Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Tysdag 7.7.2026. Heidningane har vorte med i Kristi lekam. Stå på klippen, frå den flyt det levande vatn. 

«https://www.youtube.com/watch?v=LM46QmE4NPE&t=6925s»

Innleiing ved Lars Karlsen.

Matt.18,16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei.  17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.  19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,  20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Tale ved Håkon Martinsen.

Rom.8,15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

I følgje gresk og romersk rett, har adobterte born arverett hos sine nye foreldre og løyst frå gjelda til sine gamle foreldre. 

Til samanlikning har Jesus betalt oss med sitt blod og gitt oss arverett.

Mark.10,45 For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

De treng ikkje slost om arven.

Salme 133,1 Ein song til festferdene. Av David.

Sjå, kor godt og fagert det er

når brør bur fredeleg saman!

2 Det er som når dyr olje på hovudet

renn ned i skjegget,

renn ned i Arons skjegg

og over saumen på hans kjortel.

3 Det er som når dogg frå Hermon

fell på Sion-fjellet.

For der gjev Herren velsigning

og liv til alle tider.

Kvar ein av oss er ein lem på Jesu lekam. 

Gud vil reise opp sitt folk.

Vi er komne til Sions fjell.

2.Mos.33,15 Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå! 16 Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?» 17 Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.» 18 «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses.  19 Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar.  20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.»  21 Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.»

Joh.14,9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen?  

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«Høyr mitt folk, eg, Herren, kallar på mitt folk. Eg, Herren, løfter opp mitt folk. Eg, Herren, bevarer mitt folk. Eg, Herren, salvar mitt folk. Og du er mitt barn, derfor kom til meg denne kveldsstund. Og du vil få erfare, at tett ved meg, der er ein stad, der du kan stille deg på og det er klippen. Kristus er mitt namn og ifrå denne klippen så flyt det straumar av levande vatn. Og i de straumane så vil du finne kva enn du måtte vere i behov av. For eg, Herren, er på denne staden, for å reise opp mitt folk. Du skal ikkje streve, du er ikkje underlagt trældomens åk. Eg, Herren, har kjøpt deg fri, derfor fryd du deg i meg og eg, Herren, vil velsigne storleg. Og du skal kjenne at eg byrja, eg vil og fullføra. Eg er Herren Gud. 

For slik eg var fordum, slik er eg i dag. Eg er den evige sanne Gud, ingen kan gjere det eg kan gjere. For eg er den som har all makt i himmel og på jord. Du som strevar, du som har tunge byrder, ja, du kan komme til meg. Men sjølv du som ikkje kjenner og opplever noko av dette, du har lita forståing av at det går an å ha det vanskeleg, det er kan vere mogeleg å vere i eit mørke. Kanskje i ditt liv så er alt så bra, men sjølv deg vil eg, Herren, møte denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg frelse i denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg løfte ut av mørket og inn i eit lys du aldri har sett før. Derfor, alle de som kjem til meg, still dykk der på klippen, og eg, Herren vil møte deg. Amen.»

Relevante bibelvers.

Rom.3,21 Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane.  22 Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad,  23 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom.  24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.

Ef.3,1 Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar.  2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen  3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor.  4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom.

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

Leave a comment