Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Laurdag 11.7.2026, formiddag. Som Gud verna Israel, vernar han oss.

«https://www.youtube.com/watch?v=e2tud_ay2Ho&t=6355s»

Innleiing ved Ottar Pettersen og kona hans, Wenke.

SO.18,21 Tunga har makt over død og liv,

og dei som gjerne brukar henne,

får nyta hennar frukt.

Tale ved Gordon Tobiassen.

Jes.21,11 Domsord mot Edom. 

«Vaktmann, kor langt på natt,

kor langt på natt?»

12 Vaktmannen svarar:

«Det kjem ein morgon, men òg ei natt.

Vil de spørja, så spør!

Kom att ein annan gong!»

Luk.21,29 Så fortalde han dei ei likning:

Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.  33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

«Sommar», tusenårsriket. 

7.10.2023 angrep på Israel.

Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar? 

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva: 

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei. 

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.  

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige. 

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

Salme.83, 1 Ein song. Ein Asaf-salme.

2 Gud, hald deg ikkje i ro,

ver ikkje still og tagal, Gud! 

3 For sjå, dine fiendar er i opprør,

dei som hatar deg, lyfter hovudet.

4 Dei legg lumske planar mot ditt folk,

dei held samråd mot dei du vernar: 

5 «Kom, lat oss sletta dei ut som folk,

så ingen meir kjem Israels namn i hug!»

Matt.24,3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»

4 Jesus tok til ords og sa:

Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.  6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader.  8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.

Jes.35, 1 Øydemark og turrlende skal gleda seg,

den aude hei skal jubla og bløma.

2 Ho skal bløma som lilja

og jubla, ja ropa av fryd.

Libanons herlegdom får ho i gåve,

Karmels og Sarons prydnad.

Herrens herlegdom skal folket få sjå,

stråleglansen frå vår Gud. 

3 Styrk dei kraftlause hender,

gjer dei skjelvande kne sterke! 

4 Sei til dei urolege hjarto:

Ver frimodige, ver ikkje redde!

Sjå, der er dykkar Gud!

Han kjem med straff.

Gud vil gjera attergjeld.

Sjølv kjem han og frelser dykk. 

5 Då skal blinde augo opnast

og dauve øyro latast opp. 

6 Då skal den lame springa som ein hjort

og tunga åt den mållause jubla.

For kjelder bryt fram i øydemarka

og bekker på dei turre vidder.

7 Den gloande sand vert til sevkransa sjø,

det tyrste land til vassrike kjelder.

Sjakalars mark vert ein kvilestad,

der graset gror mellom røyr og sev.

Joh.Op.1,3 Sæl er den som les orda i denne profetien, og dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive! For tida er nær.

Joh.Op.22,10 Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær.

Jes.43,5 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Austanfrå vil eg henta di ætt,

og vestanfrå vil eg samla deg. 

6 Eg seier til nordheimen:

«Kom med dei!»

og til sørheimen:

«Hald dei ikkje att!»

Henta sønene mine langt bortanfrå

og døtrene mine frå heimsens ende, 

7 alle som er kalla med mitt namn,

alle dei eg har skapt,

ja, skapt og gjort til mi ære.

Salme.105,10 Det gjorde han til ei lov for Jakob,

til ei evig pakt for Israel. 

11 Han sa: «Deg vil eg gje

Kanaan til arv og eige.»

1.Krøn.16,14 Han er Herren vår Gud,

over all jorda rår hans rett.

15 Han kjem si pakt i hug til evig tid,

det ord han gav til tusen ætter,

16 den pakt han gjorde med Abraham,

sin dyre lovnad til Isak. 

17 Den gjorde han til ei lov for Jakob,

til ei evig pakt for Israel.

18 Han sa: «Deg vil eg gje

Kanaan til arv og eige.»

1.Kor.10,11 Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.  

Esekiel.36, 16 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 17 Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med sitt liv og sine gjerningar. Deira åtferd var for meg som ureinskapen hjå kvinna når ho har sine tider.  18 Så lét eg harmen min gå ut over dei fordi dei rende ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine. 19 Eg spreidde dei mellom folkeslaga; dei vart strøydde ut i landa. Eg dømde dei etter deira liv og gjerningar. 20 Men kva folk dei så kom til, vanæra dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, og likevel laut dei fara ut or landet hans.»  21 Det gjorde meg vondt for mitt heilage namn, som israelittane hadde vanæra mellom folkeslaga dei kom til.

22 Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til. 23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

Esekiel.36,24 Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.

Eszekiel.37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.  2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.  6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

Gog-krigen.

Esekiel.38, 1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han  3 og sei:

Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. 4 Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd.  5 Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm.  6 Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.

Mika.4,

11 No har mange folkeslag samla seg mot deg.

Dei seier: «Sion er vanæra,

vi ser på henne med lyst.» 

12 Men dei kjenner ikkje Herrens tankar

og skjønar ikkje hans plan:

å samla dei som korn på treskjevollen.

(Jfr. Joh.Op.16)

Sak.1,4 Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Eg er full av brennhug

for Jerusalem og Sion,

15 og stor er harmen min

mot dei trygge heidningfolka;

for då eg berre var litegrann harm,

gjorde dei ulukka større. 

16 Difor seier Herren:

Med miskunn kjem eg att til Jerusalem.

Der skal huset mitt byggjast,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

og mælesnor skal strekkjast over Jerusalem.

17 Rop ut på nytt og sei:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Atter ein gong skal byane mine

fløyma over av det som godt er.

Atter skal Herren ha medkjensle med Sion,

endå ein gong velja ut Jerusalem.

Sak.12,1 Eit domsord.

Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket:  2 Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem.  3 Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen.

Dan.10, 12 Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.  13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.  14 No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

……

20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Joh.Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.  10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud.  11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden.

Gordon sa han går ikkje og ventar på Antikrist, men på Jesus. Så han trur bortrykkelsen kjem før trengselstida. 

Tungetale ved ein mann, tyding ved Gordon.

«Som eg har verna mitt folk, som eg har stått bak mine lovnadar til mitt jordiske eigedomsfolk, som eg ikkje har forkasta, til tross for deira fall og nederlag, som eg framleis er Israels Gud og Israels beskyttar, Israels vaktar, så er eg også din vaktar, din frelsar og din redningsmann. Derfor skal du takke meg, prise meg, ære meg, for eg har overblikket og eg fører retten fram til siger. 

Midt i den tida du er inne i, så har eg gitt min kyrkjelyd det profetiske ord, som eg ber deg å gi akt på. Du ser mørket breie seg over denne ord, du ser dei mørke skyer også over dette landet. Du merkar dei kalde vindar, men eg minner deg om eg har ikkje gitt deg motløyse-ånd i min kyrkjelyd. Eg kjem med kraft, eg kjem med siger, eg kjem med optimisme. Og når mitt folk audmjukt søker mitt åsyn, så vil eg svare frå himmelen, rekke ut min arm, seier Herren, og på forunderleg vis kan eg gjere meir enn du har forstand til å be meg om. 

Eg veit og eg registrerer det utrulege hatet den norske leiinga har imot mitt land og folk. Eg er bekymra for Noreg. Dette landet som hadde mitt Ord, dette landet som stod der og ville og synge i sin fedrelandssong: Vil eg ikkje verne by og land, kan vaktmann ikkje berge. Eg treng at mi kyrkje i dette landet ropar om nåde over denne nasjon. Den er inne i ei skjebnetid og eg kjem til å ryste nasjonar etter nasjonar. Også denne nasjonen som har løfta så feil på Israel. Men eg er nådig. Eg er barmhjertig. Eg strekker meg langt. Det gjorde eg med Ninive. Eg strekker meg langt også når det gjeld mitt eigedomsfolk, Israel. Og eg er øm også over dette landet. Derfor ber eg deg, at min kyrkjelyd må få tilbake fødselskrafta. At ikkje barnet berre kjem til modermunn, men at der må vere kraft til å føde. Amen.

Herre, høyr vår bøn, høyr vårt audmjuke ynskje, vi derfor ropar vi til deg, sjå i nåde til oss. Amen. Amen.»

Relevante bibelvers.

Joh.Op.16,12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –  15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –  16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

Leave a comment