«https://www.youtube.com/watch?v=xt9ZOM4wYQA»
Innleiing ved ein mann.
Sak.3,3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.»
Vere rettferdig ved å tru på Kristus, tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde (Rom.10). Han som har byrja ei god gjerning i oss vil også fullføra den.
Fil.1,6 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
Jesu Kristi dag; når han kjem att og hentar si brud.
Salme.119,89 I all æve, Herre, varer ditt ord,
det står fast i himmelen.
Tale ved Jens Austbø.
Rom.5,17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
Kristus døde for våre synder, så stod han oppatt tredje dagen og etter 40 dagar vart han teken oppatt til himmelen (1.Kor.15).
Heb.9,23 Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Esekiel.33,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann. 3 Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket. 4 Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død. 5 Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet.
6 No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død.
7 Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 8 Når eg seier til ein gudlaus mann: «Du skal sanneleg døy», og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død. 9 Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet.
10 Du menneske, sei til Israels-ætta: De tenkjer som så: «Fordi vår synd og skuld ligg tungt på oss, visnar vi bort. Korleis kan vi då leva?»
11 Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil ikkje at den gudlause skal døy, men at han skal venda om frå si vonde ferd og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde ferd! Kvifor vil de døy, de israelittar?
………
31 Så går folket mitt til deg i flokk og fylgje, set seg framfor deg og høyrer på orda dine; men dei lever ikkje etter dei. Det er lygn i deira munn, og dei trår etter urett vinning. 32 Ja, du er for dei lik ein mann som syng kjærleikssongar med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei. 33 Men når det kjem – og koma skal det, då skal dei sanna at ein profet har vore midt imellom dei.
Kristen vekking, der kristne verte vekte som vaktmenn.
Som kyrkjegjengar, vert ein som ikkje berre er komen av plikt, ikkje berre for å ta imot, men også for å bidra.
Mark.16,15 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! 16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. 17 Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.»
I Jesu namn ….
Luk.11,20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
Ap.gj.16,17 Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den Høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.» 18 Dette gjorde ho dag etter dag. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut med ein gong.
Sidan vi er rettferdige ved tru, skal vi gå i ferdiglagde gjerningar og ha eit ideelt mål. Ja, vi skal jage mot det fullkomne.
Gud valde ut 300 til å verte med Gideon i striden mot mideanittane. Dei skulle ha fakkelar gøymde i leirkrukke. Den skulle dei knuse. Til samanlikning har vi ein skatt i leirkar og vert knuste.
Når vi løftar blikket, innser vi at vår brudgom kjem.
Joh.Op.22,18 Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; 19 og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.
Så ikkje hopp over kapittel 4-18 i Johannes Openberring.
Jesu gjenkomst i Johannes Openberring:
Joh.Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.
Joh.Op.8 Dei heilage sine bøner gjev årsak til dei fire første basunane.
Joh.Op.8,2 Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar. 3 Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen. 4 Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage. 5 Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6 Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.
Jens meinar at dei 144 000 på Sionfjellet er Kristi kyrkjelyd. Jens meinar at Gog-krigen ikkje er så langt unna. Tradisjonelt har dei kristne hevda at Gog er Russland, men det høver betre med Tyrkia. Javan har vorte rekna for å vere Hellas, men eigentleg er det Vest-Tyrkia. Kusj er Sør-Sudan og Etiopia.
I 1967 mønstra Egypt og Syra sine styrkar mot Israel og vi ser same tendensen no. Jens er ikkje så sikker på om Russland vert involvert, han trur heller dei kjem i Harmageddon.
Be om at norske styresmakter ikkje leier Noreg til å verte med i striden mot Israel. Den åndelege kampen i kyrkjelyden skjer også i Midt-Austen.
Jens talar så om den siste sju-års-perioda (veka) i Dan.9.
Dan.9, 25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. 26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.
Byen og heilagdomen skal øydeleggjast
av hæren åt ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegging
skal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,
midt i veka gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På styggedoms venger
kjem det ein som herjar,
heilt til den fastsette øydelegging
strøymer ned over øydaren sjølv.»
Han meinar det er tale om Anti-Krist i vers 27, han kjem på styggedoms venger. Det vert inngått ei fredsavtale som gjer at Antikrist får makt og det er det fredsforhandlingane i Midt-Austen tek sikte på. Tradisjonelt har dei meint dette skjer etter Jesu gjenkomst, men no har han byrja å tenke seg at det kann skje før.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jens.
«Høyr, seier Herren. Høyr, høyr mi tale, seier Herren. Eg talar til deg, mi brud. Eg vil at du skal gjere deg klar. Eg vil at du skal bruke dei gåvene eg har gitt deg, til å pynte deg. Eg vil at du skal bruke den kjærleiken som eg har gitt deg til å møte andre menneske med, med min kjærleik, seier Herren. Kom til meg, seier Herren, kom til meg utan å frykte. Ikkje sjå på nyhende, ikkje sjå på omstenda rundt deg og bli redd. Men vent på meg med glede, seier Herren. Vent på meg og sjå at du skal vere beskytta sjølv i den tida. Vent på meg, seier Herren.
Eg er din far, seier Herren, eg er din far som elskar deg. Eg er din far som kjenner, som kjenner deg, betre enn du gjer sjølv. Eg er din Far, som veit om dine arr, dine sår og dine traumar. Eg er din Far som har omsorg for deg. Eg ber deg; kom til meg no, seier Far. Kom til meg no, mitt barn, kom til meg no, så skal du få lækjedom. Kom til meg no, så skal du få trøyst og omsorg.
Eg er Jesus, seier Jesus. Det var eg som døde for deg. Eg som er Guds Lam, som spilte mitt blod for di skuld, seier Jesus. Meg er gitt all makt, seier Jesus, meg er gitt all autoritet over alle vonde åndsmakter. Og den autoriteten har eg gitt til deg. Ta imot, ta imot, ta imot.»

