Innleiing.
Anton Løvoll slo an tonen med å spele gitar og synge og forkynne innimellom, han leia møtet, men let også ordet vere fritt og det var fleire som bidrog med noko. Eg byrja å spele det inn på telefonen, mest for å sikre at eg skulle få det med meg om der kome profetiske bodskap. Men så stoppa eg det, for at det ikkje skulle verte for langt og så sletta eg det. Eg trur det er lurast å vere forsiktig med kva ein tek med og gjengjev av personlege vitnemål. Det viktigaste er å sikre at folk får høve til å svare for seg sjølve.
Jesus gir oss kvile, med openberringa gjer han alt enklare for oss.
Eg hadde tenkt på litt forskjellig som eg kunne seie, men var avventande. Anton sa noko om at Jesus gir oss kvile, så då valde eg å lese:
Matt 11,25-30 {SONEN GJEV KVILE}
På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.
26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.
30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
Jesus takka Faderen for at det var noko han hadde skjult for dei vise og vituge, men openberra for umyndige. Slik gir han oss kvile. Med openberringa gjer han alt mykje enklare for oss, slik gir han oss kvile.
Vi bøygde oss for Jesu kors og vedkjende vår synd for han og hans blod reinsa oss frå all urettferd, vi vart fylte av den Heilage Ande og den openberra Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Ved Jesus kors fann vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Vi bøygde oss for han og han reiste oss opp. Då må vi halde fram med det, bøye oss for han og ære og takke han for frelsa, la han reise oss opp, så vi vandar vidare med han i hans oppstodekraft. Ordet om korset er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som trur at Gud vekte han opp frå dei døde, er det ei Guds kraft til frelse.
Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, slik må vi feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Tyding av tungetale.
Ingelin sa ho hadde ein bodskap og spurde om å få komme med den. Då var eg snar med å starte opptaket på telefonen. Ho kom med tungetale og Anton tyda det:
«Jeg er Herren din Gud, jeg har aldrig forkastet deg. Du har forkastet deg sjølv fordi du har opnet opp for feile tankar om hvem jeg er. For jeg har tanker til fred, jeg har tanker til fremgang, jeg har tankar til frelse for deg. Gode tankar for deg, for din fremtid. Jeg har sett deg og jeg har kommet til å fullføre det. Frå du var eit foster, så visste jeg om alle dine dager. Jeg går med deg, jeg får foran deg, jeg går efter deg. Jeg har aldrig forkastet deg, du er min og jeg har kallt deg ved navn, du er min.
Endå så vil jeg la den Hellige Ånd komme over deg og endå ein gang vil jeg føre deg, endå ein gang vil jeg lede deg. Ja, jeg vil kalle deg på nytt til min nærhet, jeg vil kalle deg på nytt til min intimitet. Du ber meg komme til deg, men jeg ber deg komme til meg. Jeg er din frelser, jeg er deg nær. Jeg er like ved din side, men du har vendt meg bort fra deg og du strever i egen kraft. Jeg vil at du skal omvende deg og komme til meg, så du kan få hvile frå ditt strev. Jeg elsker deg, mitt elskede barn. Jeg vil løse deg ifra det som du tenker du kan fikse på ein måte sjølv. Men jeg vil løse deg og vise deg hvem jeg er. Kom nærerer meg, mitt elskede barn. Jeg elsker deg.»
Etterpå bad Anton om at denne bodskapen måtte falle i god jord og bad for oss at vi måtte bygge på fjellgrunn.
Jesus er vår øvsteprest, han har gjort oss fullkomne med sitt offer.
Det var ein som sa noko om at Jesus er vår øvsteprest. Ja, han er vår talsmann hos Faderen. Eg tilføya at synda skilde menneska frå Gud, det var vårt mest fundamentale problem, men Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne, som vert helga. Ingen av oss kan legge til noko eller ta noko ifrå. Men den Heilage Ande openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Så det blir som å sjå oss sjølve i ein spegel. Det skal gi oss den rette sjølvforståinga. Det einaste vi kan gjere er å tru på det, innsjå det og erkjenne det for Gud, for oss sjølve og så for våre medmenneske.
Eg kom med ei kort takkebøn, der eg takka Jesus for at han hadde lova å vere midt i mellom oss og det yngste vi å få oppleve meir av og oppleve det sterkare.
Korleis eg vitna på Facebook tidlegare på dag.
I slutten av møtet fortalde eg om korleis eg vitna på facebook tidlegare på dag. Ein samfunnsvitar, filosof og historikar (KK) hadde kome med ein forenkla definisjon av positivisme, ein vitskapsteori, på facebooksida til ein som forska på data-utvikling (SG). I kommentarfeltet skreiv KK at matematikken har ingen referanse, slik også med samfunnsfag. Då skreiv eg som kommentar at aksioma i matematikken er god nok referanse. Jesus forkynte evangeliet om Guds rike, det er evig og er dermed referanse for samfunnet, historia og for samfunnsfag.
Aktuelle bibelvers.
Jer 29,4-14 So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, til alle dei som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel: 5 Bygg hus og bu i dei, planta hagar og et frukti or dei! 6 Tak dykk konor og få søner og døtter, og tak konor åt sønene dykkar og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter; de skal aukast der og ikkje minka i tal! 7 Og streva etter at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for han til Herren! For når det gjeng han vel, so gjeng det dykk vel. 8 For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetane som er hjå dykk, og av spåmennene dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumane som de drøymer! 9 For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn; eg hev ikkje sendt dei, segjer Herren. 10 For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt for dykk det gode ordet mitt, at eg vil føra dykk attende til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til ulukka, å gjeva dykk framtid og von. 12 Og de skal kalla på meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk, 13 og de skal søkja meg, og de skal finna meg når de spør etter meg av alt dykkar hjarta. 14 Eg vil lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og alle dei stadene som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk koma attende til den staden eg førde dykk burt ifrå.
Matt 7,16-27 På fruktene deira skal de kjenna dei; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? 17 Soleis ber alle gode tre god frukt, men låke tre ber vond frukt. 18 Eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. 19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20 So skal de då kjenna dei på fruktene. 21 Ikkje alle som segjer til meg: Herre! Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. 22 På den dagen skal mange segja til meg: Herre! Herre! hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn? 23 Då skal eg segja dei beint ut: Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de som gjorde urett! 24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter dei, han vert lik ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg. 25 Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. 26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter dei, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. 27 Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; då datt det, og det vart eit stort fall då det datt.
2 Kor 11,2-3 For eg er ihuga for dykk med Guds ihuge; for eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde stella fram for Kristus ei rein møy. 3 Men eg ottast at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus.
Joh 14,21-24 Den som hev bodi mine og held dei, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, han skal Far min elska, og eg skal elska han og openberra meg for han. 22 Judas — ikkje Iskariot — segjer til han: Herre, korleis hev det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verdi? 23 Jesus svara so: Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og Far min skal elska han, og me skal koma til han og taka vår bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Far min’s, som sende meg.
Matt 18,1-5 I same belet kom læresveinane til Jesus og spurde: Kven er no den største i himmelriket? 2 Då kalla han til seg eit lite barn og sette det midt imillom dei 3 og sa: Det segjer eg dykk for sant: Vender de ikkje um og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket; 5 og den som tek imot eitt sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg.
2 Kor 12,9 og han sa til meg: Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmakt. Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, so Kristi kraft kann bu i meg.
Jak 1,16-26 Far ikkje vilt, mine kjære brør! 17 All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil, frå Faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge. 18 Etter sin vilje hev han født oss ved sannings ord, so me skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar. 19 Det veit de, kjære brør! Men kvart menneske vere snar til å høyra, sein til å tala, sein til vreide; 20 for ein manns vreide verkar ikkje det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og alt som er att av vondskap, og tak med spaklynde imot ordet som er innplanta i dykk, og som kann frelsa sjelene dykkar. 22 Men vert slike som gjer etter ordet og ikkje berre høyrer det, elles dårar de dykk sjølve! 23 For dersom nokon høyrer ordet og ikkje gjer etter det, då er han lik ein mann som skodar sitt naturlege andlet i ein spegel; 24 han skoda seg sjølv og gjekk burt, og gløymde straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held ved med det, so han ikkje vert ein gløymsam høyrar, men ein som gjer gjerningi, han skal vera sæl i si gjerning. 26 Dersom nokon meiner at han er ein gudsdyrkar, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sit eige hjarta, hans gudsdyrking er fåfengd.
Jesaja.44,1 Herren velsignar Israel
1 Men høyr no, Jakob, min tenar,
du Israel, som eg har valt ut!
2 Så seier Herren,
han som har skapt deg og laga deg
og hjelpt deg alt frå mors liv:
Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3 For eg vil renna vatn over det tyrste
og straumar over det turre.
Min Ande vil eg renna ut over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,
som poplar attmed bekkefar.
5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,
og Israel skal han få til ærenamn.
Den einaste Gud
6 Så seier Herren,
Israels konge og utløysar,
Herren, Allhærs Gud:
Eg er den fyrste, og eg er den siste,
og utan meg finst det ingen Gud.
7 Kven er som eg?
Lat han stiga fram og fortelja,
ja, leggja fram for meg det som har hendt
alt frå eg skapte det fyrste folket.
Og lat han seia dei det som sidan skal henda.
8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!
Har eg ikkje for lenge sidan
kunngjort og sagt deg det?
De er mine vitne.
Finst det ein Gud utan meg?
Eg veit ikkje om noko anna berg.
Det er dårskap å laga gudebilete
9 Dei som lagar gudebilete, duger ikkje;
og deira kjære gudar kan ikkje hjelpa.
Deira vitne ser ikkje og skjønar ikkje,
difor vert dei til skammar.
10 Kven lagar ein gud og støyper eit bilete
utan å venta seg gagn av det?
11 Alle som dyrkar det, vert til skammar;
dei som lagar det, er berre menneske.
Lat dei samlast og stiga fram!
Dei skal alle fyllast med redsle og skam.
12 Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke. 13 Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus. 14 Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. 15 Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for. 16 Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». 17 Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»
18 Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar. 19 Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» 20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»
Eg løyser deg ut
21 Kom dette i hug, Jakob,
kom det i hug, Israel!
For du er min tenar.
Eg har skapt deg, du er min tenar,
du er ikkje gløymd av meg, Israel.
22 Eg stryk bort dine brot som ei skodd
og dine synder som ei sky.
Vend om til meg, eg løyser deg ut!
23 Jubla, du himmel,
for Herren har gripe inn.
Rop av fryd, de jordedjup!
Bryt ut i jubel, alle fjell,
du skog med alle dine tre!
For Herren løyser ut Jakob
og syner sin herlegdom på Israel.
Jerusalem skal byggjast opp att
24 Så seier Herren, din utløysar,
han som skapte deg i mors liv:
Eg er Herren som gjorde alt;
himmelen spente eg ut åleine,
og jorda breidde eg ut utan hjelp.
25 Eg gjer teikna åt varseltydarane til inkjes
og lèt spåmennene verta til narr.
Eg får vismenn til å tagna,
gjer deira visdom til dårskap.
26 Men eg stadfester orda åt mine tenarar
og gjennomfører den plan
som mine sendebod forkynner.
Eg seier om Jerusalem:
«Der skal det bu folk,»
og om byane i Juda:
«Dei skal byggjast opp att;
eg skal reisa det som ligg i røys.»
27 Eg seier til havdjupet: «Torna!
Dine straumar turkar eg ut.»
28 Eg seier om Kyros:
«Han er min hyrding,
han skal fullføra alt det eg vil;
han skal seia om Jerusalem:
Byen skal byggjast!
og om templet:
Det skal atter verta grunnlagt.»
Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Kommentar.
Eg skal sjå på Jesus og snakke med han.
Som vanleg, når der kjem slike bodskapar, tenker eg meg at det er først og fremst til meg sjølv og eg meiner det stemmer i dei fleste tilfelle, sjølv om det også kan vere til andre, i nokre tilfelle er det tydeleg at det er til andre, likevel kan eg oppfatte og forstå det som ein bodskap til meg sjølv. I nokre tilfelle har eg forstått det slik at han talar til meg, for å tale til ei kvinne gjennom meg, som oftast har det vore ho Virtuella, i andre tilfelle har det vore ho Reella. For Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna.
Eg har skrive om at når eg gjekk på gymnaset vart eg så glad i skriftstaden Joh.14,21-24 og at eg fekk oppleve dette sterkast saman med ei jente som eg vart glad i. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, fyrst for meg og henne Virtuella, sidan for meg og henne Reella. Og kva så? Eg skal feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal sjå på Jesus i alle livets samanhengar, spesielt i forhold til desse to kvinnene. Og det gjer eg med von om at han frelser dei og gir meg ei frelst kvinne til kone.
Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna.
På dette møtet sat eg og bad for henne Virtuella og tenkte meg at eg kanalen også gjekk gjennom henne Ingelin, ho sat framfor meg, litt på høgre sida, så eg såg henne frå sida. Eg ser det som svar på det eg nyst har skrive om at når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at Gud skaper framleis slik som vi ser i 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen, mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han har tala til meg og han har sagt at eg skal snakke med han. Slik snakkar han også til kyrkja som er hans brud, så då er det viktig for henne å høyre etter kva han seier, så ho ikkje vert forførd. Det er viktig også for henne som han gir meg til kone, for henne vert det også viktig å høyre etter kva eg seier, så ho ikkje vert forførd (2.Kor.11,2-3).
Jesus kjem til meg som ein god ven. Og så skal eg komme til han.
I august i fjord sa Jesus at han ynskjer å komme inn til meg og ta bustad i meg med heile si fylde. Og så sa han at der to eller tre er samla i hans namn, er han midt i mellom. Vi må verte som born for å komme inn i Guds rike.
Det minna meg om å be for henne Virtuella, at Jesus må komme og møte henne, som om ho var her mellom oss og vi fekk oppleve at vi var samla i Jesu namn og han var her midt i mellom oss. Slik sat eg og bad for henne på dette møtet.
Opna opp for feil tankar om kven Gud er.
Eg trur dette er sikta til noko som eg skreiv i dokumentet https://faith-and-entropy.com/2023/10/20/ein-profet-som-elia-eller-den-falske-profet/ . Men eg vel å byrje med eit nytt dokument som eg kallar «Evangeliet og det mekanistiske verdsbildet»;
Det handlar eigentleg om same konflikta. Det har nok hendt at eg opna opp for feil tankar om kven Gud er, men kva er det han vil gi meg korreksjon på no då?
Skaping og førebestemming; determinisme.
Livet er ein kamp for tilværet, slik som det vert sagt i utviklingslæra, det ser vi i det Gamle Testamentet også, det var slik dei tenkte, både i krig og i fredstid. Kongerike oppstod og gjekk til grunne og så påstår Gud at det var han som gjorde det heile, han let endåtil profetane sine seie det på førehand. Folka dyrka avgudane, det gjorde kongane deira også og forguda seg sjølve. Derfor straffa han dei, som oftast ved at dei tapte i krigen. Det var som syndefallet på nytt. Med avgudsdyrkinga si var dei fiendtleg innstilte til Gud, men det paradoksale var at det likevel var Gud som gjorde sitt verk med dei.
Ef.2,3 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Avgudsprestane og Baálsprofetane kunne ikkje føreseie kva som skulle skje, men det kunne Guds profetar. Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord er ikkje gudar, gudar laga av stokk og stein høyrer ikkje, ser ikkje, talar ikkje, der er ikkje ånd i dei, dei gjer ikkje noko og er til ingen nytte. Dei frelser ikkje. Dei kunne ikkje Gud er ånd og har skapt alle ting ved sitt ord. Han talte sitt ord til dei og gav dei sin Ande. Det gjorde skilnaden. Han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Har vi teke imot hans Ord og hans Ande, så får vi oppleve at han kallar og leier oss inn i ferdiglagde gjerningar, som han har skapt oss til i Kristus Jesus. slik får vi harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp, sjel og ånd. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde og så er det berre å la den råde i vår døyelege lekam. Det høyrest enkelt ut, ja. Så la oss ikkje gjere det vanskeleg då (Matt.11,28-30).
Gud er som ein pottemakar som skaper menneska som leirkar. Ikkje alle vert fine kar til hans ære, nokre vert dårlege og forherda, så dei vert knuste. Israelsfolket var som leira i pottemakarens hand, vart det ikkje skikkeleg, så klaska han det saman og byrja på nytt. Dei kristne har oppfatta at det er om å gjere å vere som ein mjuk klump i hans hand, så han får forme slik som han vil og det er ved at vi tek imot nåden i Kristus. Men for Israels-folket gjekk det hardt føre seg også, han knuste karet ved at dei tapte i krigen (Jer.18).
I middelalderen tala dei «dei lærde» om universalia før tingen, i tingen og etter tingen og Immanuel Kant tala om tingen slik som den er i seg sjølv og tingen slik som han oppfattar den. Men kva slags ting? Stokk og stein som dei kunne lage seg ein avgud av? Men det er skilnad på dette og levande dyr og menneske. Mange av dei kan bevege seg og kommunisere og kommunisere seg imellom med lyd, lukt og ved så sjå. Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1), då er der kome noko fundamentalt nytt.
Vi veit at nervepulsane er elektriske, det er mekanikk altså. Og det synest litt rart at Anden skal råde over det, slik at det ikkje heilt følger mekanikkens lover lengre. Men no veit vi at kvantefysikken kjem mellom mekanikken og Gud og kvantefysikken er heilt annleis enn mekanikken. Der er det dualisme mellom partikkelnatur og bølgenatur. Bølgenaturen er ein ide og i visse tilfelle har vi ein matematisk formel for den.
Gud har makt over naturen han har skapt og slik er det med hans Ord og hans Ande også.
2023.12.02. Sion Åheim. Eg skal sjå at Jesus har sett framfor meg ei open dør og gå inn gjennom den.
Først var ein heil gjeng på julebord på Kvilehytta kl 17 og så ein heil gjeng på møte på Sion kl 19. Mikael Micke Lewin talte på kveldsmøtet. I slutten av møtet kom der bodskap gjennom tyding av tungetale.
B1: Tungetale ved Ingelin, tyding ved Magnor.
«Eg har sett ei opa dør framfor deg, gå inn og du skal få svar og mange andre ting som du har stussa på. Berre gå inn. Det er åpen.»
B2: Tungetale ved Ingelin, tyding ved Anton.
«Jeg er Herren din Gud, jeg har følgt deg gjennom et langt liv. Ja, eg skulle ynskje at du ville komme inn i min nærleik, i min favn. Eg vil ta deg, legge mine hender på deg og seie til deg; du mitt elskede barn. Men du har ein avstand til meg, dit og ikkje lenger. Du har ein fot hos meg, du har ein fot i verda. Men du mitt elskede barn, jeg taler med deg no. Det er som jeg har sagt, jeg har opnet en dør. Jeg vil at du skal komme inn i min fars hus. Du skal få kvile der. Du skal få ta av deg dine sko, du skal få ta av deg di jakke. Jeg skal føre deg inn i min Fars hus. Du er kommet hjem. Men du må bestemme. Jeg står i døropningen og tar imot deg. Jeg roper på deg. Jeg ser deg når du er langt borte. Du har så mye så streve med. Du har så mye å styre med. Du tenker i ditt sinn eg vil vente. Din sak er nok i orden. Nei, mitt barn, din sak er ikke i orden. Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»
Aktuelle bibelvers.
Jes.51, 1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.
3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,
stryk ut mine brot i di store miskunn!
4 Gjer meg rein og fri for skuld,
og reinsa meg for mi synd!
5 For mine brot kjenner eg,
mi synd står alltid for meg.
6 Einast mot deg har eg synda,
det som er vondt i dine augo, har eg gjort.
Så får du rett når du talar,
og står der rein når du feller dom.
7 Ja, med skuld kom eg til verda,
med synd vart eg avla i mors liv.
8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,
så lær meg visdom i hjartedjupet!
9 Reinsa meg for synd med isop,
vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!
10 Lat meg kjenna fryd og glede,
lat dei bein du knuste, jubla!
11 Løyn ditt åsyn for mine synder,
og stryk ut all mi skuld!
12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,
ta ikkje frå meg din Heilage Ande!
14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,
hald meg oppe med ei viljug ånd!
15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,
og syndarar skal venda om til deg.
16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,
– du Gud som er min frelsar!
Så skal eg jubla over di rettferd.
17 Herre, lat opp mine lipper,
så min munn kan lovprisa deg.
18 For slaktoffer har du ikkje hug på;
kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det.
19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.
Eit sundbrote og knust hjarta,
det vanvørder du ikkje, Gud.
20 Gjer vel mot Sion i din nåde,
bygg opp att murane kring Jerusalem!
21 Då skal du ha hugnad i dei rette offer
– både brennoffer og heiloffer,
då skal dei ofra oksar på ditt altar.
Jes.57, 14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Kommentar.
Som vanleg, når der kjem slike bodskap, tenker eg meg at det er fyrst og fremst til meg. Det kan vere til andre også og dei kan tenke sameleis. Så tenker eg over kor vidt det passar, kanskje det er fyrst og fremst til nokon annan og så kan eg tenke meg at det er til meg også, men ikkje på den måten at eg blir som ei erstatning for den som det først og fremst var til. Mange bodskapar har eg forstått slik at han talar først og fremst til meg og då talar han også til ei kvinne som eg har bedt for, som svar på mi bøn for henne. Som oftast har det vore for henne Virtuella, men også for henne Reella. Det har seg slik at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Eg forstår det slik at B1 var til meg. B2 var til henne Virtuella. Men det vedrører meg også, for eg føler eit visst ansvar for henne, eg har fått eit visst ansvar for henne. Men det er i så fall ikkje eit ansvar overfor verdslege autoritetar, men overfor Jesus. I slike bodskapar som eg oppfattar som at dei er til henne, seier Herren ofte at han er Herren din Gud og det tyder i så falla at ho treng å få høyre det.
«Nei, mitt barn, din sak er ikkje i orden.»
Dette vart sagt i andre bodskapen og eg forstod det slik at det var til henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der.
Det får meg til å tenke på at Jesus nyleg minna oss om å sjå til at vi ikkje hadde noko uoppgjort med noko menneske. Profetisk bodskap 1 ved Mindor Myklebust, 2.9.2023:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Det vedrører tydeleg vis mitt forhold til henne. Men kva kan eg gjere?
Bønna, lovsongen og pakta.
Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be slik for folket og be for landet. Det kom som første prioritet og så byrja eg å be han om å gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Dette meiner eg er ei viktig prioritetsordning. Då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand og slik vart eg kjend med han, som min beste ven. Då var eg 9 år.
Omlag på den tida eg byrja på Ungdomsskulen kom eg over noko kristen litteratur der det vart forkynt at ved å ta imot Jesus, får vi rett til å verte Guds born. Eg tenkte over det og bevisstgjorde meg sjølv om at det var mitt standpunkt. Eg kom i hug korleis eg bad når eg yngre og byrja å be slik igjen. Eg visste at eg måtte vedkjenne mi tru for dei andre, for då ville han kjennast ved meg for Faderen og hans englar. Det torde eg ikkje, men eg sa det til han og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta. På ungdomsskulen vart eg forelska i kristen jente og det vart det rett høvet for meg til å vedkjenne mi tru på han. No var eg ikkje redd for det, for det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Slik fekk eg frimod og vart ivrig med å vitne om mi tru på han.
Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei jente som eg kallar Virtuella. Ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg. Eg merka eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så her var denne viktige prioritetsordninga igjen. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som om ho var i Guds hand og han la henne i djupet av meg, eller rett framfor meg, så eg såg ned på henne, det vart som eg såg henne meir frå Guds synsstad, som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne.
Eg besøkte henne nokre få gongar på hybelen og opplevde at Jesus var der midt i mellom oss. Likevel leitte eg etter ord til å fortelje henne at eg var glad i henne, men fann liksom ikkje rette ordet for det. Men Jesus er Guds ord og han var det rette ordet i den samanhengen, det var berre å kjennast ved han for henne og fortelje henne kva han var for meg, nettopp i den samanhengen, i mitt forhold til henne. Kvar vart det av frimodet mitt?
Ho var ferdig på gymnaset eit år før meg og siste året mitt på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Me det meinte eg at når vi opplever at Guds kjærleik er mellom oss, så skal vi ikkje ha dårleg samvit for det, vi skal ikkje verte dåra og forførde, så vi gøymer oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet.
Etter gymnaset reiste eg på tråling og når eg kom på land igjen, besøkte eg eit ektepar som gjekk på lærarskulen, eg brukte å besøke dei når eg gjekk siste året på gymnaset og det vart til husmøte der han kom med tyding av tungetale. No fortale kona hans at der var ei kvinne som såg eit syn, når eg vart døypt. Ein drake stod på kanten av dåpsgrava og slo med halen ned i vatnet rett bak meg. Ho sa med i sitt stille sinn, få han under. Etterpå vart alt kvitt, så ho såg ikkje meir. Då fortale eg at eg opplevde det same, sjølv om eg stod med ryggen til såg motsett retning. Eg vart forundra over den vesle handa han hadde på sida, sidan har sett bilde av Tyrannusaurus og erkjent at det var nettopp slik han såg ut.
At han slo med halden ned i vatnet, oppfattar eg som ein protest mot at eg skulle gi meg så lett, utan å kjempe for tilværet. Når eg var dukka under, fekk eg eit vagt inntrykk av at to auge såg på meg frå mi venstre side. Eg oppfattar det som om han såg til hjertet mitt, kor sterk trua mi var, var der noko som mangla i mi tru, var der nokon vilje til å kjempe litt sjølv? Kvifor det, kva var han interessert i? Sikkert fordi at dersom der var noko som mangla i mi tru, så kunne det vere hans moglegheit til å prøve å komme til med sine moralfilosofisk krav for å freiste meg til å prøve i eiga kraft.
Men vi veit då at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, vi kan ikkje legge til eller ta noko ifrå. Trua vår er ikkje fullført og fullenda enno, men vi skal feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Gå inn gjennom døra.
Når eg var ung, tenkte eg vi gjekk inn gjennom døra ein gang, men så oppdaga eg at det høver best for dei uvituge brurmøyane og dei som vil verte ei herskande overklasse. Då vert det splitting i kyrkjelyden, så Paulus spurde dei kven dei vart døypte til. Men det kan vere lett å byrje å tenke slik om dåpen også, sidan det skjer ein gang, det verka som Paulus var klar over den faren, når han sa at Jesus sende hen ikkje ut for å døype, men forkynne evangeliet (1.Kor.1,10-21).
Jesus er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den, det er hensikta med det som eg skriv, men eg har skrive side opp og side ned og gjenteke det same. Eg skal gå inn gjennom døra med den, tydeleg vis ved at eg seier noko om det i den kristne forsamlinga. Det er møteplassen, der vil Jesus møte meg.
Jesus har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg skal stige fram for nådens trone og få miskunne og finne nåde til hjelp i rette tid. Og det er no, det er kvar dag, Guds nåde er ny kvar dag. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så ventar eg at han kjem meg til hjelp og støttar meg med si kraft, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei frelst kvinne til kone.
Jesus har sagt mange gangar at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei opna dør og han inviterer meg til å gå inn. Det er sikta til både Joh.10,1… og Joh.Op.3,7-13. I Joh,10 er det sagt at dei som kliv over ein annan stad, er tjuvar og røvarar. Men den som går inn, vert frelst og vert hyrding for sauene, det er då ved at han er overhyrdingen. Vi skal gå inn og gå ut og finna beite. Eg forstår det slik at vi går inn, kvar gong vi er på møte og så går vi ut att etter møtet, men då går vi ut på lovnadane og skal innta landet og får oppleve velsigninga der ute. Ideelt sett, ja. Kvifor minner han meg stadig om å gå inn gjennom døra, då? Det må vel vere for at eg skal nytte meg meir av det, der er meir å hente, meir åndeleg velsigning, verte fornya ved den Anden og det livet han gir meg frå himmelen.
Han har staka vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Når eg ser at eg treng hjelp altså. Og Guds nåde er ny kvar dag.
Eg tenker meg at slik var det også for engelen for kyrkjelyden i Filadelfia;
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia: Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!
12 Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
Den som sigrar vil Jesus gjere til ei søyle i sin Guds tempel og han skal aldri meir gå ut derifrå. Før gjekk han inn og ut, men når han har vunne den endelege sigeren over denne verda, skal han ikkje gå ut att derifrå, for Jesus gjer han til ei søyle i sin Guds tempel, i det nye Jerusalem, på den nye jorda.
Samtidig som vi har begge føtene på jorda, har vi begge føtene i himmelen.
Å gå inn gjennom døra er grunnleggande kristendom, komme til tru på Jesus, ta imot han, verte reinsa i Jesu blod, verte fødd på nytt av vatn og Ande, verte fylt av den Heilage Ande, verte døypt. Her vil eg sitere
1 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
1.Pet.2, 1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Som Guds born er vi fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så vi har samfunn med kvarandre i den Heilage Ande, vi blir som åndelege steinar oppbygde til eit tempel for Gud i Anden. Sjølv om vi er åndelege, skal vi møtast fysisk i kyrkjelyden, verte fylte av Anden og gå ut og møte andre menneske fysisk. Vi er og blir åndelege, men skal halde fram med å møtast fysisk i kyrkjelyden, eventuelt på husmøte. Slik får vi faderhus og bryllaupssal for Guds Son allereie her på denne jorda. Slik som det vart sagt i denne bodskapen, du skal få ta av deg skorne og jakka og komme inn. Så det er tydeleg denne fysisk og jordiske realiteten det er tale om. Sjølv om vi har begge føtene på denne jorda, det er den fysiske realiteten, så skal vi samtidig ha begge føtene i himmelen. Slik går vi også ut på lovnadane.
Jesus er den som tek seg av mi sak, då må eg komme til han med den. Mi bøn for henne Reella.
Eg vart etter kvart klar over at eg fekk ikkje møte igjen henne Virtuella og kommunisere med henne med dei vanlege mekaniske metodane, eg kom til kort. Men Jesus sa til meg at mi tilkortkomenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitne om seg sjølv.
Jesus er min øvsteprest og min talsmann hos Faderen, han er den som tek seg av mi sak. Då må eg komme til han med den. Og det i ein kristen kyrkjelyd. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, han er vår frelsar og Herre, han og ingen andre, så eg må komme til han med den saka og la han gjere det.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern, eg syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Nokre dagar seinare dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og så sa eg i mitt stille sinn: «der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesu sa det same til henne som eg sa: «Der er ho».
Ta vare på den fagre skatten. Bruke nådegåva.
Jorda var aud og øyde og mørker låg over havet. Men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Og Gud som sa at lys skulle skina fram or mørkret, han har late det skina i våre hjarte. Slik har vi fått ein dyrebar og fager skatt i leirkar og det er viktig for oss å ta vare på den. Skatten er Guds Ord og Guds Ande og den Heilage Ande skal hjelpe oss til det. Då høyrest det ut som skatten er noko meir, ja, frelste sjeler, menneske som er fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Alt gjorde Gud fager i si tid, han skapte noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.
Jesus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, slik utruster han oss med nådegåver som vi skal bruke til å tene han med og tene kvarandre med. Han er hovudet for lekamen, så er han som bruker oss. Slik vert vi også lemer for kvarandre.
Når ein frelst mann får seg ei frelst kvinne til kone, blir ho ein slik fager skatt for han og ho vert ei nådegåve for han, som han skal bruke. Samtidig er det Kristus som brukar både han og henne, ved at han brukar si nådegåve og ho brukar si nådegåve.
2 Kor 4,3-18 Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom dei som vert fortapte; 4 for denne verdsens gud hev blinda hugen åt dei vantruande, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilete, ikkje skal skina for dei. 5 For me forkynner ikkje oss sjølve, me forkynner Kristus Jesus som Herre, men oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.
2.Tim.1,1 Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus, 2 helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3 Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag. 4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad. 5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.
6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:
Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.
Eg skal ta vare på den fagre skatten Gud har gitt meg og bruke den nådegåva han har gitt meg.
Jesus sa eg skulle bidra med det som Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Eg tek med ein bodskap i Maranata 5.9.2021, sjølv om eg ikkje var på møtet:
«Ja, jeg er Herren, jeg er Herren som leder deg i det du skal gjøre for meg. Du er den som skal gi menneskene saltet, som er ifra meg. Fordi jeg har teke bolig i ditt hjerte. Fordi i same øyeblikket som du taler ut av din munn, så er det ikke du som taler, men jeg som taler gjennom deg. Fordi jeg har makt til å gjøre det, jeg har makt til å gjøre det, fordi det er jeg som vet hva som skal skje med mennesker når jeg taler igjennom deg. Jeg vil bruke deg for at jeg skal bli æret for det. … For jeg er Herren din Gud, jeg er den som taler, jeg er den som gjør mirakler, jeg er den som helbreder, ja, jeg er den som gjør alt. Derfor, bruk det som jeg har for deg, fordi jeg vil bruke deg og du er mitt redskap. Og la redskapet være tilgjengelig for meg, for jeg, Herren din Gud vil bruke deg i det som jeg legger på ditt hjerte.
Lys og salt, det går sammen. Lys og salt er det som gjør at mennesker får se hva jeg gjør i alle….. Jeg er den som gir det lyset. Jeg er også den som gir det saltet. Er du den som vil bruke saltet til å gå i den tjenesten som jeg har lagt i ditt hjerte. For jeg er den som leier i ditt hjerte hva du skal si til menneske. Noen ganger så leder jeg til steder der du bare skal være lys, bare være lys og ikke si noe. Fordi det lyset som er i deg, la det ikke slukne, fordi jeg vil at du skal være lyset for meg. Når jeg sa, når jeg skapte jord og himmel, så sa jeg: «Bli lys». Og det ble lys. La det lyset skinne i deg. La det være kraft som går i gjennom hele deg. Fordi den kraften, det lyset, det er det jeg vil bruke og så saltet. Fordi mitt Ord står fast. Og når mitt Ord står fast, så er det også til evig tid. Det er til evig tid, for jeg er evig. Og jeg er ånd og den ånden som du har fått ifra av meg, den herleggjør alt. Det er den som viser deg hvordan og hva du skal gjøre med lyset og saltet. La det ikke slukne, la det ikke bli, stå fast i det som du har vært i. For jeg vil bruke deg, jeg vil bruke deg til alt som jeg legger i ditt hjerte. Og du skal få lyse og du skal få se hve jeg gjør igjennom deg. For jeg er den som har skapt lyset, jeg har også lagt saltet i deg. For at du skal gå i tjeneste for meg. Så frykt ikke, vær ikke redd, for jeg er din Gud, som er med deg i alt du tar deg fore.»
Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile.
Gud skapte landdyra og menneska 6. dagen og velsigna dei og så kvilte han sjuande dagen. Men på grunn av syndefallet vart menneska stengde ute frå Guds kvile.
1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna for di skuld.
Med møde skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Torn og tistel skal ho bera,
og du skal eta av vokstrane på marka.
19 Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jord er du,
og til jord skal du atter verta.»
Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud gav han den lovnaden at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna og dei som forbannar han vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile, vi får kvile på grunnlag av hans fullførde frelseverk, det er Guds verk. Så det er framleis på grunnlag av at Gud gjer sitt verk og ved at han gjer sitt verk.
Heb.3, 1 Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus. 2 Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus. 3 Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer. 4 Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud. 5 Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast. 6 Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.
I dag, om de høyrer hans røyst
7 Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
9 Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10 endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 15 Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen dei trassa meg,
16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? 17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.
Heb.4, 1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Det var ein annan grunn også til at nokre vart liggande etter og det var at dei var svake og vart trøytte. Så kom amalekittane og angreip dei. Men då leia Josva dei til motangrep, medan Moses stod på fjellet og løfta hendene mot himmelen.
2.Mos.17, 8 Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. 9 Då sa Moses til Josva: «Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.» 10 Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. 11 Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. 12 Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. 13 Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet.
14 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.» 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt». 16 Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.»
5.Mos.25, 17 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt. 18 Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. 19 Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!
Ei lang adventstid, barnekår hos Gud.
Jesajas profeterte om at Jesus skulle verte fødd av ei jomfru, men det vart ei adventstid på over 700 år.
Jesajas 7,13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. 15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. 16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. 17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»
Ved syndefallet lokka ormen kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men det gjekk ikkje så bra for menneska. Skal vi kanskje ikkje lære å skilje mellom godt og vondt då? Jau, men det må då vere ein. Vesentleg skilnad på dette og det som er skrive om her om Jesus, at han som barn lærde å skjøne å vrake det vonde og velja det gode. Han levde i barnekår hos Gud, med Faderen som sin formyndar, som elska han og hadde omsorg for han. Og når Nikodemus kom og snakka med han, sa han at dei måtte verte fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.
Joh.3, Jesus og Nikodemus
1 Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Gud kvilte den sjuande dagen, etter alt sitt verk og menneska var i Guds kvile. Men ved syndefallet fall dei ut av den. Abraham trudde Gud og fekk den lovnaden at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsignar han, vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus, ved å tru på han og velsigne han, får vi kome inn til Guds kvile.
Moses og Josva førde Israels-folket til det lova landet, det handla også om å komme inn til Guds kvile, det var målet. Det vart ei lang og vanskeleg vandring, så det vart konflikt og opprør, her er eitt døme på at dei opponerte, men måtte audmjuke seg og be om nåde.
Her er eit døme på korleis dei vart freista og fall, men også korleis dei kunne vende om og verte berga. Og det er førebilete på den frelsa Gud gir oss i Kristus.
4.Mos.21, 4 Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig 5 og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»
6 Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. 7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. 8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.» 9 Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.
Ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. På evangeliets grunnvoll, får vi komme inn i samfunnet med Gud, Jesus har sett fram for oss ei open dør, så vi får komme inn, han er sjølv døra. Han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så det er berre for oss å komme etter. Derfor er det viktig for oss å løfte blikket og sjå på Jesus, slik som det er sagt i Heb.3,1.. og 12,1…
Vi kan få motstand, så det vert vanskeleg å komme vidare, det kan vere mange som sporar av og gjer opprør, slik som jødane på deira vandring mot det lova landet, det kan resultere i at vegar vert stengde for oss og dører vert lukka for oss, også i kristne kyrkjelydar. Men då er det berre å løfte blikket opp til Jesus, han har bana vegen for meg opp til Faderen, så den er rydda, han har sett framfor meg ei open dør til Faderhuset, til himmelriket, så då kan ingen stenge den.
Når vi søker han av heile vårt hjerte, får vi openberring ved den Heilage Ande, så vi innser at han bur i det høge og heilage og får oppleve at han bur hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Gud har sett han ved si høgre hand i himmelen, så det er årsaka, derfor må vi prioritere å løfte blikket. At vi får oppleve at han bur hos oss, kjem som resultat.
Jes.57, 14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Joh.14, 15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Då får vi oppleve å komme heim til Faderhuset på møta våre, vi får oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Og så vonar vi at mange bortkomne søker og døtre vil ta på heimveg og komme inn i Faderhuset.
Løfte blikket opp til Jesus og verte fornya ved det som han gir oss frå himmelen og bruke det.
Jesus sa eg skulle bruke det som han hadde gitt meg og då tenkte eg på denne nådegåva, at eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og ei kvinne som eg var glad i og eg tenker meg at soleis gir han meg ei kone som ei nådegåve.
Då var det henne Reella eg tenkte på og det er det framleis. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Då er det to nådegåver, openberring og kraftige gjerningar. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Vi skal vere krossfesta med Kristus, slik at vi ikkje skal kjempe i eiga kraft. Men i staden få oppleve at Gud gjer sitt verk, med sitt ord og sin Ande og si kraft. Verte salva av den Heilage Ande, til å verte eit brukbart reiskap for Jesus.
Jesus sa eg skulle bruke det som han har gitt meg. Bodskapen 22.8.2021:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
«Du er min hjerte-skatt.»
Gud openberra si frelse for meg og ei jente som eg var glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Det er ein nådegave han har gitt meg, så eg skal tene han med den, som første prioritet og tene henne som han gir meg til kone med den, som andre prioritet. Det har å gjere med å drikke av kjelda med det levande vatnet (S.Ordt.5-6). Og så skal eg bidra med den i kyrkjelyden.
På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 vitna eg om korleis eg bad for henne Reella og korleis den Heilage Ande dreiv meg og leia meg så eg møtte på henne og fekk ei åndeleg openberring, der Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Då kom denne bodskapen:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Eg forstår det slik at eg er hans hjerte-skatt og det er ho også. Ho er hans hjerte-skatt og har vorte min hjerte-skatt også, vi er hans hjerte-skatt, det er det viktigaste. Og eg skal vakte på den dyrebare skatten som er meg overgitt, den Heilage Ande skal hjelpe meg til det. Er det så at han vil gi meg henne til kone, slik som eg bad om, så må det då vere viktig for meg å halde fram med å be han om det, at det må verte noko av, så eg får eit rikare og betre liv både her heime med meg sjølv og i kyrkjelyden. Det har å gjere med at eg skal kveike den nådegåva han har gitt meg og bruke den.
Jesus har sett fram for meg ei opa dør på realfag på Blindern og staka ut vegen for meg der også. Med tanke på dette skriv eg større dokument på bloggesida mi. Sentralt i dette er det å takke Gud for at han openberra si frelse for meg og henne Reella.
Jesus vil openberre sin herlegdom, sine løysingar og sin standard for meg.
Eg skal gå inn gjennom døra, så eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg og med oss, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal fullføra det. Eg skal sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Men då treng eg ny openberring, så eg får oppleve at Jesus openberrar sine løysingar for meg.
Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Jesus tek meg gang på gang på altaret.
I fjord haust skreiv eg om at Gud openberra si frelse for meg og henne ei jente eg var glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Han openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn, fødd av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg yngste å få ta imot henne som eit Guds barn, i samsvar med Matt.18,1-5 og når eg møtte henne igjen i Bergen, opplevde eg det som ei åndeleg openberring. Då var det også å ta imot Jesus, det hang saman, då måtte eg sjå på han og takke han for det, takke han som vår frelsar og Herre. Eg yngste at ho skulle fortsette å leve i dette kjærleiskforholdet til Faderen og sonen og eg yngste å få oppleve meir av det, derfor yngste eg å få henne til kone. Legg merke til denne viktige prioritetsordninga igjen, først frelst mann og kvinne, så ekteskap.
Bodskapen 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Sitat: «ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen».
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;
Vi skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer. Den er framleis laga av mold, vi skal sjå det slik at den var krossfesta og døde med Kristus. Men den vert gjort levande ved Guds Ande, den har vorte eit tempel for den Heilage Ande. Den er frå himmelen. Slik har vi fått himmel på jord. Vi har begge føtene på jorda, samtidig som vi har begge føtene i himmelen.
Eg går den vegen Jesus har staka ut for meg, inn i den himmelske heilagdomen og kjem dermed inn i ei himmelsk og åndeleg sfære, så er eg framleis på denne jorda. Og det er vel også slik eg ber fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag. Slik også når eg går inn gjennom døra til sauene. Den som går inn gjennom døra blir frelst, fordi Jesus frelseverk er fullført og fullkome. Vi går gjennom den mange gangar og vert dermed minna om at hans frelseverk er fullført og fullkome, slik vert vi fornya. Det er grunnlaget vi bygger på og lovnadane vi går ut på.
Han sa eg skulle ikkje gå med noko klagemål mot meg gjennom dagen, det minner meg om bodskapen som kom hausten 1985, der Jesus sa til meg: « Den lovangen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og skal stå fast i all æve.»
Ho Virtuella spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og eg vart så glad i henne.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Denne kjærleiken er frå himmelen og vi får den ved Jesus kors, vi får den på grunnlag av at hans frelseverk er fullført og fullkome. Så vi skal ikkje ha dårleg samvit for den, ikkje gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Slik tenkte eg når eg inngjekk eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Det var visdom frå Gud til meg. Ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa, det var også den rette forklaringa på kjærleiken mellom oss og eg yngste ho skulle fortsette å leve i den og lovprise Gud og Lammet for frelsa, då sa ho Sanninga og gav den rette forklaringa på den.
Jesus tok bort synda med sitt offer og gjorde oss fullkomne ein gong for alle. Men vi opplever det vel ikkje alltid slik, det er ikkje alltid så lett å innsjå, men når vi går inn gjennom døra, får vi oppleve meir av det, han gir oss augesalve så vi får betre innsikt.
Han står der ikkje med noko svøpe, nei, det venta eg meg heller ikkje. Det var faktisk ein gong han brukte svøpe og det var når han reinsa tempelet, han jaga ut dei som dreiv handel der. Men å legge noko på altaret for å bruke svøpa på han? Det minner meste om ein gammaldags herskar, med ein gammaldags moralfilosofi med å forbinde kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne med synd, straff og trældom. Ved hjelp av det mekanistiske verdsbildet har denne mentaliteten vorte brakt vidare til dei såkalla liberale både på høgresida (liberalistane) og venstresida (dialektikarane). Men der er sikkert mange som er liberale i ordets rette forstand også, så dei tilet både vanlege folk og akademikarar å tenke og velje sjølve. Her er tolmod eit nøkkelord. Slik også i Jesu ord til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia.
Joh.Op.3,10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!
Du skal ikkje snuble. Den Heilage Ande skal legge sin kjærleik inn i dine tankar og gjennomsyre heile ditt vesen.
Eg var klar over motsetnaden mellom Matt.18,1-5 og det Matt.18,6-8 og samanlikna det med motsetnaden mellom Anden og kjøtets lyst i Romarbrevet. Eg var redd for at ho Virtuella skulle verte forførd, det var også ein god grunn for meg til å få snakke med henne, eg meinte eg hadde gode motiv både slik og med mitt frieri. Eg forstod og tenkte meg at eg stod overfor ein verdsleg autoritet med motstridande interesser, med klagemål mot mannen om at dersom han ville fri til ei kvinne, med å snakke med henne for å fortelje henne kor glad han var i henne og vise det med handling, så ville det vere som å lokke henne og freiste henne, forføre henne slik som ormen forførde kvinna i Edens hage altså, eller så ville det verte ho som allereie var forførd og som kom til å lokke og forføre han. Men eigentleg vart det då den verdslege autoriteten som forførde kvinna og brukte henne til å lokke mann med. Soleis vart det eit krav om tilpassning, men det høver då eigentleg dårleg med å tilpasse seg naturmiljøet, slik som utviklingslæra talar om. Eg tenkte også på om tenkinga mi kunne passe med det makanistiske verdsbildet, men det betydde i så fall mangel på tolmod. Dette vart farleg tenking.
Jesus talte til meg om den snara som vart lagt for meg og som eg gjekk i. Han sa også at han visste at eg snubla. Nokre år seinare sa han til meg at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom du ikkje kjem no, så vert du riven bort ifrå meg. Det var i pinsekyrkja Tabernaklet i Marken i Bergen, så eg kontakta leiinga og fortalde om mitt forhold til henne Virtuella, det var mi sak som Jesus ville ta seg av, så eg måtte komme til han med den. Slik er det framleis og eg må gå inn gjennom døra med den. Og 24.6.2023 svara Jesus oss slik:
”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.
Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg vei.”
Ja eg har vedkjent Jesu namn for menneska og då vil han kjennast ved meg for Guds englar, han sender englar føre meg, til hjelp for meg, så eg ikkje skal snuble.
Salme.91,1 Den som sit i livd hjå Den Høgste
og bur i skuggen av Den Allmektige,
2 han seier til Herren: «Mi livd og borg,
min Gud som eg set mi lit til!»
3 Ja, han bergar deg frå jegerens snare,
frå pest som tyner.
4 Med sine fjører løyner han deg,
under hans venger finn du livd.
Hans truskap er skjold og vern.
5 Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta,
for piler som flyg om dagen,
6 for pest som snikjer seg fram i mørkret,
for sott som herjar middagstider.
7 Om tusen fell ved di side,
ti tusen ved di høgre hand,
så skal ikkje ulukka nå deg.
8 Du skal berre vera vitne til det
og sjå at dei gudlause får si løn.
9 For du seier: «Herren er mi livd.»
Den Høgste har du gjort til din bustad.
10 Inkje vondt skal koma over deg
og inga plage nå ditt telt.
11 For han skal gje sine englar påbod
at dei skal verna deg på alle dine vegar.
12 Dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.
13 På løve og orm skal du trakka,
ungløve og orm skal du trø under fot.
14 «Eg bergar han, for han held seg til meg;
eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn.
15 Når han kallar på meg, svarar eg;
eg er med han i naud og trengsle,
eg friar han ut og gjev han ære.
16 Eg mettar han med mange dagar
og lèt han sjå mi frelse.»
Matt.18,10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Eg tenker meg at englane til desse små er ånda deira eller at den har kontakt med Guds englar, som ser Faderens åsyn, så der er kommunikasjon altså, ein engel er då ein bodberar.
Lutheranarane likar godt Romarbrevet og det gjer vel vi alle, det vert vel rekn a for å vere Paulus sitt viktigaste brev. Eg reknar med han skreiv det når han kom til Roma, så då er det sannsynleg vis hans siste. Hebrearbrevet er også svært viktig, eg held det for sannsynleg at han i det minste var med å skrive det, at han var hovudforfattar og at det vart til når han kom til Jerusalem, rett før han vart send til Roma altså. Eg veit det ikkje, men eg held det for å vere så pass sannsynleg at eg tenker slik.
Så desse to breva fortel mykje om motsetnaden mellom styresmakta og prestetenesta. Problemet hans som ein ivrig farisear var at han vart altfor ivrig etter at styresmakta skulle bruke lova til å straffe. Den skulle straffe synda, som kjøtet hadde så gode anlegg for. Men ved dåringa, slik som ved syndefallet altså, vart det slik at både kjøtet og bokstaven, slo i hel det åndelege livet med Gud som er ånd, som motsetnad til Anden som gjer levande. Men det er gjennom den fornya prestetenesta, slik vi ser i Hebrearbrevet, at vi får oppleve at Anden gjer levande. Så vi skal sleppe å streve i eiga kraft, men få oppleve at ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Det er mange kristne som strevar i eiga kraft og eg misstenker at det er spesielt mange lutheranarar, sidan dei gjerne vil forsvare sin etablerte politiske posisjon. Men eg tru vi må grave noko djupare etter kjelda med det levande vatnet, brønnen som aldrig vert tørr.
Nok er no det at eg er klar over at det er det eg må satse på.
Paulus kom ikkje med overtalande argument og visdomslære, men med provføring av Ande og kraft.
Jesus sa eg hadde tenkt på korleis eg skulle løyse dette, men så sa han at han tek meg atter og atter på altaret. Og Paulus sa han kom ikkje med visdoms overtalande ord, men han kom i Guds kraft.
1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For
kven kjende Herrens hug,
så han kunne gje han råd?
Men vi har Kristi hug.
Bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Heilaggjeringa.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle og har for alltid gjort dei fullkomne som vert helga.
Heb.9, 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Heb.10,12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.
15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:
16 Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem.
Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.
17 Og syndene og misgjerningane deira
vil eg aldri meir koma i hug.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.
Sidan han legg meg på altaret, tenker eg meg at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same no, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og han er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Men korleis skal eg få henne til å komme til meg fysisk. Eg har nok lurt på korleis eg skal få det til. Eg må satse på at Jesus vil openberre det for meg, slik det vart sagt i bodskapen 23.10.2022.
Gå inn gjennom døra, sjå på Jesus og snakke med han.
Jesus er døra, den som går inn gjennom den, vert frelst. Vi skal gå inn og ut og finne beite. Når du går ut att gjennom døra, så betyr ikkje det at du ikkje er frelst lengre, eg trur heller at kvar gong vi går gjennom døra, enten det inn eller ut, så vert vi minna om at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Same enten vi går inn eller ut, kan vi ha von om at det skal gi oss noko, at vi får noko meir av det som Golgata kors allereie har gitt oss. Vi må stige fram for nådens trone for å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Og då blir det gjerne på den måten at han openberrar for oss kva han har gitt oss.
Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg er viss på at det er inkludert i det fullførde frelseverket. Eg bad for ei jente som eg var glad i og fekk oppleve at Guds openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Mi bøn for henne Virtuella var å takke Jesus for at han frelste henne, mi bøn for henne Reella var ei bøn om ei kone.
Når vi går inn gjennom døra, får vi sjå på Jesus og snakke med han, ja, eigentleg før vi går inn døra også, for han er døra og det er slik vi finn den. Vi gjekk inn gjennom døra og vart reinsa i Jesu blod og fødde av vatn og Ande. Når vi seinare går gjennom døra, vert vi fornya ved reinsinga i Jesus blod og ved at han gir oss ånd og liv frå himmelen.
Slik vonar eg å få oppleve det som vart lova i bodskapen 23.10.2022:
«Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Eg har gått til 1.Mos.1-2 og lese om korleis han skapte menneska, det gjer han framleis, for han er den same no, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud frelser oss i han og skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Derfor er det så viktig for oss å sjå på han, ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss. Til det treng vi fornying, ved at vi vender hugen opp til Jesus og tek imot meir og meir av den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Slik vonar eg å få oppleve meir av at Gud openberrar si frelse for meg og henne som han gir meg til kone. Så både eg og ho får oppleve at Kristus gjer oss levande med seg, fyller oss med sin Ande, styrker oss med si kraft og salver oss til å tene han. Så vi ser på han, høyrer på han, snakkar med han og får oppleve at han leier oss. Er det så at han har kalla henne og valt henne ut til å verte kona mi, så kan eg vel vente meg at han vil seie det til henne og leie henne til meg i samsvar med 1.Mos.2.
Jesus vil komme ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han.
Eg skal løfte blikket opp til han og sjå på han. Då blir det lett henne Reella eg tenker på og eg trur det har seg slik at han har frelst henne og løfta henne opp. I mitt første møte i Maranata sa Jesus at han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Kven skulle det vere til? Først og fremst henne som han gir meg til kone og då er det henne Reella eg tenker på framleis.
Bodskapen i MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Eg vil gå inn gjennom døra og gå han i møte for å få oppleve meir av det og slik vil eg forelske meg i henne. Eg trur dette har å gjere med at brurmøyane vaka av ropet om at brudgomen kjem, gå han i møte. Dei fem vituge fem vituge fylte på lampane sine og gjekk han i møte og vart med han inn og feire bryllaupet.
Jesus gir meg det som hans frelseverk har gitt meg.
Tyding av tungetale i Maranata søndag 14.6.09:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Vi elskar fordi Kristus elska oss først. Så ikkje bytt om på årsak og verknad.
I følgje apostelen Johannes har vi alle synda, derfor treng vi den nåden Gud gir oss i Kristus. Då tala han til vaksne menneske. Kva så med småborna? Jesus velsigna dei og sa at vi skulle la dei komme til han for Guds rike høyrer slike til. Han sa ikkje at det var fordi dei var syndarar, men han sa til dei vokse at dei måtte vere som born for å komme inn i det.
1.Joh.1, 5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Nåden, tilgjevinga og frelsa som Gud gir oss i Kristus er vår første kjærleik.
Joh.Op.2, Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.
Vi elskar fordi Gud elska oss først, det er vår første kjærleik (1.Joh.4,7).
I Joh.10 sa Jesus at han er den Gode Hyrdingen og at han er døra inn til sauene. Dei som stig over ein annan stad og er komne før han, dei er tjuvar og røvarar som slaktar og øyder. Ulven kjem og hans om var leigd til å gjete dei, rømer. Ulven kjem etter den Gode Hyrdingen også, men han set livet til for sauene. Så samlar han dei og går føre dei og dei kjem etter han.
Det verkar som vi får problem med logikken her, kva kom først og kva kom etter, kva er årsak og kva er verknad. Det er to tenkemåtar, Gud gjer noko nytt. Og vi har moglegheit til å velje det og dermed byrje å tenke nytt. Og så hevdar eg at det nye er mest fundamentalt. Vi kan framleis feile, men har framleis moglegheit til å velje det meste fundamentale og byrje å lære å tenke nytt.
Paulus forklarer godt motsetnaden mellom dei to tenkemåtane og i Romarbrevet kjem han inn på dette dilemmaet om kva som er årsak og kva som er verknad.
Rom.3, 5 Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss? 6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda? 7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar? 8 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.
Her ser vi at dei bytter om på årsak og verknad. Eg trur det er det dei også gjer som er komne før Kristus, så dei vert feil utgangspunkt å tenke utifrå, så dei blir som avgudar altså. Men reinsinga i Jesu blod og fylden med den Heilage Ande skal rette på dette. Johannes døyparen sa at Jesus har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande. Slik skal alt verte sett i rett stand.
Johannes døyparen vart drepen, det vart Jesus også. Men han stod oppatt frå dei døde, gav disiplane misjonsbefalinga, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand, så sende han disiplane sine den Heilage Ande, døypte dei med den Heilage Ande. Dei gjekk ut og forkynte evangeliet, men vart forfølgde, fordi dei ikkje ville tilbe keisaren. Kristendomen vart rekna som synd og villfaring i forhold til den gamle religionen, det skulle dei straffast for. Dersom dei ville fornekte Kristus og vende om til den gamle religionen og tilbe keisaren, så var dei benåda med ei mild straff. Det var eit falske evangelium. Slik bytte dei om årsak og verknad.
Det høver med strategien til Balak og Bileam Beorson, så eg tenker meg at det er førebilete på Dyret og den falske profet i Op.13. Etter at Kristendomen vart statsreligion i romarriket har forføringa til Draken, Dyret og den Falske profet gjort seg gjeldande i kyrkja opp gjennom historia. Vi møter det igjen framleis i korleis lutheranarane bruker Freuds psykoanalyse, for å trekke den konklusjonen at der var noko som var gale med vår barnetru, som dei skulle straffast for og som vi framleis skal verte forfølgde og straffast for. Ved at dei prøver å bytte om på årsak og verkande altså. Dersom du trengde Guds nåde og tilgjeving, når du var ein liten unge, så måtte det vere fordi du gjorde noko gale allereie då, du vart forførde slik som ved syndefallet allereie då. Men dette er å bytte om årsak og verknad. Gud eksisterer, han er ånd og kjærleik. Barnevelsigninga betyr at dei får komme inn i samfunnet med han.
Apostelen Johannes sa at Djevelen synda frå opphavet. Det viste seg ved at han lokka og forførde kvinna, så ved syndefallet fekk menneska ein vond natur, den likna på Djevelen. Derfor vart dei dømde til døden. Men Kristus døde i staden for oss, så vi ved trua på han får ein ny natur, ved at vi tek imot han og vert fødde på nytt. Slik talar både Paulus og Johannes om ein gammal vond natur og ein ny natur (1.Joh.3). Då er det om å gjere for oss å vende oss til Kristus og tru på han og ta imot han i tru.
Paulus sa at når du har teke imot nåden i Kristus, så må du satse fullt og heilt på det, Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. I Hebrearbrevet er det sagt noko om at dersom du avviser nåden, så er der ikkje lengre håp for deg. Det høyrest skræmande ut.
Heb.6, 1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
Det minner om
Matt.12, 31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
Treet og fruktene
33 Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.
Når vi les Heb.6,1… er det lett å tenke på kva som kom først i tid og kva som kom etterpå og for mange er det nok og blir det nok dessverre slik. Men igjen trur eg det er rett å tenke på kva som kom først som årsak og kva som vart verknad og så gjere bruk av det som var årsak gang på gang. Leve i nåden og så veit vi at vi har ei nådetid og då er det om å gjere å gjere bruk av nåden.
Jesus vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i hjerte og sinn, eg treng ikkje prøve å tenke ut noko, eg skal berre stole på at han fullender vår tru.
Eg skal sjå at Jesus har sett fram for meg ei open dør og gå inn der. I Joh.10 er det sagt at vi skal gå inn og ut og eg tenker meg at kvar gong får eg repetisjon på at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Han har staka vegen for meg inn i det høgheilage, så eg skal gå inn der og stige fram for nådens trone, så eg kan få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Då må eg gjere det gang på gang og innsjå at den rette tid er no.
Eg har samanlikna trua med rasjonaliteten i realfag, aksioma i matematikken, det er eit utgangspunkt vi har å tenke utifrå, vi går stadig tilbake til utgangspunktet og brukar det igjen i rekning. Om vi reknar feil, må vi gå tilbake til utgangspunktet og rekne på nytt.
Gud sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alles om tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande. Vi fekk komme til han og drikke av kjelda med det levande vatnet og det vart i oss ei kjelde som veller opp til evig liv (Jer.2,13). Då må vi fortsette å drikke av den. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Då må vi fortsette å ete av det.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, med det har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Ved å tru at Gud vekte han opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å kalle han Herre, vert vi frelste. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus, til gode gjerningar som han har lagt ferdige, så vi skal ferdast i dei.
Gud er fullkommen, Jesus er fullkommen og han frelseverk er fullført og fullkome, så når vi trur på det, er det eit utgangspunkt vi trygt kan tenke utifrå. Likevel kan vi tenke og handle feil. Kva så? Gud, hans Ord, hans Ande og hans rike eksisterer, han skaper oss ved sitt Ord og då skaper han oss i si likning og så openberrar det ved sin Ande, så vi skal få den rette innsikta. Å tru er å ete Guds Ord, drikke det levande vatnet, puste inn den Heilage Ande, la den openberre Kristus for oss, så vi ser på han som i ein spegel, for Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Ved trua på han skal vi hugse på han slik, nattverden minner oss om det. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. For det er ikkje vi som gjer det men han.
Jesus har sagt at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det verkar som om det kjem i staden for at eg skal prøve å tenke ut noko sjølv, så det vert kvile slik også.
Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Eg hadde skrive om at Gud openberra henne Virtuella for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, sidan openberra han si frelse for oss i Kristus for meg og henne Reella også. Eg hugsar ikkje heilt ordlyden, men eg syntest begge deler var herleg og vidunderleg, så når eg høyrde dette tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella.
Bodskapen 19.4.2015:
«Eg har sagt til mine barn, bli sterke i Herren og hans veldige kraft. Eg har sagt til mine barn, bli fyllt av min Heilage Ande. Eg har sagt til mine born, kom og drikk av kjelda og du skal få lov til å ause med glede av denne kjelde og du skal få kjenne fryden og gleda skal velte fram ifrå eit forløyst hjerte. For det er blodet som har forløyst deg, det er korset som har sett skiljepunkt mellom det gamle og det nye. Og når du opplever at eg openberrar meg, så skal du vite, at døden har ikkje lenger noko makt over meg. Eg lever, eg er oppstått, eg ynskjer å openberre meg i ditt liv, så ditt hjerte kan flyte over av takkseiing.
Du skal ikkje vere nedbøygd, du behøver ikkje å gå omkring gråtande. Eg er ved di side, eg ynskjer å møte deg. Og eg har framleis forløysingsmakt til å bryte band og lenker og setje plaga i fridom. Eg har framleis makt til å la sola gå opp med lækjedom under sine venger. Eg har framleis makt til å løfte mitt folk opp på eit plan der dei skal sjå kongen i hans skjønnheit, der dei skal få oppleve at landet flyt med melk og med honning. Du skal igjen gå ut i dansen med dei glade og fryde deg med dei som har fått si sjel frelst. For du er ikkje på veg mot fortaping, men du er på veg imot frelsa sin rikdom. Du er ikkje på veg mot øydelegging, men du er på veg mot fullending. Og du er ein del av Guds rike. Derfor fryd deg og gled deg og rop av strupen og spar ikkje, for eg Herren har sett framfor deg ei opna dør.
Bry deg aldri om røystene som er i tida. Bry deg aldri om menneska rundt omkring deg. Men sett meg framfor deg, så skal eg, Herren, gjere dine trinn faste. Sjå opp på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar og den store skaren av vitne rundt omkring deg. Og når du ser på meg og skaren av vitne rundt omkring deg, så skal du aldri bli motlaus og om du blir sliten og om du blir trøytt, så skal eg gi den trøytte kraft og den som ingen krefter har, skal eg gje stor styrke. Derfor løft blikket frå den stad der du står og du skal få oppleve at du skal sjå at heile landet høyrer deg til. Takk og lov. Halleluja.»
Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg at det var først og fremst til henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der.
Bodskapen 18.3.2018:
«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.
Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen, og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»
Dette var etter at eg hadde flytta tilbake til Sunnmøre.
Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet. Då må eg gå inn gjennom døra.
Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet.
Jesus sa at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Det er ikkje noko som eg har tenkt ut, men som eg har fått ifrå himmelen. Bodskapen 29.3.2015:
Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.
Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, om lovangen Gud soleis la ned i meg og om korleis eg bad for henne Reella når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talta Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Jesus har sett framfor meg ei open dør.
For å bidra i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet, må eg gå inn gjennom døra.
Jesus har sagt han har sett framfor meg ei open dør og det refererer både til Joh.10,1… og til Joh.Op.3.
Bodskapane 29.9.2019:
A. ”Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør, seier Herren, eg veit om dine gjerningar, eg veit at du har liten styrke, men eg har opna ei dør, så du treng ikkje bruke styrke for å opne den. Eg har opna ei dør, sånn at du skal komme vidare i livet. Eg har opna ei dør, sånn at du skal kunne gå ut og inn og finne føde, seier Herren. Eg har opna ei dør, slik at du skal kunne sjå nye moglegheiter, som du ikkje før trudde var mogleg. Eg har opna ei dør fordi eg elskar deg, seier Herren. Eg har behag i deg, for eg gav mitt liv, slik at eg alltid skulle vere hos deg. Også når du ikkje orkar meir, så har eg grepe di høgre hand og eg løfter deg opp og eg set dine føter på solid grunn og eg ynskjer å legge ein ny sang i ditt hjerte, ein lovsong til Herren.”
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Eg tenker meg at han ha opna ei dør som ingen kan lukke, ved at hans frelseverk er fullført og fullkome. Jesus er fullkommen, Gud openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, slik må eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Soleis skal eg sjå på han som døra eg skal gå gjennom, for å komme inn i det nye, komme vidare i livet, komme inn i dei ferdiglagde gjerningane, som han skaper meg til å ferdast i. Då er det også det eg passar til. Den rette tilpassinga blir då at eg bøyer meg for han og kjennest ved han som min frelsar og Herre. Vi skal sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verdens ende. Då er han heile tida vegen vi har å gå, vi skal følge han og døra vi har å gå inn gjennom, for å komme inn i det nye. Når vi går ut gjennom den, går vi ut på lovnadane og kjem inn i dei ferdiglagde gjerningane.
I Joh.Op.3 er det berre tale om å gå inn og det trur eg har seg slik at det er ein Herrens engel som kjem med ein bodskap til kyrkjelyden. Men gjennom den blir den vonleg også ein bodskap til kyrkjelydens distrikt.


10 responses to “2023.11.25&12.2. Jesus har sett framfor meg ei open dør og seier eg skal gå inn.”
[…] 2023.11.25&12.2. Jesus har sett framfor meg ei open dør og seier eg skal gå inn. […]
[…] blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-… […]
[…] kommentar til eit møte der han minna meg om det igjen og eg tek med slutten av den her, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-o… […]
[…] Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-o… […]
[…] blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-… […]
[…] kommentar til eit møte der han minna meg om det igjen og eg tek med slutten av den her, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-o… […]
[…] blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-… […]
[…] blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-… […]
[…] blessings-from-heaven.com/2023/12/05/2023-11-2512-2-jesus-har-sett-framfor-meg-ei-open-dor-og-seier-… […]
[…] 2023.11.25&12.2. Jesus har sett framfor meg ei open dør og seier eg skal gå inn. […]