Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Måndag 6.7.2026. Abraham sende trælen sin for å finne ei kone til Isak. Tale ved Håkon Martinsen.

«https://www.youtube.com/watch?v=eq5TtPmJAUY&t=3152s»

Innleiing ved Halvor Berntsen.

Rom.4, 7 Sæle er dei

som har fått sine brot tilgjevne

og sine synder tildekte. 

8 Sælt er det menneske

som Herren ikkje tilreknar synd.

Nehemja.8,10 Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.»  

Ef.5,20 Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!

Tale ved Håkon Martinsen.

Paulus tala om ein løyndom, at heidningane også er med i Jesu kyrkje, som er hans lekam, hans brud, ettersom Gud skapte kvinna av mannens sidebein. Altså er vi berre ei kyrkje og skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Ikkje vere avhengige av andre, men kun vere avhengige av Kristus. Himmelens rike er i dykk. 

Ef.3,1 Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar.  2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen  3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor.  4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet.  7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom  9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt.  10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.

Han skulle opplyse ALLE. Det er Kristi forsamling som må få augo opp for kva den har, at i Kristus er ho rik. Av hans nåde har vi alle fått.

Joh.Op.2,4 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.  

Abraham sende ein træl for å finne ei kone til son sin, Isak. Trælen er symbol på den Heilage Ande, Isak er symbol på Kristus, bruda er symbol på hans kyrkje. Trælen tok med seg dyre smykke for å smykke bruda. Det er førebilete for korleis den Heilage Ande smykka Jesu brud.

1.Mos.24,10 Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde.  11 Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn.

……

32 Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene. 33 Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!»

34 Då sa han: Eg er trælen åt Abraham. 35 Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel. 36 Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen.

Vi må forkynne evangeliet slik som det står skrive. Gud ynskjer å reise opp eit folk som har ein for auget og det er Kristus.

Mark.14,12 Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?»  13 Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja, 14 og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine? 15 Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss.» 16 Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet.

La Anden løfte deg ovanpå (v 15), der alt er gjort ferdig.

Mark.16,2 Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann. 3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?» 4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.

Jesus var stått opp frå dei døde og det var ei ny tid. Bli fylt av Anden, så de talar til kvarandre ….. Noreg, dette vakre landet som Gud har gitt oss, eg elskar Noreg. 

Tungetale ved ein mann, tyding ved ein annan mann.

«Dette de har høyrt i dag, seier Herren, …………. så derfor lytt, opne dykkar hjarte og lytt til kva eg har sagt akkurat no. Ta det til dykkar hjarte, lat dykkar hjarte opne, slik at dykkar auge også opplyst, og la alt komme ned i ditt hjarte, så …… det blir opplyst, så det kjem slik at de får sjå at eg er den eg alltid har sagt meg å vere. Mitt Ord står alltid fast, som det vart sagt, derfor må de vende dykk om og gjere det eg har kalla dykk til å gjere, kvar einskild. Og det er i kjærleik eg seier dette.

Så frykt ikkje mine born, sjå dykk ikkje engsteleg ikring, men sjå eg er med dykk, eg har vore med dykk alle dagar, inntil verda sin ende. Og eg er framleis her, med dykk og vil utruste, vil setje dykk i stand til å gjere det eg har kalla dykk til, seier Herren. Så derfor vend dykkar hjarte til meg og la meg gjere det i dykk, slik at deg kan glede og fryde dykk på den dagen eg kjem for å hente dykk, så er de fullkomne, seier Herren. Så gled dykk og set dykk i stand for meg, seier Herren.»

Leave a comment