Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Laurdag 11.7.2026. Kveld. Vende blikket og hugen opp til Kristus, verte oppteken av han og komme til han.

«https://www.youtube.com/watch?v=LdZJf_SfFDs»

Tale ved Birger Wroldsen.

Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.  3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

Gal.2,19  Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus;  20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.

1.Kor.3,7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom.  10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?

12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.  14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.  15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

2.Kor.4, 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

2.Mos.31,10 Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.»  11 Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: «Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand?

Teologar, prestar og biskopar leiar folket i fråfall til samanlikning med dansen rundt gullkalven. 

2.Mos.33,3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»

4 Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. 5 Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!» 6 Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

Møteteltet

7 Moses tok eit telt og sette det opp utanfor leiren, eit godt stykke ifrå. Han kalla det møteteltet. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. 8 Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg, stod kvar i si teltdør og såg etter han til han var komen inn. 9 Og når Moses var komen inn i teltet, fór skystolpen ned og vart ståande i teltdøra, og Herren tala til Moses. 10 Når folket såg skystolpen stå i teltdøra, reiste dei seg alle saman og bøygde seg til jorda, kvar i si teltdør. 11 Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til leiren. Men tenaren hans, ein unggut som heitte Josva Nunsson, heldt seg støtt i teltet.

Liksom Moses sette opp møteteltet utanfor leiren, det måtte vere hans private telt, det var ikkje tabernakelet, det kom seinare. Slik er det også med våre møter. Vi møter Herren og vert kjende med han, men det viktigaste er at han kjenner oss.

Matt.7,21 Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.  22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

Gud kallar oss ut av sløvhet, ut av ein falsk kristendom.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Birger.

«Ja, eg har født deg på ny ved min Ande, seier Herren, og eg traktar, eg lengtar, eg  begjærer den ånd som eg har lagt ned i ditt hjarte, seier Herren. Søk du meg, kom til meg. Men du dreg deg unna, du let deg fylle av alle moglege ting. Og den tida som eg lengtar etter, den gir du til andre, den gir du til andre arbeidsoppgåver, andre plikter, men meg let du gå forbi. Men eg kallar deg, eg vil ha deg, eg vil kjenne deg, eg vil ha deg i tilbeding. Eg vil ha ditt hjerte, seier Herren, så kom du til meg og søk du meg og eg skal fylle deg. 

Min Ande skal igjen byrje å brenne i ditt hjarte. Eg vil lækje ditt fråfall, seier Herren, eg skal lækje ditt fråfall. Alle andre trur at det er rett med deg, at du lever, at du er brennande. Men du veit sjølv i ditt hjarte, at du er fråfallen, at du er lunken. Og du har mista relasjonen og kjærleiken til meg. La det igjen få komme igjen og bøye seg innfor meg og eg vil fylle deg med den Ande og den kjærleik som igjen vil gjere at dine hender løfter seg i tilbeding av meg, seier Herren.

Ja, eg skal forløyse min herlegdom over deg. Eg skal forløyse min herlegdom over din familie. Eg skal forløyse min herlegdom over din kyrkjelyd. Eg skal forløyse min herlegdom over Noreg som nasjon. Men du skal vere med, du skal få reise deg, du skal få innta din plass, du skal igjen få tilbe meg i ånd og i sanning, seier Herren. Og når du tilber meg i ånd og sanning, så vil eg utause av min Ande, seier Herren.»

Relevante bibelvers.

1.Kor.4,4  Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Jak.1,23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

Leave a comment