«https://www.youtube.com/watch?v=fgEyx1qAD-4&t=5305s»
Innleiing ved Håkon Martinsen.
Kol.1,13 13 For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. 14 Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.
Skaping og forsoning ved Kristus
15 Han er bilete av den usynlege Gud,
den fyrstefødde som står over alt det skapte.
16 For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
dei som tronar og dei som styrer,
både makter og herredøme –
alt er skapt ved han og til han.
17 Han er før alle ting,
og alle ting står ved lag ved han,
18 han er hovudet for lekamen, som er kyrkja.
Han er opphavet,
den fyrstefødde av dei døde,
så han i eitt og alt skal vera den fremste.
19 For det var Guds vilje
at heile hans fullnad skulle bu i han,
20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg,
det som er i himmelen og det som er på jorda,
då han skapte fred ved hans blod, på krossen.
21 De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar. 22 Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg, 23 så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.
Liding og teneste for kyrkjelydane
24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja. 25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26 den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage. 27 Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom! 28 Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. 29 For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.
Tale ved Eirik Syvertsen.
Heb.8,1 Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen. 2 Der gjer han presteteneste i heilagdomen, i det sanne møteteltet, som ikkje er reist av menneske, men av Herren.
3 Kvar øvsteprest vert innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram. 4 Hadde han no vore på jorda, hadde han ikkje vore prest; for her er det andre som etter lova ber fram offergåvene. 5 Men dei gjer teneste ved eit telt som berre er ei etterlikning og ein skugge av det himmelske. Det ser vi av det ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa møteteltet: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet du fekk sjå på fjellet.»
Heb.9,11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.
2.Mos.25,9 Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg.
2.Kor.5,20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!
Matt.5,13 De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.
14 De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ein mann.
«Det er eit blod i denne tida, som lyder i åndeverda, som talar om nåde og tilgiving, det er blod om nåde du får oppleve. Abels blod talar om hemn, men mitt blod talar om nåde og tilgiving, som eg vil gi deg. Du har høyrt at du har ikkje ein øvsteprest som ikkje har medynk med dykkar vesaldom, men du er komen til ein fullkomen øvsteprest, som vil bere dykk fram. Og du skal få oppleve Golgata på ein ny måte. Ver frimodig og audmjuke deg under mi veldige hand og eg vil røre ved deg.
Eg elskar mitt folk som vil vere audmjuka. Dei stolte vil eg stå imot, men dei audmjuke vil eg gi nåde. Kom du til krossen, velt av deg alt som burde vere der (ein skulle tru meining var «ikkje burde», men det spørst kva synspunkt det er vurdert utifrå. Det er sikkert mange som vil lesse på oss tunge byrder, som dei meiner bør vere der, men vi får kaste dei av oss). Byrder skal ikkje du bere, fall heller i saman enn å ta deg i saman. Eg vil ta omsorg for deg. Når du vert rørt ved meg, så sjå din familie på ein ny skapning. Det gamle er forgått, sjå, alt har vorte nytt. Derfor ber eg deg, kom til meg. Det er ikkje kjøtet eg vil ha, ja, eg vil ha kjøtet, men eg vil ha ei villig ånd, som legg seg under min autoritet. Og i min nåde skal du få tene meg i åndens nye liv.
Og når du får oppleve meg på ein ny måte, så kan du rope hoseanna, hoseanna. Og derfor ynskjer eg at du skal få oppleve ein ny kjærleik til meg, ein ny relasjon til meg, kom, kom, kom. Og eg vil møte deg.»


One response to “Fredag 10.7.2026. Ettermiddag. Vi har ein fullkomen øvsteprest som har medynk med vår vesaldom.”
[…] Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2026/07/13/fredag-10-7-2026-ettermiddag-vi-har-ein-fullkomen-ovste… : […]