Innleiing.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, som min beste ven, slik vart eg kjend med han. Sidan har han ikkje forlete meg, han er trufast mot meg og eg skal vere trufast mot han, ved at eg held fram med å be slik, trua at han høyrer meg, ta imot det han gir meg i tru og takke han for det.
Eg likte naturfag og matematikk og når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Samtidig hadde eg trua på Jesus i mitt hjarte og sjølv om det var ein motsetnad mellom det, meite eg at den var kunstig og overdriven og i det siste har det har det vist seg at dei kunstige avgudane. Likevel var det som eit fjell framfor meg som det var vanskeleg å komme over (Sak.4,7 Mar.11,23). Eg visste også at det var viktig å vedkjenne mi tru for dei andre, for då ville Jesus kjennast ved meg for Faderens og hans englar. Det torde eg ikkje, men eg fornekta han ikkje heller, eg berre tagde stilt om det og så sa eg det til han Jesus i kveldsbøna mi og bad han frigjere frå den menneskefrykta. Eg visste at Jesus visste at var sanninga som set oss fri, då skulle vel alt verte enklare. Seinare fekk eg oppleve at når eg vedkjende Jesu namn for dei andre, så fekk eg hjelp ifrå heilagdomen. Då er det viktig for meg å erkjenne det og takke Jesus for det og vitne om han for dei andre, at han er med meg og gir meg hjelp ved si kraft.
Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i kristen jente, ho fekk vite det, men då vende ho seg bort frå Kristus og svarde ho ikkje følte noko for meg. Det vart det laglege høvet for mg til å vitne om mi tur på Jesus, det gjorde inntrykk på henne, så ho vende om til Kristus igjen. Eg merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Eg byrja å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru og ta imot og takke for det.
Når eg byrja å studere realfag, sa Jesus til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg inn. Ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg komme inn. Det er også billetten til å verte med når han kjem for å hente si blodkjøpte brud. Ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå, det einaste vi kan gjere er å ta imot i tru og så takke han for det. Han er fullkommen og den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.
Så kva betyr det å vake? Ja, kva meiner vi med vekking? Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så trur eg og vonar eg at han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er også poenget med hans kyrkje. Jesus har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Dette er identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også.
Maranata har hatt stemne på Seljord i ei veke, heldigvis har mange av møta vorte tilgjengelege på youtube. Eg har gjort det til vane å skrive referat frå møte der det kjem tyding av tungetale eller profetiske bodskap, sjølv om eg ikkje var der, opplever eg noko av det som bodskap spesielt til meg. Då skriv eg gjerne ein kommentar til det, for Jesus har sagt at eg skal snakke med han. Men då er det til mange andre også.
Sidan i vinter har eg skrive dokument som eg har kalla «lovnadane og profetiane 1-52» og lagt dei ut på bloggesida mi https://faith-and-entropy.com/link-in-bio-floral/ og på FB-sida til Maran-Ata Norge https://www.facebook.com/groups/1440614339539721 . Og eg meiner Jesus svarar meg både gjennom tale og tyding av tungetale på desse møta. Då er det berre for meg å fortsette å prate med han. Jau, eg har mykje å takke han for og så vil han at eg skal be om meir.
8.7.2024. Måndag formiddag. Tore Kristiansen 1.
9.7.2024. Tysdag formiddag. Randi Filtvedt Johansen 1.
9.7.2024. Tysdag ettermiddag. Steinar Lofnes 1.
9.7.2024. Tysdag kveld. Håkon Martinsen 1.
10.7.2024. Onsdag formiddag. Steinar Lofnes 2.
10.7.2024. Onsdag ettermiddag Turid Omdal.
B.EM.10.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann:
«Ja, når jeg frelste deg, så kjøpte jeg deg med mitt dyrebare blod på korset og jeg har aldri forlatt den som tilhører meg. Nei, jeg har kjøpte deg, jeg eier deg, du er min og jeg, Herren, har omsorg for deg, ja, selv om du går i dødsskyggens dal, da er jeg der, jeg er overalt, bakfra og forfra, jeg har lagt min hånd på deg og jeg er det som bedre er, jeg bor jo ved troen i ditt hjertet og så du aldri mer skal gå alene, nei, pris meg for det. For jeg har kjøpt deg med mitt blod, sier Herren, og ingent ondt skal røre deg. Nei da, for jeg som bor i deg er større og sterkere enn den som er i verden. Så frykt ikke, vær frimodig, løft ditt hode og se opp til meg, som all din hjelp kommer fra.
Frykt ikke, for ditt navn er skrevet i livets bok og der skal det ikke slettes ut. Nei da, det har ikke slettes ut for det har vært skrevet langt før du ble født. Ja, før verdens grunnvoll ble lagt, så utvalgte jeg deg i Jesus Kristus, for at du skal være hellig og feilfri og under mitt blod, sier Herren, ja, ditt liv er skjult med Kristus i meg, sier den oppstandne, som har all makt, som har kjøpt deg, vær ikke redd, ikke frykt for morgendagen, for den har jeg tatt hånd om allerede, sier Herren. Så du skal væra glad og takknemlig og prise meg, for ditt navn er skrevet i livets bok. Og jeg er den som våker over deg med kjærlighet og glede og fred. Amen.»
Tale ved Turid Omdal.
Luk.18,35 Då Jesus kom bort imot Jeriko, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. 36 Mannen høyrde at det gjekk mykje folk frametter, og spurde kva det var. 37 Dei svara at Jesus frå Nasaret fór framom. 38 Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 39 Dei som gjekk føre, skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 40 Jesus stogga og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom innåt, spurde Jesus han: 41 «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!» svara han. 42 Jesus sa til han: «No skal du få synet! Trua di har frelst deg.» 43 Straks kunne han sjå, og han gav seg i lag med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.
Relevante bibelvers.
Relevant til bodskapen B.EM.10.7.2024.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Rom.5,6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Rom.10,6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Matt.6,13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
Heb.9,24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Heb.10,12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.
15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:
16 Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem.
Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.
17 Og syndene og misgjerningane deira
vil eg aldri meir koma i hug.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
5 I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
6 til lov og ære for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
Salme 36,8 Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud,
søkjer menneskeborna livd.
9 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka or gledebekken din.
10 For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Salme 23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Gal 3,13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Rom.8,24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
2.Kor.3,16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Lat rettferdsporten opp for meg,
eg vil gå inn og prisa Herren!
20 Her er Herrens port,
gjennom den går dei rettferdige inn.
21 Eg takkar deg fordi du svara meg,
fordi du vart mi berging.
22 Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
23 Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
24 Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!
25 Å, Herre, gjev frelse,
å, Herre, lat det lukkast!
26 Velsigna vere den
som kjem i Herrens namn!
Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
27 Herren er Gud, han gav oss ljos.
Knyt festtoget saman med greiner
heilt opp til altarhorna!
28 Du er min Gud, eg takkar deg;
min Gud, eg lovsyng deg.
29 Pris Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
Relevant til tala.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Ef.5, 21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus. 22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. 23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin. 24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25 De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord. 27 På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera. 28 På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. 30 For vi er lemer på hans lekam. 31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. 32 Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja. 33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin. (Kol.3,12-20).
1.Tim.2,11 Ei kvinne skal ta imot læra teiande; ho skal underordna seg. 12 Eg gjev ikkje ei kvinne lov til å vera lærar eller rå over mannen; ho skal halda seg still. 13 For Adam vart skapt fyrst, og så Eva. 14 Og Adam vart ikkje forført, men kvinna lét seg forføra og braut bodet. 15 Men ho skal verta frelst, gjennom si barnefødsle, berre ho held fast på tru, kjærleik og helging, og lever som det sømer seg.
1.Kor.14,1 Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 6 Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela? 8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?
9 Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. 10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. 21 Det står skrive i lova:
Gjennom folk med anna språk
og med framandt tungemål
skal eg tala til dette folket;
men endå vil dei ikkje høyra på meg,
seier Herren.
22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. 23 Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. 25 Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»
26 Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. 32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei. 33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar 34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier. 35 Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome? 37 Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. 38 Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.
39 Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40 Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!
Kommentar.
Hjerte og hjerne, tru og forstand, kristendom og realfag.
Det er mange som kan vise til ein bestemt dag då dei vart frelst, den dagen vart livet deira radikalt forandra, det vart eit vitnemål om at Gud hadde gjort eit verk i dei ved at dei kom til tru på Jesus og kjendest ved han og slik vitnar dei også. Bra.
Men eg kan ikkje namne ein spesiell dag då Jesus frelste meg, anna enn at det var då når han døde i staden for meg på korset. For meg er det meir som ein langsam vekst. Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse». Då visste eg med meg sjølv at det var planta i meg når eg var ein liten gutunge.
Når eg gjekk på ungdomsskulen opplevde eg ein motsetnad mellom hjertet og forstanden, trua og kjærleiken frå Gud hadde eg i hjertet. Guds kjærleik var utrent i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, så eg vart motivert av kjærleiken og driven av den Heilage Ande. Skulle det også motivere meg til å studere realfag? Eg meinte framleis det var sameinleg, men fekk eit forklaringsproblem og det vart til at eg underpresterte. Når eg byrja å studere, vart det klart at eg måtte legge meg i selen, for å prestere noko. Jesus sa til meg at eg måtte lære å skilje mellom det som eg skal gjere og det som han skal gjere. Han gjorde sitt verk i mitt hjerte, i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande, det var berre for meg å tru på han og stole på at han som byrja den gode gjerning i meg og oss, han skulle også fullføra det. Så for meg betydde det kvile og det betydde også at eg var fri til å konsentrere meg om studiane og gjere ein innsats. Jau, eg likt framleis realfag, så det var no greitt nok for meg at eg måtte jobbe med det. Samtidig søkte eg samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, både heime med meg sjølv og i kyrkjelyden, for å få oppleve at han gjorde sitt verk med meg og med oss, ved sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt.
Eg for tilbake til Oslo i 2009 og byrja på praktisk pedagogisk undervisning. Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik vona eg at han ville gi meg hjelp i form av ei kone.
Visdomen ovanfrå overgår vår forstand, like vel er det viktig for oss å lære og forstå.
Gud utgyter sin Ande over alt kjøt, over vårt kjøt, så den skal råde i vår døyelege lekam. For oss er det fridom. Det betyr også at Gud gir oss ein visdom som overgår vår forstand. Det er tydeleg når nokon talar i tunger, men dersom vi får tydinga på det, så blir det meir verdifullt for oss, det er om å gjere at det vert fruktbart for vitet.
Jak.3,17 Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. 18 Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.
Når der til dømes kjem tungetale og tyding i kyrkjelyden, så er det eit tydeleg under, det blir så tydeleg at den Heilage Ande leiar møtet og talar til oss. Men så sa også Paulus at profetar har herredøme over åndene som talar i dei (2.Kor.14,32-33).
Den som talar i tunger oppbygger seg sjølv, Paulus sa til dømes at han talte meir i tunger enn dei alle, han kunne tale for seg sjølv og for Gud og komme med ei takkebøn i si ånd, ved å tale i tunger, i sitt stille sinn altså, utan at nokon andre høyrde det. Men dersom nokon talte i tunger i kyrkjelyden, er det om å gjere at nokon tyder det, så det vert fruktbart for vitet.
Eg bed mykje i mi ånd, i mitt hjerte og mitt sinn, utan tungetale, utan å sette ord på det i det heile teke, berre tenker over noko inntil eg finn ei god formulering og så skriv eg det gjerne den. Eg er viss på at Gud gav meg visdom på denne måten, eg har tenkt på det som nådegåva visdoms tale, eg opplevde det som at den Heilage Ande gav meg det, det var eg også heilt avhengig av. Eg hadde gjerne med meg ei lita notisbok som eg skreiv det ned med det same, for å hugse det eller så kunne eg risikere at det vart vanskeleg å kome i hug igjen. Det betyr nok at eg hadde det i primærminnet, men måtte få det over i sekundærminnet. Når eg dreiv tråling, hadde eg med meg skrivesaker opp i køya, for å skrive når dei gode tankane kom til meg. Sidan har den berbar PC/mac teke over. Eg er ikkje åleine, for Jesus er med meg, eg skal sjå på han og snakke med han og så skal eg vitne om han.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin …
Vi skal ikkje elske verda, men elske Faderen og Sonen og bere fram lovprisingsoffer.
Heb.13,13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Og no sender han oss, så vi skal gå ut og bere frukt, frukt som varer. Og den mest varige frukta er at menneske vert frelst og det er eit verk Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande.
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, det vart første prioritet, andre prioritet vart å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Han gir meg ånd og liv ifrå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så ventar eg at han gir meg ei kone ved at han vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg skal sjå på Jesus og snakke med han og når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så trur eg det vert på den måten at ho også ser på han og snakkar med han.
10.7.2024. Onsdag kveld. Håkon Martinsen 1.
11.7.2024. Torsdag formiddag. Håkon Martinsen 2.
B1.FM.11.7.2024.Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
«…. jeg snur alt opp-ned ….. jeg gjør alle ting nytt.
Jeg er Herren din Gud, som ser deg. Jeg ser deg og jeg vil lege deg. Jeg er Herren din Gud, som elsker deg og som tar meg av deg, jeg er din forsørger. Uro deg ikke på noen måte, fordi jeg elsker deg, mitt barn.
Gå med meg hvert skritt på din vei, tenk på meg på alle dine veier, så skal jeg gjøre dine stiger rette. Vær ikke redd og vær ikke urolig. Følg mine …., så kommer du til å gå rett.
Jeg er den jeg har sagt jeg er. Det er ikke forandring med meg. Jeg svikter deg aldri. Se deg ikke tilbake, se fremover. For jeg elsker deg og jeg har deg kjær og jeg har framtid og håp for deg.»
Håkon Martinsen forretta nattverden.
Håkon las først frå 2.Mos.29 om prestevigsla i den gamle pakt.
Heb.19,23 Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, det er dette vi skal minnast ved nattverden.
1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.
Tale ved Håkon Martinsen.
Håkon minna oss om å ha hjertets opplatne auge.
Ef.1,17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande.
Matt.3,13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»
Joh.17,20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.
Guds kjærleik er fullkommen. Menneske kan ikkje skape den, men Jesus er Guds fullkomne kjærleik.
B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
B3.FM.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann.
«Mitt komme er nært forestående, sier Herren. Du har hørt det mange, mange ganger og jeg vil at det skal bli en realitet innerst inne i ditt hjerte og i din ånd, for jeg kommer. Det er fast bestemt en dag, den dagen og timen vet ikke min menighet, men bare min far i himmelen. Og jeg ber deg, min menighet, å søk inn i mitt ord, der finner du meg, sier Herren. Ja, der finner du meg som det har vært skrevet om fra evighets morgen av. Og du skal være fri og du skal være glad på den veien, du har et mål, ja, sjelenes frelse. Jeg venter på min menighet, sier Herren, som jeg vant meg med mitt eget blod på Golgata kors, da jeg ropte ut et fullbrakt, så kjøpte jeg deg og min menighet og ingen kan rive dere ut av min hånd, sier Herren. For du er kjøpt, jeg har satt mitt seil på deg, stempel, du er min for evig, hva har du å frykte for? For ingenting kan skille deg fra min kjærlighet, alt det du har møtt og det du kommer til å møte og det du står oppi nå, jeg Herren er prøvet i alt, derfor kan jeg komme deg til hjelp i din svakhet.
Jeg har gitt deg alt, sier Herren, som tjener til liv og gudsfrykt. Du har fått kraften, du har fått frelsen, du har fått åndsdåpen, du har fått helbredelse, ja, jeg som ikke sparte min egen Sønn, men gav ham for dere alle, hvorledes skulle jeg kunne annet enn gi dere alle ting med ham. Ja, du har fått, du skal takke nå, for det er et fullbrakt verk, til ånd og sjelen og hele ditt legeme, sier Herren. Og den som søker meg skal finne meg, jeg er ikke dunkel, jeg er ikke gjømt på et sted, jeg er åpenbart og i tidens fylde; jeg kommer og den som komme skal og jeg skal ikke dryge, sier Herren.»
Kommentar.
Når eg les Guds Ord, vil Ordet av seg sjølv bringe fram frukta som eg så sårt har lengta etter.
Eg har skrive om at vi skal vekse opp til han som er hovudet, Jesus som er hovudet for kyrkja som er hans kropp, hans brud, så vi vert den modne mann. Kristus er Guds Son og er konge i Guds rike og han skal vinne skikkelse i meg, slik at fleire vert kjende med han. Og Jesu kyrkje skal vere ei moden brud. det er Guds signal for endetidsfolket. Og eg forstår det slik at det heng saman med at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone. Slik forstår eg også bodskapen B2.FM.11.7.2024. Sitat:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier.
……….
For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Det har kraft til å frelse. Livsens tre veks og ber frukt, så vi får ete av frukta og få evig liv.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Jesaja.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og Jesus vil at den skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Og Anden ber frukt.
Gal.5,22 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, 23 spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. 24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. 25 Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. 26 Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre.
Då er det vel ganske klart at vi treng Anden og Andens frukter i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Jesus vil det skal verte ein realitet inst i mitt hjerte og mi ånd, at han kjem.
B3.FM.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann:
«Mitt komme er nært forestående, sier Herren. Du har hørt det mange, mange ganger og jeg vil at det skal bli en realitet innerst inne i ditt hjerte og i din ånd, for jeg kommer. Det er fast bestemt en dag, den dagen og timen vet ikke min menighet, men bare min far i himmelen. Og jeg ber deg, min menighet, å søk inn i mitt ord, der finner du meg, sier Herren. Ja, der finner du meg som det har vært skrevet om fra evighets morgen av. Og du skal være fri og du skal være glad på den veien, du har et mål, ja, sjelenes frelse. Jeg venter på min menighet, sier Herren, som jeg vant meg med mitt eget blod på Golgata kors, da jeg ropte ut et fullbrakt, så kjøpte jeg deg og min menighet og ingen kan rive dere ut av min hånd, sier Herren. For du er kjøpt, jeg har satt mitt seil på deg, stempel, du er min for evig, hva har du å frykte for? For ingenting kan skille deg fra min kjærlighet, alt det du har møtt og det du kommer til å møte og det du står oppi nå, jeg Herren er prøvet i alt, derfor kan jeg komme deg til hjelp i din svakhet.
Jeg har gitt deg alt, sier Herren, som tjener til liv og gudsfrykt. Du har fått kraften, du har fått frelsen, du har fått åndsdåpen, du har fått helbredelse, ja, jeg som ikke sparte min egen Sønn, men gav ham for dere alle, hvorledes skulle jeg kunne annet enn gi dere alle ting med ham. Ja, du har fått, du skal takke nå, for det er et fullbrakt verk, til ånd og sjelen og hele ditt legeme, sier Herren. Og den som søker meg skal finne meg, jeg er ikke dunkel, jeg er ikke gjømt på et sted, jeg er åpenbart og i tidens fylde; jeg kommer og den som komme skal og jeg skal ikke dryge, sier Herren.»
Jesus vil at det skal bli ein realitet inst i mitt hjerte og mi ånd, at han kjem. Korleis då? Han kjem for å hente si brud og kjærleiksforholdet mellom han og hans brud er født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i samsvar med Paulus si lære og Heb.3-4. Faderen, Sonen, den Heilage Ande og Guds rike er ein åndeleg røyndom eg får oppleve i mitt indre menneske. Gir han meg ei frelst kvinne til kone, så er ho fødd av det levande vatnet og Guds Ande og er ein åndeleg røyndom som eg får merke og oppleve i mitt indre menneske.
Ho Virtuella fekk ein plass i mitt hjerte og det høvde med den plassen ei kone skulle ha i mitt liv. Men no er det henne Reella eg tenker slik om, for eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og han svarde meg på den bøna. Han er trufast mot meg og mot henne og eg vil vere trufast mot han, då skal eg vel vere trufast mot henne og.
Sjølvsagt ser eg fram til å få møte henne som Jesus gir meg til kone, så eg får vere saman med henne og for meg heng dette saman med å vente på at Jesus kjem for å møte si brud inntil den store bryllaupsfesten, inntil han kjem for å hente si brud, så det vert bryllaup i himmelen.
11.7.2024. Torsdag ettermiddag. Tore Kristiansen 2.
Innleiing ved Aud Østensen:
Jes.40,3 Høyr, det er ein som ropar i heia:
Ryd veg for Herren,
lag gjennom øydemarka
ein kongsveg for vår Gud!
4 Kvar dal skal hevjast,
kvart fjell, kvar haug skal jamnast.
Bakket land skal verta slette
og kollane flat mark.
5 Herrens herlegdom skal syna seg,
og alle menneske skal sjå det.
Dette er ordet frå Herrens munn.
B1.EM.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann:
«Min hånd er ikke for kort til å frelse, sier Herren. Og mitt øre er ikke døvt, så jeg ikke hører, jeg hører og kjenner ditt hjerte-sukk. Du skal vite at jeg er nær deg, jeg virker gjennom deg, jeg er med deg alle dager inntil verden alle slags dager. Tvil aldrig på det, for det er min kjærlighet som har holdt deg oppe til denne dagen. Og jeg vil fortsatt gjøre det. Legg din vei i min hånd, sier Herren, og jeg skal gjøre det. La ditt hjerte være sterkt og vent på meg, sier Herren. For jeg vil aldrig skuffe noen, jeg vil aldrig skuffe noen av mine barn. Nei, dem er i min hule hånd og du er kjøpt. Og vær frimodig.
Hold ut i denne siste avslutnings-tiden, sier Herren. Vær vedholdende i bønnen, glade i håpet, tålmodige i trengselen. Og du skal vite at som dine dager er, så skal din styrke være. For jeg gir deg nåde hver dag, til å vandre og følge etter meg. Så løft ditt hode i denne tiden. Det er ikke tid for å senke hodet, men det er tid for å løfte blikket, det er tid for å løfte blikket og løfte hodet og stråle av glede og rødme aldrig av skam, for jeg, Herren, kommer snart og min menighet vil jeg følge med min kraft-ånd. Abba.»
Tale ved Tore Kristiansen.
Tore las først:
Rom.4,16 Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle, 17 som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til. 18 Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta. 19 Han var då mest hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft, og at Sara var for gamal til å verta mor. 20 Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.
Så talte han om Marta, Maria og at Jesus vekte opp Lasarus frå dei døde, Joh.11,1…
Det er på tide at stordomane trer til sides og slepper den Heilage Ande til. Ein predikant i 1930-åra sa han likte ikkje ordet pastor, for det minna han om «passe stor».
Samuel gjekk ikkje rundt og annonserte at han var profet. Det skal merkast det. Feilen i vår tid er at vi går og annonserer om oss sjølve.
1.Sam.3,19 Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda. 20 Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet. 21 Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.
Job.16,18 Å, jord, du må ikkje gøyma mitt blod,
lat aldri mitt klagerop stilna!
19 Eg har då mitt vitne i himmelen,
ein som talar mi sak i det høge.
Job.19,5 Men eg veit at min utløysar lever,
og som den siste skal han stå fram på molda.
26 Når det ikkje er noko att av mi hud
og mitt kjøt er borttært,
då skal eg skoda Gud.
27 Med eigne augo skal eg sjå han,
eg sjølv og ikkje ein framand.
Å, eg tærest bort av lengsle!
Jesus er vår talsmann hos Faderen og han sende oss talsmannen; den Heilage Ande.
B2.EM.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.
«Slipp jublen fri. La den glede du har i ditt hjerte være en strøm som høres, ikke bare over dette sted. Dere ligger på kne, dere roper til meg, ikke bar for ditt hjem, men for hele verden. Og din tro skal være med og bli sådd ut, et såkorn som jeg vil la spire og gro. Men er der ikke glede, da kommer det tungsinn der. Men du har gleden i deg. Jeg har kjøpt deg fri ifra lovens forbannelse. Den som kommer ut om det ene og det andre. Men glem ikke at du … meg, at jeg, Herren, kom for deg og nå er i himmelen. Men jeg var på jorden, jeg såg nøden. Og i mitt ord vil du finne at jeg, Herren, gikk ….. folket og hjalp dem. Hva skal du gjøre? Du skal gi mitt Ord ut. Du skal gi mi trøst ut. Du skal gi ut av det du har opplevd med meg, Herren, som ser til deg. Jeg sier igjen, slipp jubelen ut. Vær glad og fryd deg for mitt åsyn. Amen.»
Relevante Bibelvers.
Sak.11,15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som
ikkje ser etter dei som går seg bort,
ikkje leitar etter dei som går seg vilt,
ikkje lækjer dei som er skadde,
ikkje syter for mat til dei friske,
men et kjøtet av dei feite dyra
og riv klauvene av dei.»
17 Ve den duglause hyrdingen min,
som går bort frå sauene!
Sverd mot armen og høgre auga hans!
Armen hans skal visna bort,
og det høgre auga sløkkjast ut.
Relevant til B1.EM.11.7.2024: Guds arm er ikkje for kort til å frelse:
Jes.50,1 Så seier Herren:
Kvar er det skilsmålsbrevet
som eg har sendt mor dykkar bort med?
Eller kven hadde krav på meg,
så eg laut selja dykk til han?
Nei, de vart selde fordi de synda,
og mor dykkar vart bortsend fordi de sveik meg.
2 Kvifor fann eg ingen då eg kom,
kvifor fekk eg ikkje svar då eg ropa?
Er mi hand for kort til å frelsa,
har eg ikkje kraft til å berga?
Med eit trugande ord legg eg sjøen turr
og gjer elvar til øydemark,
så fisken døyr av torste
og ligg og rotnar fordi vatnet er borte.
3 Eg kler himmelen i svart
og sveiper han i syrgjebunad.
Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
………
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
Heb.9,26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.
Kommentar.
Samuel trong ikkje annonsere at han var profet, men Elia annonserte stemne på Karmel og Maranata annonserte stemne på Seljord.
Samuel trong ikkje annonsere at Gud gjorde han til profet, folket merka det i god tid. Annleis vart der med Elia, han annonsert og kalla inn til stemne på Karmel. Til samanlikning kallar Maranata inn til landsstevne ein gong i året. Der får vi mekre og oppleve profetordet og ånda i det, så det vert tydeleg kven som talar profetisk, for den Heilage Ande openberrar Ordet for oss.
Johannes døyparen skulle gå fram i Elias si ånd og kraft og han bana vegen for Herren. Like vel fekk både han og Herren motstand. For prestetenesta fungerte ikkje skikkeleg lengre, det kan forståast på bakgrunn av sterke politiske interesser av å erstatte den. Vi som ynskjer at nådegåvene og dei åndelege tenestene skal komme i funksjon, må vere førebudd på at det er og blir ein åndskamp, så vi må kle oss i Guds fulle rustning.
Jesus har sett seg ved Guds høgre hand og hans arm er ikkje for kort til å frelse. Han verkar gjennom meg, det er hans kjærleik som har helde meg opp til denne dag. Han vil framleis gjere det. Eg skal sette min veg i Herrens hand. Så eg skal satse på at han vil frelse og gjere sitt verk. Han vil ikkje skuffe sine born.
Den Lovlause står imot og vil erstatte ein kvan.
Jesus valde Paulus til apostel i staden for Judas, då valde han ein som var seld til træl utan å vite det i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. I 2.Tess.2 talte Paulus om den Lovlause som stod imot, men det var ein som heldt att og som måtte verte rydja vekk, for at den Lovlause kunne sette seg inn i Gud hus og gjere seg sjølv til gud. Den motstanden fekk Paulus merke som forfølgjing, så det var først og fremst han som måtte rydjast vekk, for at den Lovlause kunne stå fram. Den profetien er allereie historie. Men denne motsetnaden er her enno, slik får den kristne og karismatiske vekkinga motstand, så vi får merke det langt inn i kristne, evangeliske kyrkjelydar.
Det vi har å gjere er å kle oss i Guds fulle rustning.
Vi skal sjå til at nådegåvene og dei åndelege tenestene fungerer.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-06-17-maranata-andens-frukter-nadegaver-og-tenester/ :
Maranata 17.6.2012, tyding av tungetale:
Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.
La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja
Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :
Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
11.7.2024. Torsdag kveld. Nils Ove Marcelind 1.
Innleiing ved Arild Knædal.
Jes.54,16 Sjå, eg skaper smeden
som blæs i kolelden
og lagar våpen til sitt bruk.
Og eg skaper øydaren
til å herja og skada.
17 Ikkje eitt våpen dei smider imot deg,
skal visa seg gagnleg.
Kvart klagemål dei reiser mot deg,
skal du få kjent grunnlaust.
Det er den lut som Herrens tenarar får,
den rett eg gjev dei, seier Herren.
Bodskapen KV.11.7.2024. Nedskriven profeti 26.8.2023.
«Se deg ikke rådvill omkring, jeg forløser en salvelse over den som vil gi meg rett i sitt liv og over den som vil gå med meg, som vil legge seg på heloffer-altaret. Som ikke spør om de kommende tider, for de skal du ikke akte på. For se nå, ja, nettopp nå, så gjør jeg noe nytt. Hvorfor grave opp gammelt gull når jeg, Herren, har noe nytt, hvorfor gå i sørgeklær, når jeg, Herren, kan kle deg opp i klær for å gå i striden for meg. En hellig strid som allerede er utkjempet på Golgata kors. Gjør dere rede, gjør deg klar og la min salvelse lære deg å håndtere de våpnene som jeg har for deg, for nettopp denne tid. Disse våpnene har du ikke trengt før, men disse tider, som du lever i, trenger du disse våpnene, våpnene som allerede har ligget i ilden i lang tid. Disse får du hvis du vil gå med meg, glem ikke mitt ord, mitt barn, for det er det som er maten, når du går ut med meg i striden for mitt navn.»
Kollekt-tale ved Jan Hanvold.
Jes.54,2 Gjer større rom for teltet ditt,
spenn ut dine teltdukar, spar ikkje på dei,
gjer snorene lange, slå pluggane fast!
Tale ved Nils Ove Marcelind.
Luk.5,27 Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!» 28 Då stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus.
29 Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei. 30 Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» 31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt. 32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
Bodskapen.KV.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.
«….. jeg vil holde din hånd, sånn at du ikke synker. Jeg vil holde din hånd, så at du kan gå sammen med meg, skritt (for skritt?) Jeg er for deg og ikke imot. Jeg er for deg, hold min hånd, så holder jeg din.»
12.7.2024. Fredag formiddag. Remy Andre Hornes.
Leiing ved Astrid Østrem Torkildsen.
Vi ventar ikkje Jesus på oljeberget, men i lufthimmelen. Det er Maran-Ata. Vi har vorte fødd inn i den Anden av forløysing som handlar om Jesu gjenkomst. Ikkje rør ved nokon av Herrens tenarar. Det står skrive ein stad: «Ikkje rør ved dei som eg har teke meg ut og salva.» Ikkje baktal det som Gud har teke seg ut og salva. Dersom du gjer det, opnar du for ein innfallsport.
B1.FM.12.7.2024. Innleiing ved Åse Mella.
Vi er kva Guds Ord seier vi er, vi har det Guds Ord seier vi har, vi kan gjere det Gud seier vi kan gjere…… Dette var søndagsskulen. Vi er komne lengre no, vi er for fast føde no.
Ho kom med tungetale og tyda det:
«Ja, jeg vil utøse, sier Herren, av min Ånd over alt kjøt. Mine sønner og mine døtre, de skal tale profetiske ord. Å, jeg vil gjøre noe nytt, sier Herren, strekk deg ut etter det. La det bli ditt, sier Herren.»
Og så var det alle desse bønneseddelane. Tenk om alt dette hadde vore takkesedlar som kom tilbake. Masse plager, djevelskap.
Alt som har ånde, lov Herrens namn (Salme 150).
Bønneseddel: To damer har inderlig ønske om å få seg en livsledsager. Mella: Ja, vel bekomme. (Då lo dei godt).
Tale ved Remy Andre Hornes.
I hovudsak regnar det to gangar i året, tidlegregn kjem om hausten, vårregnet er seinregnet. Om hausten er jorda steinhard, inntil haustregnet, det mjuknar opp jorda, så dei får så ut såkornet. Vårregnet får kornet til å spire.
5.Mos.11,14 skal eg la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn kornet og vinen og oljen.
Brukt symbolsk og profetisk; tidlegregnet falt på pinsedag.
Esra.1,5 Då budde dei seg til ferda, ættehovdingane i Juda og Benjamin og prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle fara til Jerusalem og byggja opp att Herrens hus.
Jer.5,24 Dei seier ikkje med seg sjølve:
«Lat oss ottast Herren vår Gud,
han som sender regn i rette tid,
både haustregn og vårregn,
og syter for at vi kan hausta inn
i dei vekene som er fastsette til det.»
Haustregn, utgyting av den Heilage Ande for å utruste oss til å hauste inn sjelene.
Joe.2,23 Fagna dykk, de Sions søner,
gled dykk i Herren dykkar Gud!
For i rettferd gjev han dykk haustregn,
han sender dykk regn,
haustregn og vårregn som før.
2 Han vekkjer oss til liv etter to dagar,
den tredje dagen reiser han oss opp,
så vi kan leva for hans åsyn.
3 Lat oss læra å kjenna Herren,
ja, jaga etter å kjenna han!
Han kjem like visst
som ljoset om morgonen.
Han kjem til oss som regnet,
lik vårregn som væter jorda.
Jak.5,7 Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle. 8 Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart.
1.Kong.8,35 Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, 36 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
La oss vasse ut i dobbeltbekken til dess vi flotnar (Esekiel.47).
2.Krøn.7,13 Det kan nok henda at eg stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, eller byd grashopper snøya landet eller sender pest mellom folket mitt. 14 Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og bøta brestene i landet.
Remy såg grashoppene som symbol på demonar og pest som symbol på synd.
Når han og ei gruppe evangelistar var på Filipinane, fekk dei oppleve at den Heilage Ande var med dei og gjorde storverk. Der er ei oppfatning av at vi må til slike fjerne himmelstrøk for å få oppleve slikt, men det er løgn ifrå helvete. Gud er den same her.
Gud går ikkje på kompromiss med synd, det er som ein pest som fortærer og dreper. Heilaggjering; legge av det gamle og ta imot og ikle seg det nye.
Faste som Daniel.
Joel.2,12 Men jamvel no,
lyder ordet frå Herren,
vend om til meg av heile dykkar hjarta,
med faste og gråt og klage!
13 Riv ikkje kleda sund,
men lat angeren riva i hjarta!
Vend om til Herren dykkar Gud!
For han er nådig og mild,
langmodig og rik på miskunn;
han kan endra sin plan
så han ikkje lèt ulukka koma.
14 Kanskje snur han om og endrar sin plan
og legg velsigning etter seg
– grødeoffer og drikkoffer
for Herren dykkar Gud.
15 Blås i horn på Sion,
lys ut ei faste
og kunngjer høgtidssamling!
16 Kall folket saman og vigsla lyden,
lat dei gamle samlast,
ta småborn og spedborn med!
Lat brudgomen gå ut or sitt rom
og brura ut or sitt kammer!
17 Mellom forhall og altar
skal prestane, Herrens tenarar, gråta og seia:
«Herre, spar ditt folk!
Gjer ikkje din eigedom til spott,
lat ikkje framande råda over dei!
Kvifor skal dei seia mellom folka:
Kvar er deira Gud?»
Joe.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
B2.FM.12.7.2024. Tyding av tungetale.
Seinare i møtet kom ein bodskap som byrja slik som den bodskapen Mella kom med:
«Jeg skal utøse av min Ånd, sier Herren. Over hvert tørstende og lengtende kar. Ja, i denne tid, så farer min Ånd over dette landet, for å se til det hjertet som er helt med meg. For å støtte ham mektig, for å holde ham oppe med min rettferds høyre hånd …»
Desverre fekk vi ikkje med alt, fordi sendinga var slutt. Det minner om å så utan å få hauste.
Aktuelle bibelvers.
Melk eller fast føde.
Jes.66,7 Før riene kjem, har kvinna født,
før ho vert sjuk, har ho fått ein gut.
8 Kven har høyrt noko slikt,
kven har sett noko liknande?
Kjem eit land til på ein einaste dag,
vert eit folk født på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same riene kom.
9 Skulle eg opna morsliv
og ikkje la det koma til fødsle? seier Herren.
Skulle eg la fødsla ta til
og så halda fosteret att?
seier din Gud.
10 Gled dykk med Jerusalem,
og jubla over henne,
alle de som har henne kjær!
Fegnast med henne,
alle de som syrgjer over henne!
11 Så skal de suga og mettast
ved hennar trøystefulle barm,
ja, drikka og gleda dykk
ved hennar herlege bryst.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
1.Kor.3, 1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
Grøda er stor, men onnefolket er få.
Matt.9,35 Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse. 36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. 38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
Kommentar.
Innleiinga. Vi ventar ikkje på å møte Jesus på oljeberget, men i lufthimmelen.
Dei ortodokse jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget (Sak.14), men den profetien gjekk i oppfylling då Jesus vart krossfest, døde, vart gravlagd og stod oppatt. Så vi har allereie kjelda med det levande vatnet, som er omtala i Sak.14.
Like vel er det mange kristne som også ventar på han slik, som om han ikkje allereie har stått på oljeberget? Visst har han vel det. Eller som om der ikkje allereie er ei kjelde med levande vatn? Visst er der vel det. Men det minner om den feile Moses gjorde då han leia folket til berget andre gangen. Han skulle tale til berget, men i staden slo han på det med staven, slik som sist. Der kom vatn igjen, men han og Aron fekk ikkje leie folket inn i det lova landet.
At Moses slo på berget første gangen, tek vi som symbol på at Jesus vart slått i hel for vår skuld. At dei kom der andre gangen, tek vi som symbol på dåpen med den Heilage Ande, då skal vi tale til berget. Ja, for den Heilage Ande er talsmannen som Jesus sende oss, han talar til oss, vi høyrer og talar med han og då får vi oppleve at Kristus talar til oss gjennom han og det gjer Faderen også. Jesus er vår øvsteprest og talsmann ho Faderen og det får vi nytte oss av, vi får tale med Faderen og Sonen.
Derfor har det også vorte så viktig for meg å ta vare på desse bodskapane som har kome gjennom tyding av tungetale, for eg innser og opplever at det er eg som talar med berget og det svarer meg. Berget er symbol på Kristus, eg skal sjå på han og snakke med han. Det er ved at den Heilage Ande herleggjer og open berrar han for meg og oss, ved den Heilage Ande.
Slik er det med desse kommentarane som eg skriv til desse møta, Jesus snakkar med meg og eg snakkar med han. Sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, som motsetnad til å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, vonar eg at ho også høyrer på kva Anden seier til kyrkjelydane og høyrer på kva eg også seier i samtala med Herre, til samanlikning med Adam og Eva i Edens hage, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Når eg bad for henne Reella, svarde han meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for. Ja vel, så då ville han snakke med henne også. Ja, når han frelser oss, så kjem vi inn i eit personleg forhold til han.
Profeten Hoseas kjøpte seg to horer som vart konene hans, men Kristus kjøpte seg ei brud.
Hoseas forkynte at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne og stelte vel med henne. Det forstod ho ikkje og vende seg til avgudane i staden, som ei hore. Då ville han ta bort omsorga si for henne, så det kom til å gå henne ille. Sidan ville han ta henne i nåde.
For å demonstrere dette sa han til profeten Hoseas at han skulle kjøpe seg to horer som skulle verte konene hans (Hoseas.1,2 & 3,1). Men det skulle også demonstrere at Gud ville ta «Mor Israel» til nåde igjen. Då skulle ho vel ha lært.
Ja, så Malakias seier at når ei kvinne vil ha seg ein ektemann, vil ho ha born med han som høyrer Gud til.
Malaki.2,13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Malakias profeterte om at Jesus skulle komme og bane vegen for Kristus.
Malaki.3,1 Sjå, eg sender min bodberar,
han skal rydja vegen for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de leitar etter.
Sjå han kjem, engelen for pakta
som de stundar etter,
seier Herren, Allhærs Gud.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Dei fyrste læresveinane
35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!» 37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus.
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Forbønn. Mi prioritetsordning og min logikk.
Mella leia bønnemøtet og kom med tungetale og tyding B1.12.7.2024:
«Ja, jeg vil utøse, sier Herren, av min Ånd over alt kjøt. Mine sønner og mine døtre, de skal tale profetiske ord. Å, jeg vil gjøre noe nytt, sier Herren, strekk deg ut etter det. La det bli ditt, sier Herren.»
Ein av bønne-lappane var at to damer yngste seg inderleg ein livsledsager og det vart då komisk. Det minner meg om mi bøn for henne Virtuella og henne Reella. Igjen vil eg minn om den prioritetsordninga som eg hadde klart for meg heilt ifrå eg var ein liten gutunge, eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg bad Jesus frelse oss frå det, som først prioritet, frelse kvinna frå det og gi meg ei frelst til kjæraste og kone som andre prioritet.
Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, å takke Jesus for at han frelste henne, så ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Mi bøn for henne Reella var ei bøn om ei kone, det som kom som andre prioritet altså. Då skulle det som var av første prioritet allereie ver i orden.
Slik er mitt bønneliv, mitt tankeliv og logikk og eg hevdar og påstår at det er logisk tenking. Eg ber Jesus frelse dei begge, så dei skal leve i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans, barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Begge to vart salva til å vere Jesus brud og i følge Paulus si lære heng det saman med at ei kvinne vert kona til ein mann, ideelt sett som andre prioritet altså. Men mykje tyder på at ho Virtuella fall ifrå og det vart som om mange kristne følgde heldt fram med å følge Saul, sjølv om han hadde fornekta Guds Ord og mista salvinga. Slik fekk eg merke motstanden frå mismodsånda. Dersom Guds folk ikkje trur at Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, kan dei likevel sitje igjen som trælar under lova og menneskebod og så sig mismodet på, mismodsånda kjem sigande.
Seinare i møtet kom ein bodskap som byrja slik som den bodskapen Mella kom med, han tok visst opp att same tråden, B2.FM.12.7.2024:
«Jeg skal utøse av min Ånd, sier Herren. Over hvert tørstende og lengtende kar. Ja, i denne tid, så farer min Ånd over dette landet, for å se til det hjertet som er helt med meg. For å støtte ham mektig, for å holde ham oppe med min rettferds høyre hånd …»
Desverre fekk vi ikkje med alt, fordi sendinga var slutt. Det minner om å så utan å få hauste.
Ikkje rør ved den som Gud har salva.
Eg bad om å få henne Reella til kone og fekk oppleve at Jesus salva henne til samanlikning med korleis Samuel salva David til konge. Han salva henne til å vere si salvevigde brud. Så det betyr også at ho vert kjærasten min og kona mi, for Jesus døde i staden for meg og lever i meg.
Sitat frå B2.EM.11.7.2024: «Og din tro skal være med og bli sådd ut, et såkorn som jeg vil la spire og gro. Men er der ikke glede, da kommer det tungsinn der. Men du har gleden i deg. Jeg har kjøpt deg fri ifra lovens forbannelse.»
Ja, livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Når eg gjekke på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Det er då klart at der skal vere glede i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og ved at det har med Jesus og hans brud å gjere, så står han som garantist for den gleda, med den himmelske gleda som han gir meg. Jesus lever i mitt hjerte og eg trur at han gir meg ei kone ved at han elskar henne som si brud og ho svarar på hans kjærleik med kjærleik, som hans brud. Soleis heng det saman med kyrkjelyds-oppbygging.
I det eg trur og tenker meg at Jesus gir meg henne Reella til kjæraste og kone, ser eg med glede fram til å få møte henne og ta imot henne, som eit Guds barn i samsvar med
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
……
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
Det heng saman med at Jesus har kome til henne og velsigna henne, så når eg tek imot henne, tek eg imot han også, for han er komen til oss og velsignar oss. Det har seg slik at eg har velsigna han og vorte velsigna og vorte til velsigning og han gjer meg til kanal for si velsigning. Han er Guds salvevigde, Guds Messias, den som døyper oss med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Han salvar oss med den Heilage Ande og slik gjer han oss glade. Han kjærleik og hans glede er viktig i kjærleiksforholdet mellom seg og si brud og slik er det viktig i kjærleiksforholdet mellom meg og henne som han gir meg til kjæraste og kone. Med den kjærleiken og den gleda skal eg vere glad i henne og slik ynskjer eg å ta fram gleda. Min lengsel etter å få ta imot henne heng soleis saman med at eg ynskjer han kjem til oss og at eg ventar på Jesu gjenkomst.
På mitt første møte i Maranata sa Jesus at han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han, det måtte då først og fremst vere til henne som han gav meg til kone og då er det framleis henne Reella eg tenker på. Då også sa han at eg skulle ta fram gleda.
Slik vonar eg også at Sions Dotter vil frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for Kristus er Herren hennar brudgom og ektemann.
Grashoppene var Guds straffedom.
Remy såg grashoppene som symbol på demonar, pest såg han som symbol på synd. Det verkar noko uklart, så her trengst ei klargjering. For både grashopper og pest var straff for synd.
Esekiel.14,21 Ja, så seier Herren Gud: Når eg sender dei fire harde straffene mine, sverd, svolt, villdyr og pest, mot Jerusalem for å rydja ut både folk og fe i byen, 22 då skal ein rest sleppa unna og få med seg søner og døtrer. Når dei så kjem ut til dykk, og de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer, då skal de finna trøyst etter ulukka som eg førte over Jerusalem, etter alt det vonde eg lét koma over byen. 23 Og dei skal vera dykk til trøyst, når de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt dette mot byen, lyder ordet frå Herren Gud.
Grashoppene åt opp grøda, så det vart svolt i landet og det var ei av dei fire harde straffene. Dei kunne komme flygande og komme med vinden frå sør og aust, så tett at det vart som skyer som skygde for sola. Joel brukar det også som symbol på ein fiende-hær.
Joel.2,1 Blås i horn på Sion,
lyft hærrop på mitt heilage fjell,
så alle i landet skjelv av redsle.
For Herrens dag er nær, han kjem,
2 ein dag med mørker og dimme,
ein dag med skyer og skodd.
Det kjem eit stort og mektig folk
og breier seg som morgonroden på fjellet.
Det har aldri hatt sin like
og skal heller ikkje få det
frå ætt til ætt i alle år.
3 Framføre det et elden opp,
og bakom sleikjer logen.
Framføre er landet som hagen i Eden,
og bakom ligg ei livlaus øydemark;
ingen bergar seg unna.
…..
12 Men jamvel no,
lyder ordet frå Herren,
vend om til meg av heile dykkar hjarta,
med faste og gråt og klage!
13 Riv ikkje kleda sund,
men lat angeren riva i hjarta!
Vend om til Herren dykkar Gud!
For han er nådig og mild,
langmodig og rik på miskunn;
han kan endra sin plan
så han ikkje lèt ulukka koma.
……
18 Då vart Herren fylt
med brennhug for sitt land
og viste medkjensle med sitt folk.
19 Og Herren svara sitt folk:
Eg sender dykk korn og vin og olje,
så de kan mettast.
Aldri meir skal eg gjera dykk
til spott mellom folka.
20 Fienden frå nord
vil eg driva langt bort frå dykk
og jaga han til eit turt og øyde land,
hans fortropp til havet i aust,
hans baktropp til havet i vest.
Tev og vond lukt skal stiga opp frå han,
for han sette seg føre å gjera storverk.
Symbol for den åndelege velsigninga.
Når jødane kom heim att frå Babylonia, var det viktig for dei å byrje å bygge opp att tempelet, for då ville Gud velsigne. Dei fekk motstand, så arbeidet stopp opp, men profeten Sakarja oppmuntra dei med sine profetiar.
Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
Op.11,3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.
Den åndelege velsigninga er at Gud utgyt sin Ande over oss. Då får vatnet, vinden, kornet, vinen og oljen symbolsk tyding. Kornet er symbol på Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Vi blir som korn som vert sått i verda. Det spirer og veks av seg sjølv både i våre hjerte og i verda. Vinen er symbol på kjærleiken, spesielt Guds kjærleik til oss og så kjærleiken mellom mann og kvinne (Høgsangen). Guds kjærleik er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande. Livsens vatn er også den Heilage Ande.
Joh.7,38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Den Heilage Ande er også salve-oljen. Messias betyr «den som Gud har salva» og han salver oss, han døyper oss med den Heilage Ande. At vi har så mange ord som symboliserer den Heilage Ande, betyr at vi opplever fylden av den Heilage Ande på ulike måtar. Vi opplever det også slik at Gud styrker oss med sin Ande og kraft, så vi opplever Anden som kraft også.
Grashoppene kom med forbanning som etter syndefallet.
Grashoppene kjem med ei øydelegging som liknar forbanninga etter syndefallet, bortsett frå at klungeren ikkje får særleg tid til å vekse opp, før jorda vert avsvidd.
Joel.2,3 Framføre det et elden opp,
og bakom sleikjer logen.
Framføre er landet som hagen i Eden,
og bakom ligg ei livlaus øydemark;
ingen bergar seg unna.
4 Som hestar er folket å sjå til,
som hingstar fer dei fram.
5 Dei tråvar over åsryggene
liksom larmande vogner,
lik eld som sprakar i halmen,
lik ein veldig hær som er budd til strid.
Lovens bokstav slår i hel, men Anden gjer levande.
2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.
Vi veit ikkje når Joel var profet, det vert gjetta ein gang i tida 700-300 f.Kr, men mest sannsynleg etter eksilet.
Eg tenker meg at grashoppene var symbol på menneske som kom med menneskebod til tillegg til lova, dei kunne vere opplærd i antikkens filosofi og kunnskap, det var hellenismen som breidde om seg altså og som ein lærd overklasse vart dei snyltarar. Dei forstod seg ikkje på å verdsette den åndelege velsigninga i jødedomen. Men dei snylta på den ved å gnage borken av vintre og oljetre, så dei ikkje bar frukt. Det var ikkje berre ein fysisk strid, men ein strid om tenkemåte, lære og kunnskap. Det hadde infiltrert den lærde eliten i Israel, så dei ikkje forstod seg på bodskapen til Johannes døyparen og Jesus og disiplane hans.
Ei åndeleg teneste; prest. Eller fleire åndelege teneste?
I kyrkja er det tradisjon med ein prest, ein klokkar og ein organist. Kvar har det då vorte av mangfaldet av åndelege nådegåver og tenester? Presten og kanskje klokkaren også les ifrå bibelen og det er vel og bra. Og så held presten ei tale over dagens tekst, som han les i Bibelen. Når han talar over teksta prøver han å forklare det utifrå det han elles har lært i Bibelen, slik at vi skal forstå det og sjå verdi i det, både for æva og i vårt daglege liv. Vel og bra om han ærleg prøvar på det og gjer bruk av si ekspertise med å kunne lese det på grunnteksta.
Likevel er det feil å tenke som so at det han som gjer sitt verk, men både han og dei som høyrer på må tru og tenke som so at det er Guds om gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Som du sår skal du hauste, då er det om å gjere å så i Anden. Den som sår vil gjerne hauste også. Då er vi heilt avhengige av at Gud gir vekst.
Men dersom presten og/eller predikanten byrjar å moralisere, slik at i staden for å be for oss, så ber han i staden for oss, då kan det byrje å minne om grashoppene som kom for å gnage opp avlinga.
Det som trengt er at vi kjem til Jesus og får drikke av det levande vatnet, vi får oppleve at han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunnmed seg og Faderen. Då snakkar vi med han og så vitnar vi om han. Slik kjem fleire åndelege nådegåver og tenester i bruk.
Få openberring og verte openberra saman med Kristus.
Jesus sa at han ville komme til oss, ja vel, så då tek vi imot han som den som kjem til oss, så vi skal få sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende, så då hentar han oss heim til seg, slik sett høyrest det ut til at det er tett før den endelege domedagen. Vi veit ikkje når det skjer, men vi skal velsigne han og ta imot han som den som kjem, inntil han hentar oss og slik førebur vi oss på det.
Joh.14, Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Dei ti brurmøyane (Matt.25,1…) sovna og vart vekte av ropet om at brudgomen kjem. Dei fem vituge brurmøyane hadde teke med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei fylte på lampane sine. Men dei fem uvituge brurmøyane gjekk lens for olje og spurde om å få av dei vituge, men dei kunne ikkje gi frå seg noko, så ikkje dei også skulle gå lens. Det er tydeleg vis ei aktuell problemstilling i vår tid. Dei fem vituge brurmøyane måtte bruke oljen sin på sine eigne lampar. Kva betydning har det? Dei skulle gå brudgomen i møte med lys på lampane, for å lyse for han, når han kom og for at dei skulle sjå han og verte med han inn til bryllaupet.
Det har med openberring å gjere, ei åndeleg openberring, den Heilage Ande openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, kyrkjelyden sin brudgom og ektemann. Vi innviar oss for han, så vi får sjå kongen i hans herlegdom.
Jesaja.33,17 Med eigne augo skal du skoda
Kongen i hans herlegdom,
og du får sjå eit vidsveimt land.
Salme.45,7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Eg trur det har å gjere med at vi får komme inn i det fulle barnekåret.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Vona gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Så dette får vi oppleve noko av allereie her og no, ved at Jesus kjem til oss.
Gud har sagt at han vil at hans Son, kongen, skal vinne skikkelse i meg og at Jesu kyrkjelyd skal vere ei moden brud. slik at verda skal sjå Kristus i oss og verte kjende med Faderen og Sonen. Dette har eg nyst skrive om og Jesus stadfesta det i bodskapen B2.FM.11.7.2024, når han sa at hans Ord vil frambringe den frukta i meg, som eg så sårt lengtar etter og han ved sitt Ord og sin ande får reist seg sjølv opp i meg.
Vi tenker vel ofte at når Jesus kjem i herlegdom, skal vi openberrast i herlegdom saman med han, men dette er noko som vi får oppleve noko av ved at Jesus kjem til oss her og no og det er berre om å gjere for oss å få oppleve meir av det.
Vere var på kva Jesus legg på mitt hjerte å be om.
Mi bøn for henne Virtuella var fyrst og fremst å takke for at Jesus hadde frelst henne, eg vedkjende at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, eg fekk oppleve at vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Den kjærleiken skulle vi ikkje ha dårleg samvit for, så eg inngjekk eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.
Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det fekk eg oppleve i mitt hjerte, for vi var fødde livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Derfor vart eg så glad i henne at eg yngste å få henne til kone og så var det også fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Eg yngste å få møte henne igjen og snakke med henne om det, men det var ikkje råd.
Eg hadde ei prioritetsordning, første prioritet var å be Jesus frelse menneske, men ho var då frelst, så det var berre å tekke for det. Andre prioritet var å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone og fekk bønnesvar. Men då skulle det som var av første prioritet vere i orden, så eg skulle fyrst og fremst takke for at han frelste henne. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då fann eg at eg gjorde rett i å halde fram med å be for henne Virtuella også, at ho må komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og til Kristus, som hans brud, komme tilbake til Faderhuset. Og hans arm er ikkje for kort til å frelse.
Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte ja, og då fann eg at eg måtte ærleg innrømme at mitt hjertes lengsel og bønn til Gud var at han skulle gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og det var den bønna han svarde på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Og så kom der ein profetisk bodskap der Jesus sa eg skulle vere var på kva Herren legg på mitt hjarte å be for.
«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»
Elkana hadde to koner, Hanna og Pennina. Eg tenker meg at Virtuella blir som Hanna her og Reella vert som Pennina. Eg blir då som Elkana, for eg ber for dei begge, som om dei skulle vere konene mine. Og kva så? Eg skal vere var på kva som vert lagt på mitt hjerte å be om, for kva Jesus ynskjer å gjere i mitt liv. Eg skal følgje den leiinga han legg ned i meg om kva eg skal be om.
S.Ordt.4,18 Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima,
som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
I morgonglima vert det lysare, kanskje der også er skodde som lettar.
Du er kalla til å vere eitt av Guds manifisterte barn, som heile verda lengtar og stønner etter. Kvar finn vi det i Bibelen? Her:
Rom.8, Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
Vi lengtar etter den dagen då lekamen skal friast ut og vi får det fulle barnekåret, i vona er vi frelste, men ei von som vi allereie ser oppfylt er ikkje lenger noko von. Vi forstår det vel slik at vona vert oppfylt når Jesus kjem og hentar si brud. Men kva då med all skapningen som sukkar og lid som i føderier alt til denne dag, korleis går det då med all den skapningen?
Men vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Det er no så tydeleg at dette også handlar om at vi skal sjå at Jesus er med oss alle dagar inntil verda sin ende, han kjem til oss og openberrar seg for oss, han og Faderen tek bustad hos oss (Joh.14,12-26).
Jesus vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han.
På mitt første møte i Maranata sa Jesus at han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande) Mp3-opptak:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Kven skulle den kjærleiken vere til? Eg tenkte meg at det måtte først og fremst vere til henne som Gud gir meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Han ville gjere meg til kanal for si velsigning og då var det vel til henne Virtuella også. Og til mine næraste, i samsvar med korleis eg var opplærd til å be frå eg var ein liten gutunge.
Eg kjem i hug at eg fekk oppleve at Jesus steig ned for å befrukte min kjærleik til henne Virtuella. På byrjinga var 1980-talet var eg framleis i Bergen og ho Virtuella var i Oslo. Eg prøvde å få kontakt med henne igjen, men det var ikkje råd. Eg skreiv eit brev til henne og inviterte henne til å besøke meg i Bergen. Det verka som beste forslaget i ein håplaus situasjon, men eg bad over det og opplevde det som at Jesus steig ned over henne og sa det same til henne som eg sa i mitt stille sinn, at ho skulle besøke meg. Men eg opplevde det som om ho sa nei, eg vil at han skal komme hit. Og så gret ho, for ho yngste ikkje å seie nei til sin frelsar og Herre. Det var det eg fekk inntrykk av. Rart kor vanskeleg det skulle verte altså, men det har seg slik at der er så mykje verdslege maktinteresser som kjem inn i bildet og pressar på og skaper trengsel. Eg gjekk på møte i pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen og Jesus sa til meg om denne verda: «Så legge henne under deg.» Eg forstod at det var ved at eg la kvinna under meg, i dette tilfelle ho Virtuella og det var ved at eg bøygde meg for Kristus, for han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Ved trua på han skal vi sigre saman med han.
Han sa også til meg: «Denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk, at dersom du ikkje kjem no, så vert du riven bort frå meg.» Dette kom seinare. Derfor tok eg kontakt med eldsterådet i Tabernaklet om denne saka.
Hausten 1984 byrja eg å studerer realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i M40 og hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av den, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Eg opplevde det som at det var ho Virtuella som var den lovsongen, det var hennar sjel som var i djupet av meg og lovsongen var å lovprise Gud og Lammet for hennar sjels frelse. Det hadde seg slik at ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, så ho fekk ein plass i mitt hjerte ved fylden av den Heilage Ande når vi gjekk på gymnaset, slik som eg har skrive om. Denne bodskapen minna meg om det.
Eg meiner eg opplevde det igjen seinare også, som svar på bøn, men så trekte ho seg. Det verka endåtil som om der var nokon som sa nei, det kunne endåtil verk som om dei brukte henne som agn til å fiske med. Det høver då ikkje med lovsongen, for den var å lovprise Gud og Lammet for frelsa og han gir ikkje si ære til nokon annan.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Allereie når eg var ni år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Første prioritet var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og så takke og lovprise han for frelsa. Det inneber ei erkjenning av at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, som første prioritet. At menneske gjer sitt verk kjem då som andre prioritet. Dette høver også med at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.
Men her har det altså skjett ei omprioritering, i samsvar med syndefallet, menneske prøver å forgude seg sjølve med det verket dei gjer og vil ha æra for det, som motsetnad til å vere som ein mjuk leirklump i meisterens hand, så han får skape den slik han vil, til si ære.
12.7.2024. Fredag ettermiddag. Jonny Borge.
Innleiing ved Jenny Lund.
1.Joh.5,14 Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. 15 Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.
Relevante bibelvers.
I innleiinga var det nemnt at vi får margfulle rettar.
Jesaja.25,6 På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit gjestebod for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På dette fjellet skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal gjera døden til inkjes for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala.
B1.EM.12.7.2024. Tungetale ved Jenny, tyding ved ei kvinne.
«Allerede som liten jente har jeg sett deg, sier Herren. Jeg så hvordan du vokste opp og jeg så hvordan din far forsvant. Jeg vil du skal vite mitt barn, at jeg er her for å fylle den lengsel som du så lenge har savna. Jeg er her for å fylle ditt indre, jeg er her for å fortelle deg at du er verdifull, jeg er her for å fortelle deg at det er en himmel og det er et helvete å unnfly. Og du skal vite, mitt barn, at jeg elsker deg av en evig kjærlighet. Og du skal vite at jeg har lagt veien foran for deg, men du må velge å opne ditt hjerte for meg, sier Herren. Så skal du få kjenne og merke at du skal få være med i dansen med de glade. Ja, gleden i meg er din styrke, sier Herren, men du må legge ned ditt eget og la meg få komme til i ditt liv. Den lille jenta jeg såg, det er deg jeg ser også her i kveld. Men nå er du voksen og nå skal jeg bruke deg. Jeg skal hele deg, jeg skal rense deg og jeg skal sette deg fri, sier Herren.
Jeg har hørt dine bønner, sier Herren, jeg har hørt dine spørsmål. Du skal vite det, mitt barn, at jeg vet om deg, jeg vet hvor du sitter akkurat nå. Og jeg vet at du kjenner det i ditt indre, at jeg taler til deg. Jeg har reist meg fra min trone, for deg, i denne dag-stund, sier Herren, for å nå deg, mitt barn. For jeg har en plan med ditt liv. Jeg vil bruke deg. Og menneskene du kommer i besittelse av, de skal få kjenne og merke at det har skjedd nye ting i ditt liv, sier Herren. For det skal spire fram, gjennom din vandring, fra nå. Så løft ditt hjerte til meg og si, Herre, her er jeg, bruk meg og jeg skal fylle deg, sier Herren. Og du skal få kjenne, at lengselen, den skal jeg fylle. Amen.
Jeg kan gi deg mer noen jordisk far, sier Herren. Jeg kan legge balsam på dine sår. Jeg vil at du skal løfte ditt blikk til meg, for jeg er troens opphavsmann og fullender. Allerede før jeg dannet deg i mors liv visste jeg om deg. Jeg visste om hva du skulle bli for jeg har en plan for deg, ja, du er verdifulle mine øyne, du er høyt elsket, så jeg vil i dag at du skal tilgi den far som en gang forsvant fra ditt liv, som ei lita jente. Og så skal du få kjenne at du klarer å tilgi, fordi at jeg har tilgitt deg, sier Herren. Jeg er Golgata-veien for deg, jeg spikret skyld-brevet ditt på Golgata for deg. Derfor, så ber jeg deg om å gi hele ditt liv til meg. Og du skal få kjenne og merke at jeg er den jeg har sagt meg å være, sier Herren. Amen.»
B2.EM.12.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann.
«Jeg er Herren din Gud, jeg er Herren din beskytter, borg, frelser, jeg er Herren som elsker deg. Jeg er Herren som har tatt hånd om deg, til denne dagen. Du skal vite at du står midt i min omsorg og nåde og kjærlighet og kraft. Så du behøver ikke å vri deg, snu deg til venstre og høyre, men jeg er i deg, der all din hjelp kommer ifra, det er fra meg, sier Herren.
Ny tid for deg, sier Herren, ny frisk olje vil jeg utøse over min menighet i de siste dager. Ja, jeg vil utgyte min ånd, du skal få merke min nåde tar deg til nye høyder, openbaringer i mitt Ord, så jeg får æren, sier Herren. Om du legger ditt liv i min hånd, så er du trygg, jeg vil bevare deg, ja, lede deg på rettferdighets stier for mitt namn skyld, sier Herren. Vær ikke bekymret, frykt ikke, som du har hørt. Vær trygg, for jeg er din frelser. Amen.»
Tale ved Jonny Borge.
2.Mos.7,20 Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod. 21 Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt.
2.Mos.17,1 Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn, så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?» 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?» 4 Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!» 5 Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren mellom oss eller ikkje?»
4.Mos.20,6 Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7 og Herren sa til Moses: 8 «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.»
9 Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10 Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?» 11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka.
12 Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.
Moses slo med staven på Nilen, så vatnet vart til blod. Dermed var den duppa i blod. Det kan vi ta som symbol på Jesu blod, når han slo på klippen, så det kom ut vatn. Slik er klippen symbol på Jesus, han vart slått for vår skuld, så vi får det levande vatnet hos han. Når dei sidan kom tilbake til klippen skulle Moses tale til den. Det tek vi som symbol på dåpen med den Heilage Ande.
Men Moses gjorde ikkje akkurat slik, han slo på klippen igjen. Kvifor? Var det på grunn av forventa press frå folket? Kan det vere slik med oss også, i mange tilfelle, så vi endrar på bodskapen? Vers 10 tyder på at han såg på seg sjølv og Aron, i staden for å sjå på Herren, han spurde folket om dei trudde i staden for å sjå på klippen og snakke med den.
1.Kor.10,1 Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.
Joh.6,1 Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen. 2 Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. 3 Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine. 4 Det leid mot påske, høgtida åt jødane.
5 Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?» 6 Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera. 7 Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.» 8 Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: 9 «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
Joh.14,8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen?
2.Mos.14,26 Og Herren sa til Moses: «Rett handa di ut over sjøen, så skal vatnet fløyma attende over egyptarane, over vognene og hestfolket deira!» 27 Så rette Moses handa ut over sjøen, og då det leid til morgons, kom vatnet veltande attende til det gamle lægjet sitt. Egyptarane rømde beint imot det, og Herren dreiv dei midt ut i sjøen. 28 Vatnet strøymde i hop og skylde over alle vognene og alt hestfolket i farao-hæren, som hadde fylgt etter israelittane ut i sjøen. Ikkje ein kom frå det med livet. 29 Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider.
30 Såleis berga Herren Israel frå egyptarane den dagen. Og israelittane såg korleis egyptarane låg døde på stranda.
Det som hadde makt over dei, som dei hadde vore slavar under, på den andre sida av Raudehavet, i Egypt, no låg dei døde på havstranda, dåpens grav, Raudehavet, hadde teke livet av det.
Relevante bibelvers.
Relevant til B2.EM.12.7.2024, «Ny tid for deg, sier Herren, ny frisk olje vil jeg utøse over min menighet i de siste dager. Ja, jeg vil utgyte min ånd, du skal få merke min nåde tar deg til nye høyder, openbaringer i mitt Ord».
Jes.43,16 Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17 som førte hestar og vogner,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,
dei slokna som ein veik.
18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
Salme.95,1 Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»
Heb.4,6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
Heb.6,1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
1.Joh.2,23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
Kommentar.
Ny tid for meg, med ny frisk salveolje over Jesu kyrkjelyd.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Nokre dagar seinare leia og dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og eg fekk ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og henne. Han sa til henne «der er ho», samtidig som eg sa det i mitt stille sinn. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Han salva henne til samanlikning med korleis Samuel salve David til konge.
Eg vitna om dette i pinsekyrkja Filadelfia i Ulsteinvik og då svara Jesus meg at eg stod framfor ei ny tid og han ville hjelpe meg inn i det nye. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Han sa eg er hans hjerteskatt og det høver med korleis eg tenker på henne Reella, ho er min hjerteskatt og det er så viktig for meg at Jesus frelser henne og eg trur han sa dette om henne også, ho er ein hans hjerteskatt, det er ho for meg også, som om det er ein grunn til at eg er hans hjerteskatt, slik heng det saman. Vi har ein skatt i leirkar som vi skal passe på og den Heilage Ande skal hjelpe oss til det.
I bodskapen B2.EM.12.7.2024. sa Jesus: «Du skal vite at du står midt i min omsorg og nåde og kjærlighet og kraft.». Ja vel, takk og lov, eg forstår det som ein bodskap til meg og til henne som han gir meg til kone. Eg meiner eg opplever det slik, når eg ber for henne Reella, at det er ho som står midt i hans omsorg, nåde, kjærleik og kraft. Mi bøn for henne er først og fremst å takke Jesus for at han frelser henne, det er å opne meg som kanal for Guds velsigning til henne.
Vidare sa han:
«Ny tid for deg, sier Herren, ny frisk olje vil jeg utøse over min menighet i de siste dager. Ja, jeg vil utgyte min ånd, du skal få merke min nåde tar deg til nye høyder, openbaringer i mitt Ord, så jeg får æren, sier Herren. Om du legger ditt liv i min hånd, så er du trygg, jeg vil bevare deg, ja, lede deg på rettferdighets stier for mitt namn skyld, sier Herren. Vær ikke bekymret, frykt ikke, som du har hørt. Vær trygg, for jeg er din frelser. Amen.»
Ja, for Gud er menneska som dyrebare edelsteinar, som han vil ha frelst i si hand. Som Guds barn er eg Jesus medarving og ser denne verdien i at menneske vert frelst. Eg satsar på at han frelser menneske og at han skaper oss, han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin
Ande, så slik set eg min veg i Herrens hand.
Eg trur ho Reella framleis er frelst og endåtil at Jesus frelser henne som kjærasten min og kona mi. Han auser ut ny frisk olje over meg og henne, og då tenker eg på henne som Jesu brud, Jesus kyrkje. I kjærleiksforholdet mellom ein brudgom og bruda hans skal der sjølvsagt vere glede. Slik også i kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Då må vi ha det klart for oss kva som er kjelda til denne gleda og leve ved den. Med glede skal vi ause av frelseskjelda, det er kjelda med det levande vatnet. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Salvinga også gjer oss glade. Alt dette er den Heilage Ande, men vi opplever det litt forskjellig, så det vert brukt ulike symbol for det same; vatn, luft, vin (symbol for kjærleik), olje.
Ved bryllaupet i Kan`an gjekk dei lens for vin. Då skapte Jesus vin av vatn. Vek vi vinen som symbol for kjærleiken gjer det klart for oss at kjærleiken mellom oss ikkje skal ta slutt.
12.7.2024. Fredag kveld. Jens Austbø.
Innleiing ved Jorun Ånensen.
Jesaja.54,13 Alle dine born skal vere opplærte av Herren,
og stor er freden for dine søner.
14 Ved rettferd skal du vera grunnlagd.
Ver trygg for trengsle
– du har ingenting å ottast,
og for redsle
– ho skal ikkje nå deg.
15 Går nokon til strid imot deg,
kjem det ikkje frå meg.
Den som tek på deg,
skal falla for di hand.
16 Sjå, eg skaper smeden
som blæs i kolelden
og lagar våpen til sitt bruk.
Og eg skaper øydaren
til å herja og skada.
17 Ikkje eitt våpen dei smider imot deg,
skal visa seg gagnleg.
Kvart klagemål dei reiser mot deg,
skal du få kjent grunnlaust.
Det er den lut som Herrens tenarar får,
den rett eg gjev dei, seier Herren.
2.Tim.4,1 Eg byd deg framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike: 2 Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid, overtyd, tal til tukt og tal til trøyst! Gjev ikkje opp når du lærer dei! 3 For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra. 4 Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar. 5 Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!
Tale ved Jens Austbø.
Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.
….
14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Gal.5, Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von.
Ein som søker Gud av heile sitt hjarte, kjenner seg fordømde, derfor treng han Guds nåde.
Ef.3,14 Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
Tim.3,12 Alle som vil leva eit gudfryktig liv i trua på Kristus Jesus, skal verta forfylgde.
Når den bortkomne Sonen kom heim att, vart det fest. Den heimeverande sonen vart sur, men faderen kom ut og tala vennleg til han og sa at alt som tilhøyrde han var hans, han var arving, då var det berre å ta ut av arven. Derfor gleder vi oss.
Salme.84,5 Sæle er dei som bur i ditt hus,
dei skal alltid lova deg. Sela
6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,
dei som lengtar etter å fara opp til templet.
7 Når dei fer gjennom den turre dalen,
gjer dei han til ein kjeldevang;
haustregnet legg si signing over han.
8 Dei går frå kraft til kraft,
til dei stig fram for Gud på Sion.
Jesajas.12,2 Sjå, Gud er mi frelse,
eg er trygg og ottast ikkje.
For Herren er mi kraft og min styrke,
og han har vorte mi berging.
3 Med fagnad skal de ausa vatn
or frelseskjeldene.
B.KV.12.7.2024: Tungetale frå salen, tyding ved Jens.
«Kjære barn, jeg har velbehag i deg. Eg elsker deg av heila mitt hjerta. Og eg setter sånn høy verdi på deg, at jeg sendte min egen sønn for å dø for deg. Eg ser hva smerte du har, men jeg er her for å gi deg omsorg, mitt barn. Eg er her for å gi deg trøst mitt barn, jeg er her for å gi deg det du trenger akkurat her og nå.
Vær oppmuntra, vær oppmuntra, min kjære brud, for jeg kommer snart igjen. Hør det går et rop ut i denne midnattstid, gjør deg klar, min brud. Brudgommen er på vei, la meg få lov til å fornye ditt sinn, å få lov å komme inn og forvandle ditt hjerte og få bo i ditt hjerte. Gi meg lov til å gjøre det jeg trenger å gjøre ditt hjerte, for å gjøre deg glad, for å gi deg fred, for at du skal kjenne deg elska, for at du skal kjenne, at du har en høy verdi hos meg, mitt kjære barn.
Amen, eg takker deg, Herre Jesus, jeg takker deg, du min Herre og Gud, jeg takker deg fra hele mitt hjerte, for at du elsker meg så høyt at du ga din egen sønn, Jesus Kristus, for å dø for mine synder, sånn at eg som er en synder, at jeg kan bli frelst, rettferdiggjort og satt i det himmelske. Å halleluja, jeg bare priser deg, Abba Far.»
Relevante bibelvers.
Tenk ikkje på å stige opp eller ned, for det har Kristus gjort.
Rom.10,6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Ef.4,7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Jesus elskar si kyrkje som si brud.
Høgsongen.2,8 Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han bortmed husveggen;
han glytter inn gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12 Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager.
Joh.1,32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»
Joh.3, 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Kommentar.
Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande i mitt hjerte og i Jesu kyrkje.
Når Salomo var ung, gav Gud han ein visdom som overgjekk visdomen til dei gamle vise og den visdomen finn vi i Høgsongen, det handlar om kjærleiksforholdet mellom han og hans brud som han kalla «den lytelause reine». Det er førebiletet på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud.
Kristus er mellom-mann for den nye pakta, han er hovudet for kyrkja, som er hans brud, hans kropp og vi skal veksa opp til han som er hovudet for lekamen. Då er det ikkje noko som skal komme mellom oss og han og hindre oss i den veksten.
Gud vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Då skal vi ikkje tenke på kven som skal stige opp for å hente han ned eller kven som skal stige ned for å hente han opp. Guds kjærleik er rikeleg utausa i mitt hjerte, derfor treng eg ikkje stige opp eller fare ned, for Jesus bur ved trua i mitt hjerte.
Sitat frå B2.FM.11.7.2024:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Den frukta som Guds Ord bringer fram og som eg lengtar etter, heng saman med at Jesu brud modnast som ei moden brud. sitat frå B.KV.12.7.2024: «
Vær oppmuntra, vær oppmuntra, min kjære brud, for jeg kommer snart igjen. Hør det går et rop ut i denne midnattstid, gjør deg klar, min brud. Brudgommen er på vei, la meg få lov til å fornye ditt sinn, å få lov å komme inn og forvandle ditt hjerte og få bo i ditt hjerte. Gi meg lov til å gjøre det jeg trenger å gjøre ditt hjerte, for å gjøre deg glad, for å gi deg fred, for at du skal kjenne deg elska, for at du skal kjenne, at du har en høy verdi hos meg, mitt kjære barn.»
Prioritetsordninga i mitt bønneliv.
Eg har ei prioritetsordning ved at eg påkallar Jesus som vår frelsar og Herre og ber han frelse menneske, spesielt be han frelse kvinna, som første prioritet og så gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Då verkar det som han først vil møte henne som si brud og si kone, som første prioritet. Og så skulle det vere sameinleg med at ho blir mi brud og mi kone som andre prioritet!? Ja, faktisk, for dersom eg kan seie som Paulus, at Jesus lever i meg, så må det nødvendig vis vere slik.
Gal.2,19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Dette er ikkje sjølvskryt, det er ikkje mitt verk, men det er Guds verk, for det var han som vekte Kristus opp frå dei døde. Eg skal og vil og må berre tru på han og så kjennast ved han og så glede meg i Herren og takke han for frelsa.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
Ef.2,6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Jesu gjenkomst og bryllaup i himmelen.
I tru på at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, ikler vi oss han og slik kler vi oss i bryllaupsklednaden, for å feire Lammets bryllaup i himmelen (Op.19,1-10).
Så for meg er det sameinleg med at Jesu gir meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. For når eg les Guds Ord, så vil det av seg sjølv bringe fram den frukta som eg lengtar etter.
Gud skapte menneska med sitt Ord (1.Mos.1-2) og han er den same no og skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for manne og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Deretter kjem Kristus att og brukar Guds Ord som sverd (Op.19,11-21).
Eg tenker meg at dette får vi oppleve allereie her og no, medan vi framleis er på denne jorda, fordi vi er fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, det er ein åndeleg røyndom som er i himmelen og som også er ein åndeleg røyndom.
Vi veit ikkje når Jesus kjem att for å hente oss, men vi gjer rett i å vere førebudde på at det kan skje kva tid som helst. Om han dryger betyr det ikkje at vi ventar forgjeves, for ved at vi er himmelvende, for det gir oss meining med livet og så får vi noko frå himmelen som er verdifullt både for oss sjølve og andre, vi vert velsigna og vet til velsigning.
13.7.2024. Laurdag formiddag. Stig Andre Lippert.
B1.FM.13.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi Filtvedt Johansen.
«Jeg kjøpte meg en brud, med mitt eget blod. Løsepengen var ikke med sølv eller gull, men jeg kjøpte og jeg betalte prisen, for din frelse, ja, for hele verdens. Derfor skal du ikke frykte og være redd, at det ikke holder. Fordi jeg har sagt en gang for alle som vil, det er fullbrakt. Var det ikke jeg som kalte deg? Var det ikke jeg som renset deg? Har ikke jeg gjort et fullbrakt verk i ditt liv.
Jeg priser deg, Herre, fordi du tok bort steinhjertet fra mitt liv og du ga meg et kjøtthjerte. Jeg lovsynger deg, Herre, at du ga meg kraft til å tilgi, for du vet at det klarte jeg ikke selv, men i din kraft, Herre, så makter jeg alt, fordi du gjør meg sterk. Å, Jesus, jeg takker deg, at nå lever jeg, jeg rører meg og jeg er til i deg.
Halleluja, du ga meg den nye sangen, en lovsang til deg, du som døde for meg. Og du stemte mitt hjerte til lovsang og takk. Derfor jubler jeg midt i forsamlingen. Lovet være ditt herlige navn. Lovet være ditt skjønne navn. Fra mitt hjertes tempel, vil jeg tilbe. Fra mitt hjertes tempel, faller jeg ned og tilber, du som er på tronen. Evig, allmektig, alfa, omega, begynnelsen og enden, er du, halleluja.»
Innleiing ved Jens Austbø.
Rom.11, 1 No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.
…….
11 Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei. 12 Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?
…….
20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22 Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen.
…..
25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:
Frå Sion skal bergingsmannen koma,
han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,
……
28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.
Men i denne tida er det mange i Israel som vert frelst og det er eit endetids-teikn.
Bileam skulle forbann Israel, men kunne ikkje seie anna enn det Gud sa til han og det vart velsigning.
4.Mos.23,21 Eg ser ingen vondskap i Jakob,
inga ulukke i Israel.
Herren deira Gud er med dei,
dei hyllar han som konge.
22 Gud førte dei ut or Egypt,
og dei har styrke som ein villokse.
Dette var rett etter at dei hadde klaga på maten, så Gud sende slagar inn mellom dei, som beit dei. Som mottiltak, skulle Moses lage ein koparslange.
4.Mos.21,4 Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig 5 og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»
6 Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. 7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. 8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.» 9 Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.
Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
5.Mos.30,4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der. 5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.
6 Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva. 7 Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg.
Gud skal omskjera hjarto deira og det skjer i vår tid.
Jes.66,8 Kven har høyrt noko slikt,
kven har sett noko liknande?
Kjem eit land til på ein einaste dag,
vert eit folk født på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same riene kom.
Tale ved Stig Andre Lippert.
Stig andre Lippert er leiar for «Ordet og Israel».
Vi skal legge det nye testamentet oppå det gamle testamentet, så vi får innsikt i profetiane.
I 2.Mos.24 vert det fortalt om oppretting av den gamle pakt på Sinai.
2.Mos.25, Og lat dei reisa ein heilagdom åt meg, så skal eg bu midt imellom dei. 9 Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg.
Lovkista
10 Du skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg. 11 Kled henne med reint gull både innvendes og utvendes, og set ein gullkant ikring henne! 12 Støyp fire gullringar og fest dei i dei fire føtene på kista, to på kvar side! 13 Lag så stenger av akasietre, kled dei med gull, 14 og smøy dei inn i ringane på sidene av kista! Desse stengene skal de bera henne med. 15 Dei skal støtt vera i ringane på kista; dei må aldri takast or. 16 I kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.
17 Så skal du laga til ein soningsstad; han skal vera av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei. 18 På endane av soningsstaden skal du setja to kjerubar som du har laga av hamra gull, 19 ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Du skal laga dei så at dei går i eitt med endane på soningsstaden. 20 Kjerubane skal halda vengene utbreidde og lyfte, så dei tekkjer over og vernar soningsstaden med vengene sine. Dei skal vera vende mot kvarandre, med andletet ned mot soningsstaden. 21 Så skal du setja soningsstaden opp på kista, og i kista skal du leggja lova som eg vil gje deg. 22 Der vil eg møtast med deg. Alt det eg byd deg å tala til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over lovkista.
Gud ville møte Israel på soningsstaden.
2.Mos.26,31 Du skal laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget skal det vevast inn kjerubar i kunstvevnad. 32 Du skal hengja det opp på fire gullkledde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som står på fire fotstykke av sølv. 33 Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja lovkista. Forhenget skal vera ein skiljevegg mellom Det heilage og Det høgheilage. 34 På lovkista i Det høgheilage skal du setja soningsstaden.
3.Mos.16,1 Då dei to Arons-sønene var borte, dei som laut døy den gongen dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses 2 og sa: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå inn i heilagdomen innanfor forhenget, fram til soningsstaden, som er oppå paktkista; elles må han døy. For eg openberrar meg i skya over soningsstaden.
…….
16 Såleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinsa han for ureinskapen som israelittane har ført over han med alle sine brot og synder. Det same skal han gjera med møteteltet, som er reist hjå dei midt i ureinskapen deira. 17 Det må ikkje finnast noko menneske i møteteltet frå Aron går inn og gjer soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Såleis skal han gjera soning for seg og huslyden sin og for heile Israelslyden.
Gud og mellom-mannen gjorde opp på soningsstaden og då var det ingen annan som fekk komme inn i heilagdomen. Slik også når Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen som mellommann for den nye pakta.
Heb.9,1 Den fyrste pakta hadde òg sine føreskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom. 2 Det var reist eit telt, og i dette fremste teltet, som vert kalla Det heilage, var ljosestaken og bordet og skodebrøda. 3 Attom det inste forhenget var det eit anna telt som vert kalla Det høgheilage. 4 Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som sette friske skot, og pakttavlene. 5 Over kista var herlegdomens kjerubar; dei skygde over soningsstaden. Dette kan vi ikkje no gå nærare inn på.
6 På denne måten var alt tilskipa. Det fremste teltet går prestane støtt inn i når dei skal gjera si teneste. 7 Men i det andre går berre øvstepresten inn, ein gong om året, og då aldri utan offerblod. Det ber han fram for seg sjølv og for misgjerdene åt folket. 8 Dermed syner Den Heilage Ande at vegen inn i heilagdomen ikkje er opna så lenge det fremste teltet enno står. 9 Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei gåver og offer som her vert framborne, kan ikkje gjera den som dyrkar Gud, fullkomen, så samvitet vert reint. 10 Liksom føresegnene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod, som galdt til den tid då alt skulle setjast i rett skikk.
Kristus som øvsteprest
11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.
15 Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 16 Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. 17 Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18 Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod. 19 For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket 20 og sa: «Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.» 21 Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta. 22 Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving.
23 Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
32 ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira,
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt,
den pakta med meg som dei braut,
endå eg var deira rette herre, seier Herren.
33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Forhenget rivna i to. Då må ikkje vi henge det opp att. Jesus har gjort det enkelt for oss. Då må ikkje vi gjere det komplisert.
B2.FM.13.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
Denne bodskapen kom medan Lippert tala om soningsstaden, kjerubane som var støypte i eitt med loket på kista, alt av gull. Dei såg innover mot sentrum av loket. Det får den symbolske tydinga at Herren og han englar ser til oss. Det får vi høyre noko om i denne bodskapen:
«Jeg ser deg og jeg vet om deg, du er ikke glemt i denne store forsamlingen. For jeg ser rett på deg og jeg har deg kjær.
Jeg glemmer deg ikke, mitt barn. Hvis noen skulle glemme deg, det kunne være dem du har nærmest og dem som er nærmest kunne glemme deg, men om det skulle skje, så vil jeg aldri glemme deg.
Hold deg nær til meg og jeg skal holde meg nær til deg. Se deg ikke engstelig omkrig, for jeg ser deg akkurat her og akkurat nå. Ta med deg det du får i dag, ikke gå, for jeg er her og jeg vil du skal bli.»
B3.FM.13.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei anna kvinne.
«Kast deg ut i dobbeltbekkens vann. Ta imot ifrå Herren, det som han vil gi deg. Han er nær. Det er eit fullkomme verk.»
Relevante bibelvers.
GUDS BORN FÅR MORSMELK.
Jes.66, Før riene kjem, har kvinna født,
før ho vert sjuk, har ho fått ein gut.
8 Kven har høyrt noko slikt,
kven har sett noko liknande?
Kjem eit land til på ein einaste dag,
vert eit folk født på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same riene kom.
9 Skulle eg opna morsliv
og ikkje la det koma til fødsle? seier Herren.
Skulle eg la fødsla ta til
og så halda fosteret att?
seier din Gud.
10 Gled dykk med Jerusalem,
og jubla over henne,
alle de som har henne kjær!
Fegnast med henne,
alle de som syrgjer over henne!
11 Så skal de suga og mettast
ved hennar trøystefulle barm,
ja, drikka og gleda dykk
ved hennar herlege bryst.
12 For så seier Herren:
Sjå, til Sion leier eg
lukke og fred som ei elv,
og dit skal rikdomen åt folka koma
som ein fløymande bekk.
Dei skal bera hennar born på armen
og vogga dei på fanget.
13 Som ei mor trøystar son sin,
såleis vil eg trøysta dykk,
ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14 De skal sjå det med glede i hjarta,
de skal gro som det grøne graset.
Herrens tenarar skal kjenna hans hand,
men fiendane får merka hans vreide.
DEN NYE SANGEN.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Kommentar.
Når eg skreiv kommentar til tala fredag formiddag, vart det så mykje at eg flytta resten hit. I innleiinga sa Mella noko om grunnleggande kristendom og så sa ho at det var søndagsskulen. Men vi kan gå for fast føde no. Ja, men vi skal fortsette å klengte som nyfødde born etter den åndelege uforfalska melka og veks ved den. Tala til Lippert handla om dette grunnleggande, men han gjekk grundig vil verks, med stor innsikt.
Kva vil det så seie å få fast føde? Eg tenker på det som å gå vidare, slik vi ser i Heb.6, for vi skal gå inn i det lova landet og no gjeld lovnaden for heidningane også.
Svar på mi bøn for henne Virtuella.
B1.FM.13.7.2024. høver som svar på mi bøn for henne Virtuella, som om den Heilage Ande hjelper henne til å takke han. Det høver med den lovsongen som Gud la i mitt hjerte ved den Heilage Ande og som eg skulle sjå til at eg bidrog med.
Lengte som nyfødde born etter den åndelege uforfalska melka og vekse ved den. Men få seg fast føde også.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, Jesus er Messias, han som har bruda og som døyper oss med den Heilage Ande. Dan døde i staden for oss, så vi skulle få denne retten, få komme inn i barnekåret hos Gud og få oppleve hans kjærleik og omsorg for oss som sine born, få komme inn i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, så vi får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som si brud. Dette kan høyrast ut som det er først og fremst for kvinner og langt på veg utelukkande for kvinner. Men når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4. Og eg trur mange vil seie seg samde i at slik er det.
Vi vert reinsa i Jesus blod og fylte av den Heilage Ande, så vi innser og opplever at vi får komme til Faderen med alle våre behov for kjærleik og omsorg. Jesu brud får komme til Kristus med alle sine behov for kjærleik og omsorg. Det inneber at kvinna får komme til Kristus med sitt behov for ein kjæraste og ektemann og mannen får komme til han med sitt behov for ein kjæraste og kone. Korleis høver det med å vere himmelvende?
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
Ved at vi skjønar at vårt meste fundamentale behov er det oppe hos Kristus. Israelsfolket lengta tilbake til kjøtgrytene i Egypt, men Gud gav dei manna i øydemarka (2.Mos.16). Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Hos han får vi drikke av kjelda av det levande vatnet og det er viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne (1.Mos.2 Ordt.4,24 & 5,15-19).
Jesus sa vi måtte verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inn i det. Den som gjer seg liten som eit barn, er størst i Guds rike.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
………..
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
Og Peter sa vi skulle lengte som nyfødde born etter den åndelege, uforfalska melka. Ja, det er då den som gir næring, så vi veks og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for kroppen som er Jesu kyrkje.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Men så talte Paulus om fast føde også, ikkje at vi sluttar å drikke melk, men at vi får fast føde i tillegg. Vi ser noko liknande i
Heb.6,1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
Guds lovnad står fast
9 Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.
Men kva er fast føde og kva skal vi gå vidare framover mot? I Hebrearbrevet handlar det om å komme inn til Guds kvile. Det refererer til at Israels-folket skulle komme inn i det lova landet og den andre skapingssoga (1.Mos.2). Paulus refererte til både 1.Mos.2 og Jesus fullførde frelseverk når han lærde oss at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og så sa han vi vi skulle gå vidare framover mot det fullkomne.
Fil3,10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Fram mot målet
12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Derfor tok Gud bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille. Sions dotter skulle ha lært av dette, så ordtaket «som mora, så dottera» ikkje vart relevant lengre. Ho skulle skjøne at hennar behov for ein ektemann var behov for å få born som høyrde Gud til.
Derfor er det viktig for henne å komme til Kristus med det behovet.
Malaki.2,15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
Derfor er det også viktig for mannen å komme til Kristus med sitt behov for ei kone (1.Tess.4,1-8).
Få gode svar til forsvar mot dei som vanvørder oss som vitlause ungar.
Vi kan nok oppleve at der er dei som vanvørder oss som vitlause ungar. Det er kanskje ikkje godt for oss å vite kor vituge dei sjølve er, men vi veit korleis vi blir vituge, så då kan vi vel ta det som ei utfordring?! Uansett kan vi vente oss at den Heilage Ande gir oss ord i rette tid. Men det handlar også om at Gud gir oss vekst på lang sikt, både at vi skal vekse opp til han som er hovudet for kroppen som er Jesu kyrkje og at den skal vekse, ved at fleire kjem tikl han, den levande steinen.
Kanskje nokon vanvørder deg som ein unge ved å seie at du må finne fram suttekluten din. Vi vil vel ikkje bry oss særleg med ei slik fornærming? Men kvifor ikkje analysere den. Suttekluten og narresmukken vart brukt til å få barnet til å roe seg, sjølv om det ikkje fekk melk, for det er eit instinkt for barnet at det treng noko å suge på. Sjølvsagt er det fordi barnet får næring gjennom morsmelka og foreldra vil ikkje narre ungen så den vert underernært. Men i Jes.66 ser vi at det også er ei glede for barnet å verte lagt ved mora sitt bryst.
Jes.66,11 Så skal de suga og mettast
ved hennar trøystefulle barm,
ja, drikka og gleda dykk
ved hennar herlege bryst.
Sigmund Freud påstod at når gutungen skal verte av-vand, kan han komme til å forstå faren som ein rival, det kan vere ved 5-årsalderen. Eg har vanskeleg for å forstå at dette skulle vere noko problem i ein kristen heim. Men Freud kalla det ødipus-komplekset, det refererer til antikk mytologi. Og så byrja han å forstå suttebehovet som om det var seksuelt motivert, men dette høver då verkeleg ikkje med ein naturfagleg tankegang, der vert det forstått som barnets behov for næring, mat og drikke, ferdig med det.
Når ungen lærer seg å snakke, får den opplæring i Guds Ord og det blir som morsmelk for ungen, den gir næring til det åndelege livet i samfunn med Faderen og Sonen. Den skal borna fortsette å ernære seg av når dei blir vaksne også. Ordet «morsmelk» vert brukt som symbol på ein åndeleg røyndom.
Så eg kallar det i staden for ødipus-syndromet, for det eigentlege problemet er at prestar, psykologar, psykiaterar og andre «lærde» vert misunnelege på både faren og sonen. Det var då som Antikrist, som fornektar både Faderen og Sonen. Og det har seg slik at dei er misunnelege på både Faderen og Sonen.
Korn vart også brukt som symbol på Guds Ord. Det levande vatnet, vinden «Guds pust» og salveoljen vert brukt som symbol på den Heilage Ande, sikkert fordi den rører ved oss og då kan det kjennast og opplevast på ulik vis, som når vi drikk vatn, trekker inn frisk luft og vert salva med olje. Vinen er symbol på kjærleiken, spesielt mellom oss og Gud og spesielt mellom mann og kvinne (Høgsongen). No veit vi at Gud er kjærleik og at det er fyrst og fremst han som elskar oss, vi elskar fordi han elska oss først (1.Joh.4,7-21).
Grashoppene gnog opp avlinga av både korn, vin, olje og fiken. Eg forstår det slik at dei først og fremst gnog opp den symbolske og åndelege tydinga av det. Bokstaven i lova og menneskebod slo hel det åndelege livet i samfunnet med Gud, som motsetnad til Anden som gjer levande. Det verkar slik med ødipuskomplekset også, men her vert det då så tydeleg at det strir mot den naturfaglege kunnskapen.
Det vi ser i vår tid er at dei som vanvørde oss for å vere uvituge ungar og tydelegvis borna deira, som no etter alderen skulle vere i ferd med å verte vaksne, no likevel ikkje er vaksne nok til å verte ektemann og kone, verte voksne nok til familieliv, der dei tek omsorg for sine eigne born.
Den åndelege, uforfalska melka.
Suttebehovet er eit instinkt frå fødselen av, men i Jes.66,11 og 1.Pet.2,1… vert det brukt symbolsk, så det får det ei åndeleg tyding, det er ikkje berre tome teoriar, for Gud og hans Ord er ein åndeleg røyndom.
Dette er fruktbart for borna, når dei byrjar på skulen, for eg vil hevde det vert lettare for dei å tenke symbolsk og teoretisk. Pedagogen Jean Piaget opererte med fire faser i barnets utvikling og slik er den fjerde, sitat frå https://snl.no/Jean_Piaget :
«Det fjerde stadiet kalte han det formal-operasjonelle stadiet og strakte seg fra barnet var 11 til 15 år. Nå er barnet i stand til å forestille seg noe som ikke har skjedd men som kan komme til å skje. Det er ikke lenger avhengig av konkrete objekter for å kunne forstå abstrakte fenomener …….
Desse alders-intervalla er romslege og seinare pedagogisk teori hevdar at denne siste fasa let vente på seg. Eg forstår det slik at det handlar om å verte i stand til å tenke symbolsk og abstrakt og det skal vi vere i stand til resten av livet.
Det vert brukt konkrete ting til å forklare matematikk, til dømes telje på fingrane, dele ei kake mm. Men det er om å gjere å lære elevane å tenke symbolsk og abstrakt, slik at dei ikkje lenger treng slike gjenstandar til å rekne med. Vi må passe på at det skjer når dei er små, allereie når dei skal lære gange-tabellen, for elles risikerer vi at dei utviklar matematikk-vanskar, at dei får store problem med å komme vidare med matematikken, sjølv om dei kan vere flinke i andre fag.
Kva vil det seie å få fast føde?
Kva vil det seie å få fast føde? Er det å gå vidare, slik som vi ser i Heb.6,1…, å fortsette framover mot det fullkomne, som vi ser i Fil.3,12…. Kristus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv og det er fast føde. Men så sa han også at det Ordet han hadde tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63) og det verkar som det er tyntflytande, det er Guds Ord som er melk, det er livsens vatn som vi drikk og det er Anden som vi pustar inn. Og det er berre det som han gir oss frå himmelen som gjer oss fullkomne. Brødet som kom ned frå himmelen er symbolisert i nattverden, der er vinen flytande, men brødet er fast føde. Like vel høyrer dette med til det grunnleggande i kristendomen, som Paulus kalla melk (1.Kor.3,2). For vi et av det same brødet og då skal vi vere eitt i Kristus.
Han sleppte ut sauene sine, så dei skulle få gå inn og ut og finne seg føde. Han er den gode hyrdingen som leier dei til grøne enger og vatn der dei finn kvile.
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
I Heb.5 er det også tale om melk og fast føde.
Heb.5,11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.
Heb.6,1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
Vi er komne til Sionfjellet.
Dersom vi kjennest ved Kristus for menneska, vi han kjennast ved oss for Faderen og hans englar (Matt.18,10 Luk.12,8 Matt.10,32). Ein engel er ein bodberar, så eg trur dette har å gjere med at der er ein åndeleg kommunikasjon mellom oss og Faderen. No talar Gud til oss gjennom Sonen og Guds englar tener han (Heb.1,1…). Vi får oppleve at vi er komne til Sion-fjellet.
Heb.12,1 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
På Sionfjellet er både tempelberget og oljeberget.
Mika.4,1 dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
I Sak.14 har oljeberget same symbolske tyding som berget Moses slo med staven, så der kom ei oppkome med vatn.
Sak.14,7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.
Denne kjelda har vi allereie og no skal vi tale med Berget.
Når Moses leia folket til Berget andre gangen, skulle han tale til Berget, men han gjorde den feilen at han i staden slo på Berget ein gong til. Igjen kom der vatn, men Moses fekk ikkje leie folket inn i det lova landet.
Jødane ventar framleis på at Messias skal stå på oljeberget, slik som det er profetert i Sak.14 og der er visst mange kristen som også gjer det, som om dei ikkje har forstått at denne profetien allereie er oppfylt. Men det som eg skriv her er døme på at eg talar med Berget. Det har eg gjort sidan eg var ung. Rundt 1990 byrja eg å spele inn bodskapar som kom gjennom tyding av tungetale, i 2016 fekk eg meg bloggeside og har lagt det ut der.
Eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så då ventar eg at han kallar henne til seg, så ho også kjem til Berget og drikk av kjelda med det levande vatnet og byrjar å prate med han.
Jesu gir oss munn og visdom som ingen kan stå seg imot.
Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for korleis vi skulle svare for oss, for den Heilage Ande skal gi oss ord i rette tid.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Luk.21,12 Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. 13 Då skal de få vitna for dei. 14 Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk. 15 Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot. 16 Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden. 17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18 Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. 19 Held de ut, skal de nå fram til livet.
I mange land vert dei kristne forfølgde slik, men i vårt land vert vi ikkje fengsla for vår tru. Like vel er det mange som sit inne, som om dei sit i fengsel, i staden for å gå ut i fritt rom i tru og vedkjenne si tru på Jesus for kven som helst. Det viser at problemstillinga likevel er sameleis som i Luk.12,8… og Luk.21,12…. Den som har øyer, han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane, den lærer oss korleis vi skal svare for oss, Jesus gir oss munn og visdom til å svare for oss, når vi går ut med evangeliet.
Dette er dagen som Herren har gjort.
No er den rette tid og laglege tid, dette er dagen Herren har gjort. I dag om de høyrer hans røyst så forherd ikkje hjarto dykkar. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.
Salme.118,1 Pris Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
2 Så skal Israel seia:
Evig varer hans miskunn.
3 Arons ætt skal seia:
Evig varer hans miskunn.
4 Dei som ottast Herren, skal seia:
Evig varer hans miskunn.
5 I trengsla ropa eg til Herren,
han svara og førte meg ut i ope lende.
6 Når Herren er med, reddast eg ikkje.
Kva kan vel menneske gjera meg?
7 Når Herren er min hjelpar,
kan eg sjå på mine fiendar utan otte.
8 Det er betre å fly til Herren
enn å setja si lit til menneske.
9 Det er betre å fly til Herren
enn å setja si lit til stormenn.
10 Alle folkeslag kringsette meg;
eg heldt dei frå livet i Herrens namn.
11 Dei var ikring meg på alle kantar;
eg heldt dei frå livet i Herrens namn.
12 Dei var ikring meg som bier.
Dei slokna som eld i klunger;
eg heldt dei frå livet i Herrens namn.
13 Dei støytte meg hardt, eg heldt på å falla,
men Herren kom meg til hjelp.
14 Herren er mi kraft og min styrke,
og han har vorte mi berging.
15 Høyr, jubel og sigersrop lyder
i telta åt dei rettferdige!
Herrens høgre hand gjer storverk,
16 Herrens hand reiser opp.
Herrens høgre hand gjer storverk.
17 Eg skal ikkje døy, men leva
og fortelja om Herrens gjerningar.
18 Hardt har Herren tukta meg,
men han lét meg ikkje døy.
19 Lat rettferdsporten opp for meg,
eg vil gå inn og prisa Herren!
20 Her er Herrens port,
gjennom den går dei rettferdige inn.
21 Eg takkar deg fordi du svara meg,
fordi du vart mi berging.
22 Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
23 Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
24 Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!
25 Å, Herre, gjev frelse,
å, Herre, lat det lukkast!
26 Velsigna vere den
som kjem i Herrens namn!
Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
27 Herren er Gud, han gav oss ljos.
Knyt festtoget saman med greiner
heilt opp til altarhorna!
28 Du er min Gud, eg takkar deg;
min Gud, eg lovsyng deg.
29 Pris Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
13.7.2024. Laurdag ettermiddag. Nils Ove Marcelind.
Eg har ikkje oppdaga noko tyding av tungetale i dette møtet, men det har vore mykje av det elles i stemnet.
Innleiing ved Ivan.
2.Tim.1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Jesus nagla skuldbrevet ditt til korset.
Jesu frelseverke er fullført. Det er nok. Ditt hjertes behov kan du legge fram for nådens trone. I Luk.18 er det skrive om ei enke som hadde fått ein rett og den kravde ho. Så stå opp og krev din rett.
Kollekttale ved Tore Kristiansen.
2.Mos.35,21 Sidan kom dei, alle som kjende seg drivne til det, alle som kjende trong til det, og bar fram gåver for Herren til arbeidet på møteteltet og til all tenesta der og til dei heilage kleda. 22 Dei kom, både menn og kvinner, alle som gjerne ville ofra, med spenner, øyreringar, fingerringar og halskjeder, alle slag saker av gull. Alle kom dei med den gåva av gull som dei ville via til Herren. 23 Og alle som hadde fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn og delfinskinn, kom med det. 24 Alle som ville gje ei gåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet. 25 Alle kvinner som skjøna seg på spinning, tok fatt og kom med det dei hadde spunne: fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn. 26 Og alle kvinner som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, spann geiteragget. 27 Leiarane bar fram karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken, 28 og balsam og olje til ljosestaken, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen. 29 Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren.
Dei gav av hjertet og slik som dei kjende seg drivne til og då kom der både nok og for mykje.
Tale ved Nils Ove Marcelind.
Nils talar om at Jesus skal komme og hente si brud, så han frelser henne frå trengseltida. Det er mange som foraktar denne bodskapen og Nils samanlikna det med korleis Elisja vart forakta etter at Gud hadde gjort under gjennom han. Det var ein flokk-mentalitet, mange mot ein.
2.Kong.2,23 Frå Jeriko fór profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!» 24 Då snudde han seg, såg på dei og forbanna dei i Herrens namn. Brått kom det to bjørnar ut or skogen, og dei reiv i hel førtito av borna.
Gud tok til seg Enok, Elia også, Jesus vart også teken bort til himmelen. Mange som trur på det, har store problem med å tenke seg at Jesus kjem for å hente si brud. Vi veit ikkje når det skjer, kvifor skal vi då vere så opptekne av det? Men det vil då vere rart om ei brud ikkje er oppteken av bryllaupsdagen. Han vil hente oss, så vi alltid skal vere med han.
Mark.13,33 Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem. 34 Det er som når ein mann skal fara utanlands: Før han fer heimanfrå, set han tenarane sine til å styra for seg. Kvar av dei får sitt å gjera, og til dørvaktaren seier han at han skal vaka. 35 Så vak då! For de veit ikkje kva tid husbonden kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel eller når dagen renn. 36 Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. 37 Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!
Gi akt på tidens teikn, fikentreet.
1.Tess.5,4 Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.
Matt.24,32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Her er det tale om den dagen då himmel og jord skal forgå, det er ikkje same dagen som Jesu gjenkomst.
I Apg.1 spør disiplane om når han kjem for å attreisa riket for Israel, men det er ikkje det same som å spørje om når han kjem for å hente si kyrkje, for den var ikkje oppretta endå, det skjedde fyrst på pinsedag.
Apg.1,4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. 5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»
6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?» 7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»
9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.
1.Pet.3,3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
Dei kristen er salva av den Heilage Ande og fått openberring av Anden. Då skal ikkje nokon av dei sjå ned på andre, som også har fått openberring. Sjølv er han audmjuk overfor andre som også har fått openberring.
Rom.12,15 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.
1.Krøn.16, 22 «Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt mot mine profetar!»
Salme. 105,15 «Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt mot mine profetar!»
Eit viktig kriterium å vurdere kva som vert sagt, er om det verkar konstruktivt eller ikkje. Forkynninga av Jesu gjenkomst gir von og trøyst for kvar einskild. Når Jesus har henta deg, har du har forlatt denne verda, og då vil du ikkje attende.
1.Kor.14,3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.
På grunnteksta er det ordet «nahar» som er oversett med «små-gutar», men det vert brukt om unge menn. Dei visste nok at Elia var teken bort, det kunne vere bakgrunnen for at dei sa han skulle ha seg bort, han også. Snauskalle var brukt som eit skjellsord, vi kan sjå det på bakgrunn av at Samson hadde langt hår og det symboliserte styrken Gud gav han ved sin Ande. Det symbolisert at han levde i samfunn med Gud. Det ser vi framleis ved at ortodokse jødar har langt hår ved tinningen.
Når dei då kalla han for flintskalle, betydde det då å påstå at han ikkje levde i samfunn med Gud.
Når Elisja skulle ta over tenesta etter Elia, var han audmjuk overfor oppgåva.
2.Kong.2,8 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen. 9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!» 10 Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
11 Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. 12 Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. 13 Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken. 14 Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over.
Relevante bibelvers.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Kol.2, 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
2.Mos.36, 3 Av Moses fekk dei alle dei gåvene som israelittane hadde gjeve til arbeidet med å reisa og fullføra heilagdomen. Men folket kom framleis til han med friviljuge gåver kvar morgon. 4 Då kom alle handverkarane som gjorde ymse slag arbeid på heilagdomen, kvar frå det arbeidet han heldt på med, 5 og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn vi treng til det arbeidet Herren vil ha gjort.» 6 Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir. 7 Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort.
1.Tess.5,1 Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør. 2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når dei seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna. 4 Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5 For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! 7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg drukne, gjer det om natta. 8 Men vi som høyrer dagen til, lat oss vera vakne, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. 9 For Gud har ikkje etla oss til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10 Han døydde for oss, så vi, anten vi vaker eller søv, skal leva saman med han. 11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
Kommentar.
Herrens dag og Jesu gjenkomst.
Nils sa at i Matt.24,32-36 er det tale om den dagen då himmel og jord skal forgå, det er ikkje same dagen som Jesu gjenkomst. Men Jesus har sagt vi skal sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Der er fleire trengsletider som endar med ein dommedag, til dømes når Jerusalem vart lagt i grus i år 70, det var Herrens dag, dommedag altså.
Joel.2,1 1 Blås i horn på Sion,
lyft hærrop på mitt heilage fjell,
så alle i landet skjelv av redsle.
For Herrens dag er nær, han kjem,
Op.1,10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun.
Men dersom Jesus er med oss alle dagar, inntil verda sin ende, så må vel det vere inntil den siste trengsletida som endar med den endelege dommedagen. Der er fleire bibelvers som tyder på det.
Peter skreiv til den kristne kyrkja, for å vekke henne opp, så ho kunne vere rein i hug og tanke. Og så minna han dei om profetien om Jesu gjenkomst.
2.Pet.3,1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om 2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.
3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
14 Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. 15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått. 16 Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.
17 No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til. 18 De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen.
I vers 8 vert det sagt at ein dag er som tusen år og tusen år som ein dag. Så sjølv om vi skal vente at han kan komme att kva år, dag og kva time som helst, så kan det likevel gå tuse år til. Vert vi då skuffa? Nei, for vi vender hugen opp til han og går han i møte, som hans brud og får oppleve at han kjem oss i møte og gir oss noko nytt og friskt frå himmelen. Så vi vert kanal for hans velsigning til menneska i denne verda i vår tid.
Ein annan måte å tolke det på er at det er sjølve dommedagen som varer i tusen år og slik får vi tusenårs-riket, det starta med dom, der Dyret og den Falske Profet vert kasta i Eldsjøen og Djevelen vert bunden for tusen år. Den er rettskraftig i tusen år, men så vert Djevelen løyst, det vert krig igjen, men så kjem den endelege domen, då Djevelen vert kasta i eldsjøen og denne verda går under.
Israels rike og kyrkjelyden.
Når Israel var på høgda av si makt, under kong David og kong Salomo, nådde det fra Middelhavet til Eufrat. Jødane var mest som ei herskande overklasse. Gud hadde sett inn sin konge på Sion, men David var klar over at den kongen likevel var Kristus.
Salme.2, 1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Men då vart det altså slik at han vart knust for vår skuld, derfor skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han, vi blir knuste med han, så vi får oppleve at han bur i det høg og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Salme.110,1 Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.
Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Når Jesus sa at vi ikkje trong å bekymre oss for den dag i morgon, så liknar det litt på å utdanne ei ny lærd overklasse, som ikkje trengde å arbeide.
Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
Rett nok var der nokre som fekk meir opplæring enn andre, dess meir måtte dei ta seg av oppgåva med å lære andre, men elles var dette ikkje nokon klasseskiljepolitikk, tvert om prioriterte dei å gå til underklassa for å lære dei opp og hjelpe dei.
1.Kor.1,26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.
Luk.22, No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. 25 Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. 26 Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. 27 For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.
28 De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. 29 Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg: 30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.
Men i vår tid har jødane fått ein heilt ny og annleis lærdom og det er realfag og teknologi og det pregar dagens Israel. Silicon-Valley er rekna for å vere verdens «teknologi-hovudstad», men Israel kjem visst på andreplass.
Ei svært så aktuell problemstilling for oss vert då korleis vi kan kombinere denne kunnskapen med evangelisk kristendom.
Hushaldningslære eller preterisme?
I det siste er det mange som har kritisert nyare tankar i tida om Jesu gjenkomst, som dei kallar det preterisme. Dette til forsvar for deira tradisjonelle syn, som dei kallar hushaldningslæra. Eg har søkt på ordet husholdning i «Nettbibelen» og funne det berre om husholdninga til ein konge og det gjeld verdsleg gods: 1.Kong 4,22, 1.Kong 5,9 & 11. Eg søkte også på hushaldar og fann to tilfelle.
Dette seier noko om hushaldninga ved overgangen frå den gamle til den nye pakt:
Luk.16,1 Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte. 2 Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.» 3 Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga. 4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.» 5 Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» 6 «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.» 7 Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.
8 Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born. 9 Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. 10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. 11 Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen? 12 Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga? 13 Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Her er det fortalt om ein hushaldar som sløste bort eigedomen og det vart rapportert til eigaren. Då sløste han endå meir, ved å ettergi gjeld, så han kunne få seg venner å komme til, når han vart avsett. Var han utrugen før, så vart han no endå meir utrugen. Og så rosa Kristus han for å vere klok!? Denne hushaldninga handla om pengar, å tene Mammon. Men det var ikkje sameinleg med å tene Gud. Det betyr at hushaldninga i den gamle pakt fungerte ikkje lenger slik som den eigentleg skulle. Det måtte det verte slutt på, ved at hushaldaren vart avsett. Hushaldninga i den nye pakta kjem i staden og den handlar først og fremst om å vere hushaldar over åndelege og evige verdiar. Det er først prioritet, å vere hushaldar over materielle og verdslege verdiar kjem som andre prioritet. For vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.
I hushaldningslæra er der mange hushaldningar som tek slutt, men der finst ikkje dekning for det i Bibelen. Den høver best for hushaldarar som ikkje er trugne.
For hushaldaren vert det essensielt å gi tenarane mat i rett tid.
Matt.24,42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? 46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. 48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. 49 Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
Og så er det essensielt for oss å bruke det som Gud har gitt oss, som vi ser i likninga om talentane (Matt.25,14-30).
1.Kor.4,1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar. 2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true.
Jesus kom for å oppfylle lova og profetane, så for meg betyr preterisme å innsjå det, verte verande i han, så eg får innsjå det og oppleve det, så eg kan seie med Paulus, at hans nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Det betyr også at eg som dei vise brurmøyane skal ha med meg olje på kanner i tillegg til oljen på lampen.
13.7.2024. Laurdag kveld. Håkon Fagervik.
Innleiing ved Håkon Martinsen.
Ap.gj.10,34 Då tok Peter til ords og sa:
No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk, 35 men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei så er av. 36 De kjenner det ordet han sende til israelittane, evangeliet om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle. 37 De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåpen sin, og som sidan spreidde seg over heile Judea, 38 det at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og at han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle som djevelen hadde fått i si makt; for Gud var med han.
Heb.13,8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.
Tale ved Håkon Fagervik; den Heilage Ande sine gjerningar.
1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
2.Mos.35,30 Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta 31 og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk, 32 så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse, 33 slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk. 34 Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta. 35 Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk.
Apostlane sine gjerningar er eigentleg den Heilage Ande sine gjerningar.
Luk.1,1 Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. 31 Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. 32 Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. 33 Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» 34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» 35 Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. 36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogeleg for Gud.»
Apgj.2,42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. 43 Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.
2.Kor.9,11 De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva. 12 For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud. 13 Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre. 14 Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden. 15 Gud vere takk for si useielege gåve!
Joh.14,26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
2.Kor.4,7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Luk.11,11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Joh.16,14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.
Rom.5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
B.KV.13.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
Ja, sier Herren, dere er et elsket folk. Ja, jeg har elsket dere med en inderlig kjærlighet og jeg har kalt dere ved navn og jeg har fylt dere med min Ånd. Og deres lovsang har steget opp for min trone, sier Herren. Men se, nå er det den siste tiden og jeg kaller dere til atter en gang, la dere fylles av den Hellige Ånd. Sett ditt eget til side og bli fylt av meg, så skal du få kjenne det, at livet ditt det skal fylle av strømmer i fra himmelen. Og den glede du har i denne verden og de syslene, de vil bleke, sier Herren, fordi at jeg har en større fylde og jeg har en større kraft og du skal brukes av meg i denne tiden. For der er mennesker som trenger å bli blitt fridd i fra Satans lenker. Ja, de er fylt av åndskrefter, de er fylt av nød, de er fylt av smerte. Og det er deg jeg har kalt, seier Herren. Og du kjenner at du har et kall på ditt liv, så derfor skal du komme i kveld og innvie deg atter en gang. For jeg vil salve deg med den Hellig Ånd og jeg vil bruke deg mektig, sier Herren. For jeg behager å bruke mine barn, for de er mine kar, som jeg har satt til presteskap. Og du har fått lov til å gi ikle deg prestekledningen, for jeg har gjort deg ren i mitt blod. Derfor skal du gå med frimodighet og forkynne mitt navn i denne tiden.
Ja, de forrige ting, de skal blekne mot det jeg gjør i denne tiden, sier Herren. For jeg har løftet min arm og nå ut utfrier jeg mine barn, som er fanget av Djevelen. Ja, jeg sender en vekkelse over landet, jeg sender en vekkelse over din by, jeg sender en vekkelse i ditt hjem. Men sett meg først, sier Herren, så skal du få barn og barnebarn, i tillegg frelse, sett meg først, sier Herren. Ær meg med lovsang, ær meg med ditt liv. Sett meg i høysetet, så skal du se hvilken kraft jeg kommer med ifra helligdommen. For jeg ønsker å velsigne deg, jeg ønsker å bevare deg og hele ditt hus skal bli frelst, for det er et løfte du har fått av meg, men sett meg først og pris mitt navn, sier Herren. Amen.
Relevante Bibelvers.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Kommentar.
Openberringa.
I denne bodskapen sa Jesus vi skulle sette han først, det høver vel bra me denne prioritetsordninga eg har skrive om, eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, det vart første prioritet og så har eg bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Det høver med å søke fyrste Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Eg meiner denne prioritetsordninga er god logikk, slik som eg nyst har skrive i tre dokument om kristendom, logikk og dialektikk.
Vi skal la Guds Ande råde i vår døyelege lekam, då er det og blir det slik. Det er ikkje vi som presterer det, men vi får den Heilage Ande av berre nåde ved trua på Kristus, gratis, utan krav om gjerningar. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, så det er berre for den einskilde å ta imot, så han eller ho kans seie at han utgyt sin Ande over mitt kjøt. Den har den eigenskapen som Gud at han råder over det som han har skapt. Det er og blir på den måten at Faderen har omsorg for sine barn og slik han han omsorg for sine henders verk. Så er det også det all skapningen lengtar etter.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda, vi får sjå at han er med oss alle dagar inntil verda sin ende. Guds rike er i oss og mellom oss, det er ein åndeleg røyndom, sjølv om den ikkje er fysisk synleg. Vi får sjå kongen i hans herlegdom. Det er berre å tru på Jesus, ta vare på hans ord, verte oppteken av han og elske han og elske kvarandre, så får vi oppleve at Jesus openberrar seg for oss, han og Faderen kjem til oss og tek bustad hos oss. Sjølv om han ikkje er fysisk synleg, så får vi ved fylden av den Heilage Ande oppleve at han tek bustad i oss, slik at verda får sjå han gjennom oss og verte kjende med han, så vi og vert openberra saman med han. Slik som vi ser i Rom. 8,18…. og Kol.3,4. Det er og blir vår innstilling, dersom vi er som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Når vi høyrer ropet om at brudgomen kjem så fyller vi på lampane og går han i møte med lys på lampane.
Prestetenesta.
Slik skal vi sjå fram til at han kjem og hentar oss heim til seg, så vi skal feire Lammets bryllaup i himmelen. Då må bryllaupsgjestane vere bryllaupskledde og bruda vere kledd i bryllaupskjolen. Det er ved at vi ikler oss Kristus som den nye naturen Gud gir oss frå himmelen. Eg har bedt han frelse kvinna som først prioritet, så han er Herren hennar brudgom og ektemann. Og så har eg bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, då blir det altså ved at eg ikler meg han. Med den bryllaupsklednaden han gir meg, skal eg og vil eg vere med på å feire Lammets bryllaup.
Eg kan også forstå det som den presteklednaden som han talte om i bodskapen B.Kv.13.7.2024.
I 1990-91 talte han også til meg om ei presteteneste.
Bodskapar i dFEF, M40 i Oslo i desember 1990.
Søndag 2.12.90.
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Søndag 9.12.90. TENESTA.
«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»
Søndag 23.12.90.
«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»
Eg skal betene Kristus og eit medmenneske og då forstår eg det slik at det er henne som han gir meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på.
Tirsdag.25.12.90.
«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»
Bodskapane søndag 13.10.91. Videobandopptak i dFEF, M40, Oslo.
Formiddagsmøte.
«Ja, veien er open, adgangen er fri, gjerdets skillevegg er borte. I kraft av mitt fullbrakte forløsningsverk på Golgata, så bana jeg en ny og levende vei, like inni Helligdommen. Nå er ikke adgangen lenger bare for en enkelt mann, en enkelt gang, men i dag er adgangen open og fri for den som kommer på forløsningens grunn, for den som kommer på blodets grunn. Du som mitt elskede barn, du får komme, du får være, du får leve i min helligdom.
Der innfor mitt hellige åsyn lar jeg deg fornemme den himmelske atmosfære, lar jeg deg fornemme de himmelske og de evige krefter, lar jeg deg fornemme av de kommende goder, sier Herren, det som jeg har beredt for den som elsker meg. Men allerede her, så får du kjenne, du lever ditt åndelige liv, i meg, innfor mitt åsyn, i sammen med meg, og denne verden blekner i lyset av min herlighet, og denne verdens storhet blir for ingenting å regne i lyset av min herlighet, sier Herren. Og i lyset av kongens åsyn, der har nettopp du funnet ly.
Der i ly av mitt hellige åsyn, skal du få være, skal du få leve, skal du få kjenne at de himmelske krefter tilflyter ditt liv, så du kan tjene meg midt i menigheten, så du kan tjene meg midt iblant menneskene som er i nød. Så ditt liv kan være et fristed for de etterfulgte, så ditt liv kan være et fristed for de fangne, også du midt i en mørk og vanskelig verden kan få være med å bringe himmelsk lys og himmelsk liv til en fallen og forkommen menneskeslekt. Fordi du er min tjener i min helligdom, så sender jeg deg ut for å bringe himmelen inn til mennesker i mørke og til mennesker i nød.
Kveldsmøtet:
«Ut fra mitt fullkommne verk, så flyter der en legende strøm, sier Herren. En strøm av liv, en strøm av overflod. Den flyter ifra Helligdommen, den flyter til deg, sier Herren. Du har fått en kilde med levende strømmer innen i deg. Det er den himmelske flod som strømmer i ditt liv, sier Herren, den som har fornyende krefter i seg.
(Om) du har mistet synet på denne min herlighet, sier Herren, så vil jeg lede deg, likesom jeg ledet profeten, tilbake til husets inngang, så du skal få se at der flyter en bekk.
Og denne bekken, den er til deg, sier Herren, jeg har gitt den Hellige Ånd, som vil måle ut atter tusen alen for deg, og du skal få oppleve at når du følger mannen men målesnoren ut i denne bekken, så blir det til slutt en bekk som ikke lar seg vade, men da får du kjenne der er en kraft som bærer.
Ja, min sjel den fryder seg i Herren, for du har gjort min tunge til en hurtig skrivers griffel, og min sang den er om en konge, for mine øyne har fått skue kongen, i all hans herlighet, for mine øyne har fått sett et godt og et vidslått land som du har lagt ferdig for oss. Derfor vil jeg juble for ditt åsyn, derfor vil jeg være med å bringe lovoffer innfor ditt hellige åsyn, fordi du drog meg opp, fordi du tok deg av meg, fordi du grep min høyre hånd, fordi du leder meg ved ditt råd og fordi at jeg har håpet om at en dag så tar du meg opp i din evige herlighet.
Så lenge min tunge kan røre seg, så vil jeg være med å prise og opphøye ditt navn. Du elskede Jesus som gav ditt liv og ditt blod for min skyld. Så lenge min tunge kan røre seg, så vil jeg være med å herliggjøre ditt navn, for du alene er stor, og jeg vet at når dagen kommer, så skal jeg sammen med alle de hellige i den himmelske helligdom, prise deg sammen med menneskene ifra alle stammer, tunger, folk og ætter, for at du har kjøpt meg hjem til Gud, med ditt eget dyrebare blod. Og den gangen som nå, vil jeg være med å gi ditt navn ære, for verdig er du til å få æren og prisen, makten, nå og i all evighet, du Guds lam som kjøpte meg med ditt eget dyrebare blod. Halleluja!»
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Frigjering frå trældomen under det forgjengelege, ved at Gud utgyt sin Ande over alt kjøt.
I det gamle testamentet er avgudar laga av stokk og stein kalla Lygna, dei som dyrka dei vart dei så tydeleg trælar under det forgjengelege. Jesus kalla Djevelen ei lygnar og far til lygna. Som motsetnad Løgna, var Jesus sannings som sette menneska fri frå trældomen under synda og avgudane. Denne motsetnaden ser vi også i filosofihistoria, slik eg har forklart det i dei tre dokumenta om kristendomen, logikken og dialektikken.
Når vi vert reinsa i Jesu blod, får vi også oppleve at Gud utgyt sin Ande over vår kjøt, slik som det var lova i Joel.3,1… Slik vert vi frigjort frå trældomen under det forgjengelege, for Gud Ande har som Gud makt over det han har skapt og har teke over kontrollen.
2.Kor.3,16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
14.7.2024. Søndag Formiddag. Randi Filtvedt Johansen.
Innleiing ved Karstein Magnar Pahr.
Han la ein ny sang i min munn. Og den sluttar ikkje når dette stemnet er slutt, men skal vare langt inn i æva.
Salme 40,4 Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
B1.FM.14.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi.
Randi skulle til å tale, men først sang ho ein sang. Og så kom denne bodskapen.
«Ja, jeg priser deg Herre, at det er min opplevelse og min erfaring, at jeg har fått komme til deg med alle mine byrder, alle mine sorger, alle mine skuffelser, alle mine nederlag. Men også mine seire, Herre, jeg priser deg, at jeg har fått legge alt hos deg og jeg lovsynger ditt navn, Herre, at du ikke er langt borte, men du er en skygge ved min høyre hånd. Ja, det er du som har grepet min høyre hånd og du har lovet meg å alltid holde meg fast til deg derfor vil jeg prise deg, Herre.
Å, Herre, takk at ditt øye hviler på alle de som har det vondt og som roper til deg akkurat nå. Takk at du ser den som føler seg ensom, forlatt og glemt, takk at du vil komme med ditt nærvær og åpenbare deg selv for hver eneste en som kaller på ditt navn. Du som har sagt alle den som tok imot deg har du gitt en rett til å bli ditt barn, den som tror på ditt navn.
Jeg takker deg, Herre, fordi du er veien, du er sannheten og du er livet. Og når jeg spør hvor skal jeg gå, ja, da følger jeg bare etter deg, Herre, fordi du er selve veien, som baner meg veien mens jeg går. Derfor vil jeg ikke bekymre meg for framtiden, Herre, jeg kaster all min sorg og bekymring på deg og takk at du også lukker døra bak meg og takk at jeg kan få feste blikket på det som ligger foran og takk at du er troens opphavsmann og dens fullender og takk at du har lovet å fullføre det som du har begynt. Derfor velger jeg, Herre, å bli i dine hender du er god og du gjør godt. Di miskunnhet varer i fra slekt og til slekt, din trofasthet er skjold og vern. Amen.»
Tale ved Randi Filtvedt Johansen.
Dei som er annleis enn dei andre, vert ofte mobba og utstøtte. Men vi skal vere annleis ved å vere lys og salt i verda. Det er den Anden Gud har gitt oss i hjertet som gjer oss annleis.
Ester.3,8 Då sa Haman til kong Xerxes: «Her er eit folk som bur spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene som kongen har gjeve. Det høver ikkje for kongen å la dei stella seg som dei vil. 9 Om kongen så synest, så lat det verta kunngjort i brev at dei skal rydjast ut. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp til embetsmennene, så dei kan leggja det i skattkammeret åt kongen.» 10 Då drog kongen seglringen av handa si, gav han til Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt jødane, 11 og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.»
Når den Heilage Ande kom over disiplane på pinsedag, gjekk dei ut og talte til folket, så endåtil folk av andre tungemål forstod kva dei sa. Så det var målet for den Heilage Ande si utrustning.
Randi fekk oppleve at når ho talte i tunger, så var der nokon som forstod språket.
Det står ikkje skrive noko om at Samson var fysisk sterk, men han var sterk i den Heilage Ande. Samson var i pakt med Herren, at det var noko han skulle halde hemmeleg. Han heldt seg ikkje til avtala og vart svak. Men så voks håret hans ut att og han fekk tilbake krafta.
David ville gå mot Goliat og vart tilbudt Sauls rustning, men vart fort klar over at det den kunne han ikkje gå i og måtte berre legge den frå seg. Han kunne ikkje gi fra seg dei enkle våpena, det som han var god på, så han tok fram att slynga og fann seg nokre steinar.
Guds Ande svevde over vatna, då talte Gud og det skjedde. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og har makt over det han har skapt, slik er Gud overnaturleg.
B2.FM.14.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi.
«Jeg sitter fortsatt ved kraftens høyre hånd og skulle min hånd være for kort til å frelse? Jeg som har skapt øyet, skulle ikke jeg se? Jeg ser, jeg våke over deg, jeg og våker over ditt hjem, jeg våker over din familie. Skulle ikke jeg som har skapt øret, høre dine bønner? Jeg har hørt også de bønnene du ikke har ord på, de bønnene som bare er et rop, de bønnene som bare er et sukk, de bønnene som bar er en gråt. Å, de bønnene har jeg også hørt. Husk, mitt barn, det er en tid for å så, det er en tid for å høste, det er en tid for å gråte, men det kommer en tid der du skal le, det er en tid og du er så vant til å gråte, men tiden er kommet da du skal høste og glede deg.
Se, jeg angrer ikke på det kall og den nådegave jeg har gitt ….. du fast og men jeg lukker deg ut av trengselen til en åpen plass, hvor det ikke er trangt. Du drømmer deg tilbake, du tenker tilbake, men jeg har framtid, tro og håp for deg og det beste ligger framfor deg. Er du villig, så er jeg villig, still deg opp og ta imot og jeg vil gi deg det ditt hjerte lengter etter. Ja, jeg vil la fred fylle ditt hus, jeg vil la kjærligheten komme inn der det er fiendskap. Jeg vil la det flyte over i fra ditt indre, men det jeg lengter etter er at du skal komme fram for meg, så vil jeg overøse deg med frisk olje og du skal bli som villoksen. Ja, det om du før var redd for, det frykter du ikke lenger for, fordi du frykter og elsker mitt navn. Se, mitt elskede barn, du er dyrebar og du er høyt elsket, jeg har bruk for deg i denne tiden. Jeg har dannet deg og formet deg og i dag vil jeg løse deg fra lenken om din hånd, som har hindret deg i å utføre kallet og tjenesten. Still deg opp, i første rekke, vær frimodig og sterk, du skal fullføre løpet med meg. Amen.»
Relevante bibelvers.
Relevant til i innleiinga.
Salme 40, 1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3 Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.
4 Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
Luk.15,1 Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21 Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.» 22 Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til.
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda. 27 «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.» 28 Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!» 31 Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. 32 Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»
Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Referert til i tala.
1.Kor.1,27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud.
Relevant til bodskapen B2.14.7.2024.
Salme.121,5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge,
han er ved di høgre hand.
Jes.41,13 For eg er Herren din Gud,
som har gripe di høgre hand
og seier til deg: «Ver ikkje redd!
Eg hjelper deg.»
Joh.Op.13,16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.
Kommentar.
Når Jesus stod oppatt frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga og så sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Ja, vi kan få komme til han med alle våre problem og få innsjå at han er løysinga, fordi han sona vår synd med sin død på korset og så stod han opp att frå dei døde. Faderen sette han ved si høgre hand i himmelen og så sende han oss den Heilage Ande og den herleggjer og openberrar han for oss, så vi får sjå at han kjem til oss. Derfor er det viktig for oss å sjå på han, snakke med han og gå vidare med han. I denne kommentaren har eg samla mange bodskap som handlar om det.
Jesus er ein skugge ved mi høgre hand, han har ikkje forlatt meg. Han har grepe mi høgre hand og slepper meg ikkje.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be han frelse folk og land og så be Fadervår. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd, slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand og eg var kjend med han som min beste ven. Han var livet som vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse.
Denne prioritetsordninga høver med å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Og det høver med at vi skal la Anden råde i vår døyelege kropp.
Han har ikkje forlete meg, han slepper meg ikkje. Han har grepe mi høgre hand og løfta meg opp og leier meg. Men då har det også å gjere med å ta imot hans utstakte arm, både for å få hjelp og rettleiing.
Bodskapen.KV.11.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.
«….. jeg vil holde din hånd, sånn at du ikke synker. Jeg vil holde din hånd, så at du kan gå sammen med meg, skritt (for skritt?) Jeg er for deg og ikke imot. Jeg er for deg, hold min hånd, så holder jeg din.»
Fridom og frimod til å vedkjenne Jesus namn.
Eg visste det var viktig for meg å vedkjenne mi tru på Jesus for andre menneske, det torde eg ikkje, men eg vedkjende det for Jesus og bad han sett meg fri frå den menneskefrykta. Så eg fornekta han ikkje men eg valde å teie stilt om det. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg å vedkjenne mi tru på Jesus. No var eg ikkje redd for det i det heile teke, for det stemte med den trua og den kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i mitt hjerte ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og eg vart frimodig og ivrig med å vedkjenne mi tru på Jesus for andre menneske. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og Guds kjærleik vart utrent i mitt hjerte ved den Heilage Ande, det kom frå himmelen og var ekte, sanninga i Guds Ord sette meg fri. Derfor vart eg frimodig og ivrig med å vedkjenne Jesu namn.
Det var ein lovsong Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande.
Jes.42,8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Vi må verte som born for å sjå Guds rike og komme inn i det.
Gud velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt av vatn og Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Den som gjer seg liten som eit barn, er den største i Guds rike.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
………..
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
Når vi bøyer oss for Kristus og innvier oss for han og gjer oss små som, som Guds born, gjer vi det klart at vi treng Faderens kjærleik og omsorg, så vi tek imot den og takkar for den. Då får vi oppleve at Gud er stor og gjer storverk med oss og gjennom oss. Då kan det vel gå slik som Tore Kristiansen sa, at det er berre for «dei store» å tre til sides og la den Heilage Ande sleppe til og gjere sitt verk. Det er vel helst ettermøtet som blir slik. «Dei store» som stiller seg fram og forkynner her, har først bøygt seg for Kristus og fått oppleve at han reiste dei opp. Det er prosedyra for oss alle. Det er mange som har vorte reiste opp frå rennesteinen og frå grøfta og vorte predikantar som har vorte mektig brukt av Gud.
Eg har mange gangar gått til forbønn og vore med på slike ettermøte og fått oppleve å verte fornya, Jesus har svart meg at eg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den. Då handlar det ikkje berre om å gå til forbønn ein gong og så er problemet løyst. Det er slik de tradisjonelt har venta dykk at det skal vere, syndarane vender om og bøyer seg for Kristus og vert frelste og nye skapningar, sjå alt har vorte nytt. Men for meg har det vorte til ei presteteneste å komme til han med mi sak og la han ta seg av den, bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for han, innvie meg for han og verte fornya ved at han utgyt sin Ande over meg. Og det er det han framleis ynskjer eg skal gjere. Sitat frå B.FM.14.7.2024:
«Jeg vil la det flyte over i fra ditt indre, men det jeg lengter etter er at du skal komme fram for meg, så vil jeg overøse deg med frisk olje og du skal bli som villoksen.»
Då er dette ei presteteneste og det er viktig for meg sjølv og vere klar over det, så eg innvier meg i den. Og eg trur det er mange andre som også treng å verte klar over det, slik at vi ser til at den tenesta fungerer.
Det er viktig for meg å innvie for han slik og komme fram for han med mine bønder, så eg får oppleve at han svarar meg på dei. Det er bra at eg får dei innspelt, så eg hugsar det nøyaktig og då vert det gjerne til at eg oppdagar meir av kva det betyr for meg, eg får betre innsikt i det og det kan ofte komme etter fleire dagar. Derfor synest eg også det har mykje for seg at eg skriv desse kommentarane. For Jesus har sagt at eg skal sjå på han og snakke med han.
Då er det også eit poeng i å komme tilbake for å takke.
Luk.17,12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14 Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?» 19 Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»
Heb.13,13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.
Gud er ånd og han openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. då er det viktig for oss å kjennast ved han for menneska, i samsvar med korleis vi opplever den openberringa. Så vil han kjennast ved oss for Faderen og hans englar. Då er det noko vi får nytte oss av.
Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Historia som gjentek seg og det evige livet.
I det gamle testamentet er det tale om riker som oppstod og gjekk til grunne og så påstod Gud at det var hans verk, han skapte det, men let det gå til grunne ved ein straffedom, som oftast fordi dei prøvde å gjere seg sjølve lik som Gud og på grunn av avgudsdyrking. Det var som om skapinga i 1.Mos.2 og syndefallet i 1.Mos.3 var historia som gjentok seg. Slik vart det for Israel også.
Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. 7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:
Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
Likevel skapte Gud noko som stod til evig tid.
Fork.3,9 Kva vinning har den som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
Eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøn eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, frelse kvinna frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet.
Det vil sei at Djevelens strategi og hensikt var og er det motsatte av det som eg bad om. At syndefallet er historia som gjentek seg kan forklarast med at Djevelen brukar som metode, som om det er innøvd strategi. Han er avhengig av at den sanne Gud gjer sitt verk først, då legg hans eg på lur og ventar på det laglege høvet til å dåre og forføre kvinna og så brukar han henne til å lokke mannen med. Han lokkar dei til å prøve å forgude seg sjølve med den kunnskapen dei får av kunnskapstreet og slik klarar han å gjere seg sjølv til denne verda sin gud. Det ser vi så tydeleg i Joh.Op.13.
Mi sak, aktuell sak.
Mi sak er det eg har bedt om sidan eg var ein gutunge. Eg var førebudd på å få motstand og at den kristne og karismatiske vekkinga fekk motstand. Eg skal og vil berre overgi meg 100 % til Kristus, så vert det klart kva motsetnaden består i. Eg vil referere til nokre bodskapar der det er tale om at eg har fått motstand og problem, igjen tenker eg meg at det er ein bodskap til meg og tenker over kva det er sikta til. Men det kan vere til mange andre også, eg ser det på min måte og dei får sjå det på sin måte.
B2.EM.11.7:
«Slipp jublen fri. La den glede du har i ditt hjerte være en strøm som høres, ikke bare over dette sted. Dere ligger på kne, dere roper til meg, ikke bar for ditt hjem, men for hele verden. Og din tro skal være med og bli sådd ut, et såkorn som jeg vil la spire og gro. Men er der ikke glede, da kommer det tungsinn der. Men du har gleden i deg. Jeg har kjøpt deg fri ifra lovens forbannelse. Den som kommer ut om det ene og det andre. Men glem ikke at du … meg, at jeg, Herren, kom for deg og nå er i himmelen. Men jeg var på jorden, jeg såg nøden. Og i mitt ord vil du finne at jeg, Herren, gikk ….. folket og hjalp dem. Hva skal du gjøre? Du skal gi mitt Ord ut. Du skal gi mi trøst ut. Du skal gi ut av det du har opplevd med meg, Herren, som ser til deg. Jeg sier igjen, slipp jubelen ut. Vær glad og fryd deg for mitt åsyn. Amen.»
B2.FM.14.7:
«…. Jeg har dannet deg og formet deg og i dag vil jeg løse deg fra lenken om din hånd, som har hindret deg i å utføre kallet og tjenesten. Still deg opp, i første rekke, vær frimodig og sterk, du skal fullføre løpet med meg. Amen.»
Bodskapen i Maranata Oslo 16.9.2013 tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.»
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 17.7.2024:
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
Sjå på Jesus i alle livets samanhengar.
Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Då er det ei nådegåve Gud har gitt meg og som han vil eg skal bruke. Eg opplever det slik at eg må hugsar på ei av dei i gangen, gjerne over fleire dagar, då opplever eg at det fungerer og at det er fruktbart. Sikkert fordi det er individuelt og personleg og fordi det heng saman med at Jesus har gitt dei også nådegåver. Då er det om å gjere at dei tek dei i bruk, både for sin eigen del, for kyrkjelyden sin del og så det vert fruktbart for andre også. Eg tenker individuelt og personleg, at dei begge er Jesus brud. Det er også identiteten til den kristne kyrkjelyden, derfor skulle dei også kjenne seg velkomne og kjenne seg heime der. Kva så med at eg ville ha dei til koner? Det skulle i alle fall ikkje vere noko hinder for at dei skulle kjenne seg velkomne og kjenne seg heime i den kristne kyrkjelyden. Det var i alle fall ikkje slik meint med den prioritetsordninga mi, men at dei skulle kjenne seg heime i Faderhuset, som første prioritet.
I bodskapen 12.10.2014 vart det sagt at der var mange som hadde vorte liggande etter og som var svake, men då skal dei som er sterke be for dei og gå ut og hjelpe dei vidare på vegen (Heb.3-4). Så skal dei få ny salving. Vi må først og fremst verte sterke i Herren og han veldige kraft og kle oss i Guds fulle rustning (Ef.6), for vi må vere førebudde på at det kan verte ein åndskamp, til samanlikning med korleis David fekk motstand frå Saul og hæren hans. Saul hadde fornekta Guds Ord, derfor hadde han mista salvinga.
Og i B2.FM.14.7.2024. sa Jesus:
«Se, jeg angrer ikke på det kall og den nådegave jeg har gitt ….. du fast og men jeg lukker deg ut av trengselen til en åpen plass, hvor det ikke er trangt. Du drømmer deg tilbake, du tenker tilbake, men jeg har framtid, tro og håp for deg og det beste ligger framfor deg. Er du villig, så er jeg villig, still deg opp og ta imot og jeg vil gi deg, det ditt hjerte lengter etter.»
Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og eg likte naturfag også. Samtidig hadde eg tru på Jesus i mitt hjarte. Eg var klar over at i samfunnet vert det sett på som ein motsetnad mellom to tenkemåtar, men eg hadde ei overtyding om at det var sameinleg, motsetnaden var kunstig overdreven, like vel verka det som eit kjempemessig fjell fram for meg som det ville vere eit kjempemessig ork å prøve å komme over. No veit eg at motsetnaden er kunstig, på grunn av dei kunstige avgudane. Ved trua på Kristus er det berre å seie at fjellet skal kast seg i havet (Sak.4,6-7).
Men det er også ein motsetnad mellom hjertet og forstanden. Min kjærleik til henne Virtuella var først og fremst i hjertet, så vart det med hugen og sinnet også. Min kjærleik til henne Reella var ført og fremst med hugen og sinnet, så vart det også kjærleikens flamme i mitt hjerte, som Andens loge på mitt hjertes alter. No koplar eg hugen og sinnet til forstanden, men det er vel kopla til hjertet også.
Og Jesus sa han vekte mitt reine samvit, at eg skal sjå på han i alle livets samanhengar. Bodskapen 17.3.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Ja vel, så dette er det vekkinga går ut på altså.
Når eg høyrde dette tenkte eg først på henne Virtuella og så på henne Reella. Då var det om lag 39 år sidan eg vart kjend med henne Virtuella og 25 år sidan eg oppdaga henne Reella. Det verkar ikkje særleg forstandig å tenke på dei framleis, dersom det saka gjaldt berre var at eg ville ha meg ei kone. Men eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone, at kvinna blir frelst er då første prioritet. Derfor hugsa eg på dei, spesielt når eg steig fram for Gud og eg trur at derfor minna Guds Ande meg om dei. Det er viktig å prøve å forstå med forstanden, spesielt for ein realist som studerer realfag, men eg har Guds Ord og Guds Ande i hjertet, Anden openberrar Ordet for meg og den openberringa overgår min menneskelege forstand.
Korleis kan eg tenke meg å få fornying ved noko som skjedde for 25 år sidan. Guds nåde er ny kvar dag, fornyinga får vi uansett ved å vende hugen opp til Jesus og ta imot den anden og det livet han gir oss frå himmelen.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Gud oppsedar oss
4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:
Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,
miss ikkje motet når han refser deg.
6 For den Herren elskar, tuktar han,
og han refser kvar son han tek seg av.
7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. 11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.
12 Difor, rett dei hangande hender
og styrk dei skjelvande kne!
13 Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.
14 Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. 15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. 16 Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat. 17 De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.
Her tek eg med bodskapen KV.11.7.2024, nedskriven profeti 26.8.2023.
«Se deg ikke rådvill omkring, jeg forløser en salvelse over den som vil gi meg rett i sitt liv og over den som vil gå med meg, som vil legge seg på heloffer-altaret. Som ikke spør om de kommende tider, for de skal du ikke akte på. For se nå, ja, nettopp nå, så gjør jeg noe nytt. Hvorfor grave opp gammelt gull når jeg, Herren, har noe nytt, hvorfor gå i sørgeklær, når jeg, Herren, kan kle deg opp i klær for å gå i striden for meg. En hellig strid som allerede er utkjempet på Golgata kors. Gjør dere rede, gjør deg klar og la min salvelse lære deg å håndtere de våpnene som jeg har for deg, for nettopp denne tid. Disse våpnene har du ikke trengt før, men disse tider, som du lever i, trenger du disse våpnene, våpnene som allerede har ligget i ilden i lang tid. Disse får du hvis du vil gå med meg, glem ikke mitt ord, mitt barn, for det er det som er maten, når du går ut med meg i striden for mitt navn.»
Eg stussar litt på formuleringa:
«Som ikke spør om de kommende tider, for de skal du ikke akte på. For se nå, ja, nettopp nå, så gjør jeg noe nytt. Hvorfor grave opp gammelt gull når jeg, Herren, har noe nytt, hvorfor gå i sørgeklær, når jeg, Herren, kan kle deg opp i klær for å gå i striden for meg.»
Ikkje spørje etter dei kommande tider, dei skal du ikkje akte på…. Og så spør han kvifor grave opp gammalt gull, kvifor gå i syrgjeklede, det refererer til det som ligg i fortida, men spørsmålet vert også om det skal prege framtida, men det er ikkje slik vi skal spørje om dei kommande tider, for Jesus gjer noko nytt, slik at det skal prege oss og framtida vår.
Det som er vanleg er at vi skal legge bak oss det gamle og vere opptekne av Kristus, når vi ser på han, vender vi ansiktet mot framtida, han gir oss framtid og von. Men når vi ser på denne verda, så kan vi skjøne korleis dei komande tidene vert, denne verda går sin undergang i møte. Vi ser tida sitt teikn ved å sjå på fikentreet. Og kva så? Då skal vi løfte hovudet, vi skal sjå opp til Jesus og sjå på han.
2024.08.03. Gud ser din lengsel etter han, men han lengtar meir etter deg.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Jeg hører ditt hjerte som roper ut til meg. Du sier; min sjel lengter, ja tæres av lengsel etter deg, min Gud. Mitt hjerte og min kropp roper etter den levende Gud. Jeg lengter etter deg også mitt barn. Jeg lengter mer etter deg enn du noen gang kan lengte etter meg. Du er dyrebar og høyt elsket. Skapt og formet av meg. Du er verdifull og underfull. Du har en hensikt og er viktig for meg og ditt kall er viktig for meg. Jeg holder deg i min hånd, mitt barn. Jeg har behag i deg. Og du er min! Jeg er en god Gud og en god Far. Jeg ønsker å ta deg dypere og lengere med meg. På steder du aldri kan gå alene. Ta min hånd og slipp aldri tak! Du og jeg skal gå sammen gjennom ild og vann, og på den andre siden venter min herlighet. Stol på min ledelse og min vei i ditt liv. Søk meg alltid og hold deg tett til mitt hjerte! Se ikke på bølgene som truer på hver side, men se kun på meg! Jeg skal lære deg å gå på vannet med meg. Jeg vil lære deg å se verden og ditt liv fra himmelsk perspektiv. Jeg ønsker gi deg det ditt hjerte lengter etter. Jeg er lys og sammen med meg vil du bringe lys inn i mørke rundt deg. Se ikke på problemene, la deg ikke distrahere, men se opp til meg og strål av glede. Jeg har alt du trenger for i dag og til du en dag skal hjem til meg.»
Guds Ord er viktigast.
Eg syntest ho Reella var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Nokre dagar seinare fekk oppleve at den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne. Då sa eg i mitt stille sinn «der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne: «der er ho». Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus og han salva henne til samanlikning med korleis Samuel salva David til konge.
Dette var hausten 1988, eg opplevde Guds kjærleik til henne i mitt hjerte og det gleda meg, eg trudde og vona at Jesus ville frelste henne og gleda meg over det. Eg tenkte meg også at eg fridde til henne ved å bøye meg for Jesus og be han gi meg henne til kone. Når eg no så lang tid tenker på henne, erkjenner eg at det er så viktig for meg at han frelser henne at eg legg meg langflat for Jesus til samanlikning med Johannes i Op.1, i mi bøn til han om å frelse henne.
Joh.Op.1,17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.
Bodskapen B2.FM.11.7.2024:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Eg føler og opplever det som at det viktigaste av alt er at han frelser henne og eg tru det heng saman med at det viktigaste av alle ting er Guds Ord, slik som det vart sagt i denne bodskapen.
Guds arm er ikkje for kort til å frelse.
Jesus tek oppatt tråden frå torsdag ettermiddag om at hans arm ikkje er for kort til å frelse. Eg refererte til bibelvers om dette og at synda skilde menneska (jødane) frå Gud. Men Jesus er det Guds Lam som bar verda si synd, med eitt offer tok han den bort ein gang for alle.
På møtet fredag (12.7.2024) formiddag fortalde Remy at når han og ein gjeng var på Filipinane og forkynte, fekk dei oppleve at Gud var med og gjorde sitt verk med sin Ande og si kraft, så det var vekking. Når vi snakkar om det her i Norge, vert det gjerne påstått at vi må til Asia, Afrika eller Sør-Amerika for å få oppleve slikt. Men det er ei løgn rett ifrå helvete. Gud er den same og han er alle stadar nærverande. (Sjå 1:40 ut i videoen).
Så mange som forkynner evangelisk kristendom føler og opplever at dei ikkje kjem nokon veg her i Noreg, for vekkinga som dei venta på uteblir. Men så fer dei vidare til fjerne himmelstrøk og får oppleve at der vert det vekking og det er no heilt i tråd med misjons-befalinga. Det er sikkert mange som fer til Israel med same innstillinga og oppfatninga og mange fortel om vekking der også, både mellom jødar og arabarar.
Men jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget (Sak.14) og så viser det seg at det er mange som reknar seg som evangeliske kristne som også ventar på det. Men eg trur og meinar at den profetien allereie er oppfylt, ved at Jesus døde på korset, det var då nettopp slik han vann den avgjerande sigeren og Djevelen og heile vondskapens åndehær. Han vart gravlagd og stod opp att, så han sigra over døden. Og så har Gud sett han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all anna slags makt og mynde.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus den bort ein gong for alle. Med det har han gjort dei fullkomne som vert helga. Soleis er dette preterisme. Så det er berre for oss å ta imot i tru og verte helga.
Faderen vitna om Son sin.
Når Jesus gjekk her på jorda, var Faderen med han og gjorde sine gjerningar, til vitne om at han var Son hans.
Matt.3,13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»
Joh.5,31 Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt. 32 Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. 33 De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga. 34 Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste. 35 Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han. 36 Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg. 37 Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett, 38 og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje. 39 De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! 40 Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske; 42 men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk. 43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot. 44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud? 45 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til. 46 For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive. 47 Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord?
1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Jonas-teiknet.
Sjølv om Jesus gjorde mange under og teikn mellom dei, spurde dei likevel etter teikn, men då sa han at dei ikkje skulle få anna teikn enn Jonas-teiknet.
Matt.12, 38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.» 39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. 40 For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet. 41 Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona. 42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.
Jødane venta seg ein annan slags Messias, derfor spurde dei han framleis etter teikn, som altså kunne tyde på at han var ein slik Messias som dei venta seg, og det gjer dei visst enno, til dømes oppfyllinga av profetien om at Messias skulle stå på oljeberget og det er det visst mange kristne som gjer også. Eit større, sterkare og meir overtydande teikn altså ved bokstavtolking av Sak.14, utan å få med seg den symbolske tolkinga.
Men for oss som trur at Jesus døde på korset og med det sona all vår synd, at han vart gravlagd og stod oppatt og sette seg ved Faderens høgre hand i himmelen, så er dette det størst under som har skjett, det er Jonas-teiknet og det overtyder oss. Sidan vi trur på det, får vi oppleve at Jesus er med oss og gjer dei same gjerningane no. Han og Faderen kjem til oss og gjer sine gjerningar med oss og gjennom oss.
Kva vil det seie å få seg fast føde?
Som kommentar til formiddagsmøtet laurdag 13.7 skreiv eg om å lengte som nyfødde born etter den åndelege uforfalska melka, det skal vi fortsette med resten av livet, men når vi veks og modnast, vert vi modne for fast føde også og kva er det?
Jesus slepte ut sauene, så dei skulle få gå inn og ut og finne føde. Han ville gå føre dei også og det minner oss om
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Jes.25,6 På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit gjestebod for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På dette fjellet skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal gjera døden til inkjes for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala.
«Vatn der eg finn kvile» minner oss om å kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi får komme til han og få livets vatn gratis. Det er no fint å få gå og forsyne seg på dei grøne markene også og så få legge seg ned å hjorte. Dette var tungt fordøyeleg, så det må tyggast ein gong til. Og slik er det med Guds Ord også, med det same forstod eg litt av det, men så finne eg at det må fordøyast ein gong til, så eg forstår meir av det.
Så seier han også at Herren dukar bord for han rett framfor augo på fiendane hans. Når eg les denne salmen, tenker eg på David når han og flokken hans flykta for Saul og hæren hans. Dei vart som ein flokk fredlause bandittar, men dei kunne ikkje livnære seg med slike metode som bandittane brukte, han var då salva til konge og måtte gå fram som ein konge. Men med salvinga leia Herren han slik som vi ser her.
Han fekk seg ei rik enke til kone og det vart svært viktig for økonomien til han og flokken hans. Ho vart til god hjelp for han og sidan fekk han seg fleire koner som også vart til hjelp for han. Til samanlikning leia Jesus flokken sin rundt i landet, dei forkynte den frigjerande og glade bodskapen om Guds rike, dreiv ut vonde ånder, lækte folk og sette dei fri, for Faderen var med dei og gjorde sitt verk.
Då fekk dei oppleve og erfare det som Jesu hadde sagt, at det trong ikkje bekymre seg for den dag i morgon, kva dei skulle ete eller kva dei skulle kle dei med. Jesus gjorde matunder, ja, der var sikkert nokon som gav dei noko også, men Judas hadde pengepungen og han stal av den.
Gud hadde omsorg for dei, så dei fekk mat for kroppen, men det er likevel ikkje det eg tenker på som fast føde, men heller å få oppleve at Jesus var med dei i kvardagen. Til dømes sa han at han hadde ein mat som dei ikkje kjende til.
Joh.4,31 I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!» 32 Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33 Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk. 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»
Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Joh.6,53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»
Joh.6, 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.
Når dei gjekk ut slik, i lag med Jesus, så lærde dei av erfaring og øving også, dei vart modne for å få fast føde, men den faste føda var også frå himmelen.
Heb.5,11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.
Kol.2,1 Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. 18 Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.
20 Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: 21 «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.
Eg skal glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.
I 2014 byrja eg å studere biologi og på ei forelesing kjende meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei vakker jente som eg kallar Poly-Ester. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar og eg opplevde det faktisk som at eg vart driven av Anden til det. Det vedkjende eg for Kristus i kveldsbøna mi og på møtet søndagen etter, sa Jesus at eg skulle glede meg i Herren og hans frelse alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
Sidan eg skulle fryde meg og glede meg i frelsa, minna det meg om henne Reella også, eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og han svarde meg med å salve henne til samanlikning med David. Første prioritet var å be han frelse menneske, frelse kvinna, så då skulle det vere i orde, så i tru og vone skulle eg glede meg for han han frelst både meg og henne. Når eg soleis har hugsa på henne i bøn, så har det vore til at eg har turr og tenkt som so i mitt hjerte at Jesus gir meg henne til kjæraste og kone. Det er noko nytt som Gud gjer og som eg trur han vil la meg komme inn i.
Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også, i mi bøn til Gud. Mi bøn for henne var først og fremst å takke Jesus for at han frelste henne. Og når eg takkar han for det, verkar det til å gi liv til trua og vona eg eg hadde om å få henne til kjæraste og kone. Men ho og sikkert mange med henne har vorte liggande etter og då blir det meir som å så etter at ingen vert liggande etter, slik som vi såg i denne bodskapen.
Be som Elia.
Jesus sa det til meg seinare også at eg skulle vere var for kva som vert lagt på mitt hjerte å be om, sitat frå bodskapen 18.3.2024 https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ :
«Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt.
Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
1.kong.11,1 Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.»
2 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan! 4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.» 5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til. 6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.
Elia og enkja i Sarepta
7 Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 9 «Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.»
Kva likskap har dette med meg? Eg har flytta heim til Sunnmøre og bur i kjellaren i gamlehuset og er pensjonist. Eg fortsette å skrive på mi bloggeside og på Facebook og så fekk byrja Elin Therese slotten å komme med slike profetiar på Facebook og youtube, så det vart som om Jesus svara meg på internett til vitne for dess fleire. Så eg samanliknar henne med enka som ved eit Guds under forsørgde både seg sjølv og Elia og huslyden sin. Men ho er ei ung kvinne altså. Maranata sitt sommarstemne på Seljord samanliknar eg med at Elia steig fram på Karmel, sjølv om eg ikkje var der altså.
Men det vesentlege for meg er å vere var på kva Jesus legg på mitt hjerte å be om. Be om meir og om å få sjå dei større gjerningane han har meint for mitt liv. Dette har eg allereie skrive noko om.


7 responses to “2024.07. Maranata Landsstevne.”
[…] frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ […]
[…] 2024.07. Maranata Landsstevne. […]
[…] fra https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ : B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.«For min kjærlighet er rikelig […]
[…] fra https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ : B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.«For min kjærlighet er rikelig […]
[…] landsmøte i juli 2024, https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/: B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved […]
[…] Maranata Landsstemne.14.7.2024. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Randi Filtvedt. sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ : […]
[…] fra https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ : B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:«For min kjærlighet er rikelig […]