 For mannen min er ikkje heime, han er ute på langferd. 20 Pengepungen tok han med seg, fyrst ved fullmånetid kjem han heim.” 21 Ho vann han med lokkande ord, med falske lipper forførte ho han. 22 Han fylgjer etter henne med det same, lik ein okse dei fører til slakting, eller ein hjort som går i fella, 23 til pila borar seg inn i levra; han liknar fuglen som flyg i snara og ikkje skjønar at det gjeld livet. 24 Så høyr no på meg, mine born, lyd på orda frå min munn! 25 Lat deg ikkje lokka til å velja dei vegar framand kvinne går, villa deg ikkje inn på hennar stigar! 26 For mange har ho gjeve banesår, talrike er dei ho har felt. 27 Frå hennar hus går vegar til dødsriket, dei fører til dødens mørke rom.
SKR 11,10 – SKR 11,14 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. 11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord. 12 Eg sa til dei: “Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!” Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: “Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.” Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
ÅPE 18,1 – ÅPE 18,9 {BABYLONS FALL} Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.] 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.” 4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: “Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.” 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne. 9 Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.
Kommentar.
Eg var ikkje på dette møtet og det er no klart at bodskapen må forståast som ein bodskap til dei som var på møtet, ja, det er no tale om denne kveldsstunda. Det er tale om menneske som er ”gudar”, men eigentleg er dei ikkje gudar likevel, for der er berre ein Gud. Dette høyrest rart ut, det er då ei sjølvmotseiing, skal vi ta det bokstaveleg, høyrde vi rett? Ja, Jesus viste då til ein skriftstad i det gamle testamentet der det vart sagt om dei som Guds Ord kom til, at dei var gudar. Mange lærde og spesielt filosofar følgjer med i tankar i tida, både i den kristen forkynninga og i utviklinga av vitskapen, dei vert inspirerte av det til å utvikle sine eigne filosofisk tankar, men då legg dei vinn på å tenke og tale sjølvstendig. Det dei seier kan få stor betyding for framtida, så det kan vere som om dei er gudar som skaper framtida. Og politikarar ser etter kva slags tankar og idear dei kan bruke til å få med seg folk. Men vi veit at likevel er det berre ein Gud og det er hans om gjer det heile, sjølv om vi ikkje heilt forstår det. Eg for mitt vedkommande bryr meg ikkje mykje om verken filosofar eller politikarar, eg høyrer på dei som forkynner Guds Ord og så studerer eg det sjølv og så høyrer eg på naturvitarar og matematikarar og suderer desse faga sjølv. Og så filosoferer eg ved å samanlikne det og sjå korleis det høver i hop. Det er det sikkert andre også som gjer og då høyrer eg gjerne på dei.
Der er visst nokon som ser opp til dei som talar Guds Ord og som Gud så tydeleg talar gjennom, men du skal sjå det slik at Gud talar til deg. Slik skal du få vere sjølvstendig og tenke sjølvstendig, som ei frelst og frigjort, levande sjel. Vi har det til felles at vi trur på Faderen og Sonen og tek imot Guds Ord og Guds Ande. Likevel skal kvar einskild få sjå det slik at ”Jesus talar til meg” (Joh.10). Ja, når du sjølv talar, skal du få sjå det slik at det er Jesus som talar gjennom deg. Men kva med alle dei andre samanhengane vi står i, der vi talar om noko heilt anna? Med Guds Ord og Guds Ande har vi rasjonalistisk og åndeleg innsikt, det skal noko til å sjå kva det har å gjere med dei nære ting som vi omgir oss med, men vi treng ikkje problematisere over det, vi veit då at vi skal løfte hugen opp til Jesus og sjå på han.
Men den siste setninga her er spesiell:” Og det er inga lønn ifrå meg, for lønna kjem ifrå helvete.” Den er heilt ulike noko som eg har høyrt tidlegare. Kva er det for slags lønn som er frå helvete? Den duglause hyrdingen ville ha lønna si, Judas selde Jesus for 30 sølvpengar og han fekk tydelegvis løn frå helvete. Den Store Skjøkje dyrka styresmaktene som gudar og fekk løn frå helvete.
Eg hadde i lang tid skrive ned bodskap som kom gjennom tyding av tungetale og når eg kom til Oslo sommaren 1994 byrja eg systematisk og konsekvent å skrive ned bodskapane og skrive til kyrkjelyden om det, i 1990 byrja eg å spele dei inn, så eg fekk det med meg heilt og rett. Når eg fekk meg bloggeside, la eg dei ut der. I kommenarane skreiv eg korleis eg oppfatta og forstod at Gud talte til meg Eg gjorde det klart at andre kunne oppfatte og forstå det på sin måte, som bodskap til seg sjølv. Men vi kjem vel ikkje forbi at oftast er der ein eller ei som er hovudpersonen som det vert talt til eller han talar til oss alle samen.
Hovudsaka for meg er å ta imot Guds Ord, tru det og forstå det med hjertet, så det vert verdifullt for meg og så forkynnde det så det vert verdifullt for andre. Å ta imot den åndelege velsigninga og vere kanal for den til andre. Jesus vil gi oss liv og overflod. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tilleg til det.
Men det vart dyrt å bu i Oslo utan arbeid, så eg flytta heim att til Sunnmøre. Heldigvis var der ein som byrja å filme møta og legge dei ut på internett. Eg tok vel imot det og fortsette å skrive slike møtereferat på mi bloggeside, med link til den nettsida han brukt. Men då protesterte han og sidan han ikkje klarde å stoppe meg, truga han med å saksøke meg. 10.11.2019 sende han meg denne SMS-en:
”Hei. Åndsverksloven er klikkende klar. Jan Ludvig Ludvigsen og TV Østfold vurderer søksmål mot deg.
Erstatningskravet vil bli satt i forhold til gjeldende lover og satser.
Videre bruk av våre copy beskyttet bilder, og eller filmsnutter vil bli politianmeldt. Til din orientering kan det dreie seg om størrelse på 150 000 kr. Mvh. Jan Ludvig Ludvigasen.”
Då var det berre å slette desse bloggesidene, så han fekk inga lønn på den måten. Så eg kan godt tenke meg at det er den lønna som han soleis trakta etter, det er tale om her, som er frå helvete.
Eg har fortalt at eg investerte i kryptovaluta, forvaltaren sa han var jøde og siterte frå det gamle testamentet og vitna om si tru og eg vitna om mi tru på Kristus som Guds Messias. Men så gjorde han ikkje slik som var avtalt og slik som han sa. Noko seinare sende selskapet meg e@post om at pengane var sende til min konto og bad meg bekrefte det når dei var mottekne. Men pengane kom ikkje og når eg sende e@post til forvaltaren, vart den avvist.
Det vart forsøkt å bruke lovverket til å krevje pengar frå meg, det gjekk ikkje slik. Men det vart forsøkt å lure pengar frå meg og dei klarde dei. Politiet og lovverket står hjelpelause overfor det. Men eg reknar med det er ein samanheng her, så dersom litt fleire av dei som kallar seg kristne og/eller jødar vil vere ærlege, så får vi det nok oppklart.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han ahr svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Likevel har det enno ikkje vorte noko av, eg har fått motstand. For der er så sterke politiske og økonomiske interesser at å selje slaktesauene for sauehandlarane. Å selje den unge kvinna som ei hore og den unge mannen som træl.