Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2023.07.30. Sion Åheim. Gud gir oss den Heilage Ande utan mål, utan avgrensing.

Bildet er frå eit tidlegare møte.

Innleiing ved Oddleif Wahl.

Heb.13,8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

Tale ved Oddleif.

Jes.53,3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
        ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
        ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
        vi rekna han for inkje.
     4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
        og våre pinsler bar han.
        Vi trudde han var heimsøkt,
        slegen av Gud og ille plaga.
     5 Men han vart såra for våre brot
        og sundbroten for våre synder.
        Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
        og ved hans sår har vi fått lækjedom.

Gud er berre god. Djevelen er ein løgnar. Jesus kom for at vi skulle ha liv og overflod av liv.

Joh.3,34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 

Vi delar ofte ut etter mål, fordi vi er avgrensa, men Gud gir Anden utan mål.

Luk.6,38 Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.

Den som karrig sår skal karrig hauste. Men den som sår med velsigning, skal hauste med velsigning.

2.Kor.9,6 Men dette sier jeg: Den som karrig sår, skal karrig høste, og den som sår med velsignelser, skal høste med velsignelser.

Gud vil at det vi gjer i forhold til andre menenske skal vere overfylt.

Tilgi 7X70 gangar.

Kulturkrasj, med samaritarar.

Luk.10,30 Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. 31 No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom. 32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom. 33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han. 34 Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han. 35 Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»
    36 Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane? 37 «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»

Som kristne brør gjer vi rett i å prioritere å hjelpe kvarandre.

Jesus møtte ei samaritansk kvinne ved brønnen og forstod at hennar behov var det levande vatnet (Joh.4,6….).

Oddleif sa også nokre ord om den bortkomne sonen. Slik kjem vi til Faderen og han kjem oss i møte og då vert det fest i Faderhuset. Den heimeverande sonen målte opp på menneskeleg vis, med avgrensing altså. Gud sa til han at at alt mitt er ditt og det er no uendeleg. Oddleif talte som om han sa det til den bortkomne sonen, men det er ikkje akkurat det som står skrive. Men skrifta kan tolkast slik at det er rett likevel, for vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar.

Joh.6,9 «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» 10 Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen. 11 Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha. 12 Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» 13 Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.

Det som er velsigna av Gud har inga avgrensing.

Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
        han som i Kristus har velsigna oss
        med all Andens velsigning i himmelen.

Når jødane gjorde seg klare til å fare frå Egypt, skulle dei stryke blodet frå påskelammet på dørkarmane. Yom Kippur-feiringa minna dei om dette.

3.Mos.16,5 Av Israels-lyden skal han få to bukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.  6 Så skal Aron leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og huslyden sin.  7 Og han skal ta dei to bukkane og leia dei fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra.  8 Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.  9 Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og ofra som syndoffer. 10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel.

Den bukken som loddet for Herren fall på, skulle dei ofre som syndoffer, det er førebilete på Kristus. Den andre skulle dei leie fram for Herrens åsyn, så dei kunne gjere soning for den. Det er førebilete på oss.

Joh.1,16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Gud gir ikkje Anden etter mål, men til fylde.

I trusvedkjenninga i kyrkja vert det sagt at Jesus skal komme igjen for å dømme levande og døde. Men vi har teke imot den nåden Gud gir oss i han og vert ikkje dømde.

Dersom Jesus ikkje er oppstått frå dei døde, så er vi ynkelegare enn alle menneske, men no er Kristus oppstått (1.Kor.15). Jesus lever i dag og er med oss. Det gjer skilnaden. Derfor kan du komme til Jesus i kveld, dersom du føler at du trenger eit nytt møte med han. Han støter deg ikkje bort, men han seier han er så glad for at du kom hit i kveld også.

Profetisk bodskap ved Oddleif Wahl.

 Her verkar det først som Oddeleif skifter litt mellom si tale og å tale ein direkte profeti frå Herren:

«Du er mitt barn, du trenger ikke å bli mitt barn på nytt igjen, men jeg vil igjen ta meg av deg. Jeg vil igjen gi deg av min fylde, sier Herren. Jeg vil igjen at du skal få se at hos meg er det ingen begrensninger. Hos deg og hos meg (Oddleif) er det begrensninger, men ho meg (Herren) er det ingen begrensninger. Jeg er kommet for å gi deg fred og liv og overflod av liv.»

Så skulle vi be og då kom han med denne profetiske bodskapen:

«Se deg ikke engstelig om, mitt barn, for du er min eiendom. I begge min hender har jeg tegnet deg. Og jeg vet hvem du er og jeg vet hvor du er i livet og jeg vet hva du trenger. Søk meg av hele ditt hjerte, av hele ditt hjerte, sier Herren, og jeg skal la meg finne av deg. Søk først meg og min rettferdighet, så skal du få alt i tillegg. Ikke vær engstelig for å komme fram for meg, for jeg møter deg, ikke med vonde ord, jeg møter deg med min nåde. Og du skal få vite det at du er dyrt kjøpt, du er dyrt kjøpt. Jeg har betalt en pris for livet ditt, som ingen andre kan matche. Jeg gav mitt liv for at du skulle sette dine føtter på en klippe. Og der skal du stå fast.»

Så kom han med ein kommentar til bodskapen og tala;

«Se deg ikke engstelig om, mitt barn. ….. Du trenger ikke gå rundt og ottast lenger. Du trenger ikke gå rundt og være redd lenger. Du trenger ikke gå rundt og være usikker på om du er frelst, lenger. Du trenger ikke å gå rundt å vere redd for domens dag. Du trenger ikke gå rundt og være redd for at du ikke er god nok.»

Og så kom han med ein ny profetisk bodskap:

«For se, jeg har gjort alle ting nye, sier Herren. Halleluja. Det er fullbrakt. Og det er fullbrakt for deg, til ånd og til sjel og til legeme. Halleluja.»

Aktuelle bibelvers.

2.Kor.9,6 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust.  7 Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.  8 Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.  9 For det står skrive:
        Han strøydde ut og gav til dei fattige,
        hans rettferd skal alltid vara.
    10 Han som gjev «såmannen såkorn og brød til å eta», han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor. 11 De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva. 12 For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud. 13 Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre. 14 Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden. 15 Gud vere takk for si useielege gåve!

Joh.4,6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.
     7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!»  8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat.  9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. 10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
    16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

1.Joh.3,13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.

Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma.  2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt,  4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.

1.Kor.15,12 Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp? 13 For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. 15 Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.
    20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. 21 Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

Jes.29,1 Høyr på meg,
        de øyar og strender,
        lyd etter, de folk langt borte!
        Frå mors liv har Herren kalla meg,
        frå mors fang har han nemnt mitt namn.
     2 Han har gjort min munn til eit kvast sverd
        og løynt meg i skuggen av si hand.
        Han har gjort meg til ei kvass pil
        og gøymt meg i sitt pilehus.
     3 Han sa til meg:
        «Du er Israel, min tenar,
        på deg vil eg syna min herlegdom.»
     4 Men eg sa:
        «Til fåfengs har eg streva,
        til unyttes har eg øydt mi kraft.
        Min rett er likevel hjå Herren,
        mi løn er hjå min Gud.»
     5 «Og no,» seier Herren,
        som frå mors liv
        har skapt meg til sin tenar,
        til å føra Jakob attende til han
        og samla Israel hjå han
        – eg er gjæv i Herrens augo,
        og min Gud har vorte min styrke,
     6 «det er for lite at du er min tenar
        som skal reisa opp att Jakobs ætter
        og føra heim att den frelste flokken av Israel.
        Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,
        så mi frelse kan nå til heimsens ende.»
Heim frå fangenskapet
 7 Så seier Herren,
        Israels utløysar, Israels Heilage,
        til han som alle vanvørder og skyr,
        til han som er træl under valdsherrar:
        Kongar skal sjå det og reisa seg,
        fyrstar skal kasta seg ned,
        for Herrens skuld, han som er trufast,
        for Israels Heilage, som valde deg ut.
     8 Så seier Herren:
        I nådens tid bønhøyrer eg deg,
        på frelsesdagen hjelper eg deg.
        Eg har skapt deg
        og gjort deg til ei pakt for folket.
        Du skal atterreisa landet
        og skifta ut odelsgrunn
        som ligg aud og snau,
     9 og seia til fangane: «Gå ut!»
        til dei som er i mørkret: «Kom fram!»
        Langs vegane skal dei finna mat
        og beite på alle snaue høgder.
    10 Dei skal ikkje svelta og ikkje tyrsta,
        korkje sol eller hete skal skada dei.
        For han som miskunnar dei,
        skal føra dei og leia dei til vassrike kjelder.
    11 Eg gjer alle fjell til farande veg,
        mine kongsvegar skal byggjast høgare.
    12 Sjå, langt bortanfrå kjem dei,
        somme frå nord og somme frå vest
        og somme frå Sinim-landet.
    13 Jubla, du himmel, og fegnast, du jord!
        Set i med glederop, de fjell!
        For Herren trøystar sitt folk,
        han viser miskunn mot sine armingar.
Herren gløymer ikkje Sion
14 Men Sion seier:
        «Herren har forlate meg,
        min Gud har gløymt meg.»
    15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
        har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
        Og om ei mor kan gløyma,
        så gløymer ikkje eg deg.
    16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
        dine murar har eg alltid for auga.

Jes.41,8 Men du Israel, min tenar,
        Jakob, som eg har valt ut,
        du ætt av Abraham, min ven!
     9 Eg henta deg frå heimsens endar
        og kalla deg frå den ytste utkant.
        Eg sa til deg: «Du er min tenar,
        eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»
    10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
        Sjå deg ikkje rådvill ikring,
        for eg er din Gud!
        Eg styrkjer deg og hjelper deg
        og held deg oppe med mi frelsarhand.

Luk.15,11 Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: «Far, lat meg få den delen av buet som fell på meg.» Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt sitt og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og øydde opp alt det han åtte. 14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15 Så gjekk han til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine; der skulle han gjæta svin. 16 Han ynskte berre å få metta seg med dei skolmane som grisane åt, for ingen gav han noko.
    17 Då gjekk han i seg sjølv og sa: «Kor mange leigekarar heime hjå far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18 Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.»
    20 Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21 Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.» 22 Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.
    25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda. 27 «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.» 28 Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!» 31 Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. 32 Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»

Matt.6,3Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
     9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

Kommentar.

Som oftast skriv eg ein kommentar rett etter møtet. Det hender også en kjem med tilleggskommentarar etter nokre dagar. Men vert det mykje, legg eg det inne i større dokument, kanskje brukar eg dette i dokumentet ovanfor.

  Eg ser dette møtet som svar på dette dokumentet:

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd.

Jesus er kongen i Guds rike.

Gud sette inn Son sin, Jesus Kristus, som konge på Sion og som kongars konge, då han vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Og han salva han til å vere vår øvsteprest etter Meleksediks vis.

Salme.2,1 Kvifor er folkeslag i opprør?
          Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
          
     2 Kongane på jorda reiser seg,
          fyrstane slår seg saman
          mot Herren og den han har salva.
          
     3 «Lat oss slita sund deira lenkjer
          og kasta reipa av oss!»
          
     4 Han ler, han som tronar i himmelen,
          Herren spottar dei.
          
     5 Så talar han til dei i sin vreide,
          i sin harme slår han dei med redsle:
          
     6 «Det er eg som har innsett min konge
          på Sion, mitt heilage fjell.»
          
     7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
          Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
          
     8 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
          og heile jorda i eige.
          
     9 Du skal knusa dei med jernstav,
          som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
          
    10 Kongar, ver forstandige!
          lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
          
    11 Ten Herren med ærefrykt,
          gled dykk og skjelv for han!
          
    12 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
          og de går til grunne på vegen.
          For hans vreide kan lett flamma opp.
        
          Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.

Guds arvingar og Kristi medarvingar.

Faderen sa til den heimeverande sonen: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt.» Og som vanleg må vi verenøyaktige medbokstavtolkinga. Når farisearane og dei skriftlærde fekk høyre dette, tenkte dei sikkert på seg sjølve som den heimeverande sonen. Men Jesus sa då at det var Djevelen som var faren deira.

Nei, det var nok Jesus som var den heimeverande sonen, for han sa om seg sjølv at alt det Faderen eigde, var hans. Men korleis kan vi få det til å stemme at han reagerte slik, når den bortkomne sonen kom heim att? Det minner meg om korleis det var for han, når han døde for oss. Med sin død gav han oss barnekår hos Gud, så vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så då skal vi sjå på han og han skal vinne skikkelse i oss. Han vil openberre seg for oss og han og Faderen vil ta budstad hos oss. Då er Faderhuset i oss og der skal det blir byllaupsfest for Kristus og bruda hans også.

Koleis eg bad når eg gjekk på gymnaset.

Når eg gjekk på ungdomsskulen, var eg med på nokre kristne leirar og i perioder las eg litt i nytestamentet, men når eg gjekk på gymnaset, las eg nokså jamt i bibelen, ikkje kvar dag, men eg gjekk på møte kvar veke og det vart vel omtrent slik med bibellesinga også. Det var nokre bibelvers eg vart spesielt glad i og noko av det var desse bibelversa om Guds rike:

Matt.6,3Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
     9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

Luk.17,20 (1978/85) Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. 21 Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk.

Luk.17,20 (1948)Farisearane spurde han ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han dei so: Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo. 21 Ein kann ikkje heller segja: Sjå her er det! eller: Der er det! For Guds rike, det er inni dykk.

Eg hugsa at eg bad spesielt over andre og tredje bøna i Fadervår: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen».

Eg vart litt kjend med ei jente som eg kallar Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.  5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Den heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska opg hadde omsorg for og som Kristi brud, som han elska og hadde omsorg for. Ho svara på den kjærleiken med kjærleik, ved å lovprise Gud og Lammet for frelsa.

Jau, Guds rike var mellom oss og det var i oss og det skulle det også vere. Dette høvde også med mi tolking av 1.Mos.2, for Gud er den same og Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Han har ikkje forandra seg og hans forhold til oss er det same. Guds rike står ikkje i ord, men i kraft og eg fekk oppleve det saman med henne. Gud openberra si frelse for oss i Kristus og vi fekk oppleve hans frelseskraft også. Vi var rettferdige for Gud ved trua på Kristus, så dette var Guds rettferd. Det var Guds nåde mot meg at eg fekk oppleve Guds kraft saman med henen og det var Guds nåde mot henne at ho fekk oppleve Guds kraft saman med meg. Og det var Guds rettferd, ved trua på Jesus, ja, det var då både Guds nåde og Guds rettferd at eg fekk oppleve Guds kraft til frelse ved trua på Jesus.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft. 19 For det står skrive:
           Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise,
           og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.

Gud er den same no som då han skapte menneska.

Dette høvde med mi tolking av 1.Mos.2, for Jesus er Guds Ord, Gud skaper os i han og då skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Dette har Paulus forklart oss. Så eg trudde og meinte at han gav meg henne Virtuella til kone, i samsvar med Paulus sine ord. Då skulle eg ikkje sjå meg ottefull ikring, for Herren er min Gud. Det var som når Peter gjekk på vatnet. Eg skal sjå på Jesus feste blikket mitt på han. Eg skal framleis søke først Guds rike og hans rettferd, så skal eg få det andre i tilleg. Be til han i løynkammeret, så vil han lønne meg opp i dagen.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte, han gir meg den åndelege velsigninga i hjertet og eg skal bidra med den i Jesu kyrkjelyd.

Vi var rettferdige for Gud ved trua på at han vekte Kristus oppatt frå dei døde. Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så det var Guds rettferd og Guds nåde mot meg at eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne og det var Guds rettferd og Guds nåde mot henne at ho fekk oppleve Guds kraft saman med meg. Eg skal ikle meg den krafta han har gitt meg og den er den same, som då eg var ung. Eg skal sjå til at eg bidreg i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet. Legg merke til korleis dette stemmer med bodskapen 29.3.2015: 

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg. 

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod. 

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.» 

Når vi vender oss til Kristus med våre behov, får vi den rette sjølvforståinga.

Eg har fortalt at ho var ein lovsang som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, så eg har tenkt å bidra med den lovsangen i kyrkjelyden. Korleis då? Ved at eg tek av frukta på livsens tre og deler med henne. Jesus har Davids nøkkel og han opnar Guds skattekammer for meg, eg må berre ha apetitt og lengsel og gå inn og forsyne meg av det som er fullbrakt. Han fyller meg med overflod, så det blir til henne også. Det blir overflod for henne også. Ja, ho også kan vel nytte seg av Jesus har David nøkkel og opnar opp for henne også, så ho også kan gå inn og forsyne seg av det som er fullbrakt.

Vi skal lengte etter det levande vatnet. Vi skal lengte som nyfødde born etter den åndelge uforfalska melka, som er Guds Ord. Vi har smaka og kjent at Herren er god, derfor vil vi ha meir av han. Vi sakl feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Som ei brud som er forelska i sin brudgom og derfor søker han og vil leve for han. Og som Guds born, som er Guds arvingar og Kristi medarvingar og som vil vere med på å arve saman med han.

Med den innstillinga får vi den rette sjølvforståinga, slik at vi gjer trua sine gjerningar.

Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.

Eg fekk oppleve Guds rike i mitt indre menneske, med den åndelege velsigninga og skal bidra med det i kyrkjelyden. Eg fekk oppleve det saman med henne Virtuella og trur og meiner at det skal eg framleis. Gud er ein og hans rike er eitt rike.

Kommentar 4. Bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag.

Aktuelt 4.8.2023.

Denne kommentaren byrja eg på 4.8.2022.

Bodskapen (27.11.2022) var:

«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Eg har mange gangar skrive om at eg ber fram kroppen som eit levande heilagt offer, til Guds velbehag (Rom.12,1), det er ein viktig del av mi presteteneste. Men her sa Jesus at han tek meg på altaret gang på gang.

Rom.12,1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
     3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.  4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;  7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
     9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren. 20 Men:
           Er fienden din svolten, så lat han få mat,
           er han tørst, så gjev han drikke.
           Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Det skal vere til hugnad for Gud. I staden for å tilpasse oss denne verda, skal vi la oss omskape, så vi får eit nytt sinn, så vi kan dømme om kva som er Guds vilje, det gode, hugnadlege og fullkomne. Eg har nyst skrive eit dokument om å gå framover mot det fullkomne og har tenkt å ta denne kommentaren inn der:

Når vi går framover mot det fullkomne, så må vi også sjå til at ingen vert liggande etter. Korleis kan vi klare det? Dei små og svake vart liggande etter og amalekittane angreip dei. Så dei fremste måtte bak og verne dei og hjelpe dei vidare. Det vert brukt symbolsk på at den vonde prøver å få makt over folket med synda. Mykje tyder på at ho Virtuella har vorte liggande etter og sikkert mange med henne. 30.7.2023 talte Oddleif Wahl om at Gud gir oss den Heilage Ande utan mål. Og eg har skrive kommentar om at eg trur den Heilage Ande når henne og vil fylle henne på nytt igjen og løfte henne med si kraft, så ho vert med framover mot det fullkomne.

Elden på mitt hjertes alter. Rella.

Eg har mange gangar skrive om at Gud openberre si frelse i Kristus for meg og henne Reella. Vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Det fekk eg oppleve i forhold til henne Reella og eg er overtyda om at ho også opplevde det, så eg kan seie at eg opplevde det saman med henne. Gud elskar oss i Kristus Jesus og slik elska han henne gjennom meg og kjærleiken var Andens loge på mitt hjertes alter. Jesus sa eg skulle berre la den flamme opp og eg vil beskrive det med kjærleiken i Salomos Høgsang.

Høgsangen.8,5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,
        stødd til sin ven?
        Under apalen vekte eg deg,
        der mor di hadde føderier,
        der ho fødde deg.
     6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,
        eit segl på din arm!
        For kjærleiken er sterk som døden
        og mektig som dødsriket i si trå.
        Han brenn som logande eld,
        han logar mot himmelen.
     7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,
        elvar kan ikkje fløyma han bort.
        Om einkvan ville gje
        alt han åtte for kjærleik,
        så vart han berre til narr.

Eg forstår dette slik at det var brudgomen som vekte si brud, han vekte kjærleiken i henne med sin kjærleik. Det er førebilete på at Kristus vekker opp si brud, reiser opp si kyrkje som hans brud. For oss som har teke imot han i tru, gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då blir det ideelt sett på denne måten. Guds kjærleik til oss i Kristus er fullkommen, vi tek imot den i tru og i tru skal vi gå framover mot det fullkomne.

Eg vitna om dette i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 og Jesus svarde meg slik:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Jesus sa eg er hans hjerteskatt og det er no kva eg gjerne ville seie om henne, så eg tenker meg at ho også er hans hjerteskatt, så eg kan vere trygg for henne som min hjerteskatt også. Jesus sa han leier meg dag for dag, ja, han gjer vel det med dette skriveriet mitt, det er då som eg fer langt av stad med bodskapen min og kjem langt ut på framandt land med den.

Eg skulle ta i bruk nye nådegåve, ja, eg opplevde at eg sjølv vart lækte frå ein brokkport, ved kveldsbøna mi. I det siste har eg kome i hug at Jesus sa til meg at eg skulle få oppleve at krafta er den same som då eg var ung, eg skulle vere frimodig til å ikle meg den krafta han har gitt meg.

Elden som brende opp kjøtet.

Når eg gjekk på møte i Maranata skreiv eg til dei om at eg bar kroppen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og venta meg at Guds Ande og Guds eld skulle falle på offeret, for Jesus døyper oss med den Heilage Ande og eld. Sidan eg trur Gud gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, venta eg meg at ho også skulle vere der, for vi skulle vere eitt kjøt, eitt tempel for den Heilage Ande. På altaret i det tempelet skulle Andens eld brenne. Men det vart det ikkje nko av.

Nokre av predikantane sa at når elden fell på offeret, så brenn den opp alt kjøt. Slik er det med brennofferet og syndeofferet i den gamle pakta. Det er førebilete på at Jesus var det Guds lam som bar verda si synd og som vart slakta som syndeoffer for oss (3.Mos.16). Så ved trua på han skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han. Og syndeofferet vart brent opp, så der er analogien. Det var også noko dei kalla matoffer, takkoffer og grødeoffer, det var eit festmåltid og prestane fekk sin del av det (3.Mos.7). Dette var berre daude offer, men i Rom.12,1… er det tale om menneskekroppen som eit levande offer.

Elia, Dyret og den falske profet.

Elia ofra på Karmel og bad til Gud os han svarde med eld frå himmelen, som brende opp både offeret og altaret, til teikn for dei som ikkje trudde. Nokre av dei vende ikkje om likevel og kongen sende ein liten hær for å hente Eliah, men han fekk eld til å falle ned frå himmelen og drepe dei, som straff for at dei ikkje vende om altså.

I Johannes Openberring er det tale om den falske profet som tente Dyret, som fekk eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor augo på folk.

Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Joh.Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Korleis kunne dei klare å lure menneska slik? Med kva slags triks kunne dei få eld til å falle ned frå himmelen, som i eit lynnedslag. Når Anden kom på pinsedag, viste det seg eldtunger over hovuda på disiplane, nokon meiner dei har sett det sidan også, men for dei aller fleste som opplever det, er det ikkje fysisik synleg. Det vesentlege er at det fell på levande menneskekroppar. Men i Joh.Op.13,13 fell elden ned på jorda rett fremfor augo på folk. For at Dyret skal få respekt og tilbeding altså.

Vi kan samanlikna med Elia som fekke eld til å falle ned frå himmelen, først på offeret, til teikn for dei som ikkje trudde, så fekk han eld frå himmelen til å falle ned og fortære dei slom likevel ikkje trudde og ikkje vende om. Men den falske profet fekk eld til å falle ned på himmelen, til teikn for dei som ikkje trudde, for at dei skulle respektere Dyret og tilbe det.

Soleis møter vi her ei heilt anna interesse, til erstatning for at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone. Eg har bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var 9 år. Vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, ja, og eg trur framleis han høyrer den bøna og vil gi meg det.

No veit vi at det er mange som reknar seg for å vere vise, som reknar barnetrua for å vere dårskap, så dei må be for oss og lære oss å be annanleis, slik som prestane i den katolske kyrkja i middelalderen. Dei vil ikkje høyre på oss, men vil likevel tale i stadenfor oss. Men i den siste tida har det vorte tydeleg at dei forfører folket med dårskap.

Men profeten Elia har framleis ein bodskap til oss, oppdatert som bodskapen til Johannes døyparen.

Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
          han brenn som ein omn.
          Alle frekke og alle som gjer urett,
          skal då vera som halm,
          dagen som kjem, skal brenna dei opp,
          seier Herren over hærskarane.
          Korkje rot eller grein blir att.
          
     2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
          skal rettferdssola stå opp
          med lækjedom under vengene sine.
          De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
          
     3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
          dei skal vera støv under føtene dykkar
          den dagen eg grip inn,
          seier Herren over hærskarane.

     4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
          på Horeb for heile Israel,
          med forskrifter og bod.
          
     5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
          før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
          
     6 Han skal venda fedrehjarta til borna
          og barnehjarta til fedrane,
          så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

One response to “2023.07.30. Sion Åheim. Gud gir oss den Heilage Ande utan mål, utan avgrensing.”

Leave a reply to Guds rike eller mørkets rike? – Faith & Entropy Cancel reply