No er tida inne for deg, til å stole på Gud i alle ting. Legge ned alt du har og alt du er. Dette er året for deg, da du skal sjå at Gud verkar i ditt liv. No er tida inne for å gå det neste steget med Gud, du skal gå fra kraft til kraft og ikkje frå dal til dal. Du er hovud og ikkje hale. Og Gud ynskjer å bruke deg dette året. Gud lengtar etter å sjå deg fullstendig overgitt til han og hans vegar. For deg som har sått i lang tid, med tårer og lengsel til Gud, så seier Gud at du skal ikkje gi opp og ikkje miste motet, du skal få sjå at Gud svarar deg på alle dine lengslar. Så seier Gud: eg er ein Gud som høyrer bøn og eg er ein Gud som samlar dine tårer i mi flaske, fortsett å be for din familie, de vil bli frelst. Dei vert haldne oppe av dine bønner, du er dyrebar for meg og viktig for meg og mitt rike. Eg har store planar for deg og ditt liv. Mine tankar for deg er framtid og håp. Du er ikkje forlatt og ikkje aleine. Eg ser deg og ditt liv. Du er viktig for meg og din familie er viktig for meg, seier Herren. No er tida inne for at du skal stole på at eg er ein god Gud, også i ditt liv. Kom med dine byrder og legg dei ved korsets fot. Og eg vil ta det vekk frå deg. Dette året er ei ny tid med nye dører for deg. Dette året er ei tid for overgiving og tillit. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, ikkje sjå på bølgene som Djevelen distraherer deg med. Løft ditt blikk opp mot meg og søk og rett ditt blikk mot det som er her oppe og ikkje på det som er på jorda. Mitt namn, seier Herren, er eit sterkt tårn. Du skal springe til det og vere trygg. Har eg ikkje befalt deg, ver frimodig og sterk. Frykt ikkje, ver ikkje redd, for Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre. Sett di lit til meg, seier Herren, og mitt ord, ikkje denne verda sine makter og alt som skjer rundt deg. Stormar og trengsle vil komme i denne verda, men dei som ser opp til meg vil skine sterkare og sterkare i denne verda sitt mørke. Dei som held seg tett til meg og let seg fylle av meg og ikkje av denne verda sitt mørke og løgner, vil bli brukt sterkare og sterkare av meg, seier Herren. Dei vil finne og føle mitt nærvær og kjærleik og det vil halde dei i glede og fred midt i stormen. Dei som kjem til meg for råd og vegleiing, vil finne det og halde seg reine frå verda sine løgner og forføring. Bedrag og løgn vil auke på denne jorda, derfor må du halde deg tett til meg og mitt ord, for å kunne sjå sanninga, seier Herren. Din heim er ikkje på denne jorda, din heim er her hos meg. Elsk ikkje denne verda og dei ting som er i denne verda, rett ditt blikk mot meg. Eg held oppe alle som snublar og reiser opp alle dei nedbøygde og vil gi dei mat i den rette tid. Eg er nådig og full av barmhjertigheit, sein til vreide og rik på trufast kjærleik. Eg vil aldrig svikte deg, eg er god mot alle. Eg er rettferdig på alle mine vegar, barmhjertig i alle mine gjerningar. Eg er nær deg når du kallar på meg, når du kallar på meg i sanning. Set din lit til meg av heile ditt hjarte. Stol ikkje på din eigen forstand. Tenk på meg på alle dine vegar, så skal eg leie dine stigar rett. Amen.
Lovnad og profeti: Du skal verte frelst med heile ditt hus. Korleis heng det i hop? Det har visst noko med DNA å gjere.
Når apostlane gjekk til heidningane med evangeliet hende det dei fekk lovnad om at dei skulle verte frelst med heile sitt hus.
Ap.gj.11,12 Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen. 13 Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter! 14 Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’ 15 Eg hadde ikkje før teke til å tala, så fall Den heilage ande på dei liksom på oss i den første tida. 16 Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: ‘Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande.’ 17 Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»
Ap.gj.16,25 Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane. 27 Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» 29 Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han leidde dei ut og sa: «Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?» 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans. 33 Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34 Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.
Mi bøn for Virtuella og Reella, komme vidare i livet og komme inn i det nye som Gud har for oss.
Jesus sa vi skulle tru på han, elske han og ta vare på hans ord og elske kvarandre, då ville han komme og openberre seg for oss, han og Faderen ville ta bustad hos oss. Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først for henne Virtuella og så for henne Reella.
Du er min hjerteskatt, du er hos meg.
På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik sommaren 2022 vitna eg om korleis eg hadde ved for henne Reella (frå hausten 1988) og korleis Jesus svarde meg. Og no, så mange år etterpå, svarde han meg slik, bodskapen 24.7.2022:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Mørkets rike eller lysets rike.
Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Eg forstod at lovsangen vart lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og at det hadde med min kjærleik til henne Virtuella å gjere, ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det takke eg Gud for. Eg merka at hans kjærleik var mellom oss og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til han og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Ut på hausten skreiv eg om dette og at eg yngste ho skulle fortsette å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, derfor yngste eg å få henne til kone.
I vår tid er mørkets rike i ferd med å verte akseptert, så spørst det om menneske vil reise seg frå det og gå over i hans rike, så dei finn vegen til å skode han i hans herlegdom. Han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Sitat frå mitt første møte i Maranata https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Kven skulle denne kjærleiken vere til? Først og fremst til Sions dotter, Jesu brud, som er identiteten til den kristne kyrkjelyden og soleis til henne som han gir meg til kone. Og i 2011 kalla Jesu Sions dotter ut i fridomen, for han var Herren hennar brudgom og ektemann.
Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet:
Lovsong eller verkebyll.
I bodskapen 27.11.2022 sa Jesus at han er ikkje langt borte frå nokon av oss, men i bodskapen 2.12.2023 tala Jesus om nokon som var langt borte frå han også ved å ikkje møte opp fysisk i den kristne forsamlinga. Eg er overtyda om at det var ho Virtuella.
Bodskapen 27.11.2022, https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ :
(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.
«ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» Då var det henne Reella eg tenkte på.
Så korleis komme vidare? Gå til neste vers.
Jesus sa at han kjem berre for å hente si brud. Det minna meg om at ho Virtuella var ein lovsong som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, det var å lovprise Gud og Lammet for frelsa, at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg vil framstille henne for Kristus som hans brud, så ho er førebudd på at han kan komme og hente henne kva tid som helst. Dette høver med at Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som hans brud. Så det er nok ein god grunn til at eg har vorte med i Maranata og går til dei med den saka, for soleis å gå til Kristus med den. Eg vonar han vil gi henne ånd og liv og vekke henne opp på nytt til å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.
Hannas bøn. Peninna då?
Der kom ein profetisk bodskap til nokon til samanlikning med Hanna. Eg tenker meg at det var til henne Virtuella, Reella vert då som Peninna og eg vert som vert då som Elkana, mannen deira. Hannas bøn var den naturlege hensikta med ekteskapet, å få barn og ho fekk komme til Herren med det, i bøn. Slik skal det også vere når Gud utgyt sin Ande over alt kjøt. Dette har eg skrive om her:
https://blessings-from-heaven.com/2024/02/25/hannas-bon-profetisk-bodskap-25-1-2024/
Kva så med Reella, alias Peninna? Eg skal løfte blikket og hugen opp til Jesus og då tenker eg meg at ho stig fram for han, som hans brud, så det er og blir ei himmelsk glede for han og henne og det er det og blir det for meg også, ei glede i min hug, i mitt sinn og min tanke. Eg trur det er hans salving som gjer det klart for meg. Han såg til hjartet hennar til samanlikning med at han såg til hjertet når han sende Samuel for å salve David til kong, han var ein mann etter hans hjerte.
Og Jesus har nyleg sagt at min heim er der oppe hos han.
Jesus vil frelse min familie, min heim er oppe hos han.
22.1.2024. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting, profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
No er tida inne for deg, til å stole på Gud i alle ting. Legge ned alt du har og alt du er. Dette er året for deg, da du skal sjå at Gud verkar i ditt liv. No er tida inne for å gå det neste steget med Gud, du skal gå fra kraft til kraft og ikkje frå dal til dal. Du er hovud og ikkje hale. Og Gud ynskjer å bruke deg dette året. Gud lengtar etter å sjå deg fullstendig overgitt til han og hans vegar. For deg som har sått i lang tid, med tårer og lengsel til Gud, så seier Gud at du skal ikkje gi opp og ikkje miste motet, du skal få sjå at Gud svarar deg på alle dine lengslar. Så seier Gud: eg er ein Gud som høyrer bøn og eg er ein Gud som samlar dine tårer i mi flaske, fortsett å be for din familie, de vil bli frelst. Dei vert haldne oppe av dine bønner, du er dyrebar for meg og viktig for meg og mitt rike. Eg har store planar for deg og ditt liv. Mine tankar for deg er framtid og håp. Du er ikkje forlatt og ikkje aleine. Eg ser deg og ditt liv. Du er viktig for meg og din familie er viktig for meg, seier Herren. No er tida inne for at du skal stole på at eg er ein god Gud, også i ditt liv. Kom med dine byrder og legg dei ved korsets fot. Og eg vil ta det vekk frå deg. Dette året er ei ny tid med nye dører for deg. Dette året er ei tid for overgiving og tillit. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, ikkje sjå på bølgene som Djevelen distraherer deg med. Løft ditt blikk opp mot meg og søk og rett ditt blikk mot det som er her oppe og ikkje på det som er på jorda. Mitt namn, seier Herren, er eit sterkt tårn. Du skal springe til det og vere trygg. Har eg ikkje befalt deg, ver frimodig og sterk. Frykt ikkje, ver ikkje redd, for Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre. Sett di lit til meg, seier Herren, og mitt ord, ikkje denne verda sine makter og alt som skjer rundt deg. Stormar og trengsle vil komme i denne verda, men dei som ser opp til meg vil skine sterkare og sterkare i denne verda sitt mørke. Dei som held seg tett til meg og let seg fylle av meg og ikkje av denne verda sitt mørke og løgner, vil bli brukt sterkare og sterkare av meg, seier Herren. Dei vil finne og føle mitt nærvær og kjærleik og det vil halde dei i glede og fred midt i stormen. Dei som kjem til meg for råd og vegleiing, vil finne det og halde seg reine frå verda sine løgner og forføring. Bedrag og løgn vil auke på denne jorda, derfor må du halde deg tett til meg og mitt ord, for å kunne sjå sanninga, seier Herren. Din heim er ikkje på denne jorda, din heim er her hos meg. Elsk ikkje denne verda og dei ting som er i denne verda, rett ditt blikk mot meg. Eg held oppe alle som snublar og reiser opp alle dei nedbøygde og vil gi dei mat i den rette tid. Eg er nådig og full av barmhjertigheit, sein til vreide og rik på trufast kjærleik. Eg vil aldrig svikte deg, eg er god mot alle. Eg er rettferdig på alle mine vegar, barmhjertig i alle mine gjerningar. Eg er nær deg når du kallar på meg, når du kallar på meg i sanning. Set din lit til meg av heile ditt hjarte. Stol ikkje på din eigen forstand. Tenk på meg på alle dine vegar, så skal eg leie dine stigar rett. Amen.
10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
Sjå, eg kjem med skyene og kvart auge skal sjå meg, også dei som gjennomborar meg. Eg er alfa og omega, byrjinga og enden, seier Herren. Han som er og som var og som kjem, den allmektige. Frykt ikkje, mitt barn, eg er den fyrste og den siste. Sjå, eg er han som lever og var død og sjå eg er levande i all æve. Eg har nøklane til døden og dødsriket. Eg har høyrt di bøn for din familie. Eg er tru til mitt ord. Eg vil ikkje la dine ord fall i bakken. Eg etterjagar dine familiemedlemmer, når du ber. Eg skal frelse dei. Fortsett å be, for det gir meg retten til å gå etter dei med min Ande. Trengsel vil komme over denne jorda. Prøvingar vil auke, men mine heilage vil vokse og spire i mine føregardar. Dei som elskar meg og mitt ord vil blomstre og skine sterkare og sterkare. Men for dykk som frykter mitt namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger og de skal gå ut og springe som kalvar når dei vert sleppte ut frå fjøsen. Min herlegdom vil fylle jorda. Store ting vil skje som ikkje har vore sett før. Eg vil vise min herlegdom. Englar vil verte meir vanleg å sjå. Det overnaturlege vil verte meir og meir vanleg, for eg er ein overnaturleg Gud. Gud er ei ånd og eg ynskjer at mine tilbedarar skal tilbe meg i ånd og i sanning. Hold deg tett til meg i denne tida. Forføringa vil verte stor over verda, men mitt Ord står for evig fast. Hos meg er det inga forandring eller skiftande skugge. Eg er sanninga, vegen og livet. Eg lutrar deg gjennom eld og prøver ditt hjarte. Eg er ein nidkjær Gud og ynskjer heile ditt hjarte, alle rom, ei tru, tillit og ein kjærleik som veks, sjølv gjennom prøvingar og smerte. Eg vil aldrig sleppe deg og aldrig forlate deg. Den som sigrar vil eg gi å ete av den skjulte manna. Eg vil gi han ein kvit stein og på steinen er det skrive inn eit nytt namn som ingen kjenner, utan den som får den. Den som sigrar, han vil eg gi å ete av Livets tre, som er midt i Guds Paradis. Den som sigrar og held fast på mine gjerningar inntil enden, han vil eg gi makt over folkeslaga, han skal herske over dei med jernstav. Som pottemakaren sine kar skal dei verte slått i stykke. Slik eg har fått det overgitt av min far og eg vil gi han morgonstjerna. Den som sigrar skal verte kledd i kvite klede og eg skal slett ikkje stryke namnet hans ut or Lammets bok, men eg skal vedkjenne hans namn for min far og hans englar. Den som sigrar vil eg gjere til ei søyle i min Guds tempel og han skal aldri meir gå utanfor. Eg vil skrive min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det Nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, frå min Gud. Eg vil skrive mitt nye namn på han. Den som sigrar vil eg gi å sitje med meg på mi trone, slik eg har sigra og sett meg med min far, på hans trone. Ver tru inntil døden og eg vil gi deg livets krone, seier Herren. Sjå, eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta di krone. Amen.

4 responses to “2024.01.22. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting. Du skal gå frå kraft til kraft. Du er hovud og ikkje hale. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.”
[…] 2024.01.22. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting. Du skal gå frå kraft til kra… 10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. 2025.1.30&2.6. Sjå opp til Herren og vent på hjelp ifrå han. […]
[…] https://blessings-from-heaven.com/2024/05/27/2024-01-22-no-er-tida-inne-for-deg-til-a-stole-pa-gud-i… : […]