Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Tysdag 7.7.2026. Kl. 16. Fallet og gjenopprettinga. Tale ved Randi Filtvedt Johansen.

https://www.youtube.com/watch?v=N5sB71EDHq8&t=6577s

Tale ved Randi Filtvedt Johansen.

Forstå kva vi er frelst ifrå, for å glede oss i frelsa.

Den nye religionen i vår tid, «følelses-religionen», følelsane må ikkje krenkast.

1.Mos.1,1 Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»  2 Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3 Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!»  4 Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy!  5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.» 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.  7 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.

8 Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen.  9 Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?» 10 Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.»  

Dei naturlege augo vart opna. Men hjartets auge slokna.

Jesu frelseverk er fullført.

Brodden i synda er døden, men Kristus var utan synd.

Herre, la meg få ei renovering på heile mitt liv. 

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi.

Eg vil dra brodden ut av ditt liv av bitterheit, eg vil dra brodden ut av ditt liv av skuffelser. Eg vil dra brodden ut av ditt liv, som har gitt deg sjukdom og du er nedbøygd og motlaus og trist. Eg vil igjen fylle deg med gledens olje. Du har sagt med deg sjølv at det er over no, men eg vil igjen måle ut 1000 nye alen for ditt liv. Vil du vere med meg, så vil eg vere med deg.

Eg vekker opp mitt folk i denne tida, til å vere ein maktfaktor og gå imot straumen av denne verda sin gud og denne avgrunnens brønn som er opna. Sjå den vonde har sendt sine skylje-regn og bylgjer av vekking ifrå avgrunnen og han har vekka kjøtet i denne tid, på ein spesiell måte, derfor seier eg til mitt folk, ver krossfesta med meg, så de ikkje fullfører kjøtets begjær. Så skal de få vere oppreist og ein maktfaktor i denne tida. Ja, vanskelege tider kjem, men eg, Herren, er over alle tider og det er mi tid, som eg vil bruke mitt folk på ein spesiell måte. Og de skal bringe lækjedom til ei verden, til menneske rundt dykk som synk saman i avmakt, i motløyse og i frykt. Men de er denne verda sitt lys og de skal komme som eit lys i mørket, de skal komme med balsam til dei som er såra, de skal komme med mine ord til lækjedom. De skal sjå at eg gjer store og underfulle ting i denne tida.

Ja, eg kjem meget snart, og veane har byrja å gå over jorda. Eg auser ut min Ande og du kan få opne deg og oppleve dei herlegaste tider i ditt liv, for du vandrar ikkje lengre i kjøtet, men du vandrar i Anden og eg har gått føre dykk og førebutt ein stad, der vil du glede deg å komme. No er eg hos deg, men ein dag skal du vere hos meg og eg skal samle alle dei som tek imot mitt Ord. Og denne hausten er denne tidsalders ende. Hausten er stor, men arbeidarane er få. Be derfor haustens Herre, drive arbeidarar ut til sin haust og still deg i rekkene, slik som Rut.

Tungetale ved ei anna kvinne, tyding ved Randi.

«Ja, eg vil opne mitt hjarte og min munn, eg vil lovsynge ditt namn, du høgaste, du som er og som var og du som kjem, som du som tok bustad i støvet, her i mitt lille hjarte. Eg vil lovsynge ditt namn, du er på trona og du er på mitt hjartes trone. Derfor vil eg takke deg ein stad der det er mykje folk, eg takkar deg, Herre, eg lovsyng ditt namn. Eg takkar deg at du vende mi sorg til glede og eg takkar deg, at all motløyse og frykt held du langt borte frå meg. Og eg takkar deg at mi ånd fyller du med glede. Halleluja.

Ja, hoseanna, hoseanna, hoseanna, du som kjem i Herrens namn. Takk at du vil komme inn i vår tid, takk at du vekker oss opp som folk, takk at du rører ved våre åndelege sansar, takka at du rører ved våre lekamar, takk at vi skal vere oppreiste for deg i denne tida. Lova vere ditt heilage namn. Amen.»

Relevante bibelvers.

Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine.  16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna.  18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,  19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke  20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen,  21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande.  22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,  23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Salme.103,1 Av David.

Mi sjel, lov Herren!

Ja, alt som i meg er,

skal lova hans heilage namn. 

2 Mi sjel, lov Herren,

gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuld

og lækjer all din sjukdom.

4 Han friar ditt liv frå grava

og kronar deg med godleik og miskunn. 

5 Han fyller ditt liv med det som godt er,

og gjer deg ung att som ørna. 

6 Herren grip inn og frelser,

lèt alle som er trælka, få sin rett. 

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,

sine gjerningar for Israels folk. 

8 Mild og nådig er Herren,

langmodig og rik på miskunn. 

9 Han kjem ikkje alltid med klagemål

og er ikkje evig harm. 

10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder

og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen er over jorda,

så stor er Herrens nåde

over dei som ottast han. 

12 Så langt som aust er frå vest,

så langt tek han våre synder bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,

er Herren miskunnsam

mot dei som ottast han.

14 For han veit korleis vi er skapte,

han kjem i hug at vi er støv. 

15 Menneskelivet er som graset.

Mennesket er som blomen på marka. 

16 Når vinden fer framom, er han borte,

staden han stod på, veit ikkje meir av han. 

17 Frå æve til æve er Herrens miskunn

over dei som ottast han.

Hans rettferd når til barneborn 

18 når fedrane held hans pakt

og kjem i hug hans bod,

så dei lever etter dei. 

19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,

han rår som konge over alle ting. 

20 Lov Herren, de hans englar,

de sterke heltar, som set hans ord i verk,

så snart de høyrer hans røyst. 

21 Lov Herren, alle hans hærskarar,

de hans tenarar, som gjer hans vilje!

22 Lov Herren, heile hans skaparverk,

på alle stader der han rår!

Mi sjel, lov Herren!

1.Kor.15,51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.  53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom.  54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?  56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.  57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!  58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Joh.Op.9,1 Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen.  2 Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest. 3 Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda.  4 Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.  5 Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske. 6 I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.

7 Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.  8 Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner 9 og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid. 10 Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader. 11 Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.

12 Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.

Leave a comment