Ta over ein stafettpinne, bygge vidare på det pionerane starta, i denne tidshusholdning.
I møte der det har kome tyding av tungetale eller profetiske bodskap, har eg teke vare på det ved å spele det inn og skrive det ned og då har eg ofte teke med noko av tala også og referere til bibelvers. Då skriv eg gjerne ned eit stikkord for å vise korleis bodskapen relaterer til bibelverset. Av og til kjem eg med ei teologisk utgreiing i kommentaren, men eg kan ikkje gjere det kvar gang, det vert for mykje.
Eg ser også samanhengar mellom bodskapane og det har vorte viktig å vise det også. Men ofte blir det til at eg skriv det same om att og det vert for strevsamt i lengda. For nye lesarar er det vel ok, men for gamle lesarar kan det verte kjedeleg. Derfor vil eg gjere det på liknande måte som med å vise til bibelvers, ved å lage ei litteraturliste, der eg viser til tidlegare bodskap og ta med eit stikkord som viser korleis den er kopla til den nye bodskapen og som minner oss om den gamle.
Her er ein bodskap der Jesus kalla unge menneske til å ta over ein stafettpinne og bygge vidare på det som pionerane har byrja med.
EBENESER, Volda, 2.pinsedag. 28.5.07. Tyding av tungetale:
Du har i dag sote og lytta til minnet om ei nær historie. Ei spennande historie, fasinerande og til tider mest utruleg. Men at her er ei historie i dag, det var for at der var nokon som hadde ei notid, dei hadde eit ”i dag”, og dette ”i dag” så høyrde dei ei røyst ifrå Herren. Kanskje dei ikkje høyrde ein lyd, men dei hadde ei djup overbevisning i sitt indre, dei høyrde dette her, kven skal eg sende og kven vil gå for meg. Du har høyrt og kjent det same over ditt unge liv, at der ligg eit kall til å tene den levande Gud, du har fått tilbod om å overta ein stafettpinne og du vegrar deg. Det fyrste du har å sette opp, det er at eg er for ung. Men bekymre deg ikkje for det, for det kjem du snart til å vokse ifrå. Så bekymra du deg over at du kan du ingenting når det gjelde åndeleg liv og virke. Men eg kalla deg ikkje til yrke fyrst og fremst, men eg kalla deg inn på ein skulebenk. Ein åndens skule i livets skule, ein skule der du kvar dag føler det at du må ha hjelp til oppgåva, du må ha hjelp til ….., og denne hjelpa den skal du få hos meg, seier Herren. Kjem du til eit punkt der du ikkje behøver denne hjelpa, så vil du ganske snart oppdage at dette treng eg igjen. Og du ser over ditt liv og du veit at du har ikkje dimensjonar på nokon måte til å kunne gjer ei gjerning som det du fekk (glimt av at)? Enkelte pionerar fekk vere med om, men eg kallar deg til å bygge vidare på dette byggverket. Det er ikkje slutt enno. Ein dag så skal denne tidshusholdning ta slutt. Du er kalla i denne tidshusholdning til å vente på Jesu snare komme i himmlens skyer. Men dette å vente på dette snare komme, det er noko som du må vente med tolmod på Kristus. Men du er ikkje berre kalla for å vente, men du er kalla til å vere med på å arbeide vidare på dette verket. For Herren han har enno ikkje komt igjen som du har registrert, han drøyer med sitt komme for at så mange som mogleg skal bli frelst. Og for at dei skal bli frelst, så må dei høyre ordet om korset og skal dei høyre ordet om korset, så må der vere nokon som er villig til å gå og forkynne dette ordet. Og i dag så kalla eg deg som er ung. For de gamle, de var unge, vi høyrde ein som var 28 år som var forstandar i den største menigheta i dette land. Så i dag så er det din anledning. Og eg spør ikkje etter kva du kan, men eg spør om du vil gi meg ditt hjerte og ditt liv. Amen.
Eg tenker slik om mitt realfag-studie også, som de kan sjå på blogge-sida mi https://faith-and-entropy.com/ .
2000-2009.
12.11.2006. Kanal for Guds velsigning
28.9.2008. Gå i ferdiglagde gjerningar, oppleve at krafta er den same som når du var ung. Ver frimodig og ikle deg den krafta Gud gir deg.
10.5.2009: Mitt første møte i Maranata, mørkets rike, gå over i Guds rike, sjå kongen i hans herlegdom, så gjer han storverk.
2010-2019.
11.12.2011. Dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom. Guds auge fer ut over heile jorda.
12.22011. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg.
18.12.2011. Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade.
3&17.2.2013. Jesus talar til meg ved sitt Ord og den Heilage Ande, for å vekke mitt reine samvit, at eg skal sjå på han i alle livets samanhengar.
12.10.2014. Gled deg i Herren alltid, så vil han gi deg det ditt hjarte attrår. Er de oppreist med Kristus, så ver opptekne av det som er der oppe. Eitt er nødvendig, å verte fylt av den Heilage Ande, av hans salving og kraft, berre slik kan eg vinne siger. Slik har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.
19.3.2015. Jesus har bestemt at livet, vekkinga og fornyinga skal vere i hans kyrkjelyd, så sjå til at du bidreg med det Gud har gitt deg i hjertet.
29.9.2019. Jesus har sett fram for meg ei open dør, så eg kan komme videre i livet. Han vil legge ein ny sang i mitt hjerte.
2020-2024.
20.3.2022. Gud sende sin tenar til min stad, for å bringe lys, fred, frelse, glede og samle sitt folk hos seg, til fornying av ekteskapet, vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.
17&24.7.2022. Du er min hjerteskatt, ta i bruk nye nådegåve, ny tid, Jesus er med meg og vil hjelpe meg i det nye og vanskelige.
11&14.8.2022. Jesus står for døra og bankar på og ynskjer å få komme inn som ein god ven. Verte som born, for å komme inn i Guds rike.
17.11.2022. Verkebyll. Vere heilhjarta med Jesus. Jesus tek meg gang på gang på altaret. Eg skal ikkje gå med nokon klagemål mot meg i kvardagen, men glede meg i Herren og han vil hjelpe meg vidare på vegen.
25.11&2.12.2013. Jesus kallar til seg sitt barn, døra til Fader-huset er open.
24.6.2023. Jesus går føre oss. Han har svart dine bøner mange gangar, også det du har bedt om siste døgnet. Hald fast på det du har, bibellesinga, bønene, brodersamfunnet og brødsbrytinga.
28.1.2024. Gled deg over at Jesus døde for deg på korset, gled deg i Herren alltid. Jesus kjem berre for å hente si blodkjøpte brud
25.1.2024. Hannas bønn, Gud er i stand til å gjere langt meir enn vi forstår å be om etter den kraft som er verksam i oss, den krafta som vekte Jesus opp frå dei døde. Vere eitt av Guds manifisterte born.
18.3.2024. Jesus ser alt eg har sagt og skrive og held det som sin største skatt, alt er teke var på hos han. Han elskar meg ufatteleg høgt. No er tida inne for å be han om større ting. Samanlikn med Elia. Ver lydig mot Herren, lydnad er betre enn offer. Ha ikkje det synlege for auga, men det usynlege, som er evig.
